tirsdag 23. august 2022

Ei kulturhistorisk vandring


 Sommaren 2022 går mot slutten. Men sjølv om det vart ein heller våt sommar, sit eg att med mange gode minne.  K. og eg fekk nokre fine turar i fjellet også denne sommaren. Denne gongen med leiligheten min som utgangspunkt. Den første turen var den lengste og mest strabasiøse. Der gjekk me på steinete underlag i timesvis, og skodda følgde oss heilt til topps. 
 
Dagen etter hadde me behov for ein lettare tur. Dermed kjørte me til det eg meiner er verdas finaste øy, altså til mine heimtrakter. Biletet viser ein nydeleg stad i gangavstand frå der eg vaks opp. Dette er ei naturperle som eg skulle unna fleire å få med seg. I dette området, nedom desse svingane,  har eg vore mange gongar gjennom heile barndomen og ungdomen, og seinare og. 
På barneskulen hadde me ein friluftsinteressert lærar som lærte oss å bruka kart og kompass, og så sprang me terrengløp som han hadde laga til. Om vintrane gjekk me på ski her. 

Biletet viser nokre av dei 17 hårnålsvingane som går oppover eit skar. Vegen opp dette bratte skaret og langs vatnet vart truleg bygd i åra 1889-93. Det vart bygd på pliktarbeid, ved at grunneigarane langs vegen vart pålagde å utføra arbeidet. Det var viktig å få bygd denne vegen fordi gardane oppom svingane sokna den gongen til kyrkja som ligg ved fjorden lengst vekke på biletet. Det er ingen bilveg, og det vert det nok aldri, heldigvis. Men i gamle dagar greidde dei seg med ein enkel kjerreveg. 
     Berre det å få bygd denne svingete vegen var dei bragd, for opp dette skaret er det skikkeleg bratt. Det måtte byggjast murar og stabbesteinar måtte på plass. Eit imponerande verk! Dei fekk det til i gamle dagar og. 
     Denne vakre staden er noko vekkgøymd. Sikkert ikkje så mange som veit om han. Likevel møtte K. og eg nokre utlendingar då me var   på veg ned att desse svingane.  Utruleg...

Denne dagen fekk me ei fin kulturhistorisk vandring gjennom eit gammalt landskap. Ingen trafikk eller anna bråk, berre fred og ro.

Til denne vakre staden knyter det seg ei segn. Her er den:
"Ein vinterdag i gamle dagar var eit brurafølgje på veg til vigsle i kyrkja. Då dei hadde kjørt ned svingane tok dei lettaste vegen, over isen på vatnet. Men det gjekk gale, heile følgjet gjekk gjennom isen og alle drukna. 
Når du i dag står oppe i svingane og ser utover vatnet ein sommardag, kan du sjå kor det blenkjer i brurekrona...." 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar