torsdag 31. desember 2020

Jul i annleisåret


 2020 har sanneleg vore annleisåret. Eit år som ikkje kan samanliknast med noko anna år i mitt 62-årige liv. Smitte av det usynlege koronaviruset ligg og lurer bak kvart hjørne og rundt kvar sving. Å beskytta seg mot ein fiende er sanneleg ikkje lett når fienden er usynleg. Og berre redselen for smitte kan gjera kvardagen vanskeleg og kan ta gleda frå nokon kvar. 

Det har vorte lite reising dette året. For meg har det begrensa seg til småturar til nabobydelen i nord, til min kjære leilighet der. Vekk frå byen, til reinare luft og ei ro som ein ikkje finn i sentrum av ein stor by. Berre nokre få gongar har eg teke turen inn på øya mi, eller "øynæ" som me seier på dialekt. Nett før jul hadde eg meg ein slik tur. Måtte finna meg eit julatre i skogen til broder`n. Resultatet kan sjåast ovanfor.

2020 vart ikkje berre annleisåret. Jula vart og annleis: Me reiste på julatur. Ikkje så langt. Berre ca ein halv time med buss til leiligheten min der julatreet frå skogen står. Der vart me verande nesten ei veke. Det gjer seg med stovebyte. No er me forlengst kome til byen att, og akkurat no ventar me berre på å gå inn i eit nytt år. Ein kan undra seg over kva slags år det kjem til å verta. Om det vert eit nytt annleisår... Om berre nokre timar stig me over grensa til det nye året. Altså vert dette siste blogginnlegget mitt i 2020. 

Ute er fyrverkeriet i full gang. Det har det vore i 4-5 timar alt. Til stor fortvilelse for Tinka. Dette er verste kvelden i året for henne, så skotredd som ho er. Eg prøvde å ta henne med på ein tidleg kveldstur i kveld, men det gjekk dårleg. Etter berre ca 100 meter, small det så kraftigt at hunden vart heilt vitskremd. Eg måtte ringja til O. for å få hjelp til å få henne inn att. No ligg ho borte i ein krok under eit bord og skjelv. Ja, fyrverkeri er sanneleg ein uting. Det produserer berre eit stort antal decibel som mange av oss kunne greidd oss utan. Så godt det hadde vore om me kunne få gå inn i eit nytt år med ro og stille forventning...

mandag 21. desember 2020

Julabadet


 Det er ikkje ofte Tinka går i dusjen. Men det må til innimellom. No har ho nett hatt løpetid og så står jula for døra, så då hadde det passa med eit bad til jul, tenkte eg. Kva Tinka tenkte er noko heilt anna. Ho likar ikkje å vaska seg. Ser helst at ho slepp. 
Det minner meg forresten om den tida då eg arbeidde i heimesjukepleien. Der var det enkelte pasientar, særleg eldre menn,  som såg helst at dei slapp å vaska seg.Då skulle det ein del overtaling til. Stundom lukkast det, andre gongar ikkje.

Når det gjaldt Tinka så hadde ho ikkje noko val. Eg tok til å førebu hendinga, fann fram badehandduk og hundesjampo og ropte på henne. "Kom Tinka, no skal du i dusjen", sa eg. Eg trong vel eigentleg ikkje sei det, for ho er ein klok hund som får med seg det meste. Trur nok ho visste kva som var på gang før eg hadde sagt noko. 

Ho reiste seg frå senga si, sakte, sakte, liksom for å dra tida ut. Kanskje ho håpa på eit mirakel for å få sleppa. Då ho endeleg hadde kreke seg ut or senga såg ho på meg med eit dystert blikk. Øyrene låg bakover og hovudet lågt, medan rova hang ned. Ho slepte seg bortover golvet. Såg fortvila på meg i håp om å unngå det fæle som skulle skje på badet. Ho måtte ha drahjelp for å koma inn i dusjen. Ho såg ut som ein dødsdømt på veg mot galgen.

Omsider, då ho var på plass i dusjen, sette ho seg sakte ned og sukka tungt. Hadde nok forstått at det ikkje var veg utanom.
Eg hadde utstyrt meg med støvlar og regnbukse. Har bada hundar mange gongar før og veit at det kan gå livleg for seg.  

Dette biletet er frå nokre år sidan, men scena er den same. Når me har kome så langt plar det gå greitt. Ho let seg villeg dusja, såpa seg inn og spylast etterpå. Det er mykje pels, så det tek si tid. Og heile tida strekkjer ho seg mot døra og fridomen, så eg må alltid bruka ein del krefter på å halda henne på plass. 
Når ho endeleg har fått dusja såpa ut or pelsen, og eg strekkjer meg etter handduken, anar ho at lidinga går mot slutten. Full av væte i pelsen har ho veldig lyst å rista seg. Det nyttar lite å halda att, så det vert ein del spruting og skvetting over heile badet, og på veg gjennom stova og ut på altanen sameleis. Det ser ikkje ut etter oss.
Jaja, så plar ho få rista seg godt på altanen før me slepp henne inn att i heimen. 
Det er eit heilt arbeid å ordna opp etterpå. Men når eg ser på den reine fine hunden med den såpeduftande pelsen, er det verdt strevet. Og Tinka kan trøysta seg med at det skal verta lenge til neste gong. 
No er det berre "gubben og gamla" som skal i stampen før me kan feira jul.
 

mandag 14. desember 2020

Blomstring i november


For ca ein månads tid sidan oppdaga eg denne vesle blomen utanfor huset her. Som ein kan sjå har han vakse opp i ei verd av asfalt og betong. Nøysom som berre det, men med ein  livsvilje og ein utsjånad som om han skulle hatt god tilgang på næring. Ikkje visste han at han hadde teke feil av årstida. Det var då så mildt! Han trudde vel at det var på tide å byrja sesongen.

Ikkje rart at ein liten blome kunne ta feil. Vintrane er ikkje som før. Då eg var lita var det meir snø og kulde på denne årstida, altså meir VINTER. Men det har forandra seg mykje. Klima og årstider har vorte så annleis. 

Det minner meg om då eg gjekk på barneskulen. Den gongen hadde me eit eige fag som heitte song. Ein heil skuletime om gongen sat me med songbøkene og song av hjartans lyst medan læraren trødde på orgelet. Ein av songane var den om den vesle spiren som sikkert lurte på om det var på tide å koma opp or jorda:

Sov du vesle spire ung,
enno er det vinter.
Enno søv dei, bjørk og lyng,
roser, hyasinter.
Enno er det langt til vår, 
langt til rogn i blomstring står.
Sov du vesle spire.
enno er det vinter.

Biletet er, som sagt, frå sist månad. No i desember står fortsatt den vesle blomen der, men no ser han meir pjuskete og forkomen ut. Han har nok innsett at han var for tidleg ute. Han ber preg av å ha stått ute i regn og vind dag og natt i lang tid.  Men det er ikkje noko å gjera med. Han kan ikkje krypa ned i jorda att, eller rettare sagt asfalten. 

Eg skulle verkeleg unna denne vesle planten eit anna liv. Eit liv der han fekk stå i god og næringsrik jord og kjenna sol og varme i livet sitt. Det hadde han fortent der han står og nikkar blidt til alle som går forbi.
 Kva skulle me gjort utan blomane?


 

søndag 29. november 2020

Sparkesykkelanarki


 Tidlegare i år var det ein ny type kjøretøy som inntok sentrum av byen. Sparkesyklane dukka opp i store mengder, over natta. Brått var desse grøne kjøretøya å sjå over alt. Til stor glede for nokon, men til tilsvarande fortviling for andre. 

Ein enkel og lettvint måte å koma seg fram på, synest mange. Forståeleg når ein har det travelt. Det er helst ungdomar som nyttar dette tilbodet. Men eg har og sett vaksnare folk og til og med born. Når det gjeld den eldre delen av befolkninga, så har eg enno til gode og ha sett dei fara av garde på denne måten. Det er forhåpentlegvis sistnemnde som sit inne med mest livserfaring og dermed mest vit og forstand. For det er så visst ikkje ufarleg. Dei kjører både i gatene og på fortaua, på kryss og tvers, og det ser ut som om det er smått med lover og reglar for dei som vel å koma seg fram på denne måten.  I andre byar, som og er invadert av desse kjøretøya, har det skjedd ulukker, til og med dødsfall etter ville turar på sparkesykkel, gjerne med alkohol innabords. Det har vorte noko i retning lovlause tilstandar i byens gater.

Ein kan ikkje lenger vera trygg når ein er ute og går på fortauet heller. Brått kan ein verta innhenta av desse uvesna, så ein må jammen ha augo med seg. 

Ein ting er det å ha desse greiene rundt seg når ein er ute og går. Minst like gale er det korleis sparkesykkelbrukarane set kjøretøya ifrå seg. Ofte er dei parkerte slik som på biletet. Slengt ifrå seg i ein haug midt på fortauet til hinder for vanleg ferdsel. Då er det ikkje greitt å vera funksjonshemma, i alle fall ikkje blind. 

Sjølv har eg ikkje prøvd meg på sparkesykkel. Og eg har ingen planar om å gjera det heller. Eg i full fart på sparkesykkel med Tinka i band?  Nei, det synet skal folk ha til gode å sjå. Det er nok tryggast å ha føtene på jorda når ein er ute og ferdast.

lørdag 7. november 2020

Ny smittebølgje


 2020 har vore eit underleg år. Kven skulle trudd, for eit år sidan, at det skulle verta slik? Opp og ned har det gått sidan mars. Veksla mellom håp og motløysa, godt nytt og vonbrot. Heile tida får ein høyra om stadig nye koronasmitta i slike mengder at ein kan verta redd, særleg i dei største byane, inkludert byen mellom dei sju fjell. Eg har lurt litt på kven dei er alle desse nye smitta. Kanskje O. og eg har passert dei på våre daglege turar med hunden. Umogeleg å vita sidan fienden er usynleg. Sjølve har me sluppe unna så langt. 

No har kommunen endå ein gong strama inn. Me prøver å halda oss heime bortsett frå hundelufteturane og nødvendige turar på matbutikken. Men av og til må eg ta bussen til leiligheten min for å sjå at alt er i orden. Det skjer no med munnbind både for meg og dei fleste andre. 
Å ta i mot besøk er ikkje å tenkja på. Det må utsetjast på ubestemt tid. Til og med engelskkurset har måtta gå i hi. Det skal over på virtuelt klasserom gjennom "zoom" frå komande veke, slik det har vore fleire gongar før. Fekk beskjed i går.

Det meste av samfunnet er ramma. Ikkje minst turismen. Det vanlege innslaget i kvardagen med hurtigruta som kjem til sine faste tider er sett på vent. Eigentleg skulle hurtigrutene vore i full gang frå september. Slik gjekk det ikkje.  No er det berre to av dei som går mellom Bodø og Kirkenes. Resten ligg "parkerte" langs kysten. Fire av dei ligg her i byen. To ved hurtigruteterminalen og to inne på vågen, på kvar si side av Håkonshallen, som vist på biletet. Og der vert dei liggjande på ubestemt tid, seiest det.

Ja, det er sanneleg underleg det heile. Spørsmålet alle stiller seg er: Kor lenge skal det vara? Kor tid kan me leva normalt att?
Midt opp i dette er eg så inderleg glad fordi eg fekk den turen til Israel i fjor haust, før koronaviruset gjorde sitt inntog. Det var ein flott tur som eg kjem til å leva lenge på.
 Eit stort lyspunkt å ta med seg inn i ei usikker framtid.

torsdag 29. oktober 2020

Tinka i hardt ver

 

Tinka er ein nydeleg hund. Ho har så absolutt utsjånaden på si side. Når me er ute og går, er det ikkje lenge mellom kvar gong eg får høyra: "Så fin hund du har"! Og born seier ofte: "Så søt"! Og som Tinka sin eigar er eg sjølvsagt heilt einig. Ho kan ikkje snakka, men har ingen problem med å gjera seg forstått. Med augo og resten av kroppen får ho sagt det ho vil. Og O. og eg har forlengst lært "språket" hennar å kjenna.

Men det er ikkje berre godleik bak den fine fasaden. Ho kan nok hissa seg opp og seier si hjartans meining når det er nokon ho ikkje likar. Som til dømes når me møter kattar. Då kjeftar no det beste ho kan og vil nok helst jaga dei over haug og hamrar. Men ho går sjølvsagt i band, og det kan kattane vera glade for. 

Men her ein dag var det Tinka som fekk svi. Me var ute og gjekk tur alle tre, og var kome bort i den parken der me oftast går. Tinka gjekk i band som vanleg, og det var ein fin haustdag.  Brått kom ein stor svart hund springande. Han gjekk laus, og me kunne ikkje hindra at han hoppa rett i Tinka. Det vart eit skikkeleg basketak med høgt lydnivå. Tinka prøvde å forsvara seg, men det nytta så lite sidan den andre hunden gjekk laus.  Det gjekk ei stund før ei dame, som tydelegvis var hundeeigaren, kom springande og fekk slutt på spetakkelet. Ho var svært lei seg og beklaga det som hadde hendt, viste ansvar, tok på seg skulda, og sa at viss det skulle verta veterinærutgifter av dette, så skulle ho ta det på seg. Me stod der og snakka saman ei stund, og før me skildest, fekk eg namn og tlf.nr. Kanskje var det ho som hadde det verst i den situasjonen. 

Me kom oss heim att på eit vis, men Tinka halta og det var tydeleg at ho hadde smerter. Dessutan greidde ho ikkje rista seg. Eg undersøkte heile hunden grundigt, men kunne ikkje finna nokon synleg skade. Så me tenkte at dette går vel over.

Eit godt stykke ut på natta, då det nærma seg morgon, vakna me av at Tinka stod med framføtene opp i senga vår. Ho såg på oss med lidande augo og hadde nok vondt. Det såg ut som om ho søkte trøyst og ville opp i senga. Og sjølvsagt fekk ho det. Resten av natta låg ho på armen til O.

Då den nye dagen kom, gjekk Tinka omkring som ein skugge av seg sjølv. Det var ikkje veg utanom. Me måtte til dyrlegen. Dyreklinikken ligg i gangavstand, men Tinka greidde ikkje gå så langt, så me møtte ta drosje. Vel framme vart Tinka undersøkt grundigt. Men heldigvis var det ingen skader på indre organ, og ikkje noko ytre sår. Det var "berre" muskulaturen på venstre sida, i skulderområdet som hadde fått skikkeleg bank, og som var grunnen til haltinga og det at ho ikkje greidde rista seg.  Ho fekk ein injeksjon med smertestillande. Og me for heim att med litt smertestillande medisin og beskjed om å ta det med ro: Ingen turar i nær framtid. Berre ut og gjera det mest nødvendige.

Då det gjekk mot kveld at, var eg spent på om Tinka ville forlanga sengeplass hjå oss denne natt og. Og det ville ho. Ho stod attmed senga med desse velkjente bedande augo sine. Det var som om ho ville sei: "Eg har vondt enno. Kan eg få koma opp i senga?" Dermed fekk ho liggja mellom oss den natta og. 

Ut på natta vakna eg og oppdaga at Tinka låg og breidde seg på tvers midt i senga, medan O. og eg låg ytst på kanten på kvar vår side. Det var tydeleg at ho utnytta det nye tilværet. Då måtte eg be henne gå ut av senga slik at O. og eg kunne få normale sengeforhold att. Forresten er eg spent på om ho forlangar å koma opp i senga neste natt. Kanskje ho trur at dette skal verta ein vane. Me får venta og sjå...



torsdag 15. oktober 2020

Haust 2020


 Sommaren er forlengst over og me har kome halvvegs i andre haustmånaden. Lauva på trea har skifta farge og gått over frå grønt til gult og brunt. Om ikkje lenge, kanskje ut i november, ligg dei på bakken for å gå attende til naturen, og etterlet seg trea med tomme, nakne greiner. Kaldare har det vorte og. Når eg no går morgontur med Tinka, kjenner eg ei skarpare luft som minner om den komande vinteren. På dagens morgontur var det faktisk eit tynt lag med usynleg is på fortaua.

Alt er i endring heile tida. Tidene skiftar. Det er ei tid for alt, som det står i Bibelen. Og no er det tid til å gå inn i den kalde, mørke årstida. 
Om det vert ein god, gammaldags vinter med snø og kulde er likevel usikkert. For det virkar som om naturen går litt i surr. Det kan verta ein vinter med nesten sommarvarme eller ein sommar i det nye året 2021 av det våte, kalde slaget. Det veit ein aldri. Klimakrise heiter det visst.

Tinka og eg har hatt nokre fine haustturar på fjellet i det siste. Når sola skin og regnet held seg unna, er det godt å koma seg opp i høgden. Eg nyt det, og Tinka viser alle teikn på velvære.

Også engelskkurset er kome godt i gang att. No er me snart kome halvvegs i semesteret. Kjekt å oppleva at det fortsatt går an å læra noko, sjølv om eg ikkje er så ung lenger. Der på kurset har me ein lærar som snakkar som ein foss i ein og ein halv time utan pause.
Intenst, men interessant. 
Dei to første samlingane i haust var på virtuelt klasserom, gjennom "zoom", på grunn av ei ny bølgje med koronasmitte her i byen. Eg synest det var noko einsamt med det å sitja heime i stova med datamaskina og berre sjå lærar og medelevar på skjermen. Men det gjekk det og, - for ein periode. Me hadde forresten ein lengre periode i vår med slik fjernundervisning. 
 Uansett, gleda var stor då me på nytt kunne møtast i klasserommet.

Elles går dagane sin vante gong her hjå oss. O. og eg er forholdsvis friske og oppegåande, og er glade for det. Og sidan me har hund, kjem me oss ut. Det er me faktisk nøydde til. Og skulle me gløyma det, veit Tinka å minna oss på når det er tid for tur. Det kan virka som om ho har ei innebygd klokke som varslar om det. Då kjem ho og ser oss djupt inn i augo, og gjev seg ikkje før me tek hintet.
 
No er forresten tida inne til ein ny tur med Tinka. Kanskje eg skal ta med meg fotoapparatet og knipsa nokre fleire bilete av dei fine haustfargane...


onsdag 16. september 2020

Fin dame


 Queen Mary 2 heiter denne fine dama. Sikkert oppattkalla etter ei anna fin dame. Her har ho lagt seg så fint til kai, midt i vår stoveglasutsikt.

Heilt sidan eg flytta hit til sentrum då eg gifta meg for 8 år sidan, har denne og andre fine damer æra byen med sine hyppige sommarbesøk. Dei fleste båtar legg til inne på Vågen. Men der er det for trongt for slike svære skip. Så dei må ankra opp her på denne sida. Her som me kan sjå dei frå stova vår. 

Desse skipa plar byrja sesongen i mai/juni. Det plar vera eit teikn på at det er sommar. Då kjem det eine skipet større enn det andre og fyller byens gater med med framandfolk frå store deler av verda.  På sin veg frå skipet til torget, bryggja og andre stader, går dei ofte forbi her me bur, og er forvitne etter å oppleva byen vår. 

Slik har det vore i mange år. Men så kom koronakrisa for eit halvt år sidan og snudde opp-ned på det meste, også skipstrafikken. Så i år har me sakna desse fine damene som har kome sjøvegen. No må me nøya oss med å sjå på dette biletet, som er frå i fjor.

Det er ikkje fritt for at eg lengtar etter normale tilstandar. Men enn så lenge må eg og andre fortsetja å vera forsiktige. Den nye livsstilen er å  vaska hender, halda avstand og vera mindre sosial. Ikkje alle bryr seg om det. Her i byen er det mange studentar, og eg har sett korleis dei klumpar seg saman, gløymer 1-metersregelen og lever som før. Ikkje å undrast over at nettopp denne aldersgruppa her vorte hardt råka av koronasmitte den siste tida. Det virkar som om folk i min alder er mykje meir forsiktige.  

Men det må vel gå over før eller sidan. Det gjorde det i alle fall med spanskesykja og svartedauden. Det er vel berre å fortsetja den nye livsstilen enn så lenge og ha rikeleg tålmod. Så må det vel koma ei betre tid då me som før  kan nyta synet av "fine damer" frå stoveglaset, -  og andre normale hendingar i samfunnet.



lørdag 29. august 2020

Ferie

 Er det slik det er å ha ferie? Gjera minst mogeleg? Kanskje, for nokon. Viss ein er stup trøytt og berre treng ro og kvile vekke frå jobb og alt kvardagsmas, er det sikkert lurt å gjera som det står på dette heimalaga skiltet, funne langs ein skogsveg ein dag eg var ut og plukka ville bringebær. 

Avkobling er gode greier når ein treng det. Men måten ein gjer det på kan vera så forskjelleg. Fordi me er forskjellege. Medan nokon likar å liggja på ei strand og steikja seg, er det andre som finn avkobling ved å  berre gjera noko heilt anna enn det ein gjer til dagleg.

Sjølv finn eg ro og harmoni ved å gå i fjellet. Det er medisin for sjel, kropp og psyke. Tinka og eg går stadig turar i fjellet. Den siste turen var i går. Då var me oppe på ein av byens sju fjell. Der var det mykje av både folk og dyr. Der får byhundane utfolda seg. 

Dessverre vart det ikkje fjellvandring frå hytte til hytte denne sommaren. Og det har eg sakna. På grunn av koronakrisa valde O. og eg å gjera det slik i år. Best å ikkje blanda seg med for mykje folk slik stoda er. Får berre håpa det vert annleis neste år. 

Eg er svært takksam for at eg fortsatt har helse til fjellturar. Veit at det ikkje er alle på min alder som har det. Føtene mine er i fin form. Verre er det med armane. I fjor haust tok eg dessverre nokre altfor tunge tak med vedbering på øynæ. Tunge store sekkar med ved skulle berast frå ein stad til ein annan. Det vart det konsekvensar av: Slitasjesmerter i skuldrer og armar, og dessutan to prolapsar i ryggen. Skuldersmertene er no heldigvis vekke, og ryggen er på god veg til å verta bra. Men armane verkjer enno. Må halda meg vekke frå strikking, brodering og det tyngste husarbeidet.  Så kva skal ein finna på då?  

Å sitja med hendene i fanget er ikkje noko for meg. Det er til å verta sprø av. Fjellturar er gode greier, men ein kan ikkje gå i fjellet 365 dagar i året. Løysinga har vorte lesing. Og tilgangen på lesesstoff er enkel nok når byens hovudbibliotek ligg i gangavstand. Dermed har eg kasta meg over biblioteket som ein druknande, og lånt bøker i store mengder. Forresten undrar det  meg kor mykje godt lesestoff ein kan finna der, om alt mogeleg mellom himmel og jord.
Og alt er gratis. For ei gullgruve!

Her ein dag hadde eg lånt ei stor tjukk bok på 520 sider. Tenkte at då har eg lesestoff lenge. Gode greier for meg, men ikkje for Tinka, viste det seg. 
Om nettene har Tinka senga si attmed vår seng, på mi side. Der likar ho å liggja å få kos før eg sovnar.  Men i dag tidleg låg ho ikkje i senga, men attmed. Eg stussa, men såg straks kvifor. For i hundesenga der hunden skulle lagt, låg den store boka saman med ein haug med aviser. Då hadde det i løpet av natta gått ein ras frå mitt overfyllte nattbord.
Stakkars Tinka! Då har ho sikkert fått den tunge boka i hovudet.  Om det var det som hadde skjedd, veit eg ikkje heilt sikkert sidan eg låg og sov på det tidspunktet. Og Tinka har ikkje røpt noko. Men det seier meg noko om at eg kanskje burde rydda på nattbordet slik at min firbeinte venn kan sova trygt.

mandag 6. juli 2020

Pote på bryggjå

Ein dag eg rusla over bryggja her i byen, såg eg denne store plomsterpotta. Stor var forundringa då eg såg kva ho inneheld: Ein liten potåker der på bryggja midt i sentrum av landets nest største by. Tenk det, pote på bryggjå, eller som den lokale befolkninga ville sagt: Poteter på bryggen.

Dette er så avgjort den mest sentrale potåker eg har sett. Potna ligg fortsatt i den vesle jordflekken, men storleiken på potekålet tilseier at det kan verta ein god haust.
Då eg såg meg rundt fekk eg auga på fire andre slike blomsterpotter. Alle inneheld forskjellege grønsaker eller andre vekstar.

Kanskje dette er eit steg i retning ei grønare framtid, - noko som har vorte svært så populært å vera oppteken av i desse tider. Kor mykje det nyttar er ei anna sak.

Hadde eg vore ein poteplante så hadde eg så avgjort vald med meg ein annan stad å veksa. Midt i byen med eksos og bråk kan ikkje vera ein særleg passande stad å veksa opp verken for plantar eller folk. Eg merkar det godt sjølv. Hadde det ikkje vore for min kjære O. så hadde eg aldri slått meg til i sentrum i ein stor by som denne. Men kva gjer ein ikkje for kjærleiken?

Uansett kva som skjer med meg så er eg eit uhelbredeleg landsmenneske. Om eg så skulle bu hundre år i byen kan ingen ting forandra på det. Strilamålet har eg heldigvis fått behalda, sjølv om det er 45 år sidan eg flytta frå heimstaden. Det same med nynorsken. Viktige ting som vitnar om identitet og røter. Og slik håpar eg at det held fram resten av mitt jordeliv. Det hjelper å vera bevisst på det.

Så kan ein alltids håpa på at "potna på bryggjå" slår djupare røter enn det eg har gjort, og at dei gjev god haust til glede for dei som bur i byen.
 Den som lever får sjå.

søndag 7. juni 2020

Frå telefonkiosk til lesekiosk

Dette var i mange år eit velkjent syn over heile landet. Ein viktig og nødvendig ting frå ei tid då ikkje alle hadde innlagt telefon.
 På det meste var det over 6000 slike små raude rom spreidd over heile landet. No er det berre 100 att.  Kvar har sin eigen historie om ei tid då ein ikkje kunne ta telefonen i lomma.Heldigvis var det ein eller annan som fann ut at desse fortidsminna måtte takast vare på. Så i 2007 vart dei verna som kulturminne.

Summetonen er forlengst vekke, og i mange år berre stod dei der, desse kioskane, tilsynelatande til ingen nytte. Ny teknologi har gjort dei overflødige.

Men så er det noko som heiter gjenbruk. Telenor,som eig kioskane, har i samarbeid med dei lokale biblioteka fyllt dei med bøker.
"Gje ei bok, ta ei bok" står det utanpå. Og slik fungerer det: Ein kan setja frå seg ei bok ein har lese, og ta ei som ein ikkje har lese. Praktisk og nyttigt.  Særleg i ei tid då biblioteka har vore stengt p.g.a. koronaviruset. No har riktignok biblioteka opna att, men desse lesekioskane har kome nærare inn på folk og gjort bøker endå meir tilgjengelege. Her i byen er det fem slike lesekioskar, og alle er i gangavstand frå her eg bur. Og sjølvsagt har eg nytta meg av dei.

Så får me håpa at dette vert nytta slik det var tenkt, og ikkje misbrukt på nokon måte.
 Eg synest det er så triveleg å passera desse "bokstasjonane" på mine daglege turar med hunden.

Bøker er viktige i kvardagen. Det må ein ha.


mandag 18. mai 2020

17.mai 2020

Årets 17.mai, i går, vart av eit heilt anna slag enn det me er vande med. Den alminnelege folkefeiringa med store samanstimlingar måtte sjølvsagt unngåast i år. Reglane med 1-meters avstand gjeld på slike dagar og, og folk flest innrettar seg. Sidan dei fleste 17.mai- tog var avlyste, fann folk andre måtar å feira på. Og det mangla ikkje på kreativitet i den saka, såg eg på dagsrevyen. Mykje av det skjedde digitalt. Godt påfunne, men det vart ikkje det same.

For O., Tinka og meg vart dagen ikkje så heilt ulik andre dagar. Kravet om å halda avstand for ikkje å dra smitte i hus, gjorde at eg gjekk mine tre turar med Tinka, men ikkje noko meir.

 Den offentlege tilrådinga om at ein helst skulle halda seg heime, gjorde at bunaden vart verande i skapet. O. foreslo riktignok at eg kunne ta bunaden på meg og rusla nokre rundar i stova, men eg såg ikkje noko poeng i det. Så det vart ei bunadslaus grunnlovsfeiring
denne gongen.

Sjølv om det ikkje vart vanlege 17.mai-tog, held visse tradisjonar seg ved lag: Medan me sat og åt frukost, kom eit buekorps marsjerande og trommande forbi soveromsvindauga vårt. Dette fenomenet som ikkje finst andre stader i verda, gjorde sitt beste for å laga liv og leven. Biletet er utsikten frå soverommet.

Men sjølv om mykje vart annleis, gjorde me det beste ut av det. Etter andre turen med Tinka, åt me rjommagraut med spikjekjøt attåt. Og seinare måtte me ta oss dagens dose med is. Ingen 17.mai utan det.

No lengtar eg, og sikkert dei fleste andre, etter normale tilstander i samfunnet. Og den neste grunnlovsfeiringa, om eit år, håpar eg vert av det normale slaget, slik me alle kjenner det.
Det ser eg fram til.




søndag 3. mai 2020

Ein vellukka dag

For nokre dagar sidan, torsdag den 30. april, skjedde det noko heilt uvanleg. Det er ikkje kvar dag eg vaknar opp ved sida av ein 80-åring. Men det gjorde eg altså den dagen.
Til tross for restriksjonar av mange slag i samfunnet, hadde eg bestemt meg for at dagen skulle feirast så godt det let seg gjera. Og det begynte eg med straks.
     Eg hoppa ut or senga så snart søvnen hadde sloppe taket og fann klarinetten min. Så spelte eg "Happy birthday" rett inn i øyra på den sovande mannen. Og han vakna til live i same stund, som rimeleg var.  Dermed var dagen og feiringa i gang. Fotoapparatet fekk det travelt. Alt måtte forevigast, til og med då jubilanten stod i dusjen.

På dagens første hundeluftingstur, stakk eg innom Baker Brun i same bygningen og kjøpte med meg nokre ferske, varme rundstykke for å ha til frukosten.

Min kjære O. hadde forlengst sagt i frå om at han vile ikkje ha gåver til dagen sin. Men dei som kjenner meg veit at det er ikkje alltid eg gjer som folk seier. Så gåver vart det.

Etter frukost sneik eg meg ut og kom attende med ei marsipankake som eg hadde bestelt i god tid, og ein stor fin blomebukett.
Etter som dagen gjekk, strøymde det på med gratulasjonar på telefonen hans. I lange stunder vart han sitjande i telefonen, og det var tydeleg at han synest det var kjekt.

Opprinneleg hadde me tenkt å samla O. sine born og barneborn og feira skikkeleg. Men i desse koronatider gjekk ikkje det. Han er tross alt i risikogruppa for den smitten. Så det måtte tenkjast i andre baner.

Tidleg om morgonen på den store dagen, fekk eg ein sms frå ei av døtrene hans. Med streng beskjed om at det var hemmeleg, fekk eg vita at dei fleste av desse etterkomarane hans ville overraska han til eit visst klokkeslett ut på ettermiddagen. Og at eg måtte leggja til rette for det.

Etter middagen var eg redd for at han skulle gå å leggja seg, slik han ofte gjer. Det hadde passa dårleg. Men heldigvis vart han "hefta" av telefonsamtalar og gratulasjonar.

Då avtalt tidspunkt endeleg kom, fekk han det travelt med noko han hadde gløymt. Men då sa eg nei.
"No skal me ut på altanen" sa eg. O. syntest det var merkeleg. men eg fekk heldigvis overtalt han,
Og då forstod han. For der nede på bakkenivå stod alle tre borna hans og dei fleste av barneborna med flagg og plakatar der det stod "Gratulerer med dagen", medan han stod på den vesle altanen sin i 4.etasje og tok i mot den store overraskinga. Uventa og veldig kjekt for han.
   Sjølvsagt hadde me lyst å be dei inn, men det gjekk ikkje. Likevel, me skal ta det att når me har lagt koronakrisa i god avstand bak oss. Kanskje ut på hausten.

Etterpå fekk han gåve frå meg, ein løpar i hardangersaum som eg hadde brodert bak hans rygg. Og ei stor fin bok om Bergen i gamle dagar.  Den var det mine sysken og deira ektefellar som hadde sendt han.
Desse tinga kan sjåast på biletet.

Til tross for den spesielle tida me er inne i, vart det ein vellukka dag og eit godt minne for O.  I ettertid har han sagt at det var overraskinga han fekk sjå frå altanen som var høgdepunktet.
 Så skal me koma attende til ei skikkeleg feiring når alt har vorte normalt att.







mandag 27. april 2020

Koronastengt

I sist veke var me så heldige, me vestlendingar, at me fekk besøk av eit uvanleg fint ver. Strålande sol og varme i fleire dagar, som om det skulle vore midtsommar. Det er ikkje kvardagskost her vest. Og slike sjeldne hendingar må nyttast. Eg er ikkje tungbeden når det gjeldt å koma seg til fjells. Men no i desse koronatider, for å unngå trengsel, fann eg det klokast å koma meg ut or sentrum mot ein av nabobydelane før eg steig i høgden.

Eg lengta meg vekk frå koronaprat og virusrestriksjonar og sette av garde mot ein av byens toppar. Eg tenkte at der måtte eg vel møta eit glimt av normale tilstandar, vekke frå skremslene frå nyheitene
som fyller sinn og tankar i denne tida.

Ja, det var godt med ein skikkeleg fjelltur. Herleg å kunna gå i berre t-skjorta og nyta den fine dagen. På toppen var det vindstille og skikkeleg varmt. Utsikten kunne nytast i alle retningar, og den gode gamle varden som har møtt meg der så mange gongar, stod der like traust som før.

Av gammal vane gjekk eg straks bort til varden for å skriva meg inn i boka som låg i postkassen der.
Men kva var det? Postkassen var dekt med plast og utanpå stod det STENGT med store bokstavar, etterfølgd av eit utropsteikn.
Oj, tenkte eg. Er verkeleg restriksjonane i låglandet kome så høgt i terrenget ?  Og eg som trudde eg kunne røma ifrå dei...
Då er det vel nokon som tenkjer at koronaviruset ligg og breier seg  inne i boka i postkassen der 486 m.o.h. Ja, kanskje det til og med formerer seg mellom linjene. Kven veit?

Skal ein kobla inn fornuften så er det vel små sjansar for smitte på ein slik stad, men er det likevel nokon som føler seg trua, så er det vel like greitt å stengja heile greia, for å vera heilt sikker.

Så eg gjorde sjølvsagt ikkje noko forsøk på å bryta meg inn i postkassen. Eg reknar med at det kjem ei tid etter koronaviruset. Normale tider.

I staden sette eg meg ned for å nyta varmen og solstrålane, -  og nista mi.
 Heldigvis er det fortsatt lov å gå fjellturar.






søndag 12. april 2020

Annleis-påska

Ja, det vart ein litt annan type påske i år. Det har me fått merka på så mange måtar. Litt rart å ikkje kunna gå i kyrkje og bedehus i ei så viktig høgtid. For der er det stengt som så mange andre stader. Sjølvsagt. Folk må nøya seg med radio- og fjernsynsgudstenester i desse dagar. Litt løye å sjå på den fjernsynoverførte gudstenesta i dag på 1. påskedag. Berre prest, organist og nokre songarar var til stades. I kyrkjebenkene var det tomt. For kyrkjelydane sit heime i stovene sine. Korleis må det vera for ein prest å snakka til tomme benker?

Og korleis må det vera for dei som har hytter som dei ikkje får bruka denne påska? Dei må nok tenkja intenst på at det kjem ei anna tid. Best å ikkje bryta dette hytteforbodet, elles ventar det saftige bøter, har det vist seg. Sjølv har eg ikkje hytte lenger. Og hadde eg hatt det, hadde det vore for kaldt å reisa dit no.

Så O. og eg sit inne og tek det heilt med ro. Det nyttar ikkje å ergra seg eller bekymra seg. Ein kan like godt ta det heilt roleg og gjera det beste ut av det.

Og det gjer me. O. sit med ei bok, som vanleg. og eg finn meg eit handarbeid elles noko lesestoff. Og så har eg dei vanlege lufteturane med Tinka. Så det går greitt.

Ein annan ting er at me har begge fødselsdagane våre i denne månaden, eg i morgon og O. i slutten av månaden. Då plar me gå ut og kjøpa oss middag. Oftast har me gjort det på hurtigruta. Det er berre ein 5-minutts spasertur herifrå. Slik vert det ikkje i år. Så eg gjekk på nærbutikken i byrjinga av denne veka og kjøpte ei lita kake, som vist på biletet. Det er ei knøttlita marsipankake med ein diameter på berre 17 cm. Men det held for oss to. Det får vera årets fødselsdagsfeiring for oss begge.

Likevel, me har eit håp om ei større feiring for O. etter kvart, sidan han har "stor dag". Men det får verta når koronaviruset har rast ifrå seg.
I mellomtida får me ta det som det kjem, gleda oss over sola som skin og det at påskebodskapen er den same uansett korleis det går.

Ønskjer GOD PÅSKE til alle som les dette.





mandag 30. mars 2020

Norge på vent

Norge er verkeleg sett på vent. Det meste har stoppa opp. Alt som kan stengjast er stengt. Berre det mest nødvendige held fram. Helsevesen og matbutikkar. Tiltaka er dei mest omfattande sidan 2.verdenskrig, seiest det. Og no har det vorte forlenga til over påske. Eg har sterk mistanke at det vert forlenga mange gongar enno. Det vert vel slik eit godt stykke inn i framtida.

Hurtigruta som plar koma i to halv-tre tida kvar dag,  er eit vanleg innslag i kvardagen vår. No ser me henne ikkje lenger. I desse tider går ho berre i Nord-Norge.

Matbutikkane møter oss med krav om anti-bac og handvask. Og det er bra. Folk flest innrettar seg.

Når ein slår på fjernsynet, er det mest virusprat. Kor mange som er smitta, og kor mange som har døydd. Og virusprogramma held på frå tidleg til seint. Alle er, naturleg nok, opptekne av dette. Men eg kjenner at det kan verta i meste laget. Trur me må verna oss litt mot all denne informasjonen. Det kan verta for mykje.

Merkeleg korleis alt har forandra seg den siste tida. Me lever med ein usynleg fiende. Veit aldri kor tid og kvar koronaviruset slår til.
Ingen veit kva som vert utgangen på dette.


Og så lever me vidare midt oppi det.

 Underlege tider...

mandag 23. mars 2020

Unntakstilstand

Slik ser det visst ut, i følgje google, dette uhyggjelege viruset som herjar over store deler av verda i desse dagar.
Det tok til i Kina, og spreidde seg fort til det eine landet etter det andre. Folk reiser mykje i våre dagar, og har tydelegvis teke med seg viruset.
 Heilt utruleg korleis alt har vorte forandra dei siste vekene.  Store deler av vårt vanlegvis trygge samfunn er sett til sides og sett på vent.  Skular og barnehagar er stengde. Det same med mange butikkar, kafear og andre verksemder. Tryggleiken er bytt om med utryggleik og frykt for framtida.

Eg står på sidelinja og betraktar det heile. Kjenner ikkje att min eigen kvardag. Uverkeleg. Kva vert det neste?

Koronaviruset har forlengst nådd Norge. Det er til og med nordmenn som har døydd av det. Likevel er me ikkje så hardt råka som mange andre land. Men kven veit kva som skjuler i den nære framtid.
Hygienetiltaka er mange, og folk held avstand. Me vaskar oss på hendene som aldri før, men er det nok til å halda viruset på avstand?
Ein bør vel helst halda seg inne, seiest det. Men hunden må ut, og då lyt eg berre følgja med. Dessutan må eg på butikken av og til. Noko som fell på meg. Min kjære O. som er i risikogruppa, skal sleppa det.

Skikkeleg unntakstilstand er det, på ein måte me aldri har opplevd før. Kor lenge det varer veit ingen. Kan ikkje gjera noko med det.
Mellom hundeluftingsturane sit eg inne og broderer hardangersaum. Noko må ein hengja fingrane i medan tida går.
Så får me sjå kva som møter oss bak neste sving.

lørdag 29. februar 2020

Skotårsdag

Det er ikkje ofte eg får høve til å skriva blogginnlegg på ein slik sjeldan dato. Så det må eg nytta no. Om ikkje mange timane går 29.februar over i historien, og då er det fire år til neste gong.

Biletet er frå i går. Det har snøa litt siste dagane, og natta før hadde det kome endå meir. Gårsdagen viste seg med snø og delvis skya frå tidleg morgon. Og slikt er sjeldant her på vestlandet. Dette må nyttast, var den første tanken som slo ned i hovudet mitt, og ikkje lenge etter var eg på veg oppover i terrenget ein stad i utkanten av byen. Tinka var den sjølvsagte turkamerat.

To personar hadde gått føre oss, - ein på ski og ein til fots. I byrjinga var ikkje snøen så djup, men det forandra seg fort. Utruleg fort, faktisk. Tinka og eg hadde ikkje gått lange stykket før me subba framover i høg snø. Det vart sjølvsagt tungt, både for hund og menneske. Tinka, med sin lange pels, fekk snøklumpar i pelsen, og det gav nok ekstra tyngde. I tillegg fekk ho snøklumpar mellom tærne. Det tykte ho var irriterande greier, så då fekk ho potesokkar på, og det hjelpte.

Det vart ikkje nokon langtur. Men like fullt var det herleg å koma ut i sola og snøen. Den snølengtande og lyshungrige Ragnhild  hadde fått ein kjærkomen pause frå det evigvarande regnet. Det var som å få plaster på eit sår.
 Måtte me få fleire slike dagar.

mandag 3. februar 2020

Vårteikn

For nokre dagar sidan kom eg over desse nydelege snøklokkene ein stad i mitt nabolag. Har de sett noko så fint? Dei ser ut til å vera heilt utvaksne, så eg må no lura på kortid dei kom opp or jorda. Vil tru at det er ei stund sidan.

Men det er då midt på vinteren! I alle fall etter kalenderen.
                                  -  -  -

Det skulle vore snø no. Djup snø med skiføre og kuldegrader. Lyst og kvitt. Herleg! Det var slik det skulle vore no.
Men vinteren let venta på seg.

Ein annan ting er om det no brått vert veromslag med kulde. Kva då med desse yndige snøklokkene. Kjem dei til å greia seg?

Elles har eg fått med meg at det er ikkje lenger alle småfuglane som tek seg bryet med å flyga sørover om hausten. Ikkje så rart når me har fått sånne milde vintrar. Får berre håpa for deira skuld at dei ikkje vert overraska av altfor mykje kulde, så småe som dei er.

tirsdag 28. januar 2020

Stripete lestar og kvite tallerkar

Det er ikkje til å koma forbi at det er ein viss aldersforskjell mellom min kjære O. og meg. Medan O. etter kvart har vorte ein godt vaksen mann, ligg eg litt etter i alder. Og med alderen kjem svekka sansar og tempoet er ikkje som før. Men til tross for alderen så er O. fortsatt i arbeid. Litt, av og til. Med sitt vesle einmannsfirma, tek han begravelsar når prestemangelen gjer seg gjeldande. Når det gjeld meg, derimot, er ikkje arbeid å tenkja på. I alle fall ikkje lønna arbeid. Men eg sit ikkje med hendene i fanget heller. Hendene mine har det alltid travelt med eit eller anna. Som brodering eller strikking.

Lestane på biletet har eg strikka for å senda til dei fattige i Russland. Og gjennom gode, trygge kanalar er dei garantert å koma fram. Det har eg sett gjennom mine 4 turar dit med hjelpesending.

Mange av dei eg kjenner veit kva eg driv på med. Og for ei tid sidan fekk eg ein stor berepose med restagarn hjå ei dame i menigheten. Desse små nøstene kunne eg bruka til striper når eg strikkar lestar, meinte ho. Og eg sette i gang med stripestrikking.

Så var det ein kveld O. og eg sat i stova, slik me gjer kvar kveld. Han såg på fjernsyn og eg sat og strikka slike stripete lestar. Me snakka litt om denne strikkinga, og halvt på spøk spurde eg han:
"Vil du ha deg eit par med stripete lestar?"
Så var det dette med alder og svekka sansar då...
Han snudde seg mot meg og spurde: "Kva seier du?  Kvite tallerkar?
Me sat nett attmed kvarandre, men på den vesle avstanden hadde dei stripete lestane vorte til kvite tallerkar.

Til O. sitt forsvar må eg leggja til at eg er ikkje så mykje betre sjølv. Det hender at eg høyrer noko heilt anna enn det som vert sagt. Ikkje fordi eg høyrer dårleg, men fordi eg ofte har tankane heilt andre stader. Men me lever så tett at me finn fort ut av mistydingane.

Når antal stripete lestar er høgt nok, sender eg dei til Russland og håpar dei varmar kalde føter i det fattige landet. Det får vera det viktigaste. Så får det så vera at dei er stripete og laga av restagarn.

onsdag 22. januar 2020

Første fjelltur i 2020

No har det regna og regna i noko som kjennest ut som uminnelege tider. Nokon julesnø vart det heller ikkje denne siste julefeiringa. Berre regn. Og juleregnet gjekk over i nyttårsregn. Sidan har det halde på. Når sola ein sjeldan gong viser sitt blide ansikt, er det ei hending som går fort over i historien.

Ja, me er så rikeleg "velsigna" med det våte element at eg skulle ønskja me kunne dela med dei som har for lite. Stakkars dei som bur i Australia, dei som strevar med så mange øydeleggjande brannar. Og alle dei som lever i land med mykje ørken.  Dei skulle så gjerne fått ein del av det regnet som me har her.  Hadde det berre gått an....

Men det hender at sola viser seg her og. Gårsdagen var ei slik sjeldan hending. Då me vakna skein sola frå klår himmel. Humøret steig fleire hakk og eg tenkte at dette må ein nytta seg av.
"Vil du vera med på fjelltur, Tinka?" spurde eg. Tinka er ikkje tungbeden når ein spør om slikt. Ho spratt opp av senga og var klar i same stund.

Så bar det oppover mot eit av byens sju fjell. Terrenget var vått og sleipt, så det gjaldt å gå forsiktig. Stiane minna meir om bekker.
Etter nokre timar vart ein del av vatnet bytt ut med tynn is. Ei lita påminning om at det faktisk er vinter.

Biletet viser siste stykket opp mot toppen. Tinka og eg kom opp frå skuggesida, så sola kan så vidt sjåast. Men då me endeleg var på toppen, kunne me nyta sola i fulle drag og den fine utsikten i alle retningar. Dette kunne me gjort oftare om berre godveret hadde gjesta oss litt oftare.

Då Tinka og eg kom heim, kjende i alle fall eg at denne første fjellturen i 2020 hadde gjort meg godt.

Dette var i går. I dag er veret attende til "normalen",  -  vått og grått.
Eg håpar sjølvsagt at det vert mange fleire slike dagsturar som i går, så no kjem eg til å følgja godt med på vermeldingane. Nokre solgløtt, så er Tinka og eg klare for nye turar på byfjella.


torsdag 2. januar 2020

Dagen derpå

Me er komne to dagar inn i det nye året 2020. Det skjedde med bulder og brak - som vanleg. Lydnivået steig til dei store høgder, ikkje berre rundt midnatt, men i mange timar på førehand.

Då eg gjekk ut på dagens første hundelufting 1.nyttårsdag, var det ein kar som heldt på å samla saman etterlatenskapane etter det som hadde føregått om natta. Nokon må ordna opp etter festen, mumla han medan han samla skrotet opp i ei trillebår.

"Festen" undrast eg då eg gjekk vidare. Visst er det fint med fyrverkeri, men alt det som følgjer med er ein uting: Bråk, spetakkel, fyll, skader etter rakettoppskyting og millionar av kroner som går opp i røyk. Eg skjønar ikkje kva det er som er så festleg med det.
Og det er så visst ikkje ein fest for alle.

 Nyttårshelga er ei stor og unødvendig liding for våre firbeinte venner. Hundeeigarar veit ein del om det. Vår vanlegvis så livsglade hund, Tinka, vert forvandla til eit ristande, skjelvande nervevrak kvar gong me går inn i eit nytt år. Dyra forstår ikkje kva som er på ferde, og det nyttar sjølvsagt ikkje å forklara dei det. Dei er berre livredde! Redselen lyser ut or augo deira!

Hadde det vore noko tak i desse politikarane våre, så hadde dei sett eit forbod mot fyrverkeri.        I alle fall for privat bruk.

Eg har ein draum om ei roleg nyttårsafta. Om å få gå over i eit nytt år med stilla og ettertanke. Tenk om det hadde gått an. Det hadde vore noko å strekkja seg etter.