mandag 19. april 2010

Julegåve i april

No er det endeleg gjort, det som har lagt over oss så lenge, og som av forskjellege grunnar har vorte utsett og utsett. For to dagar sidan samla me oss, familie og søskenborn og gjorde det som måtte til; avslutta eit liv,om ein kan sei det slik. Ein leilighet måtte tømmast og vaskast. Ting skulle fordelast, og alt skulle helst foregå i rolege og skikkelege former. Noko det og gjorde.
- Onkel M. døydde sist haust. Heile sitt liv levde han i skuggelandet. Hadde meir å streva med enn dei fleste av oss. Han var nok ikkje så lett å koma inn på. Men heilt frå eg var lita har han høyrt til i familien, på den måten at me besøkte han med jamne mellomrom. Og når det gjaldt å hugsa på "onkel-borna" sine med julegåver så var han den mest trufaste av alle. Kvar jul låg det alltid julegåver under juletreet frå onkel M. Også etter at me vart vaksne hugsa han på oss. Då var det oftast konfektøskjer gåvene inneheldt.

- Onkel M. døydde altså sist haust, i byrjinga av november. Men årets julegåver hadde han alt klare. Konfektøskjene var innkjøpte, pakka inn i julepapir og merkt til kvar enkelt. I god tid.

Desse fann me den dagen me rydda ut etter han. Dermed vart det julegåver i april.

Men dette vart siste konfektøskjene me skulle få frå onkel M.

Neste jul må me kjøpa konfekten vår sjølve.

-

Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar