søndag 25. desember 2016

Jul 2016

Det er 1.juledag og jula har for lengst senka seg over by og land og vår vesle heim. Julekrybba og alle englane mine er fint oppstillte på eit bord for seg sjølve og minner O. og meg om  kvifor me feirer jul, om Jesu kome til jorda og englane som song og gledde seg over det. Og difor kan me syngja:
                                      Glade jol, heilage jol ! Englar kjem frå Guds kongestol,
                                      blomar ber dei frå paradis, fint og fagert dei syng Guds pris.
                                      Løynleg ikring oss dei går.
I 2005, for 11 år sidan, fekk eg vera med til Israel og feira jul der det opprinneleg skjedde. Etter ein rundtur i det vesle landet, feirde me julekvelden i Jerusalem, etter først å ha teke ein tur til Betlehem.
Mykje har sjølvsagt forandra seg på dei to tusen åra som har gått sidan den første julekvelden. Likevel var det ei heilt spesiell oppleving å vera "der det skjedde" den første gongen.  Mykje hadde sett annleis ut i verda om ikkje Gud hadde gjesta oss på den måten den gongen.
                                             

lørdag 17. desember 2016

Mørketid

  - Det er så inderleg mørkt for tida. Mørkt når ein legg seg og mørkt når ein står opp. Mørkt når ein går morgontur med hunden, og det same på kveldsturen. Berre på midt-på-dagen-turen er det nokolunde lyst. Vel, "dagslyset" er eigentleg formørka av tungt regnver. Slik er det nesten heile tida. Veke etter veke. Det seiest at den nordnorske mørketida er verre, men eg veit no ikkje , eg. Oppe i nord har dei snø, og det hjelper mykje. Det hugsa eg etter det året eg budde i Tromsø.
 Her på vestlandet er det nesten berre mørker og væte. Når sola ein sjeldan gong viser seg er ho snar med å forsvinna bak skyene att. Det kan sjå ut som om sola og regnet kjempar om å spela hovudrolla. Og me veit kven som plar gå av med sigeren.

Ja, det er mørkaste tida no. At sola "snur" om få dagar er det lenge til me merkar noko til.

  - Eg ønskjer meg snø!!!
 Det hadde vore den store løysinga. Veit så vel kva for ein  vidunderleg verknad det har på humør og energi. Men veret rår eg ikkje med...
Har nok kontakta høgare makter ang ønskje om ei kvit jul. Men kva hjelper det når min prestemann ber om det motsatte. Reknar med at Gud høyrer mest på presten...

onsdag 16. november 2016

Hyttetur i november

  - Når haustane kjem og hyttesesongane nærmar seg slutten, lurer eg alltid på kor langt ut på hausten eg greier å strekkja årets sesong. Vanlegvis byrjar eg med overnattingsturar i mai og heldt det gåande til eit stykke ut i september. Etter den tid plar det vera for kaldt. Men så er eg så glad i den vesle hytta at eg vil helst halda det gåande  lenge, gjerne lenger enn eg burde. Ein gong for nokre år sidan hadde eg ein tur i oktober,men synest å hugsa at det vart i kaldaste laget om natta. Likevel har eg i den seinare tid lurt på korleis det hadde vore å prøva ein overnattingstur i november. Det er spennande å tøya grenser, og den einaste måten å finna det ut på er å prøva.
   - Så ein dag i sist veke tok eg Tinka med og troppa opp der i mitt kjære sommarparadis. At det var lenge sidan sommaren, merka eg sjølvsagt med ein gong: Det var som å stiga inn i ein fryseboks. Gradestokken viste 3,3 kuldegrader inne. Kaldare enn ute. Frostrøyken stod ut or munnen på meg og det ante meg at dette kom til å verta ei utfordring. Mi einaste varmekjelde, den vesle gassomnen, vart sett på med ein gong. Men det tok fleire timar før det merkast noko særleg. Eg kjende at kulden ville helst krypa inn under huda på meg. Så det var berre å koma seg i aktivitet. Skogsarbeid plar hjelpa, og grunneigar A.(broder`n)  ser gjerne at det vert tynna ut i skogen hans. Så eg gjekk ut og fellte skog til eg vart god og varm, og heldt på med det til til kveldsmørkret tok over. 
Då var det tid for ein god varm middag laga på gasskokeplata. Eg hadde berre ei flaske vatn med heimafrå. Tenkte at på hytta der står det 3-4 bøtter fulle av vatn. Ikkje hadde eg i tankane at vatnet kunne vera frose. Sjølvsagt var det det. Og stoda vart ikkje akkurat betre då gassomnen tidleg på kvelden sa takk for seg: Gassflaska var tom. Då var det berre nokre stearinlys å varma seg på.

  - Så det var med ekstra spenning eg gjekk til ro den kvelden. Tinka fekk på seg hundejakken ho har arva etter Tanja, men ville likevel ikkje roa seg. Ho sakna nok den gode stovevarmen  heime.  Då let eg henne koma opp i senga mi og fekk på seg teppe og dyne. Der låg ho så fint med hovudet på puten. Dette synest ho var ei god ordning og roa seg med ein gong. Sjølv gjekk eg og la meg i O. si seng etter å ha kledd grundigt på meg. "Nattkleda" bestod av to ullunderskjorter,gensar,strikketrøye, stillongs, bukse, to par tjukke sokkar og rusko. Utanpå dette tok eg varmedressen, og for sikkerhets skuld hue, sjal og vottar. Aldri har eg vore så godt kledd for nattesøvnen. 

  - Ut på natta måtte eg ta av meg varmedressen. Det vart for tett med den vindtette greia. Resten av natta gjekk greitt med upåklageleg søvn og overraskande lite frysing. 

  - Om morgonen vakna eg til 0 grader i rommet. Dermed var det uaktuelt å kle av seg. Noko morgonstell kom ikkje på tale. I staden tok hund og menneske nokre springeturar rundt hytta for å få blodsirkulasjonen i gang. Frukosten vart teken ståande/trippande/hoppande medan kulden beit i fingrar og tær. Så eg må berre innrømma at det var ikkje den heilt store kosen. 
  - Men eg hadde funne ut det eg lurte på, at hytteturar med overnatting i november går an. Viss ein ikkje har for store krav til komfort.
  - Så kva vert det neste ?  Hyttetur i desember ?
Vel......nei takk, ikkje med det første.

tirsdag 15. november 2016

Mandag, november og ruskaver

 
Etter ein fin søndag gjekk me i går i gang med ei ny veke i trøysteslaust ruskaver. Regnet hølja ned og vinden gjorde det uråd å bruka paraply. Det einaste antrekket som dugde var full "rustning", altså regnklede frå topp til tå. I dag har det løya litt, men det er vel berre litt "stillt før stormen". I alle fall er det meldt regn så langt fram som langtidsvarselet rekk. Dei våte trea står og sprikjer med tomme greiner. Lauvet ligg forlengst på bakken, vått og sleipt og godt eigna til å gli på og i verste fall bryta bein.
 -  Det er altså november og skikkeleg haust. Etter mange si meining den tyngste månaden i året. Og såleis godt eigna til inneaktivitetar. Viss ein skulle finna energi til det. Kva skulle ein elles finna på?
   - Me sat og snakka om det i går ved frukostbordet. Brått fekk eg ein ide:
 "Skal me gå på kino? Det går ein interressant film om ca ein halv time." Min kjære O. lo og synest det kom litt brått på. Men me hivde oss rundt og kom oss av garde. Heldigvis har me gangavstand til kinoen.
  - Det var filmen "Kongens nei" me hadde gleda av å sjå den føremiddagen. Bygd på ein sann og viktig historie frå byrjinga av andre verdenskrig. Ei mørk og tung tid i nær fortid.
  - Kjekt å gjera noko spontant når haustveret truar med å få overtaket.
 Og filmen var verkeleg god. Kan anbefalast.

mandag 31. oktober 2016

Solnedgang i oktober

  
  - Så fin kan ein solnedgang vera i oktober. Dette bildet er teke på kaien ved hytta ein kveld me var ute på dagens siste tur. Sola står lågt på himmelen no. Og lågare skal ho gå. Men me har hatt ein fin oktober. Tørr og solrik. Og med nydelege turar på fjellet. Det tørre lauvet har lagt i store haugar rundt omkring og det knasar så koseleg når ein går på det. Men no siste dagane har det regna att og lauvet har vorte vått. Slik det oftast er her på det våte vestlandet. 
  - Eg reiser fortsatt på hytta, og lurer på kor langt ut på hausten eg greier å strekkja hyttesesongen. Enno kan eg overnatta der utan å frysa, men eg reknar med at det går mot ein ende på årets sesong.  Det får veret og temperaturen bestemma.

onsdag 19. oktober 2016

Arven etter bestemor

  - På veggen her i stova til O. og meg heng denne gamle veggklokka. Der vart ho plassert etter at mor sine ting vart fordelte. Jobben til dette ærverdige arvegodset er å halda styr på tida her hjå oss. Ein jobb ho gjer godt og grundigt. Heile døgnet driv ho på. Hakkar tida opp i timar,minuttar og sekund, og viser resultatet til oss i passelege mengder om gongen.  Det eine sekundet går fort over i det andre, og minuttar og timar følgjer  på. Og nesten utan at me har merka det har det gått både veker og månader.
  -  Eg registrerer at me er komne langt ut i oktober. Naturen og kveldsmørkret viser det. Eg prøver å halda att, men det er ikkje lett. På denne tida har butikkane ein lei tendens til å starta julehysteriet, som eg kallar det. Julatre i butikkane er dessverre eit vanleg syn i oktober. Det er som om julahandelen ikkje kan koma i gong tidleg nok.
 Nei !!, hyler eg i mitt indre. Eg vil ikkje ha jula tredd ned over øyrene 2-3 månader for tidleg!! Eg vil ha hausten som han er, med fine fargar i naturen og livet her og no. Ikkje å måtta strekkja framover i eit jag etter noko som ligg der framme ein stad. Me veit ingenting om morgondagen. Det einaste me har  akkurat no, er denne augneblinken. Og han fær så fort av stad. Det ser eg kvar gong eg løfter blikket opp på veggen der klokka heng.
  -Ho har forresten ein heilt spesiell historie, denne klokka.  Kor gammal ho er, er det ingen som veit. Men eg har altså arva henne etter mor, som i si tid fekk henne etter si mor.
Det var denne bestemora mi, som var busett ein stad ute ved havet, som ein dag skulle til byen og kjøpa seg   kåpe. I staden kom ho heim att med denne flotte veggklokka, som i mange år hang på veggen der i bestemorheimen. Bestemor må ha vore veldig begeistra for den klokka sidan ho ofra kåpa.
 Så eg får ta godt vare på arvegodset i åra som kjem.

  - Kor tid bestemor fekk seg kåpe, seier ikkje historien noko om.

tirsdag 27. september 2016

Badesesong 2016

Det vart ikkje mykje bading i år. . Mykje regn og ruskaver har gjort det lite freistande å gå i bad denne sommaren. Den einaste i husstanden som har våga seg ut i det våte element er vår kjære Tinka. Ho badar støtt og stadigt. Badetemperaturen er ho ikkje så nøye med. Ho kosar seg uansett. Tinka er ein aktiv ung hund som likar å springa og leika i lag med andre hundar, og då må ho ofte kjøla seg ned etterpå med eit bad.
 På fjellturar er det alltid elvar og tjørner der ho tek seg den eine dukkerten etter den andre. Om vatnet er reint eller skite, gjer ikkje noko for henne. Det vert eit og anna gjørmebad,ja. Men ho føler same velværet uansett. Matmora har halde seg på land.
  - Men så var det ein dag uti september: Fredag den 16., den dagen eg tok dette bildet av Tinka.: Temperaturen i lufta hadde stige eit godt stykke over 20 grader, og eg tenkte at no var tida inne for årets debut.  Det skjedde i sjøen her i vårt nærmiljø. Tinka var alt godt i gang med leiking med ein annan hund. Ein kan sjå rova av han nedst i venstre hjørnet på bildet.
Eg vassa roleg utover i sjøen. På land stod ein liten gut som hadde så lyst å bada, men han fekk ikkje lov. Så godt å vera vaksen og bestemma sjølv, tenkte eg då, medan eg prøvde å verta van med det kalde vatnet.  Det vart ei lang seigpining før eg endeleg la på søm. Og badinga vart kortvarig. Men eg hadde i alle fall bada! Og det har eg aldri gjort i september før. Har heller aldri begynt badesesongen så seint. Korleis det vart med fortsetjinga snakkar me mindre om.
 Eg trur eg ventar til neste sommar.

tirsdag 13. september 2016

Vennskap

Eig du ein ven
som vel du trur,
gå då ofte på gjesting.
For krattet gror
og gras veks høgt
på veg der ingen vankar.
                                                                             Frå Håvamål 

           

søndag 11. september 2016

Heima er best

Her kjem endå eit sommarminne frå Island:  
Ein dag me var ute og kjørde på den islandske landevegen, måtte me stoppa og gå innom ein daglegvarebutikk.  Eg hadde fått aukande hoste og vondt i halsen, og trong nokre pakker med sterke drops. Etter at eg hadde funne det eg ville ha, + litt anna, fekk eg varene mine i denne bæreposen som er vist på bildet. Tenk der stod det på posen at "Heima er best" !  Islendingane måtte tydelegvis minna seg sjølve (og andre?) på at dei høyrer heime på Island og at for dei er det den beste staden som finst. Veldig kjekt og at dei seier det og skriv det på akkurat same måten som meg og folk på mine heimtrakter ! 
Og mitt inntrykk er at ein tur til denne forblåste øya ute i havet er så mykje meir enn førsteinntrykket: Svære fjell, vide dalar med jordbruksland, vulkanar, isbrear; gardar og små og større bedrifter, og eit seigt og heimakjært folkeslag som tek vare på språk og særpreg, og som på ingen måte har tenkt seg inn i EU. 
  - Men det største er å ha ein god heim å koma attende til når ein har vore ute og reist. Det vart me minna på denne dagen.
  - Eg plar ikkje samla på bæreposar, men denne skal eg ta vare på.

lørdag 3. september 2016

Sommarminne 2016

Eg hugsar tidleg i vår eg tenkte at no har eg ein heil lang vår og sommar framføre meg. Mange dagar og veker til hytteturar,fjellturar og andre ting som eg likar å fylla den årstida med. Det virka som eit hav av tid. Hausten låg langt der framme ein stad. Uendeleg langt vekke. 
 Men no har timeglaset runne ut for sommaren 2016, og når eg ser attende, ser eg at det gjekk så utruleg fort. Dagar og veker, timar og minuttar har runne som sand utor hendene mine. Og brått har me komne langt ut i første haustmånaden. Kvar vart det av sommaren ?
  - Det er då det er viktigt å ta vare på minnene. Her framføre meg har eg festa saman 6 maskinskrevne ark frå den fine turen til Island i juni. Der skjedde det noko heile tida, og eg noterte flittigt på den medbrakte datamaskina. Og tida vart nytta effektivt. Inntrykk og opplevingar var mange og forskjellege, og alt skulle takast vare på. 
  - Noko av det første me såg på Island var lupiner. Denne hageveksten som ein kan finna i mange norske hagar.  Islendingane må vera uvanleg begeistra for lupiner,tenkte eg då det skulle visa seg at det vaks i utrulege mengder nesten over alt. Men så fekk me vita at det var ei meining med det: Det vart planta i si tid for å binda den sandete jorda. Det har sanneleg virka, og har spreidd seg noko over alle grenser. Me kunne kjøra milavis langs desse lupineskogane,   som på bildet. Men så fortrengjer det annan vegetasjon,  - som einstabben på hytta.  Likevel er lupinane fine med sin knallblåe farge, og pyntar opp. Noko ein ikkje kan sei om einstabben.
Uansett så vert lupiner eit av dei mange minna frå Island.

tirsdag 23. august 2016

Lang ferd mot nord

  - Min kjære O. og eg er så heldige at me har hurtigruta her i vårt nærmiljø. Ho kjem så trufast kvar einaste dag og legg til så og sei nett utanfor stovedøra vår.
På våre 3 daglege spaserturar med hunden har me full kontroll over når ho kjem og fær.
 Mellom kl 14.00 - 14.30 kjem ho frå det høge nord hit til "endestoppet", og kl 20.00 legg ho frå kai att i retning nord. Det er eit dagleg og kjent rituale som  høyrer til kvardagen vår.
Alltid like kjekt å finna ut "kva hurtigrute er det som kjem i dag".
  -  Me kjenner dei fleste på utsjånaden. Ei av dei reiste me på bryllaupsreise med for 4 år sidan. Ein fantastisk tur langs vår nydelege kyst, - heilt til Kirkenes og attende. Det er ein eigen ro over ein tur med eit så stort skip. Ei kjensle av å vera saman om noko. Ei oppleving i eit samfunn for seg sjølv. Med den trygge duren og ei svak gynging som bakgrunn.

  - Me hadde heile tida lugaren med og slapp å skifta overnattingsstad slik som på turar på land. Medan utsikten frå vindaugo skifta heile den lange sjøvegen.

  - Det tek 11 døgn frå kvart hurtigruteskip forlet kaien her til det er attende her hjå oss. Eg kjenner eit sug av reiselyst kvar gong eg ser ei hurtigrute legg frå kai slik som på dette bildet. Eg skulle så gjerne vore med...

torsdag 11. august 2016

Ny familiemedlem

   
I neste månad er det to år sidan Tanja døydde. Ho er vekke og kjem ikkje att. Likevel er ho fortsatt med, i tankane om dagen og i draumane om natta, og dei mange gode minna etter henne vil eg alltid ha med meg. 

   Mange har spurt meg om eg ikkje skal ha ny hund.  Og tankar i den retning har eg hatt lenge. Desse to åra utan hund har vore ein slags unntakstilstand. Noko førebels. Fjellturar utan hund kjennest rart. Den naturlege turkameraten har mangla. Og tobeinte turkameratar har det vorte færre av med åra. Det har vel noko med alder og helse blant veninner å gjera. Og sjølvsagt det at me menneske har så forskjellege interesser og behov.
  - Lenge har eg sett meg om etter ein ny hundevenn å ha med på turar, og som kan vera ein del av vår vesle familie.
 Det er helst på internett eg har leita. På forskjellege hundeomplasseringsstader og sjølvsagt på finn.no. Det manglar ikkje på kandidatar. Det er skremmande mange hundar som treng nye heimar, oftast på grunn av manglande tid for hunden. Sjølv har eg tid nok, det var berre det å finna den rette. Ikkje for stor og ikkje for liten, og sjølvsagt må vedkommande vera i stand til å gå på fjellet.

  - Så skjedde det endeleg noko, dagen etter at eg kom heim frå Jotunheimen:  Då dukka ho opp, vofsejenta som eg hadde venta på. Funnen på facebook av niese M. 
Tinka er eitt år gammal, blanding av collie og border collie hovudsakleg. At ho er kom frå mi eiga øy er sjølvsagt ein fordel. Gledeleg kortreist.
Same dagen reiste me
 og henta henne, og etter å ha hatt henne 3-4 dagar på prøve, fann me ut at det var henne me ville ha.

   - Tinka er ein skjønn og god hund, lydig og snill, og med eit godt lynne. Ho er eigentleg berre kvelpen enno, og oppfører seg deretter: Full fart heile tida, med lopper i blodet og rakettar i baken. 
Desse to vekene har ho fått oss ut or godstolane meir enn nokon gong. Eg trur me må innstilla oss på eit aktivt liv no framover.

Eg gler meg til tida som ligg framføre, dagar og år, -   saman med Tinka.
No er eg endeleg ute av unntakstilstanden og attende til Livet Med Hund.

lørdag 30. juli 2016

Glittertind


Nyt synet  av dette :  Glittertind, Norges nest høgaste fjelltopp, 2464 m.o.h.
  - Ein nydeleg solskinsdag i juli 2016 fekk to damer på 58 oppleva å koma opp på denne majestetiske toppen. Lang vandring gjennom steinete landskap, og parti med snø, gav oss denne opplevinga. 
Toppen såg grei og uskuldig ut på avstand, men etter som ein nærma seg var det som om han viste meir og meir av makta si. Ein stordom ein bør ha respekt for. Det kitla under føtene det siste stykket. Tenk at me var så høgt over havflata !
Oppå snøen på toppen var me høgare enn Galdhøpiggen !  Snøskavlen på toppen strekte seg faretruande utover, og det lønte seg utan tvil å ikkje gå for langt ut på kanten. Utsikten var sjølvsagt enorm denne fine dagen, men litt nifst og. Godt med broddar på føtene og ei turveninne som takla høgden betre enn meg.
  - Det var mange som var ute i same ærend som oss. Heile dagen "kraup" det menneskekryp oppover og nedover dette fjellet. Slik såg det ut på avstand. I ein slik enorm samanheng føler ein seg liten. Og verda kjennest så uendeleg stor. 
Likevel fint å få vera ein del av dette. Eit stoooort minne å ta med seg heim.

fredag 15. juli 2016

Underjordiske krefter


Dette er vel noko av det mest spesielle med Island. Varme kjelder der vatn frå jorda sitt indre brått finn det for godt å koma fram i lyset, spruta høgt opp i lufta og visa litt av kreftene sine. Dette skjer med ujamne mellomrom og med ulik styrke. Difor vanskeleg å ta bilde av. Ein må stå klar med fotoapparatet når moder jord får sine uregjerlige utbrot. Av og til må publikum rekna med å få seg ein dusj med temperert vatn.
  - Andre stader kunne ein sjå kjelder som berre stod og kokte. Der kunne temperaturen vera 80-100 grader. Altså litt i varmaste laget å bada i. Ein kunne sjå at det rauk over vatna og høyra korleis det kokte nedi jorda, så kven veit kva som skjedde under føtene våre av ubereknelege krefter. Kanskje like greitt at ein ikkje veit.
  -  Island er eit ungt og uferdigt land. Frå tid til annan vert det laga nytt land av lava frå det indre av jorda. Vulkanutbrot og jordskjelv er nesten ein del av kvardagen. Einkvar islending veit at det kan skje brått og uventa, men det ser ut til at dei lever godt med den tanken. Det er dette som er landet deira, og slik er det der. Dei har forlengst innretta seg etter det.
  - Tingvellir imponerte med mykje spesiell islandsk natur. Sprikker i jorda som viser at terrenget forandrar seg. Gammal lava som vulkanar har spydd ut gjennom tidene Og tilgroing opp att på etter lang tid.

torsdag 30. juni 2016

Island

Me har vore på Island ! For nokre veker sidan kom me att frå ei vekes opphald på denne spennande og eksotiske øya. Bildet viser mitt første glimt av landet frå flyvindauget. Eg hadde venta meg noko kaldt og ugjestmildt, og det kunne stemma. Terrenget såg ut som ei blanding av ørken og månelandskap. Med i tillegg ein masse sprikker i jorda.
 Island er eit "ungt" land som enno er i skapingsfasa. Jorda sitt indre er stadig i opprør. Vulkanar tømmer seg med ujamne mellomrom, og jordskjelv førekjem. 
Ein av dagane besøkte me ein koseleg småby på Vest-Island der me hadde litt fritid. Då gjekk O. og eg inn på eit bibliotek, og der sat ein mann heilt for seg sjølv. Han gav oss ein liten leksjon om vulkanar og jordskjelv.  Utbrot skjer ikkje så ofte, men einkvar islending veit at det kan koma brått og uventa. Likevel lever islendingane godt med den tanken. Dette er landet deira og slik er det der. Dei har forlengst innretta seg etter det. Og når dei innimellom vert råka av naturen sine luner, er dei flinke til å hjelpa kvarandre på fote att, fortalde dei som hadde opplevd det.
Me var innom ein storgard på sør-Island som hadde fått den lokale vukanen sitt innhald over seg i 2010. Lavaen  strøymde nedover fjellsidene og la seg over livsverket deira.  Dei hadde venta på det, og lenge såg det svart ut for vidare gardsdrift,  Men med god hjelp kom dei på fote att. Heile busslaster med folk kom frå Reykjavik for å hjelpa til med å rydda opp, og sidan grodde graset betre enn nokon gong. 
  - Eg hadde mange minne med heim att frå Island. Vil gjerne koma attende hit på bloggen med fleire glimt frå den fine veka der.

onsdag 8. juni 2016

Einstabbeland

På dette biletet er det endeleg full sommar. Graset  har grønkast på kort tid, lauvet på trea har vorte tjukt og tett, og krona på verket for all frodighet kan ein trygt sei er denne livskraftige planten midt på bildet, einstabben. Han strekkjer seg høgt og frimodig og struttar av styrke i den kraftige stengelen. Strekkjer seg mot lyset og let ikkje noko koma i vegen for livsutfolding.
 Det høyrest ut som den perfekte innstilling til livet,  - eller ?
  - Problemet er at i området her ved hytta har det kome vel mange slike livskraftige vekstar. Faktisk har det auka slik siste åra at det no er store område der dei veks tett i tett og kveler skogbotnen. Andre vekstar kjem ikkje til og det har eg jammen merka på bærmengda. Den har gått drastisk ned og då vert det sjølvsagt mindre syltetøy. No må eg leggja til at einstabben skal ikkje få heile skulda. Den raskt veksande krattskogen med frodige lauvtre virkar sjølvsagt inn. Særleg bjørka valdar meg møye. Som bjørkepollenallergikar har eg eit anstrengt forhold til akkurat den tresorten. Og ofte har eg gått laus på småbjørk med brakasaksa. Har  fått full tillatelse frå grunneigar A.(broder`n)  I mine mest optimistiske stunder kunne eg tenkt meg å utrydda alt som heiter bjørk. Men då har eg nok sett meg for høge mål... 
  - Så var det einstabben att. Kva skal ein gjera med slikt ugras?  Skogen her ved hytta ser ut som eit einstabbeland. I Den Heilage Skrifta står det visstnok noko om å la ugraset veksa saman med det andre til hausten. Men der er eg ikkje einig med Bibelen. Det nyttar ikkje her i skogen. Så her ein dag gjorde eg tanken om til handling: Med ljå i handa og mord i blikket gjekk eg laus på einstabben. Heldt på i fleire timar. Det såg ut som ei slagmark då eg gav meg. Men no får i alle fall andre og meir smålåtne vekstar koma til der eg hadde vore med ljåen. For det er ikkje berre dei store og sterke som har livets rett!!
  - Til slutt må eg leggja til at dette betyr ikkje at eg oppmodar til vold og mord, viss nokon skulle tru det.
Men i einstabbeland, der går det an !

mandag 23. mai 2016

Ein liten skog i byen

Når ein bur så urbant som O. og meg kan det vera langt til skog og fjell. Når me ser ut soveromsglaset, ser me rett ned i ei trafikkert gate frå 4.etasje. Heile dagen er det trafikklydar frå den kanten. Heldigvis roar det seg mot kvelden. Og om nettene er det som oftast leveleg. Me er utstyrte med gode sovehjarto og så er det heldigvis noko som heiter øyreproppar. 
  - Men om folk bur sentralt og ikkje kan ha noko særleg med hagar, så  kompenserer dei med blomar og busker i krukker og bed. Enkelte altanar ser ut som små drivhus. Så langt har ikkje O. og eg gått, men på vår vesle altan på den rolege sida av huset, kan ein sjå dette som eg her har teke bilde av. Dette er heilt og fullt O. sitt verk, og var her før eg kom inn i livet hans. 
  - Der har han laga til ein heil liten skog, med mose og gras, tyttebærlyng, kvitveis og skogsstjerne, i tillegg til fleire sortar lauvtre. Koseleg. Desse vekstane gror fint og trivst godt og bryr seg ikkje om at dei bur på ein liten altan i 4.etasje i sentrum av Norges nest største by.


onsdag 11. mai 2016

Den vesle raude hytta i skogen

Endeleg er varmen her. Brått og uventa slo han ned som ei bombe over vestlandet. Varmegradene spratt opp til dei store høgder og lokka folk ut or husa sine som bjørnen or hiet om våren. 
  - Denne dama fekk det straks travelt med å koma seg hit til den vesle raude hytta i skogen. For dette har eg venta på lenge på: Studert vermeldingane og leita etter teikn på varme. Og endeleg kom det det eg venta på. Så no skal det verta mange hytteturar framover. Sesongens første overnattingshyttetur er over, og berre dei 3-4 dagane såg eg kor lauvverket vart tettare rundt meg. 
  - Dette bildet vart teke for halvanna veke sidan, og då var det vise gras frå i fjor som dominerte. No ligg det eit teppe av kvitveis rundt hytta med litt innslag av gult, påskelliljer og ein og annan løvetann. 
  - Desse dagane på hytta har eg brukt til å få støv og skit ut etter vinteren, lufta og banka madrasser og elles vorte kvitt det som har hopa seg opp sidan i fjor av spindelvev og daude fluger. Så no skulle det etter kvart verta klart for ein forhåpentlegvis lang og god hyttesesong her på den vesle raude hytta i skogen.

lørdag 23. april 2016

Vekk meg på fredag

Tenk å sovna i ein hagestol i varmen av sola. Eller gå berrføtt i graset ved hytta. For ikkje å sei ein fjelltur i berre t-skjorta. Desse tinga ser ut til å vera berre draumar enno.  For varmen let venta på seg.
  -  For berre nokre dagar sidan, vakna me til snøver utanfor vindaugene våre. Det var ikkje til å tru, midt inni byen.  Snøen la seg ikkje,men det hadde han gjort på fjella og langt nedetter liene, nesten ned til byen. Vanlegvis plar eg jubla over eit slikt syn. Men ikkje når det nærmar seg mai. Slikt høyrer vinteren til. No for tida ser det ut til å vera ein slags kamp mellom vinter og vår. Den eine vil ikkje sleppa taket, og den andre slepp ikkje til. 
På ein fjelltur sist veke, møtte eg ein hoggorm då eg var på veg oppover. Han låg og breia seg i sola midt på stien, og trudde visst det var vår. Men då eg kom opp på toppen, høyrde eg folk snakka om nattefrost og skraping av bilar. 
På dagens fjelltur var det litt av det same. På vegen oppover passerte eg både snø og is, men på toppen var det vårsola som herska.
  - Det kan vera freistande å gjera som den vesle hunden på bildet: Ta seg ein blund og drøyma om  varmare tider. 
Så får nokon vekkja meg på fredag, og håpa at vårvarmen er komen til dess.


søndag 17. april 2016

Fin øy

Det har vorte ein del fjellturar i det siste. Også i dag. Lengre dagar og meir lys gjev inspirasjon til å koma seg opp i høgdene og få litt oversikt. Og så har det vore ein og annan fin dag innimellom regnet, og då har eg fare til fjells utan betenkningstid. 
               - Dette bildet tok eg frå dagens topp, og viser ei heilt spesiell øy, den finaste i verda. Er ein derifrå, så synest ein sjølvsagt det. Denne øya har alt: Fjord og strand, skog og fjell, hyggjelege folk og ei frisk dialekt.  Og ein stad, godt gøymd, ligg ei lita og enkel hytte som er mitt sommarparadis. Dit skal eg snart byrja og reisa, om berre varmegradande vert litt fleire. 
  - Me hadde oss ein dagstur dit her ein dag, O. og eg. Måtte testa forholda. Påskeliljene der var berre på knoppstadiet, så dei ligg litt etter i år. Kvitveisknoppar var og å sjå. Men det var ei heller kjøleg oppleving. Temperaturen låg på 8 både ute og inne. Varmegrader, men kaldt likevel. 
Mai plar vera månaden når hyttesesongen startar opp. I alle fall med overnattingar. Men området ved hytta ligg enno i dvale. Berre ein solid dose varmegrader kan få den nydelege staden ut or dvalen.

mandag 28. mars 2016

Vårløysing

Slik ser det ut når det er vårløysing på fjellet. Sola varmar og snøen forsvinn meir og meir og vert til vatn som sutlar og renn overalt. Eigentleg er eg ikkje klar for vår. For eg var ikkje ferdig med vinteren. To skiturar på ein vinter vart så altfor lite. Men no når det snart er april, må ein svært så høgt til fjells for å finna brukande føre. 
  - På bildet kan ein så vidt skimta ein optimistisk skiløpar som som prøver det han kan å nytta det som er att av vinteren. Han må nok hoppa frå snøflekk til snøflekk, viss ikkje må han vil gå over søkkvåt mark. Fire slike optimistar møtte eg den dagen eg var oppover. Sjølv gjekk eg til fots. Det var tungvindt nok, for snøen var både våt og roten. Eg seig nedi heile tida. Det beste var likevel å koma seg opp i høgden, nyta sola og berre sjå snøen. Kjende at det gjorde godt for eit sol- og lyshungrigt menneske.
  

mandag 22. februar 2016

Noas ark

Her har sjølvaste Noas Ark lagt til kai heilt sidan sist haust. Det er sjølvsagt ikkje den opprinnelege (he - he)
men i alle fall eit slags kopi. Denne store klumpete "båten" eigna seg ikkje til sjøbruk, då han var utan motor, men kunne flyttast hit og dit ved hjelp av slepebåt. 
  - For nokre veker sidan var O. og eg inne i "arka" og såg oss om. Det var imponerande tillaga som eit museum som viste Bibelen sin historie heilt frå skapinga og t.o.m. Jesu liv. Midt i blinken for born og andre som kunne trengja kunnskap og oppfriskning av bibelsoga. Eit 4-etasjars museum inkludert  restaurant på toppen. Ting kunne tyda på at det var dansk- og nederlandskprodusert, mellom anna.   - 
  - No har arka lagt frå kai og sett kursen mot sørlandet. Forhåpentlegvis for å gleda sørlendingane med si imponerande historieforteljing. 
Eit besøk der kan anbefalast.

tirsdag 19. januar 2016

Grip dagen

Her er eit typisk bilde som får stemningsleiet til å stiga betrakteleg for meg. Det er så utruleg flott å sjå når snøen legg seg over den vanlegvis så vasstrukne jorda. Då går ein liksom inn i ei heilt anna verd. Tek på seg heilt andre klede og opplever noko heilt anna enn regnver på tvers og vrengde paraplyar. 
  - Dei siste innlegga har vore prega av frustrasjon over evigvarande regn. Så dette veret her bør eg vel sjå på som eit slags bønnesvar då. Eg heldt pusten og kan mest ikkje tru det. For kjem det til å vara ? Sikkert ikkje, for skumle vermeldingar truar i bakgrunnen. Dei gjer alltid det. Men då må ein berre lukka sansane for slikt og gjera som det står i eit visdomsord: GRIP DAGEN !!  
 Hiv deg rundt, Ragnhild ! Få på deg skikleda og kom deg ut i skisporet !
  - Og det var det eg gjorde i dag. Nytte kvart sekund av dagen og kvar meter av skiløypa. Dette er drivstoffet som heldt meg gåande når regnbygene er attende.

mandag 11. januar 2016

Julelitteratur

I mitt førre innlegg var det noko som fekk "begeret til å flyta over" for meg når det gjaldt dette overdrivne regnveret her på vestlandet. Eg var så lei av regn at eg kunne emigrert til heilt andre breiddegrader på flekken!!  Dei meiningane har eg  enno, men temperamentet har lagt seg noko. Mennesket er ein tilpasningsdyktig skapning, og kan ein ikkje leva ute så fekk ein finna seg eit meiningsfyllt inneliv. Riktignok
vart me foræra fleire dagar i romjula med snøver ! Den vidunderlege snøen la seg så fint over byen, og vart liggjande i to heile døgn. Dermed steig humøret til dei store høgder for meg. Men då dei to døgna var over, overtok regnet att, og stemningsleiet seig ned att på sitt vanlege nivå.
  - Det er då det gjeldt å gjera det beste ut av situasjonen: Min kjære O. ønskte seg julehefte til jul. Han fekk seg eit par stykker, men det var liksom ikkje nok. Så ein dag i romjula tok han saka i eigne hender og gjekk på nærbutikken og skaffa seg det han synest mangla. Og her på bildet ser ein resultatet av handleturen. I ettertid følgde mang ei hyggjeleg lesestund med denne koselege og tradisjonelle julelitteraturen.