søndag 17. januar 2010

Hyttetur i januar

No ein dag gjorde eg noko som eg vanlegvis ikkje gjer på denne tida av året: Eg reiste på hytta. På øynæ er det minst like mykje snø som på fastlandet, så då eg prøvde å gå til fots der i skogen,fann eg fort ut at det var for tungvindt. Skia måtte fram. Heldigvis hadde eg dei før omtala treplankane frå 70-talet med meg i bilen. Med dei på føtene gjekk det greitt å koma seg frå bilen og bort til hytta. Ikkje fullt så greitt for Tanja. Ho seig langt ned i og streva fælt. Dessverre er ikkje ski for hundar oppfunne enno.
- Litt rart var det å koma på hytta på denne tida av året. Så stillt i skogen. Snøen virka lyddempande og fuglekvitter fanst ikkje. Eg plar tenkja på hytta som mitt kjære sommarparadis. Noko det slett ikkje likna på no. Denne gongen vart eg møtt med ein innetemperatur på minus 8,3 !Kulden beit godt i fingrar,tær og nasetipp, og frostrøyken stod ut or munnen på både meg og Tanja. Og sistnemnde ville ikkje roa seg. Ho såg fortvila på meg, og lurte nok på om eg ikkje kunne ordna opp i dette. Å setja på gassomnen ville lite nytta. Det hadde vorte ein lang historie å få varma opp, så eg skreiv berre nokre velvalde ord i hytteboka og gjorde meg klar for heimreis. Skulle eg satsa på overnatting, måtte eg nok først investera i overlevingsdrakt.
- Etter denne turen veit eg i alle fall kvar mitt kjære vinterparadis er: Det er utan tvil heima i den gode,varme leiligheten min.

Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar