torsdag 11. mars 2010

Våt vår


Slik ser det ut på altanen min no. I mine auger eit trøysteslaust syn i forhold til korleis det har sett ut dei siste månadane. Den fine kvite snøen som har gjort meg så godt har forsvunne frå altanen. Det kom bekymringsmeldingar frå burettslaget. Dei var redde for at renner og rør skulle ta skade og oppmoda folk til å få snøen vekk frå altanane sine. Sist helg fekk eg hjelp med mesteparten av den jobben. Resten har tint etter kvart av aukande varmegrader og stadig meir intenst regn. Elles rundt omkring ligg snøen i svære haugar alle stader, og det vert nok ein lang historie å få vekk alt. Men prosessen er i gang. Det sutlar og dryp kvar ein vender seg. Vatnet finn sin veg og det einaste skotøyet som duger er høge støvlar.
- Det er våren som pressar på. Ein lang snørik vinter er til ende, og helst skulle han vart litt lenger, men eg får gle meg med det eg har fått av skiturar i år. Og det er mange, i skog og fjell både på øy og fastland. Ca 90 bilete har eg frå desse turane på ski, og dei minnene skal eg ta vel vare på.
- Forresten har eg eit lite håp om kanskje endå ein liten skitur eller to i fjella på øynæ i løpet av dei komande vekene fram mot påske. Der er det ofte litt kaldare enn her på fastlandet. Tenk om eg kunne fått det til! Det hadde vore ein fin avslutning på skisesongen.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar