tirsdag 28. desember 2021

"Men at det er en nyttig ting..."


 I tida før jul fekk eg eit stadig gjentakande spørsmål frå han som eg bur i lag med: Kva ønskjer du deg til jul?   I byrjinga hadde eg  ikkje noko svar å gje. Har i grunnen alt eg treng. Men så etter å ha fundert litt i dagar og veker føre jul begynte eg å tenkja i praktiske baner:  Har oppdaga at det dukkar opp rust på det vesle utvalet eg har av verktøy i leiligheten min i utkanten av byen.  Kunne vore greitt å ha noko som kan ta knekken på det. Dessutan, både det eine og det andre kunne trengja litt smørning og vedlikehald. Så kvifor ikkje ønskja seg noko som kan hjelpa litt på forfallet av det eg har i skuffer og skap. Så då nemnde eg det for gubben. Det er vel ofte ein får ting til jul som ein aldri får bruk for. Unødvendige ting. Men dette måtte no vera midt i blinken, tenkte eg.

Etter kvart som jula nærma seg så kom spørsmålet att frå O: Kva ønskjer du deg til jul? Og eg gav han  same svaret eg veit ikkje kor mange gongar. Til slutt hadde han tydelegvis fått det med seg. For på julekvelden kom han med pakka som inneheldt det som biletet viser. Det er vel ikkje så vanleg at koner får slike gåver av ektemennene sine. Men som Alf Prøysen syng i ei av sine viser: "Men at det er en nyttig ting kan ingen komme fra". 

Då eg var inne på øynæ for å saga meg eit julatre nokre dagar før jul, oppdaga eg rustflekkar på saga mi. Og noko av det første eg gjorde då eg hadde vorte den lukkelege eigar av dette rustmiddelet, var å sprøyta noko av innhaldet på sagbladet. Sidan har eg oppdaga at det er fleire ting i heimen som treng same behandlinga. Godt at det finst noko som hjelper.

Forresten så er det ikkje berre ting som treng "smørning". Har oppdaga at min 63 år gamle lekam ikkje er som han var for 30 - 40 år sidan. Kanskje han kunne trengja noko liknande....
Men det får verta av eit litt anna slag. 

torsdag 23. desember 2021

Gledeleg melding i advent


 "Hei Ragnhild! Gratulerer - du er den heldige vinner av en hel kasse klementiner. Kassen kan hentes når som helst i butikken...."

Denne gledelege meldinga dukka opp på telefonen min i går. Eg vart hoppande glad og ikkje minst overraska. Bakgrunnen for dette var at eg var innom denne Kiwi-butikken tidlegare i veka. Der fekk eg tilbod om å vera med i trekning om ein kasse klementiner. Eg slo til og tenkte ikkje meir på det før denne gledelege meldinga kom i går. Eg ringde straks attende til butikken og der vart det sagt at dei trekkjer ein person kvar dag no i førejulstida som altså får ein heil kasse klementiner. Tenk at det vart meg då, av alle dei som var innom butikken i går! Det er ikkje ofte eg vinn noko, så dette var kjekt. Klementiner er gode greier. 

I dag var eg innom og henta gevinsten og tok med heim. Dermed vart eg 124 klementiner rikare! Dei skal etast med stor nyting den komande høgtida. 

onsdag 15. desember 2021

Havila Capella


 For nokre dagar sidan kom denne staselege dama til byen. Ho kom akkurat i den tida då hurtigruta plar koma. Eg såg henne då eg var ute på min vanlege tur med Tinka. Ser nesten ut som ei hurtigrute, men ikkje heilt. Så kva slags "dame" er eigentleg dette? 

Jau, no har det seg slik at dette er det første av fire skip frå det sunnmørske rederiet Havila Kystruten som skal gå langs kysten slik som hurtigrutene. Ho ber det merkelege namnet Havila Capella. Nytt og sikkert fint skip. Så ho kjem nok til å dukka opp mange gongar i tida framover. Og eg som er så van med å sjå hurtigrutene som kjem nesten kvar dag. No må eg berre venja meg til dette og. Det er stadig noko nytt.

Etter kvart kjem det altså tre fleire liknande skip, men det vert ikkje før eit stykke ut i det nye året 2022.
Desse skipa seiest å vera norskekystens mest miljøvennlege skip. Og det høyrest no bra ut. 

Det var fleire enn eg som hadde møtt opp for å ønskja "dama" velkomen. Nokon kalla det ei historisk hending. Me får ønskja henne velkomen alle me som kjem til å sjå henne kvar gong ho kjem hit til byen, og håpa ho får mange fine turar langs den lange flotte kysten vår.

søndag 5. desember 2021

Snø, is og kulde


 For nokre dagar sidan reiste me hit til min leilighet i utkanten av byen, alle tre. Oftast er det berre Tinka og eg som reiser hit, men denne gongen er min kjære O. med. Her er det så roleg og godt. Ingen trafikk. Bylarmen høyrest ikkje. Lufta er reinare og friskare. Eg nyt å vera her. Også Tinka trivst her. Det kjekkaste ho veit når me er her, er å sitja ute på altanen og sjå på utsikten. Denne gongen kunne ho ikkje det, i alle fall ikkje i byrjinga. For, som biletet viser, var alle vindaugo på altanen frose til. For nokre år sidan vart alle altanane glasa inn, og det er mange fordelar med det. Men og nokre ulemper. Som om vinteren når det er kaldt. Då vert det slik. og då er det ingen utsikt for verken Tinka eller oss tobeinte. Tinka var tydeleg skuffa. Ingenting å gjera med det, tenkte eg. Får berre venta på våren. 

Men så oppdaga eg at isen var på innsida, ikkje på utsida slik eg hadde trudd. Då vart brått saka ei anna. Eg henta isskrapa som eg brukar på bilen, og etter litt skraping fekk Tinka og oss andre utsikten vår attende. Tinka sette seg straks til rette for å sjå på alle som gjekk forbi, slik ho plar gjera. Det er særleg hundar ho ser etter. Kattar er det ikkje så mange av her. Likevel er det ein og annan. Den næraste katten bur faktisk vegg-i-vegg med oss her i 3. etasje. Nærare enn ønskjeleg. For Tinka har fortsatt eit svært anstrengt forhold til alt som er av kattabeist. Helst skal dei skremmast og jagast over haug og hamrar, og hadde det vore opp til Tinka så hadde ho kverka dei og. Den store kunsten er å unngå eit møte med nabokatten i trappeoppgangen når me går ut og inn. Eit slikt møte hadde berre framkalt eit fæla leven.

No har me vore her på denne rolege staden nokre dagar. Men i morgon reiser me attende til byen. O. må heim og skriva julakort, seier han. Men me reiser stadig litt att og fram heile tida. Særleg eg. Og så er det greitt at det er så kort veg til øynæ herifrå. 

Dessutan planlegg me julafeiring her, i år som i fjor. Det ser me fram til.

tirsdag 30. november 2021

Første snøen

Snøen er komen! Det var i går kveld han kom dalande her i låglandet for første gong. Han hadde med seg ein intens vind. Altså kom den første snøen på skrå, eller rettare sagt, på tvers. I alle fall kom han og dekte vårt nærmiljø slik at det lysna betrakteleg. 

Dette biletet tok eg i dag på morgonturen. Då hadde vinden stilna og snøinga teke ein pause. Sola stakk hovudet fram og lyste endå meir opp. Det gledde mitt snøelskande hjarta. Tinka deler mi interesse for snø. Då livnar ho til meir enn vanleg, og ser på meg slik som på biletet. Eg kjenner det blikket: "Kom og leik med meg" betyr det. Helst vil ho sleppa bandet og springa uhemma omkring. Men det let seg sjeldant gjennomføra her i byen. Det er lettare å få til der leiligheten min i utkanten av byen er. Der plar det vera meir snø og. Skulle gjerne vore der no...

Uansett så er det siste haustdagen i dag, viss ein skal sjå på kalenderen. Og når morgondagen kjem er me i julemånaden. Men den vanlege julasjauen har teke til for lenge sidan. Julatre og pynting i gatene. Nissar og den slags tull og tøys. Det er tydeleg at folk flest tenkjer stadig mindre på kvifor me feirer jul. 

Sjølv synest eg det er fint og gå inn i adventstida. Prøver å ha ei ventande haldning i denne tida. Ta det roleg og kosa meg med juleførebuingar. Tenkja etter kva for julegåve som passar til den enkelte. Og så er det julekorrespondansen. Det er ein triveleg aktivitet i denne tida.

No er det tid for Tinka sin "midt-på-dagen-tur". Får ta meg ein rusletur i det fine veret. Og så tek eg med meg fotoapparatet. Sikkert mange fine motiv å finna på ein slik fin dag.

 

søndag 21. november 2021

Våt naken haust


 I det førre innlegget her var det dei fine gulnande lauva på trea eg la ut bilete av. Det er ca tre veker sidan. Desse tre vekene har hausten gått sin gang, og dei same fine lauva ligg no på bakken. Der ligg dei i store våte triste haugar. Tida går og naturen går sin gang. Året er ein stadig runddans og som svirrar av gårde i ein stadig større fart, kan det virka som. Ingen ting her på jorda varer evig, og årets lauv har gjort si gjerning og går no attende til naturen. Trea står nakne attende, og me går inn i ei stadig mørkare årstid. Kveldsturane med Tinka er av det våte slaget. Det regnar og regnar. Tinka sin våte pels får knapt tørka før det er tid for neste klissvåte vandring her i nabolaget. Me har verkeleg fått vår del av regn etter den fine sommaren. 

Men i dag kom sola fram. Det var ikkje til å tru. Då måtte bikkja og eigaren opp i høgden. Det vart berre ein liten fjelltur, men likevel.  Dessutan er det er noko med søndag og fint ver. Då er det fleire enn eg som ville nytta finveret. I dag virka det som om "halve byen" gjekk med same tanken. På eit tidspunkt vart det så tjukt med folk at eg måtte finna fram munnbindet. Kunne ikkje risikera noko. Koronaviruset gjer seg enno gjeldande.

Godt å koma seg ut, men det er ikkje årstida for dei lange fjellturane. Ein dag i sist veke var eg så lenge oppover at eg hadde problem med å koma meg ned att før mørkret kom på meg. Og enno er det ein månad til solsnu. Likevel går det greitt her hjå oss. Me innstiller oss etter forholda. Og så har me det så godt saman me tre; min kjære mann, Tinka og eg. Berre nokre blikk på nyhetssendingane minner oss på at me har det veldig godt i forhold til mange andre. Er veldig takksam for det. Og no kosar me oss mest inne, medan regnet og mørkret ruvar utom vindaugo. Og snart er det jul. Håpar det vert ei julehøgtid av det gode slaget. Eller i alle fall så god som ei jul kan verta i koronatid.

mandag 1. november 2021

Haust, regn og nedbørsrekord

Det er forlengst haust og sommaren har vorte eit stadig fjernare minne. Han var uvanleg tørr og fin i år, midt i blinken for turar i fjellet. Eg tenkjer stadig attende på dei fine turane i Nordfjord, og varmar meg på dei etter som hausten vert mørkare og våtare. Ja, sommaren var fin og det gjorde vel sitt til at eg fann så store mengder med blåbær.
 Men ingen fordel utan ulempe. Det vart vel tørt etter kvart, og det enda med vassmangel og aukande straumprisar.  Likevel, regnet er aldri langt unna her på vestlandet. Det kom, og det kom i store mengder. Så pass mykje regn fekk me at me gjekk ut oktober med nedbørsrekord her i byen mellom dei sju fjell. Og det er ikkje lenge mellom kvar gong det skjer.

 Ja, regnet høljar ned her utanfor vindaugo no. Stadig mørkare vert det og om kveldane. Og kveldsturar med bikkja er ikkje noko ein gler seg til i desse dagar. Eigentleg skulle eg vel lagt til eit bilete av eit skikkeleg regnver her, men i staden valde eg det fine haustbiletet av gulnande lauv som kom i min veg her ein dag. For det hender at regnbygene lettar innimellom, og viss sola er ivrig nok så greier ho å trengja seg gjennom det mørke skydekket, -  i alle fall av og til. Det var i ei slik stund eg knipsa dette biletet på min vandring for nokre dagar sidan.

No er me så vidt i gang med siste haustmånaden. Om ikkje lenge ligg det fine haustlauvet på bakken for å gå attende til naturen. Og så er det å venta på vinteren og snøen som sikkert ikkje kjem. Det vert stadig blautare vintrar, og lengre tid mellom skiturane. Men det er slik det har vorte, dessverre. Ikkje så mykje å gjera med, får berre gjera det beste ut av det, og finna koselege inneaktivitetar å driva med. Sjølv kosar eg meg med store mengder lesestoff og litt handarbeid. Og så lagar eg fotoalbum på nett av dei mange bileta eg stadig tek. Dessutan har me mykje blåbærsyltetøy som skal etast. Og om ikkje lenge er det sesong for julekorrespondansen. Veldig kjekt å driva med i den mørkaste tida av året.💥

 

lørdag 30. oktober 2021

Sommarminne

Her kjem endå eit bilete frå ein av dei fine dagsturane eg fekk saman med K. i sommar. Me hadde gått opp ein bratt sti mot ein gammal nedlagt gard frå gamle dagar. Der var det mykje fint å sjå både ute og inne. Ein del folk var det og, - ute i same ærend som oss. 
Etter den bratte turen opp vart me belønna med ein nydeleg utsikt, - nedover mot dalbotnen og dei mange fjella omkring. Der tok me oss ein matbit, var innom det dørlause utedoet, og sjølv tok eg ein god del bilete, slik som eg plar gjera. 
Me gjekk ikkje ned att same vegen, men fortsatte oppover og innover denne fine dalen som biletet viser.

 Når me er ute og går slik me tre, så er det alltid Tinka som går først. Ho har fått den vanen. Slik skal det liksom vera, så følgjer eg, medan K. dannar baktroppen. 

Me følgde ein fin sti innover denne dalen eit stykke. Så flott å gå der i det frodige landskapet, omringa av høge toppar. Eit draumelandskap.
Etter å ha gått eit stykke innover dalen, kryssa me ei bru og gjekk attende på andre sida av elva, forbi ei seter og nedover mot låglandet. Litt mindre bratt den vegen. 

 Dette vart endå ein vellukka dagstur før me kjørte attende til K. sitt hus for mat og kvile. 


 

onsdag 20. oktober 2021

Til seters

Det var ein uvanleg fin sommar me fekk i år. Mykje sol og fint ver. Det perfekte ver for turar i fjellet. I førre innlegg her fortalde eg om den første av dei 6 fine turane K. og eg fekk saman denne sommaren. Biletet over er frå den andre turen. Me starta frå kyrkja nede i dalbotnen og gav oss i kast med ein av dei mange bratte stiane i indre Nordfjord. For to 63 år gamle damer som ikkje går så fort vart det mang ein hard kamp mot tyngdekrafta. Den som var lettast på foten var sjølvsagt ho Tinka. Ho er ung og spretten og hadde lagt mila bak seg mykje fortare enn oss om ho ikkje hadde gått i band.

Omsider kom me opp til denne vakre staden som biletet viser, - som såg ut til å vera ei god gammal seter frå gammal tid. Noko seterdrift som i gamle dagar er der sjølvsagt ikkje no. Men eg reknar med at folk går opp der og overnattar av og til når dei kan. Desse små husa fungerer vel som hytter no i vore dagar. Då me var der såg me ingen av det tobeinte slaget. Men me møtte ein sauaflokk som såg ut til å kosa seg med å gå omkring og forsyna seg av det gode fjellgraset. 

Etter ein liten matpause rusla me litt vidare, kom oss over ei elv og bort til ei anna liknande seter. Mykje flott utsikt der oppi høgda. Då tenkjer eg at jammen er det eit fantastisk land me høyrer heime i. Derifrå kunne me sjå langt av garde. Og sjølvsagt tok eg mange bilete på min vandring slik eg plar gjera.
💚
No er det ikkje lenger sommar og fint ver. Eg sit her i heimen til O. og meg og ser ut på det tradisjonelle regnveret som me har så rikeleg av her på vestlandet. Regnet siler ned i strie straumar, medan eg sit her og mimrar om ein sommar som var. Me er komne langt ut i oktober og dagane har vorte kortare. Når Tinka og eg no går våre kveldsturar, så er det i mørkret. Så heilt mørkt er det likevel ikkje. Når ein bur så sentralt i ein stor by er det mykje som lyser opp. Men no når hausten gjer seg stadig meir gjeldande, går tankane oppover til fjelltoppar og lange vidder. Og får ein leva og ha helsa er det alltid håp om nye somrar med nye opplevingar i den flotte naturen me er så heldige å ha.



mandag 4. oktober 2021

"Over de høye fjelle..."


 "Undrer meg på hva jeg får å se over de høye fjelle..."

Dette er dei to første linjene i eit kjent dikt av Bjørnstjerne Bjørnson. Der skildrar han lengten etter å koma opp på fjella og sjå utover, nyta ein utsikt som kan ta pusten frå ein, berre vera der og oppleva dette berusande synet. Eg kjenner meg så att i dette. Ingen ting er som å koma seg opp i terrenget og få denne boblande kjensla i bringa som det er å nyta synet av dette fantastiske landet vårt.  

I fjor vart det inga fjellvandring frå hytte til hytte som K. og eg har for vane. Men i år fekk me i alle fall noko som likna. Med huset til K. som utgangspunkt fekk me ein del dagsturar i den nordfjordske fjellheimen. Fjella der er nok både høgare og brattare enn dei eg er van med, så det vart ein del pusting og pesing i bratte brekker. Men du verda så flott det er å koma opp på ein topp! Då får ein verkeleg løn for strevet.

Veret desse dagane var heilt på vår side.  Dermed vart det mange fine minne å ta med seg heim etter halvanna veke i Nordfjord. Biletet over er frå Loen, - teken frå fjelltoppen Hoven. Det var dit me gjekk første dagen. Langt å gå, men flott å koma opp. Og me var langt frå dei einaste. Det vrimla av folk. Dei fleste kom nok opp med gondolbana og for same vegen ned att. Me høyrde nok til mindretalet som gjekk begge vegar. Men målet er ikkje berre toppen. Turen opp og ned er alltid vel så mykje mål. Og så får ein mosjonen på kjøpet. Har ikkje vondt av det. Vel, det er ikkje heilt sant. Ein kan sjølvsagt kjenna det både her og der etter ein lang tur, men det går over. 

Dette var den første av 6 flotte turar som K. og eg fekk oppleva saman i sommar. Eg kjem nok attende til bloggen med fleire sommarminne etter kvart. Inntil det skjer, så får eg sei som Bjørnstjerne Bjørnson seier i same diktet:

"Ut vil jeg! UT! - Så langt, langt langt over de høye fjelle..."

tirsdag 31. august 2021

Blåbæråret 2021

Me er komne til den siste dagen i siste sommarmånaden. Sommaren har gått utruleg fort. Så fort at eg har ikkje hatt tid til å skriva blogginnlegg på over to månader.  Altså må eg ha hatt det travelt, - eller vore oppteken av andre ting. Det er vel helst det siste. For eg går ikkje omkring og stressar. Det fekk eg nok av då eg var i arbeid. Eit stressande liv er berre øydeleggjande. Så eg prøver å ta det roleg og heller få med meg dei tilsynelatande små tinga i livet, som likevel kan gjera livet fint og godt. Slik som dei flotte blåbæra på øvste biletet.
 Ja, blåbær har det vore mykje av i år. Eit skikkeleg blåbærår. Kan ikkje hugsa kortid eg såg så mykje blåbær på ein gong. Har plukka bøttevis med dette blåe "gullet". Det aller meste har eg funne på øynæ mi. Der i nærleiken av den vesle raude hytta i skogen. Mitt sommarparadis, - som ikkje lenger finst. No gror det opp andre og større hytter i området, - store som hus. Trist. Men der eg har funne blåbæra skal det ikkje byggjast hytter, seier grunneigar A.(broder`n).

Etter plukking har det vorte reinsking og sylting. Og resultatet har vorte 64 glas med blåbærsyltetøy, som nedste biletet viser. Innimellom blåbæra fann eg tytebær, så det vart ei lita bøtte med det og som vart til 8 glas tytebærsyltetøy. I tillegg vart det plukka og sylta 9 glas ripssyltetøy og 14 glas bringebærsyltetøy, til saman 95 glas. Så det vart ein solid bærhaust. 
Blåbær finn ein ikkje kvart år. No er det fem år sidan eg har sylta blåbær. I desse dagar et me siste glaset med blåbærsyltetøy frå 2016, så det passa veldig bra med blåbær i år. Så får me sjå kor langt inn i framtida dei rekk.

fredag 25. juni 2021

Midtsommar


 Det er midtsommar her i leiligheten min i nordre bydel. Alltid kjekt å koma hit når eg treng ein pause frå det travle og intense bylivet. Her finn eg roen og har naturen tett innpå meg. I staden for bilar som susar forbi, nyt eg her lyden av fuglesong og humlesurr. Veldig godt.

For to dagar sidan var det jonsokafta. Lysaste dagen i året. Pessimistane ville vel sagt at no går det mot mørkare tider, medan optimistane hadde vore glade for at no har me ein lang og fin sommar framfor oss. Begge deler er sant, etter korleis ein ser det. 

Når det gjeldt jonsokfeiring så var det smått med det her omkring. Det einaste jonsokbålet eg kom over var denne vesle utgåva av arten som ein ser på biletet. Det stod nett utanfor huset her. Der sat og ein gjeng naboar og kosa seg med grilling og annan mat. Ei slags markering om at no er det midtsommar. 

I min barndom var jonsokafta ei storhending. Bålet var stort og det var hovudsakleg borna som hadde laga det. I fleire veker føreåt hadde me vore i skogen, utstyrte med med brakasakser for å klippa brakje til å ha på bålet. Det var det mykje av, og det er det fortsatt. Og så måtte me ha eit lite bål der me kunne steikja pølser. Då dagen endeleg var der, samla naboane seg for ei koseleg feiring. Og så var det alltid kjekt å sjå dei mange båla på andre sida av fjorden.

I min vaksne alder har det vore smått med jonsokfeiring. Midtsommardagen/kvelden har vore som ein heilt alminneleg dag/kveld. Ikkje nokon spesiell markering. Men minnene etter barndomens jonsokfeiring er der fortsatt.


tirsdag 8. juni 2021

8. juni

I dag er det 8.juni. Kvart år på denne datoen tenkjer eg på Tanja-vofsen, Den snille, gode hunden som eg opplevde så mykje godt med og som eg måtte sei farvel til i september 2014. Minnene strøymer på når eg ser inn i dette kjære hundefjeset. Gode Tanja. 8. juni var hennar fødselsdag. Ho rakk å verta 15 år og 3 månader før ho forlet meg.
 
Biletet er frå ein av dei mange fjellturane eg fekk saman med henne. Eg har store mengder med bilete frå turane med hundane mine. Eg har ikkje born, så då vart det hundane som fyllte det tomrommet. Mine trufaste bestevenner. Eg feirde alltid fødselsdagane hennar med kake og alt som høyrer med. 

Men den 8.juni 2008 fekk ho ei heilt spesiell "feiring" av dagen sin, 9 års dagen: Me var på ein lang fjelltur på det høgaste fjellet på ei viss øy. Veret var bra og det var ein fin dag. Etter ein del timar kom me til topps og sat ei stund der og åt nista og nytte livet. Då oppdaga eg at veret var i ferd med å slå om. 
Best å koma seg på heimveg, tenkte eg, og og la i veg nedover. Eg hadde ikkje gått meir enn ein halv time før det tok til å regna. Det var utruleg kom fort det tjukna til. Og så kom skodda... Ho la seg som eit tjukt teppe over haug og hamrar og viska vekk spor etter sti og merkepinnar. Eg gjekk på det eg kunne, og stundom synest eg å dra kjensel på knausar og vardar eg hadde sett før, men eg kom ingen veg. Til slutt måtte eg berre innsjå at eg gjekk i ring. Ei skremmande kjensle åleine på fjellet utan å sjå meir enn nokre meter fram. Det var berre ein ting å gjera; ringja etter hjelp. Heldigvis var det så høgt oppe at det var dekning. Eg ringde politiet og forklarte situasjonen. Der vart det bestemt å setja inn leiteaksjon. Men det skulle ta ein del timar før dei kom og fann meg. I mellomtida gjekk eg att og fram i eit forsøk på å halda varmen. Regnet hølja ned og min slitne regnjakke lak som ein sil, så eg var våt til skinnet. Tanja gjekk trufast attmed og var minst like våt. Heldigvis hadde eg rikeleg mat med. 
Etter kvart fekk eg telefonkontakt med dei som leita. Dei hadde kome frå byen, kjørt eit langt stykke og hadde funne bilen min. Så var det berre å venta. Fleire timar seinare fann dei Tanja og meg, og aldri har det vore så godt og sjå folk. Eit følgje på seks personar og tre store hundar hadde leita etter oss. Mellom dei ein lokal kjentmann. Heldigvis var eg ikkje skadd, så det kunne vore verre. Var "berre" våt, kald og skremd. Dei gav meg ei ullunderskjorte og ein tørr jakke, og så var det å koma seg heim att. Det gjekk greitt, for dei hadde GPS og skodda letta litt om senn. Rundt midnatt var me nede ved bilen. Eg takka dei hjarteleg for umaken, og håpa at dette var ei eingongsoppleving for meg. 

Ja, dette var ei av dei mange minnene saman med Tanja. Både før og sidan denne spesielle turen hadde me mange fine turar i fjellet, Tanja og eg. Men dei turane har heldigvis vore av eit heilt anna slag. 
Eg ser på biletet av Tanja att. Gode Tanja med dei store brune hundeaugo sine. Kvart år den 8. juni tenkjer eg litt ekstra på henne.
Ein hund som Tanja vert aldri gløymd.




 

mandag 31. mai 2021

Kampen mot bjørkepollenet


 Ein søt liten bjørkekvist med nokre "uskuldige" raklar. Slik kan det sjå ut. Men fullt så uskuldige er dei nok ikkje for meg og alle andre bjørkepollenallergikarar. Dei har det med å gjera livet vanskeleg for mange kvart år på denne tida. No er me vel over det verste for i år, men det vart mange harde tak denne gongen og. 

Trist at det skal vera slik, for det er så fint når bjørka sprett ut og det vårast omkring ein. Eg plar nyta det når det livnar i naturen, og når ein kan gå dei tre faste hundeluftingsturane når det er lyst. Då kan eg og gå lengre turar i fjellet, og ikkje vera redd for å verta overraska av mørkret. 

Men  så var det pollenet då. Det begynte å gjera seg gjeldande i byrjinga av mai. På mine vandringar med Tinka kjende eg at pollenet kom meg i møte i stadig aukande mengder. Ute og inne bestod livet meir og meir av nysing, hosting og snyting. Det rann or augo og nasa, så store mengder snytepapir måtte kjøpast inn, og vart rikeleg brukt. Fleire morgonar vakna eg med ei blank grautaktig væske rundt augo. Så var det å gå i gang med dagens snyting og nysing. 

O. synest eg brukar vel mykje lyd når eg nys. Men når nasa, augo og munnen er full av pollen så kan ein ikkje nysa som ei pysete mus. Då må ein ta sats og nysa med full styrke for å verta kvitt det overflødige uvesenet. Det vert med bulder og brak. Vondt skal vondt fordriva. 
No har dette pollenet halde på så lenge at eg har godt håp om at det går mot ein ende.  Då har eg eit heilt års pause til neste gong. Gode greier.

mandag 17. mai 2021

17.mai 2021


 Så vart det ein slags 17.mai i år og:  Korona-17. mai for andre gong. Kanskje det vert ei litt meir normal feiring neste år, men ein veit aldri. "Pesten" trekkjer i langdrag. Får prøva å gjera det beste ut av det enno ei tid.

Ut på føremiddagen begynte eg å ta på meg bunaden. Då må ein ha god tid, for det tek si tid å få på seg all den stasen som høyrer til. I fjor droppa eg bunaden, men slikt kan ein ikkje gjera til vane, så denne gongen måtte bunaden fram. O. tok på seg dressen og saman hadde me tenkt oss ein liten tur i solskinet. Dessutan måtte Tinka ut.

Eg hadde rekna med ei roleg feiring i år som i fjor. Hovudprosesjonen var avlyst i år og, likevel var det liv og leven i gatene. Brått kom eit buekorps trommande forbi soveromsglaset, etterfølgd av ein liten prosesjon frå den næraste barneskulen. Godt å sjå at det er noko som er normalt. 

Litt før kl. 12.00 gjekk me ut for å ta ein liten tur i nærmiljøet. Me hadde ikkje kome lenger enn eit par meter bortover gata før salutten høyrdest høgt og tydeleg over byen. Den hadde me ikkje rekna med. Greitt nok for O. og meg, men det vart for mykje for den skotredde hunden vår. Stakkars Tinka!  Ho kraup saman i redsle, skalv så tennene klapra og prøvde å koma seg inn ei dør. Det var som om det skulle vore nyttårsafta. Me forstod fort at dette nytta ikkje, så det var berre å koma seg inn att og prøva å roa hunden.

Etter ca ein halv time prøvde me på nytt. Ingen salutt denne gongen, men Tinka følte seg ikkje trygg, så det vart ingen langtur. Likevel var det kjekt å koma ut, sjå bunadskledde folk og oppleva noko tilnærma normalt. Etterpå gjekk me inn og kosa oss med rjommagraut og det som høyrer med. Is til dessert vart det litt seinare.

No i kveld hadde me oss endå ein tur med Tinka. Denne gongen var ho roleg og alt var greitt. Det var fortsatt mykje folk i gatene, og festing høyrdest både ute og inne mange stader. Ikkje særleg respekt for koronarestriksjonar, så det vert nok ei oppblomstring av smitte etter dette. Men det får verta deira problem. O. og eg tek det roleg som vanleg, og tek vår del av dugnaden mot ein normal kvardag.

søndag 25. april 2021

Barnedåp i koronatid


 Medan aprilsola gjer sitt beste for å spreia litt varme, sit eg her og minnest kva som skjedde for nøyaktig to veker sidan. Det var ein like fin vårdag som i dag. Og ein heilt spesiell dag for ein liten gut som skulle berast til dåpen: Min kjære O. sitt åttande og yngste barnebarn. Me var til stades i same kyrkja då vesleguten sine to sysken vart døypte, men denne gongen vart det litt annleis. Det vesle viruset som kom frå Kina og spreidde seg over omtrent heile verda ein gong i fjor, sette sitt preg på også denne dagen her i vårt vesle land langt mot nord.

Det vart ikkje ei vanleg gudsteneste, men berre ei dåpshandling for det vesle barnet med familie og slekt. Den vesle forsamlinga sat  spreidde utover i kyrkja med god avstand slik at eventuelle virus ikkje skulle hoppa frå den eine til den andre. Alle var godt forsynte med munnbind. Å syngja med munnnbind var litt spesielt, men slik er det i desse tider. Dåpsbarnet var 6 - 7 månader gammalt, og var heilt med på det som skjedde. Men då dåpen var unnagjort sovna han, og sov godt gjennom all fotografering etterpå. 

Når det gjaldt dåpsselskapet etterpå, måtte me tenkja nytt, for på det tidspunktet var det ikkje lov å ha besøk av fleire enn to stykk innandørs. Så ville me feira måtte det skje utandørs. Løysinga vart å samlast på eit friluftsområde i nærleiken,  nede i fjæresteinane ved eit vatn. Der vart det pølsesteiking og kakeeting. Eit uvanleg men fint samvær. Me hadde hatt ein del snøbyger siste dagane, men akkurat den dagen skein sola heile dagen utan ei einaste byge verken av regn eller snø.  Så der var me heldige. 

Dette vart den mest spesielle dåpen og dåpsselskapet eg har opplevd. Barnedåp med ny vri, men minst like kjekt. Ei oppleving eg kjem til til å hugsa.

onsdag 7. april 2021

Vinter på overtid

Stakkars forkomne påskeliljer. Dei stod så fint og blømde og hadde nok ikkje rekna med å verta innhenta av vinteren ei veke ut i april. Men veret er lunefullt. Ein veit aldri kva ein kan venta seg frå den kanten. Vinteren ville ikkje sleppa taket heilt enno. Han sette i gang med sludd, snø og hagl. Og det heile vart servert på tvers, altså med vind. Mykje og sterk vind.
 Då er det ikkje greitt å vera påskeliljer, krokusar og snøklokker. Det ser ut som om desse skjøre plantane står og sturer no. Dei lyser fortsatt opp, men etter dei vermessige herjingane siste dagane ser dei litt pjuskete ut. 

   No har me lagt påska bak oss. Og etter høgtider og reiser har vår usynlege fiende, koronaviruset, for vane å blussa opp att. Og tiltaka let ikkje venta på seg: I kveld er det engelskkurs, og i går fekk eg beskjed om at det må over på zoom, enno ein gong. Då vert det å sitja heime i stova og sjå lærar og medelevar på datamaskina. Men slik er det. Får berre gjera det beste ut av det. 

Når det gjeld påskeliljer og andre tidlege vårblomar, så skulle eg ønskja at eg kunne gå ut og leggja eit varmt teppe rundt dei, gje dei noko varmt å drikka og skru opp temperaturen. I praksis går det nok ikkje. Men ønskjet er der.
Eller så får eg ta kontakt med Meteorologisk Institutt, visa dei ein kalender, og ytra eit ønskje om eit ver som passar til årstida.
 
Uansett så må ein vel gå ut ifrå at våren og varmen ligg rett rundt hjørna.


torsdag 1. april 2021

Vår og varme

Vinteren vart lang og våt som vanleg. Mange ruskete regnversdagar har me måtta tåla, men så må eg ikkje gløyma den fine perioden med snø og kulde i februar-mars. Vatna på byfjella fraus til og snøen la seg så fint oppå.
 Ei stund var det som eit eventyrlandskap å vandra omkring i der oppe i høgden med nydelege forhold for skigåing. For min del vart det berre ein skitur. Og grunnen var at den eine dagen enda med eit stygt fall på knallhardt underlag ein stad der i lysløypa. Mitt kjære halebein som tok støyten den dagen, er for lengst lækt. Men då eg endeleg var bra att, var det slutt på godveret.

No har det gått ei tid sidan, og me har teke steget over i neste årstid: Våren. Tida då det livnar til i naturen. Snøklokkene  har blømd lenge, og krokus og påskeliljer er no på sitt finaste.
Når eg no går mine vanlege lufteturar med Tinka, er det så fint å nyta synet av desse vårblomane som så trufast dukkar opp kvart år på denne tida. 

Dei gule krokusane på biletet lyser opp i kapp med sola. Så fint at Gud har skapt blomane, tenkjer eg då. Berre synet av noko så nydeleg er som eit handtrykk ovanfrå. 

No er me så vidt kome over i andre vårmånaden. Det er midt i påskeveka. Merkar godt at det er høgtid, for det er så herleg stillt utanfor soveromsvindauga her eg sit. Trafikken har stilna, og mange er sikkert vekkreiste sjølv om dette er den andre annleis-påska i denne spesielle tida.
 
Kan me snart håpa på normale tilstander? Tida får visa oss det.



 

torsdag 18. mars 2021

Eit minne frå 1970-åra


 Inst i klesskapet fann eg desse dynetrekka ein dag eg skulle skifta på senga. Der hadde dei nok lagt ei tid utan å ha vore i bruk. Berre synet av dei sende meg over 45 år attende i tid:

Det var tidleg på hausten  1975. Eg var 17 år og skulle flytta heimafrå for å gå på folkehøgskule.  Den sommaren hadde eg hatt sommarjobb på ein kafe i Hardanger 5 veker saman med to venninner som eg kjende frå før, men denne septemberdagen i 1975 bar det heimafrå for alvor. Åleine. På den tida var det naturleg å flytta heimafrå etter ungdomsskulen, særleg for ungdomar frå landsbygda. 

Eg reiste til byen og fann rette bussen som skulle føra meg til skikkeleg ut i verda. Med meg hadde eg ein liten grå koffert som var kjøpt inn for dette høvet. Kan ikkje hugsa kva eg elles hadde med meg, men det var sikkert ein ryggsekk og ei handveske. På bussen såg eg ei anna jente som tydelegvis var i følgje med foreldra sine. Eg sat og lurte på om ho skulle same vegen. 

Eg gjekk av bussen på endestoppet, og det gjorde ho og. Så bar det slik til at me kom i snakk: Ho hadde oppdaga adressa mi på kofferten min, og spurde om eg var frå den staden. Ho hadde nemleg vore på båttur med foreldra sine dit ein gong. Dermed vart me gåande og snakka frå bussen og bort til skulen. 

Ved ankomst vart eg plasssert på eit internatrom og såg ikkje meir til henne på ei stund. Men etter at eg hadde lagt tinga mine på plass og gjekk ut att, møtte eg henne att. Ho hadde fått rom i eit anna bygg.Me var like ukjende begge to blant over hundre elevar, og det var nok litt småskummelt. Etter endå litt snakk, vart det til at me gjekk og spurde om me kunne få bu på rom saman. Og det fekk me. Slik gjekk det til at eg henta tinga mine og flytta inn hjå henne, på det minste av internata med berre ni elevar. Og der vart me buande saman eit heilt skuleår. 

Rommet vårt var ikkje særleg stort, men me hadde det me trong, og rigga oss til så godt det let seg gjera. Det var då eg tok fram dei to setta med sengklede som hadde vorte kjøpt inn på førehand: Eit grønt og eit brunt sengesett, dei same som kan sjåast på biletet. Lakena og putetrekka er utslitne for lenge sidan, men dynetrekka held enno, over 45 år seinare.




søndag 28. februar 2021

Halshogging?

Det var no ein dag eg var ute på byen og skulle gjera nokre ærend. Eg hadde god tid, det var opphaldsver og til og med litt solskin. Ingenting hasta, så eg sette meg ned på ein benk og let sola varma mitt vinterbleike ansikt. Ein flokk duer hadde samla seg om nokre brødsmular attmed meg. Nokre born prata og lo medan dei passerte, og alt var berre fred og ro. Etter ei stund reiste eg meg og rusla litt vidare bortover fortauet. 

Men brått fekk eg meg ein støkk. For rett framføre meg stod denne plakaten: "We cut heads"  eller "me kuttar hovud" som det heiter på norsk. Det kjennest ut som om hjarta spratt opp i halsen på meg. Kva i all verda er det dei driv med her?  Viss ein skal ta det bokstaveleg så er dette ein stad der dei driv og kuttar hovudet av folk.

 Halshogging? Og så midt på lyse dagen...  Det var så vidt eg våga å sjå inn vindauga på denne staden som plakaten skulle vera reklame for. "Barberstue" stod det over døra. Og innanfor glaset kunne eg sjå skumle mannfolk som sat i stolar og vart klipte og barberte. Dei hadde ansikt som var "dekorerte" med metall, og tatoveringar langt oppetter armane. Veggene var svarte og "pynta" med all slags maskuline effektar. Ein typisk mannfolkstad.
Ikkje ei einaste dame å sjå.

Heldigvis kunne eg ikkje sjå spor etter blodige aktivitetar, og det var no ei trøyst. Men kven kunne vita kva som føregjekk på bakrommet.
Med den plakaten utanfor, var det underleg at dei i det heile fekk kundar.
 
Ja, det er ikkje fritt for at fantasien får fart på seg når ein møter ein slik plakat på fortauet. 
Hadde der endå stått: "We cut hair" så hadde saka vore ei heilt anna.
Eg kom fram til at det måtte vera ein mann med dårlege engelskkunnskapar som hadde laga den plakaten.  

Forresten har eg sett urovekkjande tendensar til aukande bruk av engelsk når butikkar skal reklamera for verksemda si. Særleg her i byen. Det er ein uting og skulle ikkje vera nødvendigt. 
Vårt eige språk er meir enn godt nok.

Når det gjeld den "barberstuen", så skulle det stått ein annan plakat attmed, med påskrifta: Kom gjerne innom, men hald godt fast på hovudet !


 

lørdag 13. februar 2021

Eit møte med Moder Jord


 Dette er vel eit vinterbilete til å drøyma seg vekk i. Her viser vinteren seg frå si beste side. Dette er eit av dei mange is- og snødekte  vatna på byfjella. Lang tid med kulde har sett eit gledeleg preg på naturen. 

Det var i går eg var ute på den første skituren i dette årstalet. Herleg å koma opp i snøen og sola. Dette langstrakte vatnet på biletet lokka meg bortover, og det var som å gå inn i eit eventyrland. Tinka sprang glad og fornøgd attmed meg i band. Hadde forsynt henne med blåe potesokkar slik at ho skulle sleppa å få snø- og isklumpar mellom tærne. Det var ho vel fornøgd med.

Eg møtte ikkje mange utpå dette vatnet. Det passa meg bra i desse tider med avstand og smittevern. Godt å koma seg avsides frå folk. Og eg tok det roleg. Det er ingen ting som hastar når ein er på ein slik nydeleg stad. 
Etter ei stund gjekk eg bort til å ein benk og såg på utsikten. Det var kvardag så det var ikkje så mange andre i fjellet. Dei fleste var nok på jobb og skule. Tinka rulla seg i snøen og kosa seg veldig. 

Eg tenkte å ta matpausen ein stad der det var bord og benker, men for å koma dit, måtte eg gå eit stykke gjennom lysløypa. Der var det eit heilt anna terreng enn det me ser på biletet. Bratte bakkar oppover og nedover. Skikkeleg berg-og-dalbane. Tydeleg berekna på dei unge og spreke. 

Det gjekk bra ei stund. Men i ein bakke gjekk det heilt gale. Eg fekk hundebandet under eine skia, skar ut av løypa, mista balansen og datt stygt på det hardtrakka underlaget. Eg sette i eit vræl og vart liggjande ei god stund. Det er lenge sidan eg har hatt eit slikt hardt og brutalt møte med Moder Jord. Det var baken som hadde teke støyten. Det hadde lite nytta å ropa på hjelp, for der var ingen.
Medan eg låg der og kjende på den dundrande smerta i min stakkars bakpart, kom eg på nokre verselinjer frå ein song som vart sungen ein del på barneskulen: 
                      "Og når så stundom for stridt det gjeng,
                       I snøen finn du så mjuk ei seng."
Mjuk seng? Jau takk!!  Eg kunne tenkt meg eit alvorsord med han eller ho som skreiv dette.
 Den "senga" som "Moder Jord" møtte meg med den dagen kunne like godt vore av stein!

Jaja, det lytta lite å hissa seg opp. Etter ei stund liggjande der på det hardtrakka underlaget, med min vonde bakpart, fekk eg endeleg, med mykje strev, krekt meg på føtene att. Og når sant skal seiast, så kunne hendinga fått eit anna resultat. Eller som eg ville sagt på dialekt: 
 "Da kudne vøre værre".
Etter  ein lang tur i sniglefart, kom eg meg dit eg planla pausen, fekk i meg næring og styrke til å koma meg heim att på eit vis.

 I dag er det "dagen derpå". Det var nok halebeinet som måtte betala prisen for den skituren i går. Eg får sei det slik at; eg kjenner veldig godt at eg har eit halebein. Og det får eg vel kjenna på ei god stund framover. 
Om nøyaktig to månader fyller eg 63 år. Men akkurat no føler eg meg som ein 80-åring. 



søndag 31. januar 2021

Søndagsmorgon med snø


 Dette var det synet som møtte Tinka og meg i dag då me skulle ut og gå morgontur. Nett utom hovudinngangen låg det fin ubrukt snø og venta på oss. Det var berre til å stiga ut i den kvite herlegdomen. 

Eg har vel sagt det før at eg likar snø. Det er noko med fargen og måten det kjem dalande forsiktigt ned. Så roleg og fredfullt. I rak motsetning til regnet som kjem plaskande i store mengder blanda med vind og fyller heile tilværet med væte og utrivnad.  

Det har forresten vore svært så fint og tørt siste tida. Eg nyt det, og Tinka deler mi interesse for snø. Etter å ha gått eit stykke på denne morgonturen, fann eg ein roleg stad der eg sleppte Tinka. Ho nytta høvet og sprang som ein rakett rundt omkring og kosa seg veldig. 

Men innimellom har det vore skikkeleg hålkeføre. Slik vert det når det kjem regn ein dag og kuldegrader den neste. Ein dag for nokre veker sidan var det så gale at det kom på Vestlandsrevyen. Heile byen var speilblank av is, og eit stort antal uheldige hamna på Legevakten. Eg var uheldig sjølv ein kveld eg var ute og lufta Tinka. Det var blank is og eg hadde tankane heilt andre stader.  Brått forsvant føtene under meg og eg fann meg sjølv att liggjande på ryggen medan eg såg opp i stjernene. Det var høgre skinka som tok i mot støyten. Kjenner det enno.  Eg reiste meg opp att og bestemte meg for å ha tankane med meg på eit slikt føre. Broddar hadde og vore på sin plass.  

Slik er det heldigvis ikkje i dag. No er det forresten snart tid for midt-på-dagen-turen med Tinka. Gler meg. Slike dagar må nyttast og nytast.

torsdag 7. januar 2021

Assisterande oldemor

Det nye året 2021 kom oss i møte med kulde og klårver. Eit kjærkome avbrekk i det tilsynelatande evige regnveret. No går det an å gå tørrskodd ute og rimet på bakken gjer det litt lysare. Dermed stig humøret nokre hakk. Godt det og. 
   Då det var solsnu nett før jul, forkynte O. med optimisme i stemma at "no går det mot lysare tider". Sant nok, men det går nok enno ei tid før me merkar noko til det. 
    Stemninga i blåskjer ovanfor var noko som kom i min veg for nokre dagar sidan då eg var ute og gjekk ein stad i utkanten av byen. Det hadde lagt seg eit tynt lag med is på vatnet, og får me behalda kulden ei stund kan det vel henda at det vert skeisever.
   Ein stad sentralt i byen er det ein kunstig tillaga dam der det er veldig grunt. Der er isen trygg og gjett om der er skeiseaktivitet for tida!  Born og ungdomar nyttar det skjeldne høvet og kosar seg på isen. Veit aldri kor lenge det varer...

Det skjer andre ting og. Gledelege ting. Fire dagar inn i det nye året kom ei skjønn lita jente til verda i Oslo. Min kjære O. sitt første oldebarn. Dermed kan O. pryda seg med tittelen oldefar. Han er glad og takksam for det nye livet som så vidt har teke til. Men det går nok ei tid før me får sjå henne, på grunn av den spesielle tida me lever i. Kvar eg er i dette terrenget er ikkje godt å sei. Oldemor vert eg aldri. Heller ikkje bestemor. Veslejenta har rikeleg av det slaget. Så der stiller eg meg på sidelinja.  Men O. spøkjer med å gje meg tittelen "assisterande oldemor", kva no det er for noko. Uansett så er det underleg å tenkja på at eg er gift med ein oldefar. Det er då ein kan føla seg gammal. Då må eg berre skunda meg å sei at ein er ikkje eldre enn ein føler seg. Og eg føler meg slett ikkje gammal. Sjølv om håret er grått og kroppen ikkje lenger kjennest så heilt ung, så satsar eg på å halda det gåande på denne jorda enno ei tid. Livet kan vera spennande. Ein veit aldri kva som møter ein rundt neste sving. Kanskje det kjem fleire born som eg kan vera assisterande oldemor til...?