mandag 27. desember 2010

Gå varleg


Gå varleg fram mot Betlehem.
Far stillt på fot når fram du kjem.
Stig inn i dette helga rom.
Kom stillt som fyrste gong du kom.

Trø varleg fram til krubba, bror.
Smyg av deg skorne for Guds Ord.
Stig fram til han med stille steg,
og vit at Barnet skapte deg.

Knel audmjukt ned i halmen, ven,
Skod inn i sjølve himmelen.
Sjå fingrane som spente ut
og skapte himmelen. Sjå Gud.

Bøyg hovud,ven, og sjå di von.
Lyft auge, bror, og sjå Guds son.
Sjå han som bøter våre brot.
Høyr gledebod i barnegråt.

Skreve av Hans Johan Sagrusten i 1995.

Posted by Picasa

fredag 24. desember 2010

Jul i sikte?


Julestria er over. Roen har senka seg over den vesle heimen min. Årets julekorrespondanse er fullført. Det vart 12 julebrev og 26 julekort å skriva i år. Gøy å driva med medan ein ventar på jula. Eg får ikkje på langt nær så mange att, men det gjer ikkje så mykje. Eg prøver å gle meg over dei livsteikna eg får frå den juleposten eg sjølv får, og så kjem det ofte nokre kort i romjula og, og kanskje nokre over nyttår.
Eg forstår godt at det er vanskeleg å verta ferdig med alt til jul, ein treng ikkje å ha stor familie for å ha det problemet. Men før eller sidan kjem ein i mål, og det trur eg at eg har no her hjå meg. Golvet er vaska, juladukane er på plass og mitt vesle juletre har dukka opp frå bua.

- Biletet viser julamaten til fuglane. På grunn av mange og lange snøbyger siste dagane har eg måtta laga til denne innretninga til mine flygande venner. Ein gammal skakkjørt paraply har kome til nytte.
- Pinnakjøtet er innan rekkevidde. Og Tanja og eg ønskjer GOD JUL til kvarandre og alle dei som skulle koma til å lesa dette.

Jau, jula ER i sikte. Så absolutt.

Posted by Picasa

mandag 13. desember 2010

Julekorrespondansen 2010


Det er advent enno ein gong og tida for årets julekorrespondanse. Den koselege tida på året då kontakten med venner og veninner langt unna skal pleiast. Mange gode stunder med spesiallaga julekort der framsida er pryda med kven andre enn Tanja. Den eine sorten av min firbeinte venn i ei blomstereng av kvitveis, og den andre der ho kosar seg i ei behageleg hundeseng. Desse korta skal spreiast blant mine venner utover landet med ein slags årsrapport frå avsendaren. Håpar det vert kjekt for mottakarane, - i alle fall er det fint å FÅ slike kort/brev, i tillegg til at det er kjekt å vera avsendar og.
Før dette går i postkassen skal det pyntast med fargar og klistremerke, med håp om at dette skal vera med å lysa opp i ei mørk førejulstid.
- Venner er gode å ha. Dei er det verdt å ta vare på.
Posted by Picasa

mandag 29. november 2010

Spennande bok


Her i mitt nærmiljø er det mange som har hund. Og stadig møter Tanja og eg våre firbeinte naboar når me er ute på våre 3 turar pr dag. Hundar vil alltid helsa på kvarandre, og då er det lett å koma i snakk med eigarane deira og. Og som hundeeigar vert ein godt kjent i nabolaget, då ein trålar omkring på kryss og tvers alle tenkjelege stader dag etter dag, år etter år. Det er nesten som ein kjenner kvar stein og kvar grastust. Ein får frisk luft og mosjon, noko ein neppe kan få for mykje av, men det tek ein del tid og. Så eg har funne min eigen måte å nytta den tida. For eg har ei anna interesse; lesing, som eg har funne ut kan kombinerast med hundelufting. Lesestoffet kan variera frå aviser og blad til mange forskjellege slags bøker. Så sant det er opphaldsver er det ikkje noko ulempe å ha med seg lesestoff når hunden må ut. Men eg har enno ikkje møtt andre som har oppdaga dette. Kanskje dei ikkje tør. Eller kanskje dei synest det ser dumt ut. Men eg gjer det altså, så får folk heller meina kva dei vil om det. Mine naboar er i alle fall vande med å sjå denne dama vandrande omkring med hund og lesestoff. Av og til har eg vore så oppslukt av lesinga at eg har gått rett på både skilt, boss-spann, gjerde og ......folk. Men stort sett har det gått bra. Kanskje ikkje heilt A4, og folk tenkjer vel sitt, men det er eg ikkje så oppteken av. Utandørs lesing foregår oftast i dagslys, men er lesestoffet interessant nok, har det hendt at eg har teke bøker med ut på kveldstur i mørkret. Med lommelykt går det så greitt.
- Her ein kveld gjorde eg nettopp det: Tok med meg ei bok eg hadde vanskeleg for å leggja frå meg, og tok fatt på kveldsturen, - og lesinga. Kaldt var det, men eg var godt kledd.

Ein forbipasserande (utan hund) stoppa og spurde kva eg dreiv på med der eg gjekk med bok og lommelykt.

- "Eg les ei spennande bok" gliste eg og ville gå vidare.

- "Kva er det for ei bok som er så spennande at du går ut i svarte natta for å lesa ho i 10 kuldegrader" ville mannen veta.

- "Soga om ein gammal gard på øynæ" var svaret han fekk.

Den forbipasserande rista på hovudet og himla med augene. Han sa ikkje meir, men tenkte vel sitt der han gjekk. Kanskje noko om at her var det ein person som ein burde fått innlagt ein stad. Jaja, eg gjekk berre vidare og hadde som så ofte før ei interessant lesestund for meg sjølv, der i mørkret på min vanlege kveldstur med Tanja..... Posted by Picasa

tirsdag 23. november 2010

Ute av drift


Ute av drift, i ustand, utsliten, kaputt, overbelasta, oppbrukt. Det finst sikkert endå mange fleire adjektiv som passar til hjelpepleiarar og andre som har brukt alle krefter og meir til i arbeidet sitt. Ein skal liksom vera så veldig effektiv i dagens samfunn, ikkje minst i helsevesenet. Alt er lagt opp til at ein skal springa frå det eine til det andre og vera supereffektiv med alle ting til ei kvar tid. Pengar skal sparast og budsjett skal haldast. Resultatet vert ofte oppbrukte pleiarar lenge før pensjonistalderen. Det er veldig lett å tenkja i slike baner når ein går sjukemeldt på 3.månaden utan at det er nokon særleg betring å sjå. Det er som ei ørkenvandring på sida av livet, -eller som å gå i kaldt og frose terreng (som biletet viser) utan von om å sjå spirande liv under alt det frosne ein gong.
Posted by Picasa

lørdag 30. oktober 2010

Forlovelse


To love
and be loved
is the most beautiful
gift of all.
Posted by Picasa

lørdag 16. oktober 2010

Bryllaupsfeiring


Å verta beden til bryllaups var akkkurat det me trong i ei tid som denne, etter alle begravelsane som har vore i den seinare tid. Siste året har det vore ei opphopning av dødsfall i slekta. Det har virka som om me berre ser slekt og bygdafolk når det er nokon som fell frå. Slektsamling har altså vorte sørgjelege greier.
- Difor var det så inderleg kjærkome å få invitasjon til å feira noko så gledeleg som at to unge menneske har funne kvarandre og bestemt seg for å leva livet saman. At eg skulle få ha med meg min kjære, var ekstra kjekt. Me hadde gledd oss lenge til dette. Ikkje skulle me bidra med noko særleg heller. Berre koma og vera til stades og kosa oss. At me måtte reisa til Tysnes, var berre eit pluss. Alltid kjekt å sjå nye stader.

- Ifølgje bloggen til ein nær slektning, er det mykje arbeid som ligg bak eit slikt storhende. Mykje skulle planleggjast og førebuast, gjerne lang tid føreåt. Store og små ting. Alt skal klaffa.

Og resultatet uteblei ikkje. Det gjekk så fint og alt var berre kjekt. Skikkeleg vellukka. Brur og brudgom fekk kvarandre, og det såg ut som dei fekk ei fin byrjing på eit forhåpentlegvis langt og godt liv saman.

Sender dei beste ønskje til bruraparet.

Takkar for invitasjonen og fin feiring i hyggjeleg lag.

Posted by Picasa

mandag 27. september 2010

Blomar som varmar


Så var det kveld,
og sol gjekk ned,
ditt hjarta stilna,
og du fekk fred.

Eit gult, lite hus på øynæ står tomt. Ein livsvandrar har lagt ned vandringsstaven. Dei 75 åra han fekk på jorda er til ende. Kroppen kviler i jorda, men sjela er berga. Han fekk ta det rette valet til slutt.
- Ein liten flokk medvandrarar sit att med minnene, gode og mindre gode. Det gjeldt å ta vare på det gode, og overlata det som var mindre godt til Han som har den store oversikten.
- I slik ei tid er det godt å få blomar. Godt å kjenna omtanken frå andre. For livet et så skjørt. Det gjeldt å nyta det og leva medan ein lever.
Posted by Picasa

onsdag 1. september 2010

Sommarminne


Ein sommar er over. Ingen tvil om det. I går gjekk siste sommardag over i historien. I alle fall viss ein ser på kalenderen. Solstrålane er ikkje så varme lenger. Eit haustleg drag i lufta har teke over. Tanja og eg har enno ikkje avslutta hyttesesongen. Den vil me strekkja så langt me kan ut i september.
- Men om sommarens timeglas har runne ut, så sit me att med mange gode sommarminne. Fotoapparatet er stappfullt av dei. Noko me skal ta fram og varma oss på utover ein lang og mørk haust: Der har me foreviga minne av blant anna turar i nærmiljø og nabokommunar. Og ikkje minst sommarens høgdepunkt: Fjellvandringa frå hytte til hytte i Sylane. Den er spesielt godt dokumentert i fotogalleriet til Tanja og meg.
- Forresten så er det ikkje lenger berre Tanja og eg. Det har forlengst kome ein annan inn i biletet. Ein som me set veldig stor pris på og som me gler oss til å ta med inn i framtida.
- Me tre ser fram til ein spennande haust i lag, der høgdepunktet vert mitt eldste tantebarn sitt bryllaup om ein månads tid. Me gler oss !!
Posted by Picasa

torsdag 29. juli 2010

Skal helsa frå fjellet


Eg trong ferie. Eg trong forandring. Eg trong plass og luft under vengjene. Då var/er fjellet rette staden. Etter den fine turen i Trollheimen for to år sidan, ønskte eg meg ein liknande rute der eg kunne ta Tanja med. Då vart det Sylane.
- Å gå ein runde på fire hytter i fjellet, der folk med hundar er velkomne, er eit godt botemiddel når plassen nede i dalbotnen og folkevrimmelen vert for trong. Utgangspunktet var ei hytte der eg kunne kjøra heilt fram og la bilen stå. Så var det å leggja i veg. Vermeldingane var ikkje dei beste,men ein kan ikkje la seg stoppa av det. Eg utstyrte meg godt,og sette av garde. Tanja, med sine 11 hundeår, såg ikkje ut til å vera plaga av alder og år. Ho la i veg som ein unghund. Stundom gav ho tydeleg uttrykk for at det gjekk for seint. Då sleppte eg henne laus ei lita stund slik at ho kunne springa av seg den overflødige energien. Ein slik overflødig energi må eg berre innrømma at eg ikkje hadde noko særleg av. Dagsmarsjane var lange nok. Om nokon spør kor mange timar det tek frå ei hytte til ei anna (slike spørsmål får eg stadig og dei er eg grundig lei av) så svarar eg at eg begynte å gå om morgonen og kom fram om kvelden. Og pausane var mange: 1-2 skikkelege matpausar, mange snopepausar, eit ukjent antal utsiktsnytingspausar,ein passeleg mengde fotograferingspausar, dei nødvendige wc-pausane og mange,mange få-att-pusten-pausar. For dette skal vera FERIE, altså noko anna enn det kvardagslege. Ikkje som eit maraton, og slett ikkje som arbeidet på ein sjukeheimsavdeling. Godt å kunna TA seg pausar når ein har behov for det, noko ein ikkje alltid kan sånn i det daglege.
- Eg FEKK verkeleg forandring desse fire dagane. Det var god anledning til å ta seg ut og tøya grensene. Frisk luft i massevis og mange hyggjelege folk å treffa og ta ein prat med. Spennande å koma over grensa til nabolandet og utforska den svenske fjellheimen som ikkje er så ulik vår. I alle fall ikkje i dei traktene der eg gjekk.
- Veret og hyttene var eit kapittel for seg: Den første vandringsdagen var det LITT regn. Den andre var det MYKJE regn. Dei to siste dagane var det berre sol og fint ver. Imponerande å sjå korleis personalet på hyttene tok det når dobbelt så mange folk kom ramlande inn dørene enn det hytta hadde plass til. Når alle i tillegg var klissvåte og tørkerommet altfor lite, kan det setja nokon kvar på prøve. Men utfordringane vart løyste etter kvart som dei kom. Då dukka det opp utrulege mengder med madrasser,sengklede og ikkje minst MAT. Ein må berre undra seg over kvar det kom frå.

- Har lyst å koma med ei helsing frå fjellet, - frå desse dagane som gjorde meg så godt: Det vil eg gjera med siste verset av eit dikt av Jon Østeng Hov:

SKAL HILSE FRA FJELLET

Skal hilse fra fjellet - det evige land,

der moskus og jerven har bolig.

Min lengsel dit inn er blitt som en brann.

Kun der får jeg fred og blir rolig.

Posted by Picasa

søndag 18. juli 2010

Ferie


Slik ser det ut på nattbordet mitt no. Mitt vesle juletre, som har "vikariert" som nattbordlampe, har endeleg teke ein velfortent ferie. Den nye rosa lampen passa perfekt på mitt rosa soverom. Han er komen langvegs frå, - heilt frå det store landet i aust. Og no står han og lyser av alle krefter her hjå meg, omringa av heile mitt skramleorkester som og gjer jobben sin grundigt og godt.
- Men det er ikkje berre juletre som treng ferie. Trøytte hjelpepleiarar og andre slitarar treng det i høgaste grad og. Og no er det denne hjelpepleiaren sin tur. Eg har snudd ryggen til jobben. Ofrar han ikkje ein tanke. Nei, tankane går heilt andre stader, - til fjells. Dei næraste to dagane vert det lang kjøring. Så ber det opp i fjellheimen i fire, forhåpentlegvis fine dagar. Og Tanja skal sjølvsagt vera med. Turen er godt planlagt, og me gler oss veldig !
Posted by Picasa

torsdag 27. mai 2010

Lev livet sakte


Det er mai, og Tanja og eg har begynt å reisa på hytta. Den lysaste, grønaste og finaste tida på året. Godt å koma til denne vesle , rolege staden og berre nyta livet. Då legg Tanja seg ned i den mjuke mosen med store mengder kvitveis rundt, snusar ut i lufta og har det så bra som ein hund kan ha det. Sjølv senkar eg skuldrane, set meg på hagebenken og lyttar til fuglesongen. Byen, bråket, stresset og jobben er langt, langt vekke.
- Og dette er berre byrjinga på ein lang og forhåpentlegvis fin sommar. Her er det godt å vera både for hund og menneske. Her tek me det med ro og lever livet. Sakte.
Posted by Picasa

torsdag 6. mai 2010

5 år med Tanja


Den 6.mai 2005, for akkurat 5 år sidan, skjedde det noko stort her hjå meg: Eg hugsar det så godt, det var ein fredagskveld, klokka var omkring åtte på kvelden. Det ringde på døra mi, og inn kom ei dame og ein stor, feit hund: Dama viste seg å vera frå omplasseringa og hunden var altså den som eg hadde funne på omplasseringa si internettside ca ein månad før. Besøket var venta, men det var nærmast eit sjokk å sjå kor svær hunden var. Ho var så utruleg brei over ryggen, og flesket dissa omkring henne. Dette var ei som hadde hatt det godt i matvegen. Men som og bar preg av manglande mosjon og altfor rolege dagar.
- Dette var altså Tanja. Frå den stunda ho gjekk over dørstokken min for første gong, tok eit nytt liv til både for Tanja og meg. Eg hadde vore utan hund i fire månader, og det hadde vore så altfor stillt og stussleg. Med Tanja fekk livet mitt nytt innhald og meining. Tosetarsofaen gjorde ho fort til sin. Ho lukta vel at den hadde vore hundesofa før. Og med rikeleg mosjon minka det overflødige hundeflesket fort. Vekta gjekk ned frå 32 kg til ca 24 - 25 kg, som er akkurat passeleg for ein hund som Tanja.
- Sidan har har eg hatt mange fine opplevingar i lag med Tanja. Ikkje minst på fjellturar, hytteturar og andre turar.
Snille, gode Tanja har forlengst vorte uunnværleg for meg. Ho er den beste hunden som finst.

Posted by Picasa

tirsdag 27. april 2010

Rasfare på heimebane

Her hjå meg går det sin skeive gang: Borte i eit hjørne i stova mi står denne bokhylla. Og her har ho stått dei siste 21 og eit halvt år. Den vesle hylla struttar av tunge bøker og permar. Fyllt til randa. Der er ikkje plass til ei flis meir. Når ein ser nærare etter ser ein at ho er aldeles ikkje laga for ein slik tyngde. Dessutan hallar ho svært til venstre, i retning fjernsynet. Kva som skjer den dagen ho gjev etter for den tunge børa tør eg ikkje tenkja på. Eg har fleire andre bokhyller og, men dei er høgare,sterkare og meir eigna til tunge bører.
- Synet av dette vesle møblementet fyller meg med djup medkjensle. Nokon får sanneleg meir å streva med enn andre. Det er som med folk, me får så ulik lagnad her i livet. Mange greier seg godt. Andre får eit fæla bal med å takla det dei møter. Livet vert for mange ein balansegang: Mellom helse og sjukdom, rikdom og fattigdom, livsmot og motløysa,
eller andre former for med- og motgang. Mange ting rår me ikkje med. Men heldigvis er det mykje ein kan forandra på for å få ein betre situasjon.
- Reint praktisk, her i stova mi, kan eg byrja med å letta denne stakkars overfyllte bokhylla. Plukka ned dei tyngste bøkene og erstatta dei med noko lettare. Så kanskje eg slepp å oppleva eit bokras i framtida, med det som kan følgja med av bekymringar og praktiske problem.
Posted by Picasa

mandag 19. april 2010

Julegåve i april

No er det endeleg gjort, det som har lagt over oss så lenge, og som av forskjellege grunnar har vorte utsett og utsett. For to dagar sidan samla me oss, familie og søskenborn og gjorde det som måtte til; avslutta eit liv,om ein kan sei det slik. Ein leilighet måtte tømmast og vaskast. Ting skulle fordelast, og alt skulle helst foregå i rolege og skikkelege former. Noko det og gjorde.
- Onkel M. døydde sist haust. Heile sitt liv levde han i skuggelandet. Hadde meir å streva med enn dei fleste av oss. Han var nok ikkje så lett å koma inn på. Men heilt frå eg var lita har han høyrt til i familien, på den måten at me besøkte han med jamne mellomrom. Og når det gjaldt å hugsa på "onkel-borna" sine med julegåver så var han den mest trufaste av alle. Kvar jul låg det alltid julegåver under juletreet frå onkel M. Også etter at me vart vaksne hugsa han på oss. Då var det oftast konfektøskjer gåvene inneheldt.

- Onkel M. døydde altså sist haust, i byrjinga av november. Men årets julegåver hadde han alt klare. Konfektøskjene var innkjøpte, pakka inn i julepapir og merkt til kvar enkelt. I god tid.

Desse fann me den dagen me rydda ut etter han. Dermed vart det julegåver i april.

Men dette vart siste konfektøskjene me skulle få frå onkel M.

Neste jul må me kjøpa konfekten vår sjølve.

-

Posted by Picasa

torsdag 8. april 2010

Påska 2010


Årets påske er over. Høgtida gjekk like fort som tida alltid gjer. Skulle eigentleg ha fri heile påskeveka, men så vart det ein del ekstravakter i staden. Det plar lønna seg godt med ekstravakter i høgtidene. For om ikkje lenge skal eg ut å reisa att. Må ut å lufta vengjene med jamne mellomrom. Biletet er frå påskepyntinga i eiga stove.
- Den kvite vinteren har langsomt gått over i grøn,spirande vår. Yndlingsfargen min gjer seg stadig meir gjeldande i tida framover no. I hagane til folk, på altanane til dei som ikkje har hagar, og sjølvsagt i naturen. Alt har si tid, som det står i Skrifta. Og no er det tid for å livna til.
Posted by Picasa

onsdag 24. mars 2010

Rot i stova


Skal tru kva slags tankar som fær gjennom eit hundehovud i desse tider. Kartongar,plastposar,boss-sekkar og store mengder klede ligg rundt omkring i stova, og for ein stakkars hund er det så vidt det er farbar veg mellom hundesofaen og matskåla. Tanja sender meg nokre fortvila blikk med jamne mellomrom. Ho lurer nok på om eg ikkje er riktig klok som har det så rotete i stova. Men ho kan ta det med ro. Eg har kontrollen. Kleda har eg fått frå folk som vil gje til dei fattige, og meininga med det heile er å senda det til det store fattige landet i aust for at det skal delast ut der til dei som treng det. Men først skal alt sjekkast,sorterast og pakkast i kartongar. Dette er eit meiningsfyllt arbeid som eg kosar meg med. Og eg veit at alt det eg sender kjem fram. Så får det så vera at det må sjå slik ut i stova mi i periodar. Det er verdt strevet. Og for dei uinnvidde kan eg sei at det er system i rotet.
Posted by Picasa

torsdag 11. mars 2010

Våt vår


Slik ser det ut på altanen min no. I mine auger eit trøysteslaust syn i forhold til korleis det har sett ut dei siste månadane. Den fine kvite snøen som har gjort meg så godt har forsvunne frå altanen. Det kom bekymringsmeldingar frå burettslaget. Dei var redde for at renner og rør skulle ta skade og oppmoda folk til å få snøen vekk frå altanane sine. Sist helg fekk eg hjelp med mesteparten av den jobben. Resten har tint etter kvart av aukande varmegrader og stadig meir intenst regn. Elles rundt omkring ligg snøen i svære haugar alle stader, og det vert nok ein lang historie å få vekk alt. Men prosessen er i gang. Det sutlar og dryp kvar ein vender seg. Vatnet finn sin veg og det einaste skotøyet som duger er høge støvlar.
- Det er våren som pressar på. Ein lang snørik vinter er til ende, og helst skulle han vart litt lenger, men eg får gle meg med det eg har fått av skiturar i år. Og det er mange, i skog og fjell både på øy og fastland. Ca 90 bilete har eg frå desse turane på ski, og dei minnene skal eg ta vel vare på.
- Forresten har eg eit lite håp om kanskje endå ein liten skitur eller to i fjella på øynæ i løpet av dei komande vekene fram mot påske. Der er det ofte litt kaldare enn her på fastlandet. Tenk om eg kunne fått det til! Det hadde vore ein fin avslutning på skisesongen.
Posted by Picasa

fredag 26. februar 2010

Vinter på altanen



- Ca ei veke før jul kom snøen. Dei fleste ønskjer seg vel julesnø, men då han kom, var det vel få som trudde at han vart liggjande til jul. Men det gjorde han altså, og ikkje berre det - han ligg her enno. Og med jamne mellomrom har me fått påfyll. Så no har me hatt snø så lenge at rekorden for samanhengande snødagar forlengst er nådd her på desse kantar. Var det i 1917 dei hadde ein vinter som kunne samanliknast med dette? Det var visst noko slikt eg høyrde på nyhetene her ein dag...
Og fordelane er mange: Me har sloppe det tradisjonelle siperegnet som me plar ha i månadsvis, sommar som vinter. Deprimerande ver!
I staden har me hatt mykje sol- og skidagar i massevis. Eg kosar meg når det er slik! Studerer vermeldinga kvar dag på jakt etter nye skiturar i fjellet. Og eg veit at ho som ligg i hundesofaen er heilt einig.
Akkurat no ser eg ut på min snødekte altan: Så stor forskjell kan det vera på sommar og vinter! Så fin kan ein vinter vera.
I altankassen min som plar vera full av blomar sommarstid, er det no heilt uleveleg for alt levande. Men det som no fyller altankassen, den fine KVITE snøen, har sanneleg gjeve meg mykje liv og livskvalitet den siste tida. Denne vinteren har vore og er skikkeleg vinter. Av det slaget ein hugsar frå barndomen, - snø heile tida.
Mange ønskjer seg vår no. Men eg er ikkje klar for å gje slepp på snøen. Har enno mykje ugjort i vinterfjellet. Så når eg er ferdig med å skriva dette, skal eg finna meg ei vermelding og planleggja nye vinteropplevingar. Her gjeldt det å leva medan ein lever !
Posted by Picasa

søndag 21. februar 2010

Vinterland


Så heldige me er som får ha denne flotte vinteren. Rikeleg snø og skiføre i fleire månader i strekk! Alle som likar snø ,gler seg, og eg høyrer så absolutt til dei. Og ny snø lavar ned i stadig nye mengder. Berre på den stunda eg hadde middagslur i dag (skal ikkje røpa kor lang den var) kom det ein heil del. Rikeleg nok til at det vart ein brå slutt på søndagsfreden for dei som har ansvar for snømåking og brøyting. Kaldt og er det og, så den snøen som kjem ned er tørr og fin. Godt eigna til skigåing. Så Tanja og eg gler oss fortsatt til nye turar i det kvite element. Planane er alt klare for neste skitur!
- - Så flott det var å reisa over øynæ her ein dag. Sola skein, og alle små og store vatn langs vegen låg frosne og snødekte og freista veldig til skigåing, - som på dette biletet. Det viser og at nokon har prøvd seg med bilkjøring på dette vatnet. Og det har tydelegvis gått bra. Midt ute på vatnet kan ein skimta ein skigåar med hund som er ute og nyt tilværet. Det er ikkje Tanja og meg ,men kunne godt ha vore det.

Ettermiddagssol i vinterland...... Nydeleg !

Posted by Picasa

søndag 7. februar 2010

Kledd for vinterfjellet


Som sikkert alle veit som har lese denne bloggen så går Tanja og eg mykje tur. Me har våre tre faste turar pr dag. Det har ho fått frå første dag, og det skal ho få så lenge det er opp til meg. Det har vore turar av så mange slag: Fjellturar, skogsturar, hytteturar på øynæ og skiturar. Og Tanja tek i mot alle turar ho kan få med takk. Uansett kva slags turar eg tek henne med på så er ho like oppglødd og ivrig. Det einaste ho til dags dato har hatt å klaga over i tursamanheng, er temperaturen på toppane i vinterfjellet. Då kan det blesa friskt, noko som Tanja ikkje har vore heilt kledd for. I motsetning til sin forgjengar, har Tanja ein heller kort pels. Så ho har nok dessverre frose litt på toppane. Noko ho har gjeve meg beskjed om i det siste. Då har ho sett på meg med dei store hundeaugene sine, pistra og på sin måte tigga meg om å gjera noko med det. Og no har me vore og gjort akkurat det. For nokre dagar sidan var me innom ein dyrebutikk og såg kva dei hadde av hundejakkar. Tanja fekk prøva både den eine og den andre, og det vart til at me bestemde oss for ein svart vindtett jakke med mjukt saueskinn på innsida. At akkurat den jakken var nedsett til halv pris passa og bra. I tillegg investerte me i ein ny refleksvest (ho har slete ut to stk frå før)
Eigentleg synest eg det er litt tullete å kle på dyr, men i dette tilfellet er det ein nødvendighet. Så no håpar eg at min beste venn slepp å frysa i fjellet. Det skal me testa på neste fjelltur !
Posted by Picasa

fredag 5. februar 2010

Lampen og juletreet

Det er på nattbordet det skjer. Denne gongen er det lampen det gjeldt. Den vesle søte lampen som eg kjøpte i Russland trekte sitt siste sukk etter ei levetid på berre litt over eit år. Då vart det mørkt på soverommet! Å finna ein arvtakar i ein norsk lampebutikk gav ikkje det forventa resultatet. Gode råd vart dyre, men hjelpa var heldigvis nær. Det er ikkje lenge sidan jul, og det går vel an å forlenga jula litt, tenkte eg og plasserte juletreet på nattbordet. Mitt vesle juletre, som er av det slaget som garantert ikkje drøsar, får spela rolla som nattbordlampe ei tid, til eg har funne ei meir varig løysing.
Så her hjå Tanja og meg feirer me fortsatt jul, på ein måte. Det skulle ikkje undra meg mykje om me greier å strekkja jula heilt til påske, ja kanskje lenger. Me får sjå.....
Posted by Picasa

onsdag 27. januar 2010

Høgt volum på nattbordet


Tanja og eg lever eit roleg liv. Me går ein del turar,men når me er inne,trur eg ikkje det kjem så mange lydar frå denne leiligheten. Ingen har til denne dag kunna klaga oss for husbråk. Det store unnataket er det som skjer på nattbordet. Der kan det vera eit fæla spetakkel i tidlege morgontimar. Problemet var at eg kunne ha vanskeleg for å vakna når eg skulle tidleg på jobb. Då bør eg koma meg opp i 6-tida, og det er ikkje alltid kroppen med på. Difor har eg gått til innkjøp av to store vekkjarklokker. Då eg i tillegg fekk ei endå større type av arten som ei forseinka julegåve,låg planen godt til rette for å koma seg fort ut or drøymeland og over i dagens gjerning. Og planen virkar. Den sist ankomne klokka,som ber namnet "Super Bell", lever opp til namnet sitt. Ringjelyden går gjennom marg og bein, og kunne sikkert få ein sovande stein til å hoppa høgt. Kanskje ein fæl måte å vakna på, men eg kjem meg i alle fall på jobb til rett tid.
Posted by Picasa

søndag 17. januar 2010

Hyttetur i januar

No ein dag gjorde eg noko som eg vanlegvis ikkje gjer på denne tida av året: Eg reiste på hytta. På øynæ er det minst like mykje snø som på fastlandet, så då eg prøvde å gå til fots der i skogen,fann eg fort ut at det var for tungvindt. Skia måtte fram. Heldigvis hadde eg dei før omtala treplankane frå 70-talet med meg i bilen. Med dei på føtene gjekk det greitt å koma seg frå bilen og bort til hytta. Ikkje fullt så greitt for Tanja. Ho seig langt ned i og streva fælt. Dessverre er ikkje ski for hundar oppfunne enno.
- Litt rart var det å koma på hytta på denne tida av året. Så stillt i skogen. Snøen virka lyddempande og fuglekvitter fanst ikkje. Eg plar tenkja på hytta som mitt kjære sommarparadis. Noko det slett ikkje likna på no. Denne gongen vart eg møtt med ein innetemperatur på minus 8,3 !Kulden beit godt i fingrar,tær og nasetipp, og frostrøyken stod ut or munnen på både meg og Tanja. Og sistnemnde ville ikkje roa seg. Ho såg fortvila på meg, og lurte nok på om eg ikkje kunne ordna opp i dette. Å setja på gassomnen ville lite nytta. Det hadde vorte ein lang historie å få varma opp, så eg skreiv berre nokre velvalde ord i hytteboka og gjorde meg klar for heimreis. Skulle eg satsa på overnatting, måtte eg nok først investera i overlevingsdrakt.
- Etter denne turen veit eg i alle fall kvar mitt kjære vinterparadis er: Det er utan tvil heima i den gode,varme leiligheten min.

Posted by Picasa