tirsdag 26. desember 2017

Jul 2017

  - Så vart det jul i år og. Den regnvåte hausten gjekk over i ei minst like regnvåt jul. Meteorologane trua med ekstremver og nedbørsrekord her i landets våtaste by, og vått vart det, no som elles. Tinka og eg kjenner det på kroppen, på våre tre daglege turar.
Slik er det å ha hund. Ut må ein uansett ver. Men me har så godt av det.  Min kjære O. ser på veret når det er spørsmål om tur. Det kan ikkje Tinka og eg gjera. Eg har forlengst investert i paraply med stålspilar. Noko anna nyttar ikkje når nordavinden (og andre vindar) er med i bildet. Regnklede og paraply kunne like gjerne vore nasjonaldrakta her på vestlandet. Men me lir ikkje av tørke som så mange andre stader i verda. Veldig godt !

  - Men jul vart det altså likevel. I går samla me O. sine etterkomarar til den tradisjonelle juletorskmiddagen. Alle fekk metta seg med førsteklasses kokt torsk, dessert og julekaker.

  -  Så følgde gåveutdeling. Og alle fekk gåver som passa for kvar enkelt. Om ei snelle til fiskestong(bildet) passar til denne dama, får tida visa. Men det var noko eg hadde ønskt meg.
 O. har hatt ei lita, gammal fiskestong utan snelle ståande som han ikkje har planar om å bruka meir, sidan han har ei anna større som han likar betre. Først spurde eg om eg kunne kjøpa den gamle av han. Så vart det litt diskusjon som enda med at eg kunne overta henne og ønskja meg ei ny snelle til jul. Og slik vart det.

  - No  drøymer eg om sommardagar der me står på kaien ved hytta med kvar si fiskestong og hentar opp fisk til hyttemiddagen...

tirsdag 12. desember 2017

Eit streif av vinter

Endeleg kom regnet ned i fast form og la sitt kvite teppe over alt og alle. No ein dag då me var ute på dagens kveldstur, møtte me denne snømannen. Han stod der og lyste så kvit og fin. Akkurat den fargen som eg hungrar så etter på denne tida av året.  
Eg trur Tinka og eg tenkjer likt når det gjeldt snø. Ho jublar på sin måte når ho kjem ut og oppdagar snøen. Då er det å rulla seg og rasa omkring. Det ser ut som om ho og får meir energi av lyset (som om ho ikkje har nok av det frå før) Kanskje me to snøelskarar skal unna oss nokre dagar på fjellet og få utløp for turlyster i snøen... Eg kan no bruka litt av førejulstida til å drøyma litt i den retning. For i morgon er veret attende til det "normale", grått og vått. 
Men no står jula for døra, så eg får drøyma enno ei stund. Og enn så lenge kosa meg inne, med julebrevskriving, smultringbakst og andre adventsysler. 
  

søndag 3. desember 2017

Alt er ein overgang.

Det har ikkje vorte mykje bloggskriving no i haust. Ikkje det at eg har så mykje å gjera. Har alltid noko som opptek meg. Sit aldri med hendene i fanget. Og stadig er planane mange. Men uansett så går tida skrekkeleg fort!
 Dagane har vorte så korte at mange av mine planar har vorte med tanken. Mørkret ruver over den regnvåte byen, og i det siste har eg vore trøttare enn elles. Eg vel å skulda på årstida.
  -  Sist veke kom det likevel eit lyspunkt frå Det Meteorologiske Institutt: Det var snø i vente! Og mitt barnlege hjarta gledde seg stort. Men då tida var inne, kom snøen som regn,  -  som vanleg.
  - Så no sit eg her og prøver å halda motet oppe med eit lite sommarminne frå årets hyttesesong: To blømande rosebusker(bildet)  Det var så kjekt å koma på hyttetur og sjå så mange roser. Men også her vart gleda kortvarig. Den neste hytteturen møtte meg med tomme rosestilkar. Berre greinene stod att. Ingen tvil om kven som hadde vore der. Hjortebestanden spør ikkje om lov når dei vil ha noko.
Så følgde fleire roselause månader der ved hytta.  Men så, på ein dagstur dit den 31.oktober  stod det brått ein knopp i rosebedet. Han stod der og lyste så frimodigt i dei kalde, våte omgjevnadene.
Det skulle ikkje meir til for at stemningsleiet mitt steig nokre hakk.
Men på neste hyttedagstur var han vekke. Det vart hjortamat av den knoppen og.
Så alt er ein overgang, som reven sa då han vart flådd.

  - Livet her vest er full av regnbyger, men det har aldri hendt at dei ikkje har letta. Eg er glad for kvar regnbyge som gjev meg den ære å forsvinna, og for kvar den solstråle som unner meg litt varme.
Her gjeldt det å finna lyspunktene.

lørdag 14. oktober 2017

Som hund og katt

Til alle tider har hundar og kattar vore i konflikt med kvarandre. Hundar jagar kattar og kattane kjem seg unna. Slik har det alltid vore og slik kjem det vel alltid til å vera.
Tinka er ikkje noko unnatak. Ho leitar opp kvart einaste kattabeist i nærmiljøet og gjer sitt beste for gjera ende på stakkaren. Som her på bildet. Katten har søkt tilflukt oppå ein bil medan Tinka sender han nokre saftige hundegloser med volumet på full styrke ! Det hjelper berre sånn passeleg. Som kattar flest sit han der med is i magen og eit dødeleg blikk. Han veit han er trygg for hunden går i band og sjølv kan han berre sitja der utan å verta nådd. Skulle ein hund gå laus, er det berre å springa å koma seg oppi eit tre. Han har forlengst skjønt at hundar klatrar ikkje i tre. Og det trur eg me skal vera glade for, elles hadde det vorte mangt eit basketak oppi trea.

  - Likevel kan det verta nærkampar på bakkenivå og. Som den gongen ho rykkte til så kraftigt då ho såg ein katt at bandet slitna. Ho for av garde mot katten og fekk kjenna kva nærkontakt med kattar kan vera. Katten verja seg ved å senda henne sine kvasse klør, som traff henne på snuten så blodet rann. Det var ein blodig hund eg kom heim med den dagen.
  Eg håpa på at ho hadde lært av episoden. Men nei. Neste gong me møtte ein katt var det same sjauen. Og slik har det vore sidan. Så dette med "hund og katt"-fiendskap ligg vel i genane. Eg har ikkje funne anna forklaring.
I alle fall har eg så langt ikkje greidd å læra henne å elska sine fiendar. Der har me tydelegvis ein lang veg å gå.

tirsdag 3. oktober 2017

Plommesyltetøy 2017

  - Dette er årets plommefangst, etter syltinga. Råvarene kjem frå eit gammalt plommetre på heimlege trakter på ei viss øy. Det er ikkje kvart år det vert så mykje plommer som i år, men no har me sikkert syltetøy på skiva i fleire år framover.  I fjor vart det ingenting. Treet var riktignok full av plommer kort tid før plukking, men då plukkedagen kom, hadde dei forsvunne på mystisk vis. 

Det stakkars vanstelte plommetreet står utsett til i ei brekke attmed ein veg, og kunne trengja litt pleie og omsorg, inkludert næring og beskjering. Så det får me ha i tankane som takk for årets gode avkastning. 
Plukkinga var ikkje utan problem. Dei aller fleste plommene kunne ikkje nåast frå bakkenivå. Og med stige er det vanskeleg i bratt terreng. Så det vart litt klatring, og med riva til hjelp nådde eg dei fleste. Resten fekk berre hengja, - til plommetjuvar med ekstra lange armar eller til fuglane. 

No har me teke syltetøyet i bruk. Og det smakar som heimalaga syltetøy skal smaka, til glede for både oss og andre. For me reknar med å dela litt, - gje vekk som enkle velsmakande gåver  til dei som stikk innom no utover hausten og vinteren.
 Ein smak av sommaren som var.



søndag 24. september 2017

Sykkel-VM 2

Sykkel-VM går mot slutten. Siste dagen i dag.  Og desse dagane har vore heilt spesielle. Byen er snudd opp-ned. Folkefest, vellukka, heilt fantastisk, er berre nokre få av dei mange positive ord og uttrykk som går att når folk snakkar om denne hendinga. Ikkje så rart. Ifølgje nyhetene er det det største idrettsarrangementet som har vore her i byen nokonsinne.  Og den innfødde statsministeren har sjølvsagt omtalt denne veka i høge ordelag og skrytt av innbyggjarane sin innsats. Der er eg samd med henne. Sjølv om eg ikkje er interessert i verken sport eller noko som smakar av konkurranse. Fart minner meg om stress, og det har eg hatt nok av i jobbsamanheng. Eg foretrekkjer rolegare former for liv. Som fredelege fjellturar i eige tempo.

Men me menneske er så forskjellege. Og denne veka er det dei på to hjul som har fått utløp for konkurranseinstinktet. 
Mykje arbeid er lagt ned på førehand. Den mange mil lange løypa er grundigt inngjerdt, og gjort det nesten umogeleg å bruka bil. Kvar enn ein skal er det sperringar og omvegar.  Korleis bussjåførane får gjort jobben sin er meg ei gåte.  Å reisa på hyttetur no var ikkje å tenkja på, så bilen har fått stå i ro. Sentrum er nesten bilfri, og erstatta av desse konkurrerande syklistane frå heile verda. Utruleg at det er eit verdensmesterskap som har kome hit til vårt nærmiljø !

  - Då eg var på veg gjennom sentrum etter gårsdagens fjelltur, var det reine 17.-tilstandar. Tjukt av folk. Tinka og eg gjekk i kø. Og storhendinga vart filma frå sidelinja, frå motorsyklane som følgde deltakarane og frå brølande helikopter over hustaka.  Slik har det vore heile veka, men sjølvsagt meir folksomt no i helga. 
  - Likevel, - alt har ein ende. Folkefesten er over. Alle syklistar er komne i mål. Unntakstilstanden er slutt. Vinnarane er kåra, og no er dei sikkert klare for heimreis. 
  - Det som står att er opprydninga. Og sjølv om det har vore  moro, skal det verta godt å koma attende til normale tilstandar og den heilt vanlege kvardagen.






mandag 18. september 2017

Sykkel-VM 1




Det er fest i byen i desse dagar. Eit lenge planlagt sykkel-VM har teke til. Mange store tre som på bildet har vorte pynta med strikkeplagg for anledningen.  10-12 slike tre prydar byen no. Det meste er strikka, noko hekla og så ser det ut som om det er brodert utanpå. Sikkert eit møysommeleg arbeid. Ikkje minst å få den ferdige stasen opp på trea. 
  - Mange har pynta med syklar, i butikkar, i hagar og på fortau og elles i bybildet. For no er det sykling som gjeld. 
Tenk at verdas beste syklistar inntek byen ! Det får me fastbuande innbyggjarar sjå på som ei ære. 
  - Gårsdagen, som var søndag, vart gudstenesta i domkyrkja flytta ut på sjølvaste torgallmenningen. Med kor og musikkorps og ei sykkelinspirert preike på fire språk vart det ei verdig byrjing på sykkel-VM-veka. Svært vellukka, nydeleg samansetjing, var det som vart sagt etterpå. Dei tilreisande syklistane fekk byrja arrangementet med Guds velsigning med på ferda. Så følgde salmesong og utdeling av vaflar frå sjømannskyrkja, før me fekk syklinga på storskjerm.

No er konkurransen i gong. Sykkelløypene er godt og grundigt inngjerdte og  foregår både her i byen og på øyane utanfor, på gater så vel som landevegar og over bruer som heldt by og land saman. 

Veret har vist seg frå si beste side så langt, og me får håpa både for dei konkurrerande og dei som ser på at det held seg slik. 



søndag 27. august 2017

5 års bryllaupsdag

Tenk at no har O. og eg vore gifte i 5 år !  Det har vore 5 gode og innhaldsrike år, fyllt av gode stunder gjennom kvardag og helg, husarbeid og matlaging, turar og opplevingar, diskusjonar og ting me har vore usamde om, kos, kjærleik i mange former, og mange, mange fine samtalar. 
  - I skrivande stund er det 5 år og 2 dagar sidan den forrykande regnversdagen me vart vigde. Regn har me hatt rikeleg av både før og etter, men den væta som kom ned den dagen slo alle rekordar. Så mykje regn kom det på bryllaupsdagen vår at det vart avisskriverier av det. Men regn på ein slik dag skal visst tyda lukke, er det ikkje så ? I vårt tilfelle kan det stemma.
  - På dagen vår var eg ute og kjøpte ein bukett med "brudeslør" (bildet over) Det skulle vel passa bra på ein slik dag. 
Deretter gjekk min kjære O. ut og kjøpte ein bukett med raude roser. Saman med brudesløret tok det seg godt ut,men måtte fordelast i to vasar. 
Og kortet var adressert til oss sjølve frå oss sjølve. 

  - Ut på ettermiddagen pynta me oss for å gå ut og eta. Me gjekk ned til kaien og ombord i ein heilt spesiell båt som i min barndom gjekk i rute inne i ein viss fjord, men som no fungerer som flytande restaurant. Utanpå er båten heilt lik som eg hugsa han frå 60-talet. Men inni fint ombygd til formålet.
Me fekk oss eit bord for to på dekk, og medan båten glei frå kai i solskinet, fekk me forsyna oss av den flotte menyen av sjømat.
Ein og ein halv time i den varme seinsommarsola med den finaste utsikt gav god matlyst. Og dei fine omgjevnadane var ei nydeleg ramme for feiringa vår.

No sit me her i stova vår og nyt synet av dei fine blomane våre og ønskjer oss mange fleire gode år og stunder saman med
-    kvarandre.

mandag 21. august 2017

Moltekrem

 
Her ser mine blogglesarar ei skål med moltekrem. Ser det ikkje freistande ut ? Det er ikkje ofte ein kjem over molter i så store mengder at ein kan laga noko av dei. Sjølv har eg berre oppdaga ei og anna einsleg utgåve av arten på mine vandringar i fjellet. Mange har vel moltestader der dei plukkar kvart år, og som dei sikkert er nøye med å halda hemmeleg frå år til år. Forståeleg nok.
  - Men så var eg så heldig å få eit heilt glas med moltesyltetøy frå ei viss dame i nabofylket. Det har me kost oss med gjennom mange frukostar sidan. Og noko av det vart, som de ser, til moltekrem.
Ein kjempegod dessert til nyting for ganen i fleire dagar her hjå oss.
  - Elles har det vore dårleg med bær denne sommaren som har vore ekstra våt og kald. Har funne litt blåbær og endå mindre bringebær, men ikkje nok til å fylla syltepanna, i alle fall ikkje enno. Leitar litt rundt omkring, men førebels kosar me oss med det me fekk frå nabofylket og sender varme tankar nordover til ho som hadde plukka og sylta og gjeve oss denne gode smaken av sommar. Og syltetøyet skal nytast til siste dråpe. Det same med resten av sommaren og det vesle han gjev oss av sol og varme.


onsdag 9. august 2017

Vandring i fjell

Enno ein gong fekk eg fine dagar i fjellet saman med K. Fire flotte vandringsdagar i Langsua vart det i år. Og for første gong var Tinka med oss. 
  - Føreåt for desse dagane hadde me lang kjøring. Og litt kronglete var det å finna fram. Men då fjellheimen Langsua i Gausdal Vestfjell (austom Jotunheimen) låg føre oss, var det verd all kjøring og leiting. Terrenget var tørt og lettgått, stiane tydelege og godt merkte og veret av beste slag. Ikkje ein regndråpe før me var trygt i mål. I sterk kontrast til det vasstrukne vestlandet.
Bjørk, brakje,myrull og lyng for framom der me gjekk. Friskt og frodigt for dei mange sauaflokkane. Steinete høgfjellterreng var det mindre av. 
  - I møte med sauer hadde Tinka det travelt med få sagt kva ho meinte om dei. Om ho såg på dei som venner eller fiendar, leikekameratar eller byttedyr er ikkje godt å sei. Men interessert var ho. Veldig. Kanskje gjetarinstinktet spelte inn og, halv border collie som ho er. 
  - Elles var fjellvandring rette livet for den firbeinte av oss, som oss andre. Godt å rusla av garde, heile dagane, ofte lange stunder utan at det vart sagt noko. Så koma fram ut på kveldane til hytte med mat og seng. Om nettene låg me på rekkje og rad med ukjente folk av diverse nasjonalitetar. Og Tinka låg fint i buret sjølv om ho ikkje var van med å liggja i bur.
  - Då me ein av dagane gjekk forbi eit av dei mange tjørnene der i Langsua, såg me nokre damer som tok seg eit bad. Det inspirerte meg til å ta ein dukkert sjølv. Eg plukka av meg kleda og labba uti i berre trusa. Der fekk eg meg nokre forfriskande symjeturar medan det heile vart like grundigt fotografert som alt anna.

Desse dagane i Langsua gjorde godt, slik fjellturar alltid gjer. Planar om nye opplevingar i fjellet neste år er alt i emning.
Så får me håpa at helsa heldt.
Takk for turen !



søndag 16. juli 2017

Sommar i byen

   
Sola sprengjer seg gjennom skydekket stadig oftare og temperaturen nærmar seg 20. Me er komne midt i feriemånaden juli og det er sommar i byen. I alle fall kan ein ana noko slikt innimellom alle regnbygene. Men regnet gjer godt det og. Det gjer  kvar grøn flekk i byen så frodig at det er ikkje måte på. Ville vekstar tyt opp gjennom asfalten og ut or murar. Næring er det lite av på slike stader. Men med litt vatn ovanfrå ser det ut til at dei har det dei treng. Det kan læra ein litt om nøysemd.

Med sommaren følgjer det turistar. I store mengder. Svære turistskip av det slaget ein ser bakrast på bildet, legg til kai og fyller byen med besøkjande frå alle kantar av verda.  Ofte kjennest det som å gå i kø, i alle fall her i sentrum. Men det er sikkert ei kjærkomen inntektskjelde for byen.

Tinka og eg har hatt nokre flotte turar på hytta. Der er det ingen som går i kø. Hytta har me hatt som utgangspunkt for mange fjellturar, også denne sommaren. Noko som er ein av mine viktigaste hobbyar. For mi helse fungerer det og som medisin.

Snart skal me ut på ei lengre reise til fjells. Då kan den store fjellheimen venta seg besøk av Tinka og to damer på 59.
Det ser me fram til.

søndag 18. juni 2017

Båttur som i gamle dagar

Andre pinsedag var me på båttur, min kjære O., Tinka og eg. På ein gammal båt i gammal stil. Til saman fire gamle fjordabåtar var med på ferda. Og målet var landsbyen ute i havet, Fedje. På bildet kan ein sjå tre av dei fire båtane. Den fjerde og siste var me ombord i og tok bildet. Ein av desse flotte framkomstmidla var ein gammal kjenning frå barndommen. Han frakta oss mang ein gong då me skulle ut mot havet og besøkja bestemor der ute. Den gongen var det ei dagsreis å fara heimafrå og ut dit. No er det landfast og kjøreturen tek litt over ein time.
  - Men dagens tur, til Fedje, var mykje lengre. Fire timar kvar veg. Det vesle samfunnet auka folketalet betrakteleg då fire fulle båtar med folk la til kai.  Først hadde me oss ein velsmakande kvalkjøtmiddag på kafeen der på kaien. Så fekk me nyta synet av den fine kvite kyrkja som låg så lagleg til oppå ein haug.
Då gav Tinka uttrykk for at det var på tid med meir "action". Og det fine veret lokka Tinka og meg til ein lengre tur på denne flotte staden. Der var  utruleg grøderikt til å vera heilt ute i havgapet. Og   godt samband med fastlandet. Ferja gjekk jamnt og trutt heile tida, såg eg.
Då me kom attende til O., hadde han vore og kjøpt fleire kg kvalkjøt med håp om gode kvalkjøtmiddagar heime når me kom heim att til byen. Det vert spennande å prøva.
  - Etter tre timar var det tid for heimreis. Og me kunne nyta ei koseleg og nostalgisk tur attende til byen med servering av betasupa og vaflar. Og sjølvsagt tok eg ein masse med bilde slik eg alltid gjer når eg er ute og ferdast. Det var dette med å ta vare på minnene...

lørdag 17. juni 2017

17.mai - fjelltur

No er det så lenge sidan som over to månader sidan det skjedde noko her på bloggen. Det siste innlegget var om hurtigruteturen i februar og om manglande vinter og snø. Sidan det har mykje skjedd. Vinteren har
gått over i vår og sommar. Og eg har forlengst sleppt taket i det vesle som var av vinter.
Det var ingen snø som måtte smelta, så våren kom tidleg. Først snøklokker, så krokus, påskeliljer og kvitveis. Så følgde årets nye grøne gras og sjølvsagt løvetann. Det var som om me kunne sjå forandring frå dag til dag her me bur, til tross for at me bur i sentrum av Norges nest største by.
Dei mange grøntareala i området hjelper på trivselen for denne utflytta striladama.

  - Så kom 17.mai, - den første saman med Tinka. Ho fekk på seg 17.mai-sløyfa og var så fin , så fin. Eigentleg skulle eg kledd meg i bunad slik eg plar på den dagen, men ikkje i år.  I staden tok eg på meg treningsdrakta og labba til fjells. Saman med Tinka, sjølvsagt.
 I byrjinga hadde eg ikkje noko spesielt mål. Det viktigaste var å få vera ute i det fine varme veret. 
Det enda med at eg gjekk over vidda. Og det var forbausande mange som var ute i same ærendet på nasjonaldagen. 
  - Det var dette eg hadde behov for på årets 17.mai. Ein skikkeleg fjelltur. Så reknar eg med at neste år stiller eg i bunad på nasjonaldagen med feiring på meir tradisjonelt vis.



onsdag 12. april 2017

Utflukta i Honningsvåg

No har det gått over ein månad sidan me kom heim frå den fine vinterturen til Nord-Norge. Det var godt å koma nordover til all den fine snøen. Det gjorde godt for ein snøhungrig vestlending. Berre synet av snø la seg som eit plaster over mitt regnvåte sinn. Og enno tviheldt eg på vinteren med å sjå på bilda frå turen mot nord. For det vart vanskeleg å gje slepp på vinteren i år sidan me ikkje har hatt nokon skikkeleg vinter. Det har berre regna og regna og regna, og det vesle som kom av snø, smelta nesten med ein gong.
Ikkje ein einaste skitur !!   Hmm...

Tidlegare har eg fortalt om den fine hundesledeutflukta i Kirkenes. Veldig kjekt. Men eg hadde ei anna utflukt på turen og, då eg kom til Honningsvåg,  som var mindre planlagt. Og bakgrunnen for den "utflukta" tok til heima i stova eit par dagar før me sette oss på hurtigruta:

Eg hadde nett støvsugd, og var i ferd med å setja støvsugaren på plass att då han brått glapp ut or hendene mine og datt ned på eine foten min. Det var storetåa på høgre foten som måtte ta støyten. Det var grueleg vondt, eg hylte og Tinka kom springande for å trøysta. Men det hjelpte lite på den dundrande smerta.
Min kjære O. hadde vondt i foten i frå før, og no var han ikkje lenger åleine om den saka.
Jaja, tenkte eg for min eigen del, det går vel over. Ei vond tå kan vel ikkje vera så gale. Så då avreisedagen kom, sette me oss på hurtigruta og for av garde.

Men siste ord var ikkje sagt, for tåa. Ho verkte meir og meir for kvar dag, så etter kvart fekk eg problem med å føta meg. Då forstod eg at det var ikkje veg utanom;  Eg måtte til lege. I mellomtida hadde me kome til Finnmark. Så langt nord som ein kan koma i dette landet.
 Er det noko helsevesen så langt nord då, tenkte eg. Og det var det altså. Då MS Lofoten la til kai i Honningsvåg hadde eg alt fått time på Norges nordlegaste legekontor. Ein drosje frakta meg dit, ein fin tur gjennom ei vinterkledd gate. og eg fekk snart erfara at folk der oppi nord heldt seg friske: Eg var einaste pasient, i alle fall på det tidspunktet. Tåa fekk diagnosen betennelse, og eg fekk både antibiotika og smertestillande. Etterpå vart det drosjetur attende same vegen, først innom eit apotek der det heller ikkje var nokon kø, så ombord att på hurtigruta.  Drosjesjåføren høyrde tålmodigt på meg då eg klaga meg over det evigvarande regnet i Bergen, og det enda med at han sa at neste gong veret gjorde det uuthaldeleg i Bergen, så var eg velkomen til å flytta til Honningsvåg.  Greitt å vita.

Dette var den uvanlege utflukta. Då dei andre passasjerane for med bussen til Nordkapp-platået, hadde eg mi eiga utflukt. Veldig kjekt å koma i kontakt med lokalbefolkninga på den måten.
 Og heima att i Bergen har eg eit handfast minne: Kvitteringa frå Nordkapp Legekontor i Honningsvåg, verdas nordlegaste by.
 Det skal eg ha som souvenir.

søndag 26. februar 2017

Ut på dei kvite viddene

  - Eit av høgdepunktene på denne turen var den fine hundesledeturen eg fekk vera med på i Kirkenes.
Medan O. var att på båten med sin vonde fot, tok eg buss til ein stad litt utanfor sjølve Kirkenes der eg møtte ein stor flokk med hundar. Alle hadde sitt eige vesle hundehus. Ein kan undra seg korleis dei greier kulden vinterstid i dei enkle hundehusa, men det er dei vel skapte til, reknar eg med. 
Der var ikkje berre reinrasa huskyhundar, men og blandingar med collie, border collie eller shæfer. Så dei såg overraskande ulike ut. Og alle var snille,kosete og godlynte, og let seg villeg helsa på.
  - Sjølve hundekjøringa var ei spesiell oppleving.Åtte hundar til kvar slede, to personar og føraren. Eg fekk ein slede for meg sjølv, - og eit teppe over meg. Så bar det ut på dei kvite viddene. 
Det vart ein frisk tur. Eg koste meg og det gjorde hundane og. Akkurat som andre hundar likte dei å koma seg ut på tur. Og sjølvsagt tok eg mange bilde undervegs.

Etterpå fekk eg og dei andre helsa på kvelpane og dei halvvaksne hundane som enno ikkje hadde begynt å dra slede. Alle kosete og kontaktsøkjande.
 Ein gong vert det deira tur å dra slede ut på dei kvite viddene.

tirsdag 21. februar 2017

Mot vinterlandet

Det er 4.dagen på turen vår mot nord. Det vert kaldare og meir snø til lenger nord me kjem. Hurtigruta går sin vante gang frå Bergen mot Kirkenes, og no er me komne til Vesterålen. Utflukter er det mange av langs leia. Men me har ikkje vore med på nokon så langt. O.har ein vond fot og eg har ei vond tå, så me held oss mest på båten. Særleg han med den vonde foten. Eg har hatt nokre småturar i land her og der. Men synest det er godt å vera i ro på båten og.
  I føremiddag hadde me besøk av kong Neptun då me passerte polarsirkelen. Han kom med to store skåler med isvatn som han auste ned i nakkane på folk. Isvatnet rann nedover ryggane på dei frivillige mottakarane.Det foregjekk med hyl og skrik. Og så fekk dei ein dram etterpå. Merkeleg tradisjon.Eg heldt meg laaaangt unna. Men dette ville dei ha med seg alle desse utlendingane som reiser med hurtigruta.
 For det er mest utlendingar her ombord.  Danskar,tyskarar,franskmenn,skottar,engelskmenn og folk frå Amerika og Australia. Nordmenn er det lite av. Berre O. og meg.

fredag 17. februar 2017

Vintertur mot nord

O. og eg har hatt mange fine turar i lag. Og no skal me ut å lufta vengjene att. Eller rettare sagt, me skal  til sjøs.  I morgon kveld skifter me ut stova til fordel for denne båten; MS Lofoten som er det minste og eldste av hurtigruteskipa. Og så ber det nordover vår langstrakte og nydelege kyst mot det høge nord. 
  - Det er ca fire og eit halvt år sidan bryllaupsreisa som gjekk same vegen, med eit av dei andre hurtigruteskipa. Det var ei overveldande oppleving.  Det vert det sikkert denne gongen og. Men dette vert altså ein vintertur. Håpar verkeleg å oppleva litt snø og vinter. Det har det vore smått med denne vinteren.
  - Det triste er at me må levera Tinka ifrå oss denne perioden. Og eg veit at eg kjem til å sakna henne. Men har tru på at ho får det godt der ho skal vera. Ho skal få med seg senga si og ballane, så då går det sikkert bra. 
  - No er koffertane pakka med alt som skal til for elleve dagar heimafrå.  Me gler oss.


torsdag 9. februar 2017

Nytt bad, vaskesjau og kviledag

Nytt bad:
Slik ser det ut, vårt nye bad, etter renoveringa. Bildet er teke mot skapet og dusjen. Speglane i skapet speglar det som eg ikkje fekk med på bildet.  
Så fint vart det altså!  Ei skikkeleg ansiktsløftning på badet. No har me eit godt badliv i vente.  Det skal me nytta oss av i komande dagar og år.  Berre nokre detaljar att, så er prosjektet fullført.
Dette gler me oss over, og snart nærmar det seg tid for å flytta attende til heimen.

Vaskesjau:
Baksida av medaljen er alt det betongstøvet som har lagt seg over heimen. Eit finkorna støv som kjem til på dei utrulegaste stader, og som denne dama har teke opp kampen mot. Soverommet og roterommet (O. sitt arbeidsrom) har vore avstengde, så dei har unngått støvet, men resten av heimen må få ein grundig overhaling med støvsugar,dampvaskar og vaskefiller frå tak til golv + alle krokar i møblar og skap. Eit tungt og tidkrevande arbeid, men med eit forhåpentlegvis godt resultat i nær framtid.

Kviledag:
Dette etterarbeidet har foregått no nokre dagar, frå morgon til kveld. Det har teke på. Særleg takvasking er tunge greier. Så i dag melde det seg eit behov for ein kviledag. Men i morgon er det i gang att.
No ser me fram til å få støvet ut slik at me kan flytta heim att. Det skulle ikkje vera så mange dagane att. Dessutan har me noko som driv oss til å få dette gjort. Me har nemleg noko veldig gledeleg å sjå fram til om ei og ei halv veke.... - - -
 

fredag 27. januar 2017

Gjenbruk på fotballbana

No har me budd her på vår førebelse adresse i over tre veker,og dermed over halvparten av tida vår her. For meg har det vore som å koma heim. Det er tross alt her eg har budd lengst i heile livet mitt. For dei to andre i familien er det litt annleis. Min kjære O. tek det meir som ei mellomlanding, og eg mistenkjer han for å lengta attende til byen.
 Kva vår firbeinte familiemedlem meiner om saka er ikkje godt å sei. Her er mange hundar, men likevel ikkje så mange som ho er van med i byen. Og det vert ikkje så ofte ho får springa laus med dei.
  - Men ho har oppdaga noko anna: Blant dei mange fotballbanene her omkring, har ho lagt sin elsk på denne grusbana. Denne bana er nok ikkje heilt oppdatert når det gjeldt vedlikehald, og ser ut til å vera meir brukt av hundar enn av folk.
 Her ligg det 10-12 godt brukte fotballar som forlengst har gjort si gjerning, meir eller mindre punkterte som dei er.  
Men her er det gjenbruk som er tingen. Når  fotballar ikkje duger på fotballbana lenger, er dei gode nok for våre firbeinte venner. Og ballar med lite luft i er så mykje lettare å få tak på av ein hund. Det har Tinka oppdaga. Og så likar ho så godt å springa etter ballar. Fin måte å få ut overflødig energi for ein unghund som henne.  Kvar gong me går  retning denne bana, dreg ho meir og meir i bandet og kan ikkje koma dit fort nok. Godt at nokon ser verdien av gjenbruk av fotballar. Det er til stor glede for Tinka og andre fotballinteresserte hundar.
Kjekt at Tinka har fått seg ein hobby. Men eg kan ikkje sei at eg deler hennar interesse for fotball....

onsdag 11. januar 2017

Ein psykopat i mitt hus

Den regnvåte jula har gått over i eit regnvått nytt år og eg nyttar høvet til å ønskja mine blogglesarar eit godt nytt år. Helst med mindre regn og meir snø,om det var opp til meg.

Ved årskiftet skifta me adresse, O. og eg. Førebels.  Badet måtte pussast opp og vatnet vart stengt, så då nytta det ikkje å verta verande i heimen. Då var min vesle leilighet frå mi førekteskapelege tid god å ha i bakhand. Leigebuaren der vart sagt opp i god tid, og heldigvis kom ho seg ut utan protestar. Men ikkje utan problem.
  -Etter som tida gjekk det året ho leigde hjå meg, vart ho meir og meir utfordrande og problematisk.  Når eg som utleigar ein sjeldan gong måtte inn i bildet i samband med reparasjon og fornying av eigne ting i leiligheten, gjorde ho det utruleg vanskeleg. Og eg skjøna fort at ho var langt meir oppteken av rettar enn plikter. Ikkje så nøye å erstatta ting som ho øydela. Og motseiing vart tolka som utskjelling. Å kommunisera med dama var eit slit som eg kvidde meg til.
 Det toppa seg ved årskiftet då eg skulle ta over leiligheten att. Då viste det seg at ho hadde greidd å somla vekk fryseskapet mitt, utan å kunna gjera greie for korleis det hadde gått til. Eg foreslo ein sum som erstatning, men ho ville ikkje gje meg meir enn halvparten av det. Viss eg forlangte meir, trua ho med å melda meg til politiet.
 At ho hadde tydelege psykopatiske trekk, var ikkje vanskeleg å sjå. Og slike folk går det ikkje an å snakka til vit...
  - Kva ho eigentleg gjorde med fryseskapet, kan ein berre gjetta seg til. Men sett i den store samanhengen er det ikkje så viktigt.  Hovudsaka får vera at dama no er ute av bildet
.
  - Slik begynte året 2017 for meg; med høge skuldrer og etterverknader av eit vitlaust kvinnfolk.
  - Men ho skal så visst ikkje få øydeleggja det nye året for meg.
Eg vil bruka 2017 til å gjera som det står i dette diktet som eg fann på internett: Kryssa bruer og byggja bruer.
Så får minnene etter den omtalte eks-leigebuaren vera den brua som bør brennast.