Med sommaren følgjer det turistar. I store mengder. Svære turistskip av det slaget ein ser bakrast på bildet, legg til kai og fyller byen med besøkjande frå alle kantar av verda. Ofte kjennest det som å gå i kø, i alle fall her i sentrum. Men det er sikkert ei kjærkomen inntektskjelde for byen.
Tinka og eg har hatt nokre flotte turar på hytta. Der er det ingen som går i kø. Hytta har me hatt som utgangspunkt for mange fjellturar, også denne sommaren. Noko som er ein av mine viktigaste hobbyar. For mi helse fungerer det og som medisin.
Snart skal me ut på ei lengre reise til fjells. Då kan den store fjellheimen venta seg besøk av Tinka og to damer på 59.
Det ser me fram til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar