mandag 1. november 2021

Haust, regn og nedbørsrekord

Det er forlengst haust og sommaren har vorte eit stadig fjernare minne. Han var uvanleg tørr og fin i år, midt i blinken for turar i fjellet. Eg tenkjer stadig attende på dei fine turane i Nordfjord, og varmar meg på dei etter som hausten vert mørkare og våtare. Ja, sommaren var fin og det gjorde vel sitt til at eg fann så store mengder med blåbær.
 Men ingen fordel utan ulempe. Det vart vel tørt etter kvart, og det enda med vassmangel og aukande straumprisar.  Likevel, regnet er aldri langt unna her på vestlandet. Det kom, og det kom i store mengder. Så pass mykje regn fekk me at me gjekk ut oktober med nedbørsrekord her i byen mellom dei sju fjell. Og det er ikkje lenge mellom kvar gong det skjer.

 Ja, regnet høljar ned her utanfor vindaugo no. Stadig mørkare vert det og om kveldane. Og kveldsturar med bikkja er ikkje noko ein gler seg til i desse dagar. Eigentleg skulle eg vel lagt til eit bilete av eit skikkeleg regnver her, men i staden valde eg det fine haustbiletet av gulnande lauv som kom i min veg her ein dag. For det hender at regnbygene lettar innimellom, og viss sola er ivrig nok så greier ho å trengja seg gjennom det mørke skydekket, -  i alle fall av og til. Det var i ei slik stund eg knipsa dette biletet på min vandring for nokre dagar sidan.

No er me så vidt i gang med siste haustmånaden. Om ikkje lenge ligg det fine haustlauvet på bakken for å gå attende til naturen. Og så er det å venta på vinteren og snøen som sikkert ikkje kjem. Det vert stadig blautare vintrar, og lengre tid mellom skiturane. Men det er slik det har vorte, dessverre. Ikkje så mykje å gjera med, får berre gjera det beste ut av det, og finna koselege inneaktivitetar å driva med. Sjølv kosar eg meg med store mengder lesestoff og litt handarbeid. Og så lagar eg fotoalbum på nett av dei mange bileta eg stadig tek. Dessutan har me mykje blåbærsyltetøy som skal etast. Og om ikkje lenge er det sesong for julekorrespondansen. Veldig kjekt å driva med i den mørkaste tida av året.💥

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar