torsdag 7. januar 2021

Assisterande oldemor

Det nye året 2021 kom oss i møte med kulde og klårver. Eit kjærkome avbrekk i det tilsynelatande evige regnveret. No går det an å gå tørrskodd ute og rimet på bakken gjer det litt lysare. Dermed stig humøret nokre hakk. Godt det og. 
   Då det var solsnu nett før jul, forkynte O. med optimisme i stemma at "no går det mot lysare tider". Sant nok, men det går nok enno ei tid før me merkar noko til det. 
    Stemninga i blåskjer ovanfor var noko som kom i min veg for nokre dagar sidan då eg var ute og gjekk ein stad i utkanten av byen. Det hadde lagt seg eit tynt lag med is på vatnet, og får me behalda kulden ei stund kan det vel henda at det vert skeisever.
   Ein stad sentralt i byen er det ein kunstig tillaga dam der det er veldig grunt. Der er isen trygg og gjett om der er skeiseaktivitet for tida!  Born og ungdomar nyttar det skjeldne høvet og kosar seg på isen. Veit aldri kor lenge det varer...

Det skjer andre ting og. Gledelege ting. Fire dagar inn i det nye året kom ei skjønn lita jente til verda i Oslo. Min kjære O. sitt første oldebarn. Dermed kan O. pryda seg med tittelen oldefar. Han er glad og takksam for det nye livet som så vidt har teke til. Men det går nok ei tid før me får sjå henne, på grunn av den spesielle tida me lever i. Kvar eg er i dette terrenget er ikkje godt å sei. Oldemor vert eg aldri. Heller ikkje bestemor. Veslejenta har rikeleg av det slaget. Så der stiller eg meg på sidelinja.  Men O. spøkjer med å gje meg tittelen "assisterande oldemor", kva no det er for noko. Uansett så er det underleg å tenkja på at eg er gift med ein oldefar. Det er då ein kan føla seg gammal. Då må eg berre skunda meg å sei at ein er ikkje eldre enn ein føler seg. Og eg føler meg slett ikkje gammal. Sjølv om håret er grått og kroppen ikkje lenger kjennest så heilt ung, så satsar eg på å halda det gåande på denne jorda enno ei tid. Livet kan vera spennande. Ein veit aldri kva som møter ein rundt neste sving. Kanskje det kjem fleire born som eg kan vera assisterande oldemor til...?
    
    
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar