onsdag 20. oktober 2021

Til seters

Det var ein uvanleg fin sommar me fekk i år. Mykje sol og fint ver. Det perfekte ver for turar i fjellet. I førre innlegg her fortalde eg om den første av dei 6 fine turane K. og eg fekk saman denne sommaren. Biletet over er frå den andre turen. Me starta frå kyrkja nede i dalbotnen og gav oss i kast med ein av dei mange bratte stiane i indre Nordfjord. For to 63 år gamle damer som ikkje går så fort vart det mang ein hard kamp mot tyngdekrafta. Den som var lettast på foten var sjølvsagt ho Tinka. Ho er ung og spretten og hadde lagt mila bak seg mykje fortare enn oss om ho ikkje hadde gått i band.

Omsider kom me opp til denne vakre staden som biletet viser, - som såg ut til å vera ei god gammal seter frå gammal tid. Noko seterdrift som i gamle dagar er der sjølvsagt ikkje no. Men eg reknar med at folk går opp der og overnattar av og til når dei kan. Desse små husa fungerer vel som hytter no i vore dagar. Då me var der såg me ingen av det tobeinte slaget. Men me møtte ein sauaflokk som såg ut til å kosa seg med å gå omkring og forsyna seg av det gode fjellgraset. 

Etter ein liten matpause rusla me litt vidare, kom oss over ei elv og bort til ei anna liknande seter. Mykje flott utsikt der oppi høgda. Då tenkjer eg at jammen er det eit fantastisk land me høyrer heime i. Derifrå kunne me sjå langt av garde. Og sjølvsagt tok eg mange bilete på min vandring slik eg plar gjera.
💚
No er det ikkje lenger sommar og fint ver. Eg sit her i heimen til O. og meg og ser ut på det tradisjonelle regnveret som me har så rikeleg av her på vestlandet. Regnet siler ned i strie straumar, medan eg sit her og mimrar om ein sommar som var. Me er komne langt ut i oktober og dagane har vorte kortare. Når Tinka og eg no går våre kveldsturar, så er det i mørkret. Så heilt mørkt er det likevel ikkje. Når ein bur så sentralt i ein stor by er det mykje som lyser opp. Men no når hausten gjer seg stadig meir gjeldande, går tankane oppover til fjelltoppar og lange vidder. Og får ein leva og ha helsa er det alltid håp om nye somrar med nye opplevingar i den flotte naturen me er så heldige å ha.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar