torsdag 18. mars 2021

Eit minne frå 1970-åra


 Inst i klesskapet fann eg desse dynetrekka ein dag eg skulle skifta på senga. Der hadde dei nok lagt ei tid utan å ha vore i bruk. Berre synet av dei sende meg over 45 år attende i tid:

Det var tidleg på hausten  1975. Eg var 17 år og skulle flytta heimafrå for å gå på folkehøgskule.  Den sommaren hadde eg hatt sommarjobb på ein kafe i Hardanger 5 veker saman med to venninner som eg kjende frå før, men denne septemberdagen i 1975 bar det heimafrå for alvor. Åleine. På den tida var det naturleg å flytta heimafrå etter ungdomsskulen, særleg for ungdomar frå landsbygda. 

Eg reiste til byen og fann rette bussen som skulle føra meg til skikkeleg ut i verda. Med meg hadde eg ein liten grå koffert som var kjøpt inn for dette høvet. Kan ikkje hugsa kva eg elles hadde med meg, men det var sikkert ein ryggsekk og ei handveske. På bussen såg eg ei anna jente som tydelegvis var i følgje med foreldra sine. Eg sat og lurte på om ho skulle same vegen. 

Eg gjekk av bussen på endestoppet, og det gjorde ho og. Så bar det slik til at me kom i snakk: Ho hadde oppdaga adressa mi på kofferten min, og spurde om eg var frå den staden. Ho hadde nemleg vore på båttur med foreldra sine dit ein gong. Dermed vart me gåande og snakka frå bussen og bort til skulen. 

Ved ankomst vart eg plasssert på eit internatrom og såg ikkje meir til henne på ei stund. Men etter at eg hadde lagt tinga mine på plass og gjekk ut att, møtte eg henne att. Ho hadde fått rom i eit anna bygg.Me var like ukjende begge to blant over hundre elevar, og det var nok litt småskummelt. Etter endå litt snakk, vart det til at me gjekk og spurde om me kunne få bu på rom saman. Og det fekk me. Slik gjekk det til at eg henta tinga mine og flytta inn hjå henne, på det minste av internata med berre ni elevar. Og der vart me buande saman eit heilt skuleår. 

Rommet vårt var ikkje særleg stort, men me hadde det me trong, og rigga oss til så godt det let seg gjera. Det var då eg tok fram dei to setta med sengklede som hadde vorte kjøpt inn på førehand: Eit grønt og eit brunt sengesett, dei same som kan sjåast på biletet. Lakena og putetrekka er utslitne for lenge sidan, men dynetrekka held enno, over 45 år seinare.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar