søndag 31. desember 2023

Jul 2023 og nytt år 2024

Me er komne fram til årets siste dag, så dette er altså årets siste sjanse til å skriva blogginnlegg i 2023. 
Her i heimen har me feira jul i rolege former, utan dei heilt store sprell. Som biletet viser har også i år julapynten dukka opp frå bua og stillt opp på sin faste plass. Det same med mitt vesle kunstige julatre som eg har hatt i mange år. 

Biletet viser juleevangeliet, og det vart som vanleg lese då me sette oss til bords for å eta julamiddagen, altså pinnakjøtet. Det skjedde på julafta, sånn i 5-tida slik at me kunne høyra på Sølvguttane i fjernsynet samstundes. Julatradisjon det og.


Pinnakjøtet smakte like godt som det alltid gjer. Tinka fekk smaka og. Men me kan ikkje gje henne kjøtbein, for det tåler ho ikkje. Då vert det berre magasjau for den firbeinte. Men godsaker vart det likevel på Tinka. Eg hadde vore ute nokre dagar før og kjøpt julegåve til Tinka, og då vart det hundegodt på henne. Det sette ho STOR pris på. Berre eg knitrar litt med hundegodtpapiret, kjem ho som eit lyn og vil ha. Til saman fekk ho 4 hundegodt-posar, men dei er alle oppetne no. Så i romjula måtte eg ut og kjøpa meir. Tinka må sjølvsagt få sin del av godsakene....

Som tradisjonen er har eg laga smultringar, + ei lita sjokoladekake.  Og så fekk me litt julabakst av eine dottera til O. Det hadde me på eit fat på salongbordet. Men ein dag eg var ute med bosset og O. var på badet, hadde Tinka gått opp på bordet og forsynt med krumkaker og småkaker. Ho tok dei med seg på golvet og leika med dei, før ho åt dei.  Luringen...

Jaja, no er me altså komne til nyttårsafta.  Det er verste dagen i året for vår firbeinte venn. Det har med fyrverkeri og denslags smell og spetakkel å gjera. For nokre timar sidan var eg ute med henne, og då hadde smellinga teke til. Det er alltid nokon som tjuvstartar på nyttårsfeiringa. 
Eg tvilar på om det vert nokon kveldstur med Tinka i kveld. Trur ikkje det nyttar å prøva ein gong. 
Når skot og smell aukar på legg ho seg under eit bord borte i ein krok.  Og der vert ho liggjande og pesa, så stressa at det er ikkje måte på. 

Ja, det er nok mange av våre elles så harmoniske firbeinte som vert forvandla til skjelvande nervevrak på ein kveld som denne.Men me får ta det som det kjem og gjera det beste ut av det. 

I morgon er me i eit nytt år og då skal me på julabesøk på øynæ, hjå mi 63 år gamle litlasøsta m/mann og det vert sikkert kjekt. Ulempa er at dei har ein katt, og då får me gjera vårt beste for at det ikkje vert eit fæla spetakkel mellom katten og Tinka. Det vert vel katten som må forvisast til eit anna rom for anledningen. Me får sjå...

torsdag 21. desember 2023

Årets julabad


 Eg har i det siste trua Tinka med at ho må i dusjen før jul og i dag skjedde det. Då eg nemnde det for henne såg ho fortvila på meg, men ho forstod at det var ingen veg utanom, og følgde meg motvillig inn på badet. Det ana meg at det kom til å verta ein kamp, og det vart det. Berre det å halda den firbeinte dama inne i dusjen var vanskeleg nok, på grunn av stadige fluktforsøk. Men det gjekk på eit vis. På biletet har ho fått kroppen såpa inn, og så var det å prøva å få denne byskiten ut av pelsen. Det tok si tid, for ho var dugeleg skiten. Har ikkje vaska seg på uminnelege tider. Blikket ho sendte meg seier vel noko om at no må eg sjå til å verta ferdig med dette tullet. 

Likevel fann ho seg i det. Etter å ha massert skiten ut av pelsen var det å skylja ut såpa, og det tok si tid fordi den firbeinte  tøtta var svært lite samarbeidsvilleg. Og rista seg gjorde ho i tide og utide. 

Etter litt tørking ropte eg på O. og fekk han til å opna altandøra for å få "badeengelen" ut for å rista seg. Etter ein god del risting, kunne me endeleg sleppa henne inn att i heimen. 

No går ho omkring og luktar så godt at det er ein fryd. Så no kan jula koma....

onsdag 20. desember 2023

Førejulstid


 No nærmar det seg jul endå ein gong. Om fire dagar er det julafta, då må eg ha kome i hamn med alle gjeremål før høgtida. Eg ligg i grunnen godt an der. Gjer ikkje så mykje ut av det i grunnen, men litt vert det i alle fall. Biletet viser årets heimalaga julakort som eg sender omkring til slekt og venner. Her ligg det oppå adventsløparen på salongbordet.  Det er desse korta eg har site og skrive den siste veka. Men den jobben er så og sei gjort no. Pinnakjøtet er kjøpt inn og så har eg begynt å baka litt, særleg smultringar. Det er tradisjon.  Og så litt anna.

Ein ting må eg få gjort før jul: Tinka må i dusjen. Ho er så inderleg full av byskit, at det er ikkje veg utanom. Det er noko ho ikkje kan fordra. Og det kan verta ein kamp, har eg erfaring med. Må berre få det gjort i morgon den dag.

Og så vert det nokre julabesøk hjå O. si slekt. Og eit julabesøk hjå den 63 år gamle litlasøstå på øynæ på første nyttårsdag.

Elles tek me sikte på ei roleg julafeiring her i heimen for O. meg og Tinka-vofsen. 

Veret kunne vore betre. Eg har lyst på ei kvit jul, men slik ser det ikkje ut til å verta på desse kantar av landet. Så ein får berre ta det ein får og gjera det beste ut av det. Og hyggja oss så godt me kan i drittveret. 

søndag 3. desember 2023

Den første snøen i 2023


 Slik såg det ut utanfor inngangen i går tidleg då eg skulle ut på dagens første tur med Tinka. Det hadde snøa ein del om natta, og det lyser opp no på den mørkaste tida av året. Dermed var sesongens første snømåking i gang, men påfølgjande strøing og ikkje minst den overdrivne saltinga som dei driv med her i denne byen.

Det vart ingen blogg-skriving i verken september, oktober eller november. Men no er eg i siget att. Har vore så oppteken av lesing. Eg går i fast rute til og frå biblioteket nesten heile tida. Har lese 76 bøker så langt i dette året. Så får me sjå om eg greier å slå rekorden frå fjoråret. Då vart det 82 bøker for heile 2022.  Periodane med slik sprenglesing varierer. Men så har eg periodar med strikking og brodering. 

Snøen som kom i går natt blanda seg fort med salt og regn og vart etter kvart ei slapsete blanding som fort forsvant. Men no i denne stund snøar det det tett utanfor vindaugo her. Kan eg håpa på skiføre ? Det er nokre år sidan skia var i bruk...  Får sjå...

No har me så vidt teke til med advent, og då er det den tradisjonelle julepostskrivinga. Og det ser eg fram til. Veldig kjekt!


tirsdag 15. august 2023

Regnjakke til Tinka-vofsen

 

Det er ikkje til å koma ifrå at det er mykje regn her på Vestlandet.  Og denne sommaren har det vore i meste laget. Austlandet har vel fått meir enn rikeleg no i det siste i og med dette uveret "Hans". Så gale har det ikkje vore her omkring. Likevel kan det til tider verta i meste laget. 

Tinka må ha sine daglege 3 turar. Og får ho ikkje det, så set ho seg ned og stirer på meg til ho får det som ho vil. Eg prøver å styra unna dei verste regnbygene, men veret kan ingen styra. Ofte må me ut om det regnar aldri så mykje. 

Her ein dag såg det så fint ut då eg gjekk ut. Så eg tok sjansen på å gå ut utan regnjakke og paraply. Det skulle eg få angra. Midt under turen kom det ei forferdeleg regnbyge. Det plaska i bakken med stor styrke. Tinka og eg vart sjølvsagt våte til skinnet. Då eg kom inn måtte eg skifta alt av klede. og Tinka såg ut som ein drukna katt. Vel kan eg skifta klede, men det kan ikkje Tinka. Så det tek timesvis før pelsen hennar er tørr.    Ein gong surra eg ein gammal regnjakke rundt Tinka før turen. Det fungerte dårleg. Etter kvart har eg vorte temmeleg lei av våt hundepels...

Sjølvsagt har eg sett mange hundar med hunderegnjakke. Kanskje det hadde vore noko...?  Som tenkt så gjort. I dag tok eg turen til næraste dyrebutikk. Og der hadde dei stort utval av hunderegnjakkar. Tinka fekk prøva både den eine og den andre, og me bestemte oss for ein rosa/burgunder som hadde rette storleiken. Resultatet kan sjåast på biletet. Eg var litt spent på om den firbeinte ville godta dette plagget, men det såg ut til å gå bra. Og ho vart ikkje på langt nær så våt som ho plar verta i regnver.  Så eg har godt håp om at dette var eit godt val.

Elles har eg no fått att kjøretillatelsen. Det var i sist veke. Eg vart så glad at eg heldt på å hoppa i taket.
I går fekk eg tak i veghjelp som fekk liv i den daude bilen. Hadde lenge hatt mistanke om at bilbatteriet burde skiftast, sidan dette har vore ei plage i lang tid. Så då bilen hadde livna til, kjørte eg strake vegen og fekk det gjort. Så no framover har eg håp om at bilen vert meir påliteleg, og kjører når han skal. 

Og  Tinka, - ho går tørrare dagar i møte...

onsdag 2. august 2023

Tinka 8 år !!

I går var det Tinka sin store dag. Ho fyllte 8 år !
Og det måtte sjølvsagt feirast. Her i huset feirar me alt som går an å feira. Då vert det alltid kake, og det vart det i går og.  Det var gode greier for ho Tinka, men ho måtte dela med O. og meg. Eg ser ikkje for meg at ho hadde kasta seg over heile kaka åleine. Det hadde vorte eit griseri utan like. Så då dette biletet var teke,  vart kaka sett på bordet slik at me kunne forsyna oss i anstendige former.

Tinka var knapt eit år då ho kom til oss for 7 år sidan. Då var ho ein vill og galen unghund som mangla det meste av manerar.  No har ho forlengst vorte ei  vaksen hundedame, sjølv om oppførselen hennar til tider kunne vore betre.

Ho har eit svært anstrengt forhold til kattar. Når me er ute og går, er ho på stadig leiting etter kattane. Når ho finn dei kan det verta bråk og spetakkel. Det hender rett som det er at ho går derifrå med blodete snute.  Kattane veit å forsvara seg. 

Men ho er no god og. Og trufast. Når eg går ut utan henne, kan ikkje ho liggja inne i stova. Nei, så skal ho liggja i gangen og venta på meg. Men når O. går ut, er ikkje det så nøye. Så ho gjer forskjell på oss. 

Det er ikkje alltid at Tinka kjenner sine grenser. Her ein dag var Tinka og eg ute og gjekk på ein skogsveg. Der låg det fleire kyr midt i vegen. Tinka ville sjølvsagt TA dei.  Ho stoppa opp og kjefta på dei, på sitt vis, men kyrne brydde seg ikkje. I det tilfellet hadde ho litt for mykje sjølvtillit.

Men ho er no god å ha og. Eg har alltid ein turkamerat på mine turar til skogs og til fjells. Det er eit liv som passar både henne og meg. 
Dei to hundane eg hadde før, passerte begge 15 år. Får eg ha Tinka like lenge så er eg heldig. Men me tek ein dag om gongen...


 

mandag 31. juli 2023

Ein spesiell sommar.


No er det lenge sidan eg har skrive noko her, men no kjem det litt endeleg:


 Denne sommaren vart ikkje det eg hadde håpa på. Grunnen er at eg fortsatt ikkje har nokon kjøretillatelse etter augeskaden eg fekk i fjor haust. Då fekk eg eit halvt års kjøreforbod. Vanleg prosedyre ved augeskader. Men no har det gått mykje meir enn eit halvt år, og tålmodet er heller tynnslite. Så lenge ein ikkje kan kjøra bil, nyttar det ikkje å planleggja. Eigentleg skulle eg vore på fjellvandring for lengst, men det det går ikkje utan bil. Dermed kjem eg meg heller ikkje fjellturar på øynæ og andre stader der ein ikkje kjem til med buss. 

Sist veke måtte eg gjennom ei kjørevurdering hjå Statens Vegvesen, for å finna ut om eg duger til det. Det gjekk i grunnen greitt og sensoren skulle skriva ei god vurdering og senda vidare i systemet. Så er det berre å venta att. Men kor lenge?  Er alvorleg lei av å venta....

Dermed vart det ikkje nokon sommartur, og i morgon er me i august. Men O. og eg fekk med oss ein nydeleg tur i april-mai. Då var me på vår tredje tur med hurtigruta, heile runden til Kirkenes og heim att. Der opplevde me mykje fint. 

Biletet viser eit fyrtårn ein stad på Sunnmøre. Me hadde eit langt stopp i Ålesund, og derifrå vart det utflukt med buss til ei lita bygd ute ved havet. Der var altså dette fyrtårnet. Ein del av oss klatra opp i dette tårnet og fekk nyta den fine utsikten. Eg var ein av dei. O. prøvde seg og, men han måtte gje seg før han kom heilt opp. Dagen etter fekk han gangsperre av klatringa. Klatring i bratte trapper er ikkje for folk som har passert 80. 

Det vart mange fine opplevingar langs den lange fine kysten vår. Når sommaren vart som han vart, er eg glad for at me fekk denne fine turen med hurtigruta saman. 

onsdag 31. mai 2023

Fine dagar i mai 2023


 No er det lenge sidan eg har skrive noko her, over halvannan månad. Og mykje har hendt på denne tida. 

I tidsrommet 25. april - 6. mai var O. og eg på vår tredje tur med hurtigruta saman. Frå før hadde me vore på ein hausttur og ein vintertur, så no var det kjekt å få reisa på ein vårtur  langs den flotte kysten vår. På desse 12 dagane fekk me mange flotte opplevingar. Det meste av det positive slaget. Eg vart dugeleg sjøsjuk nokre gongar,  og etter at me kom heim att var me begge skikkeleg forkjølte med kvalme. Men elles sit eg att med mange fine minne. 

Ei stund etter heimkomst var det 17. mai, men me var fortsatt ikkje opplagte til den heilt store feiringa. Det vart til at bunaden vart hengjande i skapet, så får eg håpa at formen vert betre neste 17. mai, om eit år. Biletet er frå vår enkle 17. mai-feiring her i vår vesle heim. 

På turen vår mot det høge nord hadde eg med datamaskina for å skriva reisedagbok, slik eg plar gjera. Og så tok eg sjølvsagt mange, mange bilete.

 Men det kan eg koma attende til...

tirsdag 11. april 2023

Ein liten heim


 No i det siste har me vestlendingar vorte velsigna med stadig fleire dagar med fint ver.  Og då tenkjer eg sjølvsagt på å koma meg opp til fjells. Min trufaste medvandrar i fjellet, Tinka, merkar fort når det er fjelltur i vente. Det er berre å sei "tur" så hoppar ho omkring i vill glede.  Når eg pakkar sekken og lagar niste, har ho forlengst forstått kva som skal skje.

 For akkurat ei veke sidan gjekk ferda mot ein av byens sju fjell, som vanleg. På veg oppover fekk eg auga på denne vesle heimen for ein eller fleire av våre fjørkledde venner. Vanlegvis byggjer dei reir i trea, men denne vesle heimen hadde nok fuglane fått hjelp av oss menneske til å byggja. Fin og fargerik var han og. Då eg gjekk forbi kunne eg ikkje sjå dei som budde der, men dei var sikkert ikkje langt vekke.  

No er påskehøgtida over for denne gongen og kvardagen er attende. Me har gått over til sommartid og det merkast.  No er det lyst når Tinka og eg er ute på våre tre daglege turar. Me slepp å utstyra oss med refleks før ut på hausten. Godt med den lyse årstida. Skal prøva å koma meg opp i terrenget litt oftare no. Treng å gjera noko med kondisen no når det nærmar seg sommar.  Eg må koma meg ut når regnet held seg vekke, og det er no ikkje så altfor ofte. Det gjeld å halda auga med vermeldinga og satsa på fine dagar.


onsdag 15. mars 2023

Vinter i mars


 Det er ikkje meir enn eit par veker sidan eg la ut eit fint vårteikn her på bloggen: Ein nydeleg gul krokus. Trudde verkeleg at våren var komen no. Men det ser ikkje slik ut no. Stadige snøbyger overraskar oss her på vestlandet langt ut i mars. Rare greier. 

Biletet er frå dagens fjelltur opp på eit av byfjella. Ikkje greier eg å sjå noko vårteikn her. Det er som om vinteren gjer alt han kan for å unngå at våren skal koma. 

Dagens fjelltur var fin den, og overraskande nok var det ein del som gjekk på ski der oppe i høgden. Tinka og eg gjekk på føtene altså. Og det tok si tid. Skikkeleg sliteføre å koma seg opp i all den snøen. Eg likar snø altså, men når han ikkje kan koma når han skal, om vinteren, så kan han venta til neste vinter. For no vil eg og sikkert mange andre ha vår. Hmm...

Eg har no teke til å planleggja sommaren, eg, med vandring frå hytte til hytte slik som før denne korona-sjauen.  Ser verkeleg fram til det.  Godt å ha noko å sjå fram til, sjølv om det er ei stund til sommaren. Men først må våren koma skikkeleg slik at det vert ein sommar å sjå fram til. 

Får smørja meg med ein god del tolmod....

onsdag 1. mars 2023

Vår 2023


 Det er første dagen i den første vårmånaden, og eg feirar våren med eit herleg vårteikn som eg har funne her i mitt nærmiljø. Nydelege krokusar i mange forskjellege fargar kjem no opp or jorda og viser sine glade ansikt. 

Men vinteren er ikkje ferdig. Enno kan det koma snøbyger. Og enno ligg det snø på toppane av byens sju fjell. Har hatt nokre fjellturar i det siste, og sett at den snøen som ligg der er blanda med is og har neppe planar om å forsvinna med det første. Skrekkeleg vanskeleg å føta seg i fjellet no med all den isen. Broddar må ein ha, viss ikkje kjem ein ikkje langt. 

Likevel, det er ikkje denne slags vinter eg ville hatt. I heile vinter har eg ønskt meg snø med skiføre. Men slik vart det ikkje i år heller. Skiene har fått stå urørde i kjellaren denne vinteren og. Hm...

Jaja, då får våren berre koma då, så får eg håpa på skikkelege vintrar ein gong i framtida. Men slik klimaet har forandra seg så må ein vel langt av garde for å finna skiføre. Kanskje til Nordpolen...?

Så får eg berre prøva å fylla dagane med andre ting. Turar med Tinka vert det uansett, så må det vel gå an å koma seg opp i høgden snart utan å bruka broddar. Dagane har vorte lengre, og det er ein god ting. 

Me får strekkja oss mot våren  -  og lyset !

mandag 20. februar 2023

Betre seint enn aldri


 Då det nærma seg jul i fjor gjekk eg og kjøpte ein Amaryllis slik som eg alltid gjer føre jul. Det er ein så nydeleg juleblome som alltid lyser så fint opp i stova når me feirar jul. Vanlegvis kjøper eg ein slik i god tid slik at han veks opp og sprett ut til jul. Det gjorde eg denne siste jula og. Tidleg i adventstida stod ein masse slike knollar utanfor inngangen til nærbutikken. Eg valde meg ut ein, gjekk inn i butikken, betalte for han og tok han med meg heim i håp om at han skulle spretta ut til jul.

Men det gjorde han ikkje. Det vesle som hadde kome opp or jorda, ville ikkje veksa meir. I staden visna han ned. Kanskje han hadde vorte frostskadd av å ha stått utanfor butikken, tenkte eg.  Eg sette han inn på roterommet (der me samlar rotet vårt) og tenkte at der fekk han døy i fred.  Og så gjekk tida. Jula kom og jula gjekk. Det same gjorde nyttårshelga. 

Eit godt stykke inn i det nye året gjekk eg inn på roterommet og oppdaga noko gledeleg. Då hadde det begynt å koma opp ein annan stilk frå knollen. Det såg sanneleg ut som om han hadde tenkt å stiga opp frå dei døde. Eg sette han bort i glaset slik at han fekk rikeleg lys, og heldt auga med han etter som tida gjekk. Stilken vaks opp til normal storleik, og no i desse dagar står han i full blomst, så fin at det er ikkje til å tru. Dette kan ein vel kalla jul på etterskot! 

 No kan me sitja her i stova vår og nyta synet av denne fine juleblomen. Det vart eit par månader etter planen. Men kva gjer vel det. 

Betre seint enn aldri!

onsdag 15. februar 2023

Hekta på tur


 Her er eit koseleg minne frå ein av fjellturane som K. og eg hadde i fjor sommar. Dette vesle raude hjarta fann me på ein varde på den siste turen me hadde før K. reiste heim att til Nordfjord. Det var på ein topp med ein nydeleg utsikt i alle retningar. Dette var på fastlandet der me såg rett bort på det eg meiner er verdas finaste øy. Og teksten passa godt på desse tre damene som var ute på tur: K., Tinka og eg.

Me likar å koma oss ut i naturen, alle tre. Når eg tek til å førebu ein fjelltur, og byrjar å laga niste og pakka sekken, har Tinka alt teke hintet. Faktisk er det slik at når ho høyrer raslinga av matpapir, spissar ho øyrene og ventar berre på det magiske ordet "tur".  Og når ho får det bekjefta at det er fjelltur i vente, hoppar ho omkring i vill glede. Me er verkeleg "hekta på tur" både Tinka og eg. Fjellturar høyrer med til primærbehova for oss.

Dessverre har det vorte lite fjellturar i haust og vinter. Det får veret ta skulda for. Men i går var det endeleg opphaldsver. No tek me ein fjelltur, sa eg til Tinka. Og ho viste straks alle teikn på glede. Eg pakka sekken, kledde meg godt og tok Tinka med meg opp på ein av byens toppar. Det tok si tid for kondisen er ikkje heilt på topp. Men til slutt kunne me nyta utsikten langt utover. 

Men det var kaldt, og ein utriveleg kald vind. Ikkje den heilt store kosen. Eg sette meg ned halvvegs under ei lita gran og fekk i meg mat og varm drikke. Det gjorde godt. Tinka fekk medbrakt hundemat. Då den var oppeten ville ho ha litt av maten min og. Ikkje uventa... 

Både Tinka og eg fraus i den kalde vinden, så det freista ikkje til langtidsopphald. Så snart maten var innabords, fann me det klokast å ta på heimveg. 

Håpar det snart vert ver til fleire slike turar, så eg får opp kondisen til sommaren. Då håpar eg det vert ei tradisjonell fjellvandring frå hytte til hytte slik me har for vane. Ser verkeleg fram til det. 

tirsdag 31. januar 2023

Nytt år og ny snø som regnar vekk


 No er det akkurat ein månad sidan eg var inne og skreiv her på bloggen min. Og me har alt komen ein månad inn i det nye året 2023. Akkurat no er eg i min vesle leilighet i utkanten av byen. Det er hit eg "flyktar" når bylivet vert for intenst. Eg kom hit i går og har tenkt å vera her nokre dagar, og pusta ut før eg reiser attende til byen.

Veret er som før: Vått og vindfullt. Det er som om vinteren har gløymt at det er vinter. Eg lengtar stadig etter ein skikkeleg vinter med kulde og snø, men det er sjeldant å oppleva no. I går kom det litt snø og la seg så fint, og det var så flott å gå ute med Tinka. Biletet er frå dagens morgontur. Perfekt. Men det er fleire timar sidan, og no er alt regnet i gong med å viska ut eitkvart spor av vinter. Ja sanneleg, vinteren er ein sjeldan gjest, og har ein tendens til å forsvinna like fort som han kjem. 

Får eg prøva skia i år?  Det er vel tvilsomt. Då må eg i tilfelle langt av garde. Men eg lever i håpet...

Eg sit her og lurer på kva anna det nye året 2023 kjem til å innehalda, anna enn høge straumprisar, høge matvareprisar og høge bensinprisar. I morgon skal visst matvareprisane auka endå meir. Ikkje akkkurat noko å gle seg til. Men O. og eg skal greia oss. Det er mange som har det mykje verre enn oss, med høge bustadlån og meir i den retning. Stakkars folk...

Må berre gjera det beste ut av livet slik det er. Tinka og eg går våre faste turar, og prøver å koma oss ut i naturen når veret ikkje er altfor gale. Det er berre så altfor sjeldan. Kanskje eg skal senda eit brev til Meteorologisk Institutt og be dei senda noko fint ver til vestlandet?  Det kunne me trengja.