lørdag 31. desember 2022

2022 - Det store leseåret


No er det ikkje lenge att av året 2022. Om nokre timar legg me bak oss 365 dagar av dette året. Dette året har eg hatt mange gode lesestunder, slik eg alltid har. Men aldri har eg lese så mange bøker som i 2022. Så mange som 82 bøker vart det. Eit heilt lite bibliotek. Ny rekord. Nokre av dei er mine, og nokre er O. sine. Men dei aller fleste bøkene kjem frå denne staden som biletet viser: Hovudbiblioteket i byen mellom dei sju fjell. Der er eg ein hyppig gjest. 

Det er mange tankar som fer forbi slik på slutten av eit år. Vart det eit godt år  -  slik eg hadde ønskt?  Alt har nok ikkje gått etter planen, men eg sit att med mange gode minne. Gler meg til å ta fatt på eit nytt år.  2023 er rett rundt hjørnet. Der ligg det 365 blanke ark som ventar på at eg skal fylla dei med innhald. Ser fram til å fylla dei med alt det som eg ser fram til og som interesserer meg: Fjellturar og andre turar. Oppleva nye stader og verta kjent med nye folk  -  og dyr. Og alle dei bøkene som eg har planlagt å lesa ! 

Likevel - det er ikkje alt som er bra med å gå over i eit nytt år.  For vår kjære Tinka kan det vera nokre traumatiske timar. Smell og fyrverkeri skremmer nesten vitet av mange av våre firbeinte venner, og Tinka er ikkje noko unnatak. Ho har vore på vakt i heile dag, skvett til for den minste lyd. 
Kveldsturen måtte me få unnagjort uvanleg tidleg i kveld, før det brakar laust for alvor.

O. og eg har rigga oss til ved salongbordet med smultringar og anna julegodt. Tinka ligg under bordet og får tigga til seg sin del av godsakene. Så no skal me kosa oss. Kanskje det er noko triveleg å sjå på fjernsynet...

Uansett , - skulle det vera nokon som les dette, så får eg nytta høvet til å ønskja dei eit godt nytt år !!  Og så kjem eg attende med nye innlegg her i det nye året 2023.


søndag 25. desember 2022

Jul i stova


 Så vart det jul i år og. Etter ei adventstid med dei vanlege juleførebuingane, var endeleg julekvelden der i går. Då Sølvguttane song jula inn på fjernsynet, sette me oss til bordet, O. og eg. Tinka la seg under bordet, slik ho har for vane når me et. Først las me juleevangeliet, slik tradisjonen er, og så gjekk me i gong med julekveldsmåltidet, pinnakjøtet, som hadde stått og kokt i timesvis og spreidd den gode julelukta i vår vesle heim. Det smakte like godt som det alltid gjer. 

Etterpå sette me oss i godstolane våre og gjekk i gong med julelitteraturen, dei vanlege julehefta som me alltid må ha. Heilt frå barndomen har eg vare van med "Smørbukk" og "Tuss og Troll" , og desse hefta hadde eg sikra meg i god tid føre jul.  O. har sine favorittar som han hadde vore ute og kjøpt. 

På salongbordet hadde me plassert eit fat med smultringar og kokosmakroner, og ei skål med sjokolade. Så alt var lagt til rette for ei god kosestund med lesestoffet. Innimellom såg me litt på fjernsyn, på juleprogram og høyrde på julasongar der. 

Då julegåvene vart opna dukka det opp meir lesestoff. Det passa godt for oss to som likar så godt å lesa. No har me sikra oss mange gode lesestunder i jula og inn i det nye året som snart kjem. Tinka fekk sjølvsagt julegåver og: Julegodt for hundar. Det vart ho veldig glad for og viste det tydeleg. Ho fekk tigga til seg noko av det med det same. 

Ut på kvelden var det tid for kveldstur med Tinka. Eg hadde tenkt å gå nordover slik me plar. Men det ville ikkje Tinka ha noko av. Ho sette seg på bakføtene og drog i bandet. Det var tydeleg at ho ville i motsatt retning, mot Torgallmenningen. Ja vel, tenkte eg, då får me gå dit då. Og Tinka gjekk lukkeleg i veg med meg på slep. På Torgallmennningen var det ikkje ei sjel å sjå. Alle var nok heime og feirde jul.

Men Tinka ville vidare, mot Festplassen. Der høyrde me brått ei romstering i eit boss-spann. Då vakna jaktinstingtet hjå Tinka. Ho skulle straks dit, og det viste seg å vera byens rotter som feirde jul, på sitt vis, på evig jakt etter mat. Me rusla vidare og opplevde det same med fleire andre boss-spann. Tinka vart oppgira og ville straks TA dei. Brått sprang ei rotte over fortauet rett framføre oss. Ja, me har høyrt om rotteproblemet i nyhetene. No har eg sjølv sett det. 

Når katten er ute går musene på bordet, heiter det. Her er det sameleis. Når folk held seg unna, kjem rottene. Og på julekvelden vil dei og feira, med litt ekstra god mat. Det er sikkert ein del av det slaget å finna der folk kastar av sitt overflødige gods, i boss-spanna. 

Tinka og eg ønskte rottene god jul og rusla heim att, på den uvanleg rolege julekvelden midt i byens sentrum.


søndag 18. desember 2022

Snø - til glede og besvær


 Ein dag dei siste vekene  kom den første snøen.  Berre litt. Nokre dagar seinare kom det betrakteleg meir. Då såg det slik ut utanfor inngangsdøra her hjå oss. Tinka vart hoppande glad og tok straks til å rulla seg i snøen slik ho plar gjera. På biletet ser det ut som at nokon har drege ein kjelke frå døra og bortover. Kanskje ei mor eller ein far som har drege eit barn eller to på veg til barnehage eller skule. Etter dette kom det endå litt meir snø, så no har brøytebilane hatt det travelt. Slikt ver kunne me gjerne hatt lenge viss det var opp til meg og Tinka. 

Men det er vel ikkje brøytebilsjåførane einige i. Så lenge der er snø så har dei meir enn nok å gjera. Det er brøyting og salting til alle døgnets tider. Me høyrer dei rett utanfor soveromsglaset. 

Ja, den brøytinga er eit kapittel for seg. Brøytebilane kjem på full guff bortover gatene og slengjer snøen langt oppå fortauet, til stor fortviling for fotgjengarane. Så kjem det gjerne ein smalare brøytebil og brøyter på fortaua og slengjer snøen ut att i gata. Så er det dei største brøytebilane som kjem att og slengjer snøen inn att på fortaua som i neste omgang vert brøytt ut att i gata. Og slik har ein det gåande. 

Dette kan virka både komisk og meiningslaust. Kva er tanken bak? Alle mann i arbeid ? Lediggang er rota til alt vondt?  Her skal det jobbast uansett...

Og så denne overdrivne saltinga då. Nå saltebilen har vore der og gjort si gjerning, så vert snøen omdanna til ei sørpe, og når det så frys på att er det med fare for liv og helse at ein tør seg utandørs. Hadde meg ein tur på byen i går, på glatta, og jammen var det mange uønskte "piruettar" å sjå på min veg.  Folk streva fælt med å halda seg på føtene. På slikt føre vert det ein del fall og uhell, Og Legevakten har sikkert fullt opp å gjera, vil eg tru.

Så lenge det er slik ute så har eg gjeve O. beskjed om å halda seg inne. Me skal ikkje ha noko beinbrot og sjukehusopphald no nett før jul. Hundeluftinga er det eg som tek meg av, og det er heldigvis noko som heiter broddar. 

Men alt har ein ende. Også snøen. No har det meldt regn i nær framtid, så då fer nok snøen for denne gongen. Og me må då mest sannsynleg gå ei våt jul i møte,  - som vanleg her på vestlandet. 

torsdag 8. desember 2022

Den første snøen


 Me er komne inn i første vintermånaden, og no har det vore ein del kulde dei siste vekene. Eg merkar at det har vorte skikkeleg vinter. Og i natt kom altså den første snøen. Dette biletet er teke på dagens første tur med Tinka. Før det hadde vorte skikkeleg lyst. 

Eg likar snø. Det høyrer vinteren til. Og for min del kan det godt koma mykje meir. Tinka er heilt einig. Når ho ser snø, går ho straks i gang med å rulla seg i snøen. Det er visst veldig gøy.Når det gjeldt min kjære O. så er så har han ei heilt anna meining. Han vil ha snøen vekk fortsatt mogeleg. Så i vår vesle familie så er det damene mot mannen. 

Mest sannsynleg får me vel ein våt og mild vinter. Det har vorte meir og meir slik. Men me får ta det som det kjem. Tinka og eg skal i alle fall nyta dei kalde og snøfyllte dagane fullt ut. 

Men om snøen skulle forsvinna like fort som han kom, så får me gjera det beste ut av det no i førejulstida, med inneaktivitetar som juleførebuingar som litt baking. Og ikkje minst  julekorrespondansen. Veldig kjekt å skriva julapost, og minst like kjekt å få brev frå folk og få vita kva dei har opplevd sidan sist.

Til dei som les dette sender eg ønskje om ei fin og god adventstid og håpar på at det vert ei triveleg julafeiring  for alle når så langt kjem.

søndag 27. november 2022

Løpetid


 Tinka og eg går mange turar, - tre for dagen. Det er fast opplegg her i huset. Og Tinka veit akkurat kor tid det er tid for tur. Ein kan trygt sei at ho er tidsinnstillt. Viss eg ventar litt for lenge med å gå ut, så set ho seg framfor meg og stirer meg inn i augo til ho får det som ho vil. På våre turar langs vegar og fortau er det kattane som er den store interessa for den firbeinte. Ho leitar opp kvar einaste katt i nærmiljøet og ho veit så vel kvar dei bur. Og når ho har funne dei, er levenet i gang. Då skal kattane kjeftast på, skremmast og helst jagast over haug og hamrar. Eg har aldri forstått kva som er så gøy med det, men ein må vel vera hund for å forstå det. 

Men no i desse dagar er det ei anna interesse som overgår alt for Tinka. Noko som skjer med ca 8 - 9 månaders mellomrom: LØPETID. 

Då får ho ei voldsom interesse for det motsatte kjønn. Då er det berre hannhundar som står i hovudet på den firbeinte dama. Helst vil ho ut å springa etter hannhundar heile tida. Når det er på det mest intense vil ho ut til alle døgnets tider. Og hannhundane kjenner lukta av løpske tisper på lang avstand. 

Då er det travelt å vera hundeeigar. Straks ho er komen utom døra fer ho av garde i vill fart med meg på slep. Då er det ho som bestemmer alt. Og det er ikkje lenge før ho har funne den første hannhunden. Då er den store kunst at kontakten mellom hundane ikkje vert så nærgåande at det endar med kvelpar. For det er ikkje med i mine planar. 

No har det halde på slik i  2 - 3 veker, så eg reknar med at det snart går mot ein ende. Kjenner at det skal verta godt å få ein normal hund att.

søndag 6. november 2022

Fru Bukselaus ?


 I det siste har eg slite ut den eine buksa etter den andre. Det har vel noko å gjera med at eg har lenge hatt ein del gamle og godt brukte bukser.  Ei bukse held ei stund, men ho varer ikkje evig. Tida er så avgjort komen til å fornya seg i buksevegen. Det er berre så kviafullt. Eg går ikkje og kjøper meg klede før eg må, men no må eg. Behovet har meldt seg med full styrke. 

I mellomtida har eg grave djupt i bukseskuffa, og der fann eg denne buksa som eg ikkje har brukt på år og dag. Eg tok henne på meg i dag, og ho var grei nok, men litt vid i livet. Eg har aldri vore tjukk, men eg må  ha vore nokre gram meir sist eg brukte denne. Buksa stod i fare for å detta nedom me. Stor fare for bukse-sig. Kan ikkje risikera at buksa vert liggjande ned på anklane når eg er ute med hunden, eller ute i andre ærend.  Så noko måtte gjerast. Min kjære O. brukar selar for å halda buksa oppe. Men det er så sørgjeleg ukvinneleg. Det er vel helst gamle gubbar som brukar slikt. Og kanskje born.

I barndomen var eg ei tynn lita flis av ein jentunge, med ein kroppsfasong som ein spikar. Buksene hang ikkje oppe. Ingen ting å hengja dei på. Løysinga vart selar den gongen. Det var ikkje anna råd. Kanskje det hadde hjelpt å eta seg tjukk og feit, men for meg var det naturleg å vera tynn. Eg vart ikkje tjukkare om eg prøvde aldri så mykje. 

Då eg gjekk på barneskulen, eg var vel 7-8 år, fekk me ein dag besøk av helsesøstra. Då vart me undersøkte og fekk strekar i armen, og så måtte me på vekta. For min del viste vekta 19 kg. Det likte ikkje helsesøstra, og sende meg heim med ein lapp der det stod: "Litt for lett". Har aldri forstått kvifor. Ei oppfordring til foreldra mine om å gje meg meir mat?  Det hadde ikkje hjelpt likevel. Helsesøstra måtte vel forstå at me er så forskjellege. Vel, eg var minst i klassen så lenge eg gjekk på barneskulen. Men då eg kom på ungdomsskulen, vaks eg heldigvis opp til normal storleik, og godt var det.

Men attende til dagens situasjon: Den vide buksa. Noko måtte gjerast. Etter litt grubling kom eg på noko glupt: Eg fann nokre gamle skolisser og gjorde som biletet viser: Tok ei skolisse i kvar side og strama dei til i kvar side ved hjelp av beltehempene. Det heile gøymde eg under gensaren. Folk treng ikkje vita kva eg har under der. Men det viktigaste var at buksa vart brukbar og kan brukast enno ei stund. Ein kan ikkje vera rådalaus.
 Og bukselaus bør ein i alle fall ikkje vera. 

mandag 24. oktober 2022

Sommarminne 2022

 


Det har forlengst vorte haust. Sommaren ligg bak oss, men minnene er med vidare. Her er eit bilete frå den tredje turen Tinka og og fekk saman med K. denne sommaren. På veg oppover i terrenget ein stad på verdas finaste øy, med ein forventningsfull hund i teten. Ja, Tinka går alltid føre. Dette likar ho. Min kjære firbeinte turkamerat ville vel helst sprunge laus, men det går nok ikkje.  Ho har dessverre ein tendens til å jaga det meste som ho møter på, enten det er dyr eller fuglar. Og det går ikkje, for dette er heimen til villdyra og fuglane. Her må me trø varsomt.
 Når me går i fjellet byter eg til flexi- hundebandet, og då har ho likevel ein viss fridom. 

Det har vorte lite fjellturar i haust - så langt. For det har regna så mykje. Det same med sommaren. Så terrenget har vore noko blautt, ja. 
På denne turen som biletet er frå, var det mange våte og glatte parti, som ein måtte sjå seg godt føre. Likevel var eg uheldig: På eit tidspunkt forsvant føtene under meg på det glatte føret, og eg fann meg sjølv att liggjande på alle fire i gjørma. Buksa såg ikkje ut, så den måtte eg berre ta av meg og reingjera etter beste evne i ei lita tjørn, for så å hengja hennne til tørk over ryggssekken med håp om at ho tørka på vegen vidare. Kva så? Gå vidare i berre trusa?  Det freista lite, for me var ikkje dei einaste som var på tur i fjellet. Då kom det for ein dag at K. hadde vore så framsynt at ho hadde teke med seg ei ekstra bukse i ryggsekken. Det vart redninga. Med den lånte buksa vart eg straks meir anstendig. Då me kom opp på toppen, la eg den våte buksa til tørk i sola, og då me skulle gå ned att, var buksa tørr. 

Uansett vart dette ein flott tur, som så mange andre turar me har hatt saman gjennom åra. Ingen ting er som å koma seg til fjells. Eg er veldig takksam for at eg enno har helse til dette. Håpar å behalda helsa enno ein del år fram i tid. Slikt "villmannsliv" gjev krefter.

tirsdag 20. september 2022

Attåtnæring


 Dette biletet er teke på søndag, for to dagar sidan. Tinka og eg var ute og gjekk,  - som vanleg.  Denne dagen tok me turen til bryggja i byen, eller "bryggen" som dei innfødde kallar det. Der står ein av byens 5 telefonkioskar som er omgjorte til lesekioskar. Sjølvsagt måtte eg innom der og kika på bøkene. Kanskje der var noko interessant... Tinka var med inn og vart straks veldig interessert i noko som låg under nedste hylla. Ho har vel funne noko etande då, tenkte eg. Og det hadde ho. Litt etter fekk ho tak i det ho ville ha,  som viste seg å vera ein stor god bolle.  Den ville Tinka ha. Det hadde ho tydelegvis bestemt seg for. Av erfaring veit eg at det nyttar ikkje å diskutera med henne i slike situasjonar. Og bollen var visst grådig god. Ho glefste han i seg på rekordtid. Ikkje ein einaste smule gjekk til spille. 

At det ligg mat på gater og fortau der me går, er ikkje noko nytt. Folk slengjer frå seg det utrulegaste. Og Tinka finn det, og forsyner seg. Det ho ikkje ser det snusar ho seg fram til. 

Fleire gongar har ho vist stor interesse for diverse hekkar som me går forbi. Då vert ho ståande og snusa og ser bedande på meg. Då treng ho hjelp til å finna godsakene. Og ho går ikkje derifrå før eg har funne det som luktar så godt. 

Tinka får alt ho treng av mat heime, men ho tek gjerne i mot meir. Særleg når det luktar godt. Favorittane hennar er pizza og pølser. Det vert det ein del av etter folk som har grilla. 

Eg får sjå det slik at det er godt at den overflødige maten som folk kastar, kjem til nytte. Og Tinka kjem heilt sikkert til å fortsetja å nytta seg av mat som ho finn på sine mange turar rundt omkring der me går. Ho seier ikkje nei takk til litt attåtnæring.

torsdag 15. september 2022

Vår tiande bryllaupsdag


 I dag er det torsdag, og det er akkurat tre veker sidan O. og eg kunne feira vår 10. bryllaupsdag. Tenk at me har fått ha kvarandre  så lenge. Når eg tenkjer attende har det eigentleg gått fort. Hugsar godt den dagen me gifta oss. Det regna noko voldsomt. No er ikkje regn noko uvanleg her på vestlandet, men akkurat den dagen fossa regnet ned i svære mengder.  Men gifte vart me, på den uvanleg blaute store dagen vår. 

Den dagen me gifta oss hadde eg ein bukett med raude roser. Sidan har me hatt som tradisjon å kjøpa raude roser både til bryllaupsdagane våre og elles. Ein annan tradisjon er å gå ut og få oss ein ekstra god middag.  Dei siste fem åra har det vorte på ein koseleg liten vietnamesisk restaurant her i vårt nærmiljø. 

Men i år gjorde eg noko ekstra: Eg gjekk ut og kjøpte denne boka om Nordnes,  her som me har budd desse åra. Det er ei kjempestor bok som kom ut i vår. Ho inneheld mykje interessant historie om denne delen av byens sentrum der me bur. Midt i blinken for min kjære O. som er så interessert i historie. 

Boka er ein diger koloss som ikkje eignar seg til lesing på senga. Må helst ha eit heilt bord til å breia seg på når me skal lesa i den.  Eg gler meg til å få litt meir historiekunnskap om dette området som eg går og luftar hunden i tre gongar pr dag, og som eg kjenner så godt.  Det skal verta interessant.

onsdag 24. august 2022

Hotell Haraldsplass


 Vanlegvis lever me vårt rolege kvardagsliv her i heimen vår, -  O., Tinka og eg. Me sit her ofte med kvar si bok, eller for min del vert det ofte strikking eller brodering. Litt husarbeid må me gjera og. Og så må Tinka få sine tre daglege turar.  
 - Men av og til skjer det ting som ikkje er planlagt. Å vera gift med ein diabetikar kan ha sine utfordringar. Det har eg oppdaga for lenge sidan. Det har vorte ein del mindre hyggjelege opplevingar med gubben sitt varierande blodsukker. Særleg når det omtalte blodsukkeret går under det akseptable nivået. 

Men det som skjedde tysdag i sist veke, var litt annleis: Me hadde nett vore ute ein tur og kom inn att. O. sette seg ved bordet og eg gjorde litt husarbeid. Etter kvart oppdaga eg at han var på veg inn i drøymeland. Eg målte blodsukkeret hans, som var normalt.  Så prøvde eg å vekkja han, men det gjekk ikkje. Han la seg framover bordet og forsvant inn i medvitsløysa. Eg rista i han utan at det hjelpte. Då forstod eg at dette var meir enn søvn. Så eg ringde 113 og forklarte situasjonen. Ambulansefolka nølte ikkje og sende straks ein sjukebil. Ti minuttar etter var dei her. Dei la O. ned på golvet, kobla han til ei maskin, og han kom gradvis til seg sjølv. Så ville dei ha han innlagt. Det gjekk fort og greitt for oss som bur så sentralt.
  - På sjukehuset fekk han einerom i den nye delen av bygget. Fin utsikt fekk han og. Og eg fekk besøkja han kvar dag. Me hadde trudd at han skulle koma heim att fort, men han vart verande ei heil veke. Personalet var grundige og ville finna ut kva som var grunnen til at han besvimte. Så dei følgjande dagane vart han undersøkt på alle baugar og kantar inni og utanpå. Og pasienten, eller feriegjesten som han kalla seg sjølv, let seg villig dulla med. Han synest han fekk ei fantastisk behandling på dette "hotellet".  Og etter ca ei veke kom han heim att for nokre dagar sidan, god som ny, og slik håpar me at han får vera lenge enno.

tirsdag 23. august 2022

Ei kulturhistorisk vandring


 Sommaren 2022 går mot slutten. Men sjølv om det vart ein heller våt sommar, sit eg att med mange gode minne.  K. og eg fekk nokre fine turar i fjellet også denne sommaren. Denne gongen med leiligheten min som utgangspunkt. Den første turen var den lengste og mest strabasiøse. Der gjekk me på steinete underlag i timesvis, og skodda følgde oss heilt til topps. 
 
Dagen etter hadde me behov for ein lettare tur. Dermed kjørte me til det eg meiner er verdas finaste øy, altså til mine heimtrakter. Biletet viser ein nydeleg stad i gangavstand frå der eg vaks opp. Dette er ei naturperle som eg skulle unna fleire å få med seg. I dette området, nedom desse svingane,  har eg vore mange gongar gjennom heile barndomen og ungdomen, og seinare og. 
På barneskulen hadde me ein friluftsinteressert lærar som lærte oss å bruka kart og kompass, og så sprang me terrengløp som han hadde laga til. Om vintrane gjekk me på ski her. 

Biletet viser nokre av dei 17 hårnålsvingane som går oppover eit skar. Vegen opp dette bratte skaret og langs vatnet vart truleg bygd i åra 1889-93. Det vart bygd på pliktarbeid, ved at grunneigarane langs vegen vart pålagde å utføra arbeidet. Det var viktig å få bygd denne vegen fordi gardane oppom svingane sokna den gongen til kyrkja som ligg ved fjorden lengst vekke på biletet. Det er ingen bilveg, og det vert det nok aldri, heldigvis. Men i gamle dagar greidde dei seg med ein enkel kjerreveg. 
     Berre det å få bygd denne svingete vegen var dei bragd, for opp dette skaret er det skikkeleg bratt. Det måtte byggjast murar og stabbesteinar måtte på plass. Eit imponerande verk! Dei fekk det til i gamle dagar og. 
     Denne vakre staden er noko vekkgøymd. Sikkert ikkje så mange som veit om han. Likevel møtte K. og eg nokre utlendingar då me var   på veg ned att desse svingane.  Utruleg...

Denne dagen fekk me ei fin kulturhistorisk vandring gjennom eit gammalt landskap. Ingen trafikk eller anna bråk, berre fred og ro.

Til denne vakre staden knyter det seg ei segn. Her er den:
"Ein vinterdag i gamle dagar var eit brurafølgje på veg til vigsle i kyrkja. Då dei hadde kjørt ned svingane tok dei lettaste vegen, over isen på vatnet. Men det gjekk gale, heile følgjet gjekk gjennom isen og alle drukna. 
Når du i dag står oppe i svingane og ser utover vatnet ein sommardag, kan du sjå kor det blenkjer i brurekrona...." 


mandag 1. august 2022

Tinka 7 år!



 Vår kjære Tinka fyller 7 år i dag. Og no er det 6 år sidan ho kom til oss. Ho vart fort ein kjær medlem av vår vesle familie. Den gongen var ho knapt eitt år gammal, vill, barnsleg og nesten ustyrleg. No er ho roa seg ein del og forlengst  vorte ein vaksen og litt meir fornuftig hund.

Tinka har vorte grundigt gratulert i løpet av dagen. Det kom til og med ei gratulasjonshelsing på SMS frå Agria Dyreforsikring der ho er forsikra. Ikkje gløymd der heller. 
Her i huset feirer me alt som går an å feira, og Tinka sin fødselsdag er ikkje noko unnatak. Vanlegvis lagar me kake i slike høve, enten det gjeld folk eller dyr. Men i dag gjorde me det litt annleis. Eg fann meg ei vaffeloppskrift og sette i gang med å laga røra. Og Tinka sette seg i tiggeposisjon frå første stund. Ho ville nok forvissa seg om at vaflane ikkje gjekk henne forbi.

Seinare på dagen dekka me bordet med ein stor stabel med vaflar, kaffi, brunost og heimalaga bringebærsyltetøy. Og midtpunktet Tinka fekk sjølvsagt sin rikelege del. 
Sjølv håpar eg å få ha Tinka i mange år. Ho er ein viktig del av familien. Og ein viktig turkamerat på mine mange turar i fjellet.
 Eg ser fram til mange nye dagar og år saman med henne. 

fredag 15. juli 2022

På fjelltur i skodda


 Så vart det fjellturar med K. i år og. Ho kom reisande med buss frå det høge Nordfjord for å halda meg og Tinka med selskap på fjelltoppane her i Bergensområdet. Den første turen var den mest strevsame. Me gjekk og gjekk i time etter time med vekslande ver. Det verste var skodda som kom og gjekk heile tida. Men me hadde store, flotte vardar som viste oss vegen heilt til topps. Når skodda vart litt for tjukk, stoppa me og venta til ho hadde letna. På veg opp møtte me nokre karar som fortalde at dei hadde greidd å få seg vill, men dei hadde tydelegvis kome på rett spor att. Så den dagen kunne me gått oss vill me og om me ikkje hadde passa på. Men det gjekk greitt, og me kom oss til topps utan større problem. Så mykje utsikt var det ikkje der oppe, berre litt av og til når skodda flytta litt på seg. Likevel var det flott og ha greidd det. 

På toppen møtte me ein gjeng med damer som hadde kome opp ein annan veg. Dei tok nokre bilete av oss der oppe. Greitt å få dokumentert kvar me hadde vore.  -  Etter ein god mat- og kvilepause gjekk me i gang med nedstigninga. Det gjekk lettare nedover for då hadde me ikkje skodda å vera redd for. Vel er me begge damer i sekstiåra, men me er enno ikkje for gamle til å gje oss i kast med lange strabasiøse fjellturar. Men den sprekaste av oss er Tinka. Ingen tvil om det.

Me kom heim til leiligheten min seint på kveld til middag og seng, for så å lada opp att til ein ny fin tur neste dag.

Her var dagens mål:




søndag 5. juni 2022

Ubeden gjest


 For nokre dagar sidan oppdaga O. og eg at me hadde fått ein gjest av dei sjeldne. Gjesten hadde sett seg fast oppe i taket i stova. Det er ikkje lett å sjå kva biletet viser, men det er altså ein snigel, med hus og det heile. Kor lenge han har stått der, veit me ikkje, men då O. heva blikket ein dag vart den ubedne gjesten oppdaga. Skal sei me vart overaska! Det er interessant med dyr av forskjelleg slag, men dette slaget kan eg styra mi begeistring for. Eller rettare sagt: Eg har eit svært anstrengt forhold til sniglar og makkar og liknande. Så denne ekle skapningen ville eg aldeles ikkje dela heimen min med. 

Eg har ein vane (eller uvane) med å fotografera det meste som eg møter på min veg, og det gjorde eg denne gongen og. Då fotograferinga var unnagjort, gjorde eg kort prosess: Tok tak i snigelen og kasta han ut altandøra. Best å få det gjort før min blauthjarta ektemann skulle finna på å tilby "gjesten" permanent opphald med kost og losji og det heile. I motsetning til meg synest han det er svært interessant med slike skapningar, av ein eller annan merkeleg grunn.

Korleis snigelen har komen inn til oss er meg ei gåte. Me bur tross alt i 4. etasje. Har han verkeleg klatra opp etter husveggen og snikt seg inn altandøra eller kva? Det får me nok aldri vita, for no har eg , som sagt, kasta han ut. Det skulle ikkje forundra meg om han tek same turen ein gong til opp etter husveggen, men då vert han sendt i retur endå ein gong. Det skal eg syta for.


torsdag 19. mai 2022

Hurra for 17. mai !


 Ja, det vart mange "HURRA" på årets 17. mai for to dagar sidan. Ein må attende til 2019 for å oppleva noko liknande. Folk møtte opp i store mengder for å feira denne tradisjonsrike folkefesten. Jubelen stod til himmels her i sentrum av byen mellom dei sju fjell. Uendeleg godt å få feira normalt etter desse åra med korona-pest. 

O. og eg var og ute og såg på livet. Han i dress og eg i bunad. Og så fekk me så fint ver! Berre det heva stemningen. Det var 17. mai-tog i lange baner. Mykje fint å sjå. Korpsmusikk og buekorps var rikeleg til stades. Det ljoma lang veg. Det er vel ingen som er så flinke til å feira nasjonaldagen som oss nordmenn. 

Nytt av året er at eg har fått konebelte til bunaden min. Det var jammen på tid no når O. og eg har vore gifte i nesten 10 år. Har tenkt på det lenge. Men det er ofte slik med denne dama, at det kan vera eit godt stykke frå tanke til handling. Og beltet vart så fint, så fint. Sjå berre på biletet!  Men no er det gjort og beltet passa så godt  saman med resten av den fine bunaden min som kjem frå mine heimtrakter.

Etter ein tur på byen, tok eg meg ein tur med Tinka nordover til den parken me plar gå til. Med bunad må ein rekna med å få merksemd  på ein slik dag. Turistar, og særleg utlendingar, likar norske bunader, noko dei gjev tydeleg uttrykk for. Då må ein  finna seg i å verta fotografert. 

Heldige oss som har eit fritt demokratisk land å bu i. Håpar inderleg at det krigsherja Ukraina får attende fridomen sin snart, og at dei kan nyta livet slik som oss. Og så får me håpa at slutten på korona-tida er nådd slik at me kan leva normalt att på alle måtar. 

mandag 2. mai 2022

Farvel korona ?


 I ca to år har det stått ein stor grå bygning godt synleg i sentrum av byen. Den staden folk gjekk til når dei skulle korona-testa seg. Ein bygning som minna stygt om denne pandemien som har herja over store deler av kloden vår, og som har etterlate seg eit stort antal alvorleg sjuke og døde. Sjølv har eg vore der tre gongar for å utelukka smitte. 

Ein dag i sist veke då eg gjekk forbi denne staden, såg eg at dei hadde kome godt på veg til å avvikla heile greia. Berre eit par brakker stod att. Eit gledeleg syn. Pandemien er på retur, sjølv om nokon påstår at det kan koma fleire bølgjer med smitte. Det kan ein sjølvsagt ikkje utelukka enno. Får ha det i bakhovudet og vera forsiktig. Eg brukar fortsatt munnbind i butikkar og på bussen, sjølv om det ikkje lenger er påbudt. Men så er det vel ikkje forbudt heller. 
Eg har vore heldig og sluppe smitte heile denne koronatida, sjølv om eg er blant dei få som ikkje har teke koronavaksina. Difor har eg måtta vera ekstra forsiktig. O. og eg har levd i ein sjølvpålagt karantene store deler av dei siste åra. Men no har me begynt å ta kontakt med slekt og venner i eit forsøk på å koma attende til eit normalt liv.

Eit par dagar etter det første biletet såg det slik ut der testestasjonen stod. Tilsynelatande heilt normalt, slik som før pandemien. Kunne ein berre vera sikker på det...  Det kan ein sjølvsagt ikkje heilt enno. Men me lever i håpet. Ser framover med forventning.    Det store ønskjet er: 
 
 LENGE LEVE NORMALE TIDER!

fredag 15. april 2022

Skjærtorsdagsdramatikk


 Skjærtorsdag 2022 begynte så fint. Sola skein frå skyfri himmel og alt låg til rette for ein tur på fjellet. Medan eg pakka sekken slengde eg eit blikk mot soveromsglaset. Der såg det ut til å koma røyk sigande. Eg sprang til glaset, opna det og keik ut. Synet som møtte meg var ei gate full av brannbilar, politibilar og ambulansar. Og ein voldsom røyk. Eg varsla O. og sette fjellturen på vent. For å få litt oversikt over situasjonen, sprang eg ut og såg etter kor det røyken kunne koma frå. Den viste seg å koma frå berre 3-4 hus bortom oss. Og vinden bles i retning oss. Røyken velta tjukk og ekkel opp frå taket der. Eg tenkte at då er det vel fare for at me må evakuera. Eg sprang inn att for å unngå å få røykskader.  O. og eg vart einige om å avventa situasjonen. Det er mange tankar som fer gjennom hovudet når slikt skjer.  Kven veit om heile husrekkja kom til å brenna ned. Vel bur me i eit murhus, men likevel... Det vart nervepirrande minuttar. Eg såg av og til ut glaset og såg at utrykningspersonalet gjorde det dei kunne. Nokre brannmenn utstyrte seg med noko på ryggen for å gå inn i bygningen. Røykdykkarar, tenkte eg. Det er vel folk i huset...

Etter ei stund merka eg at røyken avtok, og etter kvart forsvant han heilt. Då las eg på bt.no at brannen var under kontroll. Dermed kunne me senka skuldrene. I ettertid fekk me vita at den voldsomme røyken hadde lagt seg over store delar av byens sentrum. 
Vel, me slapp å evakuera, og godt var det. Hjelpemannskapa tok til å trekkja seg attende og alt såg ut til å normalisera seg. 
Dermed dukka fjellturplanane opp att. Som tenkt, så gjort. Eg pakka sekken, tok med meg Tinka og for av garde. Godt å få tankane over på noko anna enn brann og redsle for hus og heim. 

Det vart ein heftig fjelltur i bratt og snødekt terreng. Kom heim att seint på kveld. Då stod der fortsatt ein brannbil i gata, og det lukta enno brent i området. Når det gjaldt huset som brann så kan ein ikkje sjå brannskader på utsida sidan det var eit murhus. Men der er sikkert store skader inne. Likevel, det viktigaste er at ingen vart alvorleg skadd, berre ein person fekk litt røykskader.  

Kva som var brannårsaka veit eg ikkje, men det kjem vel fram etter kvart.

onsdag 13. april 2022

64 år


 Det er kveld på min 64. fødselsdag. Min kjære O. og eg har hatt ein god dag med ei fin lita feiring. Eg har altså vorte ei godt vaksen dame på 64 år. Er det så mykje å feira at ein vert eldre? Sei det...

I alle fall vart eg fødd for 64 år sidan, og har fått leva så mange år. Ikkje alle får det. Det er ikkje alle som får lov å verta fødde ein gong. Abort tek livet av så mange. Men eg har fått leva. Det vart eit kronglete liv, særleg i unge år. Men det har lysna etter kvart. No har eg eit godt liv saman med min kjære mann. Det gjeld å ta vare på kvar dag me får saman. Så får det så vera at åra set sine spor med stadig gråare hår og fleire rukker i ansiktet. Det er og ein del av livet.

Me tek det roleg med feiringar her i huset, men eg bakte denne kaka i går slik at fødselsdagen min vert litt annleis enn andre dagar. Kaka var god den, og ei av O. sine døtre kom innom og fekk smaka. Ho hadde med seg gule tulipanar som no står på bordet her og lyser opp. Passar godt no til påske. 

Og så er det så kjekt med alle meldingar og telefonsamtalar eg har fått i løpet av dagen. Veldig kjekt å verta hugsa. Gode venner er gull verdt. 

Eg gler meg over at eg har god fysisk helse, slik at eg får gå turar i skog og fjell. Det betyr mykje. Det er alltid nye naturopplevingar å få med seg. Og så har eg alltid så god turkamerat i Tinka.

I morgon tek eg til på resten av livet mitt. Er innstillt på å få mest mogeleg ut av det. Spennande....


søndag 13. mars 2022

Krig i vår tid

For nokre dagar sidan, då eg var ute og gjekk, såg eg dette flagget på toppen av ein stor bygning her i byen. Godt synleg.  I desse dagar veit alle at det er det ukrainske flagget. Nokon hadde tydelegvis plassert det der i solidaritet med det ukrainske folket som vart angripen av Putins Russland for nokre veker sidan. Det er berre heilt forferdeleg det som foregår der no. Nyhetssendingane på alle kanalar handlar om dette. Landet lir og folket blør. Mange har døydd og endå fleire flyktar mot andre land. Til og med Norge har teke imot ukrainske flyktningar, og fleire kjem. 

Kven skulle trudd dette for berre kort tid sidan?  Europa har vore forholdsvis fredeleg i lang tid. Men det skulle ikkje vara. Mykje vil ha meir, heiter det. Og den langfingra gribben borti Russland, Putin, har ikkje nok med det store landet sitt. Han ville ha meir og gjekk laus på Ukraina, eit av dei fattigaste landa i Europa. Kva tenkjer han på? Han skulle vore tilsnakka, var det ein som sa. I staden for å bruka pengar på krigføring, kunne han hjelpt sitt eige fattige folk til betre livsforhold, som  mat og skikkelege husvære for det folket han er sett til å styra. 
Men med sin oppførsel kan han virka som ein ny Hitler. Skremmande...  Sjølv har eg vore til Russland fire gongar med hjelpesending, så eg har sett ein del av fattigdomen der. Og det er synd i det russiske folket og. Vanlege folk i Russland er sterkt i mot det som no skjer i Ukraina. 

Likevel, - no er det det ukrainske folket som har det verst. Ukraina er eit stort land med over 44 millionar menneske. Og der er lange avstandar. Det fekk eg sjå sjølv då eg fekk vera med på faddertur dit i 2017 med Misjon Uten Grenser. Då fekk eg besøkja fadderfamilien min som eg støtta økonomisk i mange år. Ein skjønn og harmonisk familie som levde i enkle kår. Faren var på arbeid då eg kom, men eg fekk møta mora og dei sju flotte borna hennar. Det var ei oppleving som eg alltid kjem til å ha med meg. Kort tid etter gjekk dei ut av systemet fordi dei då greidde seg sjølve, så eg har ikkje lenger kontakt med dei. Men no i desse dagar går tankane mine dit. Skal tru om dei er hardt ramma av krigen? Korleis har dei det no?   Kan henda dei har måtta flykta...  Ja, det vert litt annleis når ein tenkjer på folk som ein har møtt.

Eg har ikkje noko forhåpning om at diktatoren Putin tek til vit. Men me får ha det ukrainske folket i tankane og be om ein snarleg slutt på denne meiningslause krigen. Som alltid i krig er det dei uskuldige sivile som lir mest. 



søndag 6. mars 2022

Vår 2022


 Så fekk me ein ny vår i år og. "Nytt liv av daude gror" heiter det i ein song. Og det er så sant. No livnar det til omkring oss. Gjennom den harde vinterjorda sprengjer nytt liv seg opp. Berre sjå på denne nydelege krokusen!  Tenk at noko så fint kan koma opp or ei jord som for kort tid sidan var enten steinhard av frost eller tilsølt med jord og lauv frå i fjor. I tillegg har me alle dei mange og hyppige regnbygene her på vestlandet, som gjer at vegar og stiar i periodar ser meir ut som bekker og elver. Likevel - nytt liv pressar seg på når kalenderen viser at det er vår.

Det var no ein dag eg var ute og gjekk her i mitt nærmiljø. Hadde med fotoapparat, og godt var det for det var så mykje fint å ta bilete av. Denne vesle krokusen stod litt for seg sjølv og strålte mot sola, jublande glad for sol og varme, såg det ut til. 
Her er og store mengder med snøklokker. Dei er oftast tidlegare oppe or jorda enn krokusen. 

I utkanten av byen der eg har leiligheten min, er ikkje våren komen så langt som her. Men han kjem der og, når han berre får litt meir tid. 

I dag skin sola, og det er ikkje ofte. Det er helst regnet som dominerer. Det har regna og regna i heile vinter. Litt snø har me hatt, men han regnar fort vekk. Til tross for regnklede og paraply har eg i periodar følt me gjennomvåt heilt inn til sjela, så kvar enkelt solstråle er inderleg velkomen.

På grunn av det våte veret har det vorte lite av fjellturar i den seinare tid. Men med litt meir sol, lys og varme , håpar eg på meir av det slaget no framover.

lørdag 5. februar 2022

Kvilestund

 Noko eg gjer mykje og ofte er å gå på biblioteket. Der er det grenselause mengder med lesestoff for folk som meg, som likar å lesa. Og biblioteket ligg ikkje lenger unna enn ca 10 - 15 minutt spasertur. Det var på ei slik tur i går at eg kom over dette motivet. Eg gjekk som vanleg forbi det vesle vatnet midt i sentrum der det alltid er eit rikt fugleliv: Ender, måsar, duer, svaner og meir til. Nokre av svanene hadde teke seg ein tur på land og gjort som denne, teke seg ei kvilestund. Dei går tydelegvis ikkje og legg seg når dei er trøytte, men står på ein fot med hovudet under eine vengja. Litt av ein sovestilling, må eg sei. Heilt utruleg at dei greier å slappa av i ein slik stillling. Men det er vel slik det er i fugleverda. 

Eg la merke til dei store symjeføtene deira. Solide greier. Men så er det stort sett symjeføter dei brukar når dei skal koma seg fram.

Når ein snakkar om sovestilling så er det vel endå meir spesielt med flaggermusa. Desse flygande pattedyra heng opp-ned etter føtene frå greiner oppe i trea når dei skal sova. Og det same når dei går i dvale for vinteren. Underleg....

Kva viss eg hadde prøvd å sova som svana, på ein fot med hovudet under armen?  Eller som flaggermusa, opp-ned hengjande frå ei grein?  Utenkjeleg. Hadde ikkje vorte mykje soving, nei.

Slik stod eg og tenkte der ved svanene og dei andre fuglane. Godt at me menneske slepp å gjera som fuglane og dyra som må vera ute heile året. Stakkars kryp. Håpar dei ikkje frys og lid naud altfor mykje. 
Med desse tankane rusla eg heimover med bøkene frå biblioteket...

torsdag 13. januar 2022

Godt nytt vått år!


I dag er det tjuande dag jul og me har pakka vekk alt som har med jula å gjera. Berre denne fine juleblomen amaryllis let me stå, for han blømer no på sitt finaste.

 Me har hatt ei fin roleg jul, heilt utan besøk, på koronavis. Og no har me kome fleire veker inn i det nye året 2022. Det store spørsmålet no er kva slags år som ligg framføre oss. Mest sannsynleg er det vel eit nytt koronaår me har begynt på. Den seige, langvarige pesten slepp ikkje taket med det første, ser det ut til. Det nyttar ikkje å protestera så det er berre å innstilla seg etter forholda. Me held oss fortsatt usmitta, men to personar i nær familie var ikkje så heldige. Dei vart smitta og måtte feira jul i isolasjon. Heldigvis er dei over det no. No er det nokre i O. sin familie som er smitta. Får berre håpa det beste for dei.  Dessutan vert ikkje folk så veldig sjuke av den noverande varianten, og det lovar godt. Kanskje det er ein ende på elendet. Me lever i håpet...

Men det er andre trasige ting som skjer no i desse regnvåte vinterdagar: Nyhetssendingane er fulle av opplysningar om ekstremveret "Gyda" som har feia inn over kysten vår. Det har kome regn i urimelege mengder som har gjort stor skade, og verre skal det verta, seier vervarslinga. Det er ikkje så heilt gale her i Hordaland, men lenger nord på vestlandet og i Trøndelag er det betrakteleg verre. 

Hurtigruta som kom hit i går, ligg fortsatt her. Og eg såg på internett at dei andre hurtigrutene ligg til kai langs heile kysten bortsett frå i Finnmark. Ikkje verdt å ta opp kampen med ho "Gyda". Sikkert lurt å venta til ho har rasa ifrå seg. Naturkreftene er ikkje til å spøkja med. 

Men for oss som har hund så må ein ut. Tinka er van med tre turar pr. dag, og får ho ikkje det så seier ho ifrå. No nærmar det seg forresten tur. Den firbeinte har alt teke til å senda meg lengtande blikk. Så no er det berre å kle seg i fullt regnutstyr og la det stå til. Livet med hund kan vera friskt!