fredag 24. desember 2010

Jul i sikte?


Julestria er over. Roen har senka seg over den vesle heimen min. Årets julekorrespondanse er fullført. Det vart 12 julebrev og 26 julekort å skriva i år. Gøy å driva med medan ein ventar på jula. Eg får ikkje på langt nær så mange att, men det gjer ikkje så mykje. Eg prøver å gle meg over dei livsteikna eg får frå den juleposten eg sjølv får, og så kjem det ofte nokre kort i romjula og, og kanskje nokre over nyttår.
Eg forstår godt at det er vanskeleg å verta ferdig med alt til jul, ein treng ikkje å ha stor familie for å ha det problemet. Men før eller sidan kjem ein i mål, og det trur eg at eg har no her hjå meg. Golvet er vaska, juladukane er på plass og mitt vesle juletre har dukka opp frå bua.

- Biletet viser julamaten til fuglane. På grunn av mange og lange snøbyger siste dagane har eg måtta laga til denne innretninga til mine flygande venner. Ein gammal skakkjørt paraply har kome til nytte.
- Pinnakjøtet er innan rekkevidde. Og Tanja og eg ønskjer GOD JUL til kvarandre og alle dei som skulle koma til å lesa dette.

Jau, jula ER i sikte. Så absolutt.

Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar