torsdag 15. oktober 2020

Haust 2020


 Sommaren er forlengst over og me har kome halvvegs i andre haustmånaden. Lauva på trea har skifta farge og gått over frå grønt til gult og brunt. Om ikkje lenge, kanskje ut i november, ligg dei på bakken for å gå attende til naturen, og etterlet seg trea med tomme, nakne greiner. Kaldare har det vorte og. Når eg no går morgontur med Tinka, kjenner eg ei skarpare luft som minner om den komande vinteren. På dagens morgontur var det faktisk eit tynt lag med usynleg is på fortaua.

Alt er i endring heile tida. Tidene skiftar. Det er ei tid for alt, som det står i Bibelen. Og no er det tid til å gå inn i den kalde, mørke årstida. 
Om det vert ein god, gammaldags vinter med snø og kulde er likevel usikkert. For det virkar som om naturen går litt i surr. Det kan verta ein vinter med nesten sommarvarme eller ein sommar i det nye året 2021 av det våte, kalde slaget. Det veit ein aldri. Klimakrise heiter det visst.

Tinka og eg har hatt nokre fine haustturar på fjellet i det siste. Når sola skin og regnet held seg unna, er det godt å koma seg opp i høgden. Eg nyt det, og Tinka viser alle teikn på velvære.

Også engelskkurset er kome godt i gang att. No er me snart kome halvvegs i semesteret. Kjekt å oppleva at det fortsatt går an å læra noko, sjølv om eg ikkje er så ung lenger. Der på kurset har me ein lærar som snakkar som ein foss i ein og ein halv time utan pause.
Intenst, men interessant. 
Dei to første samlingane i haust var på virtuelt klasserom, gjennom "zoom", på grunn av ei ny bølgje med koronasmitte her i byen. Eg synest det var noko einsamt med det å sitja heime i stova med datamaskina og berre sjå lærar og medelevar på skjermen. Men det gjekk det og, - for ein periode. Me hadde forresten ein lengre periode i vår med slik fjernundervisning. 
 Uansett, gleda var stor då me på nytt kunne møtast i klasserommet.

Elles går dagane sin vante gong her hjå oss. O. og eg er forholdsvis friske og oppegåande, og er glade for det. Og sidan me har hund, kjem me oss ut. Det er me faktisk nøydde til. Og skulle me gløyma det, veit Tinka å minna oss på når det er tid for tur. Det kan virka som om ho har ei innebygd klokke som varslar om det. Då kjem ho og ser oss djupt inn i augo, og gjev seg ikkje før me tek hintet.
 
No er forresten tida inne til ein ny tur med Tinka. Kanskje eg skal ta med meg fotoapparatet og knipsa nokre fleire bilete av dei fine haustfargane...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar