mandag 31. desember 2018

Nyttårsafta 2018


Dette er veret på nyttårsafta i år, sett frå stoveglaset.  Det var ikkje uventa. Tidlegare i dag kom det ei melding frå straumleverandøren som lydde slik: "Det er varsla sterk kuling til full storm utover kvelden. Uveret kan føra til straumbrot."
Ikkje den koselegaste beskjeden å få på eit nyttårsafta. Men veret rår ein ikkje med.
 Elles har det kome mange liknande beskjedar frå vermeldinga. I tillegg til den sterke vinden, truar dei med store nedbørsmengder. Mykje vind og vatn samstundes er kraftige saker, og når det i tillegg skal skytast opp fyrverkeri, er det mykje som kan gå gale.      Det får me nok høyra om i morgon.
  - Smell og bråk har det vore i mange timar alt, og det aukar på etter som det nærmar seg midnatt. Når det er slik er det godt å halda seg inne. Men før eller sidan må hunden ut. Det er ikkje veg utanom. Tinka-vofsen har vore på vakt i heile dag. Ho spissar øyro ved den minste lyd, og hadde ikkje lyst å oppsøkja bråket. Så det var med ein ekstra spenning me tok i veg med kveldsturen. Som "bestikkelse" tok eg med ein boks med hundesnop. Og den skulle eg få god bruk for. Heilt avgjerande for framdrifta. Elles hadde eg ikkje fått Tinka med meg verken fram eller attende.
Eg har forresten ein mistanke om at ho utnytta situasjonen, for det  gjekk med store mengder av det omtalte snopet.

  - Kveldsturen på eit nyttårsafta er aldri nokon fornøyelse. Og viss hensikten var å få hunden til å gjera sitt fornødne, så var turen bortkasta. Det var det siste Tinka tenkte på. Ho ville berre heim att.

Noko straumbrot har enno ikkje vist seg sjølv om klokka nærmar seg 22.00.
Men uansett så går me snart over i eit nytt årstal med bulder og brak.
Og eg nyttar høvet til å ønskja mine blogglesarar

GODT NYTT ÅR !
























































































































































































































































fredag 21. desember 2018

Advent 2018

I kveld har eg teke bilete av adventsløparen som ligg på salongbordet vårt her i den vesle stova vår. Det ser gjerne litt mørkt ut, men det vesle adventkubbalyset, som nesten er nedbrent, gjer sitt beste for å lysa opp.
 Ikkje rart at det er mørkt. Det er årets mørkaste dag. Dagen med minst dagslys. No kan det ikkje verta mørkare. Dagane kan ikkje verta kortare. No kan det berre gå ein veg. Oppover. Mot meir lys og lengre dagar.
Einkvar som har vore på botnen, veit at ein kan ikkje koma lenger ned. Går ein ned i nedste kjellaren i eit hus, så kjem ein ikkje lenger ned om ein prøver aldri så mykje.

Så no går det mot lysare tider. Det går nok ei stund til me merkar noko til det. Men berre det å veta at det ligg ein vår der framme ein stad, gjev krefter til nye dagar.

Dessutan er det snart jul. Denne herlege lysfesten midt på svarte vinteren. Og den har me budd oss på lenge. Forventninga har lege der heilt sidan første søndag i advent.

Advent. Tid til å bu seg på det som kjem. Om å minnast at Gud  kom til jorda som eit lite barn......

Ventetid.

Men eg registrerer at det er ikkje alle som greier å venta. Som nemnd i førre innlegg, så startar "julehysteriet" tidleg på hausten.
Og for meg ser det ut som om mange, fleire og fleire, hoppar bukk over adventstida og går rett på jula.
  - Eg hugsar spesielt kveldsturen med hunden på 1.søndag i advent i år. Det er lett å sjå inn i stovene til folk, og brått såg eg eit fullt pynta juletre i ei like pynta julestove.  Sidan har eg sett det same i mange stover kvar dag heile førejulstida . Skremmande.
Greier ikkje folk å venta? Må dei verkeleg gjera som handelsstanden og dra fram juletrea lenge før tida?

For meg vert det heilt feil. Det vert som å eta desserten før hovudretten.

Her i huset held me oss til kalenderen, og det har me tenkt å fortsetja med. Me feirar advent heile advent. Så får jula koma når ho kjem.

Kl. 17.00 på julafta ringjer jula inn. Då er det jul. Ikkje før.


søndag 9. desember 2018

Førejulstid og julehandel

Det er kald, våt og mørk advent. Mørkt er det når eg går kveldstur med Tinka, og like mørkt når me går morgontur. Berre på midt-på-dagen-turen kan me nyta dagslyset.
Hadde me endå hatt snø....så hadde alt vore så mykje lysare.
Ønskjetenking sjølvsagt, men det er lov å drøyma. Og om berre nokre veker er det solsnu.

Ein kan vel sei at det er jammen godt at jula kjem akkurat når det er som mørkast i året. Noko som lyser opp. Noko anna å tenkja på enn mørketid. Ja, det kan vel trengjast.  Men det er så mykje med jula som gjer meg betenkt...

Biletet viser julegranen på torgallmenningen. Og elles er det mange slike julatre rundt omkring i byen, både ute og inne. Tidleg på hausten kjem dei og. Tidlegare for kvart år kan det sjå ut som. Det kan virka som om folk har det travelt med å koma i gang med jula.

Ein gong i byrjinga av oktober var eg innom eit gartneri. Og der, nett innom døra stod eit fullt pynta julatre!  Då kan ein få jula opp i halsen. Noko vert trykt på ein som ein ikkje er klar for. Eg vart ståande der ved døra og glo på stasen før eg braut ut: "Julatre i oktober?"   "Ja, slik er det" kvitra den blide dama bak disken.
Nei, slik er det ikkje, og slik skal det ikkje vera, tenkte eg med meg sjølv, medan eg gjorde det eg skulle og kom meg ut att.

Det er handelsstanden som ligg bak. Det gjeldt å koma fort i gang med julehandelen og få han til å vara frå tidleg haust og heilt fram til jul.  Det skal kjøpast og handlast og handlast og kjøpast. No er det snart jul, seiest det, og då må du ha det og det og det.....Elles vert det ikkje skikkeleg jul, visstnok.

Men kvifor skal det kjøpast inn så mykje då? Jula varer då berre nokre dagar. Og denne intense handlinga foregår frå tidleg på hausten. Er det nokon som er redd for at det ikkje skal vera mat i kjøleskapet og klede i kleskapet akkurat dei få dagane jula varer?

Sett frå utsida ser det temmeleg desperat ut. Det hender eg stoppar opp og betraktar galskapen. Då er det godt å ha byfjella i nærleiken. Då dreg eg til fjells, og kjem ikkje ned att til byen før eg har gått av meg frustrasjonen og den indre harmonien er gjenoppretta.

onsdag 14. november 2018

Våte vandringsdagar på Hardangervidda vest.

Me fekk ein uvanleg fin sommar i år. Månad etter månad med solskin og varme, og utan regn. Det var ei tid eg ser attende på med glede. Det ein har lite av veit ein å setja pris på. Det var berre å nyta det i fulle drag, for brått kunne det vera over. Så det vart turar i fjellet og bading i sjøen. Meir enn elles. Veldig godt.

  - Men varmebølgja varde ved og ville ingen ende ta. Heilt uvanleg. Det var nesten som om ein tok til å sakna regnet. Naturen vart knusktørr og brannfarleg, og bøndene fekk problem med gardsdrifta då væta ovanfrå uteblei. Det virka etter kvart som om ver og klima var heilt ute av lage.

  - Årets fjellvandring frå hytte til hytta var under planleggjing. Men K. og eg kom oss ikkje av garde i juli slik me plar. Eg hadde ein annan tur å ta, og K. hadde ein 60-årsdag å feira. Så fjellvandringa vart utsett til august. Greitt nok. Det var berre det at då var godveret over og regnet attende med full styrke. Godt var det, får ein vel sei, for då trong me verkeleg vatn. Dessutan hadde det vore uvanleg fullt på DNT-hyttene under varmebølgja.

Uansett for me av garde til Hardangervidda eit stykke ut i august. Vermeldingane var ikkje av dei beste, men det fekk så vera.
Hardangervidda vest var ukjend og uopplevd for meg. Men terrenget var villt og variert og godt var det å endeleg få kjenna fjellufta ned i lungene og nyta det frie livet.

 Den første overnattingsstaden, ei privat betjent hytte, møtte oss med gjestfridom og god mat. Neste dag la me i veg mot ei DNT-hytte langt inne i fjellheimen. Det vart ein lang dagsetappe, men dess betre å koma fram. Regnet hadde auka på i løpet av dagen.
Og slik skulle det fortsetja. Dagen etter vart temmeleg blaut. Og etter to netter der, vart det bestemt å gå attende til den første hytta.

Etter fleire dagar med nesten konstant regn, hadde bekker, elver og naturen elles vorte temmeleg vassrik. Det vart verre å koma seg over dei strie elvane. Den første elva vassa me over utan sko, men seinare tok me ikkje bryet med å ta av oss skorne. Me var så våte likevel. Så me levde eit friskt liv, får me sei. Eg koste meg, og det håpar eg K. gjorde og.  Tinka synest det var heilt topp. For den tre år gamle hunden var dette eit liv som ho kunne tenkt seg meir av.

Årets fjellvandring var ei realistisk hending. Det er no ein gong slik her vest at det er ruskeveret det er mest av. Og skulle ein få litt godver så er det ein bonus.

Tinka og eg sender ein takk nordover til K. for godt samvær og fine, våte vandringsdagar på årets fjellvandring på Hardangervidda vest.



mandag 22. oktober 2018

Færøyane

Det er haust. Regnet siler ned. Sist månad var det noko så vanleg som nedbørsrekord her på vestlandet. Har inntrykk av at slike rekordar  som gjeldt veret, stadig overgår kvarandre. Veret vert stadig meir ekstremt i alle retningar: Væte. varme, vind osv.
 Ver og klima på ville vegar, kan det sjå ut som. Menneskeskapt ? Kanskje  - kanskje ikkje.  Uansett ser det ut til å vera noko som ein berre må leva med.

Ovanfor kan ein sjå ei bygd på Færøyane. Medan mange andre nordmenn oppsøkjer sol og varme når dei skal ut å reisa, kan det sjå ut som om denne dama gjer det motsatte. Sydenturar er ikkje aktuelt for meg. Derimot har eg fått sansen for desse fine grøne øyane vest i havet. Og der er veret minst like vått og friskt som her heime.

Det byrja med ein tur til Shetland i 1993. Og etter at min kjære O. kom inn i biletet, har det vorte turar til Orknøyane, Hebridane, Island og i år Færøyane. Og der har det vore utruleg mykje interessant å oppleva !  Natur, kultur, språk og historie. Færøyingane har norsk og keltisk avstamming. Så me har mykje felles historie med dei der vest i havet.

Færøyane møtte meg med sin knallgrøne vegetasjon, flotte høgreiste fjell, nydelege fjordar og fargerike hus. Dei idylliske bygdene ligg fint til nede med sjøen, alltid med ei lita kyrkje som sentrum.
Færøyane består av 18 øyar av vulkansk opphav, som er graskledde med mykje villblomar og utan naturleg trevekst. Klimaet er mildt og vått med milde vintrar og kalde somrar. Og regn og skodde er det mykje av.

Færøyane betyr fårøyane eller saueøyane. For der bur 70 000 sauer og dessutan 50 000 menneske. Sauene er altså i fleirtal, og der lever dei sine gode saualiv utan å måtta bekymra seg for ville dyr som ulv, bjørn og rev. For det finst ikkje.

Nasjonalfuglen er tjelden. Eller tjaldur som han heiter på færøyisk. Tjelden har sin eigen dag, 12.mars som vert feira kvart år.

Språket færøyisk liknar på islandsk, men ligg litt nærare norsk. Likevel heilt umogeleg å forstå, men dansk er andrespråket. Det kan alle, så då kan ein berre snakka norsk med dei utan å gå vegen om engelsk. Veldig greitt.

Ja, her sit eg og mimrar om denne fine veka i juli då eg fekk denne flotte turen mot vest. Min kjære O. var dessverre ikkje med. Men eg har eit ønskje om å få lokka han med meg dit ein gong. Det trur eg han hadde likt.





torsdag 11. oktober 2018

Haust ved hytta 2018

No er det lenge sidan det har skjedd noko her på bloggen min. Altfor lenge sidan. Men det betyr ikkje at det ikkje skjer noko i livet mitt. Livet går sin vante gang. Ingen dag er lik ein annan.
Vel er det så at tida går. Men tida kjem og. Den eine minutten og timen glir over i ny tid - framtid.
Då er det godt å verta minna på Jes. 43.18.
 "Tenk ikkje på det som hende før. Gjev ikkje akt på det som ein gong var. Sjå, eg skapar noko nytt!"
                         
Det er det som hender heile tida. Me får tida og framtida som gåve kvar einaste dag. Og så er det godt å tenkja på at me ikkje treng å bruka meir tid å energi på det som ligg bak. Vanskeleg fortid med sjukdom og vonde ting har det vore nok av. Men den ligg bak. Heldigvis. Framføre ligg framtida, ny og ubrukt kvar ny dag.

Og biletet viser ein stad der eg finn nye krefter til nye dagar i livet mitt. Den vesle raude hytta i skogen. Mitt sommarparadis. Der eg kan rusla omkring i skogen eller sitja og sjå ned mot sjøen.
Der det er så inderleg stillt og godt å koma når ein er lei av byen.
Der Tinka-vofsen kan springa laus så mykje ho vil.
Ja, på denne staden har eg og hundane mine hatt mange gode stunder gjennom etter kvart mange år.

Og hytta står der like traust og trygt som før. Verre er det med skytja. Ho står nok for fall. og det er nærmest eit under for kvar vinter ho overlever. Eg får stella godt med henne no før vinteren set inn. Banka spikrane godt inn (dei er på veg ut) og kanskje dekkja taket med endå ein ny presenning. Så kanskje det vert nye dagar og ny framtid også for den vesle skytja her på denne staden som betyr så mykje for meg.

                     

lørdag 30. juni 2018

Møte med enkeltmenneske

Turen til Russland er enno eit ferskt minne. Mange inntrykk, mange møte med institusjonar, kyrkjelydar og enkeltmenneske. Fattigdom, sjukdom, born som kom frå vanskelege forhold, følgje av alkohol og narkotika, lagnader av mange slag.
Korleis greier dei seg, undra eg mang ein gong. Kva er det som får dei til å vilja fortsetja livet under så vanskelege forhold ? Kvar tek dei kreftene frå ? Kvar hentar dei styrken sin ?
  - Det kunne sjå ut til at det var gudstrua som heldt dei oppe. Mange gav uttrykk for det. Folk strøymde til møtene i slike mengder som ein sjeldan ser i Norge. Og dei lytta og tok til seg som tørre svampar. Gjekk heim att med nytt mot og litt mat som me delte ut.
  - På bildet kan ein sjå ein haug med matposar som me bar inn i ei kyrkje. Det kom vel med for mange. Matposane var betalde av oss som var med på denne turen, og kjøpt inn og laga til i Russland, slik at dei fekk mat som dei var vane med.

  - Men det var møta med medmenneske som greip meg mest: Som dei to syskena på eit sjukehus/sanatorium me var innom. Den 5 år gamle funksjonshemma guten som vart stelt med og passa på av den 12 år gamle systera som han kalla mamma. Mora var død og faren var ueigna som omsorgsperson.
  - Og den vesle guten me møtte i ein avslidesliggjande kyrkjelyd.Han kunne vel vera omkring 10 år. Han hadde sjukdomen aids, og levde i uvissa om han kom til å leva opp.
  - Og gledelege møte med folk som hadde fått hjelp. Takksemda var stor og gleda overstrøymande frå mange. Nokon hadde fått økonomisk hjelp til livsnødvendig medisinsk behandling.
Andre, som ein flokk tidlegare narkomane som me møtte på eit Nytt-Liv-Senter. Dei hadde fått livet sitt forandra i møte med Jesus. Og fått eit heilt nytt liv.
 Måtte det gå dei vel vidare i livet.

lørdag 16. juni 2018

Med hjelpesending til Russland

Dette soverommet høyrer til på ein barneheim/sanatorium ein stad i Russland. No er det berre eit par veker sidan eg kom attende frå ein tur til dette store, fattige landet i aust. Eit av våre naboland.
  - Den ti dagar lange turen var fyllt til randa av inntrykk og gjeremål. Det var ingen ferie, og skulle ikkje vera det heller. Full aktivitet frå morgon til kveld. Møte på rekkje og rad med institusjonar, kyrkjelydar og enkeltmenneske.
  - Spenninga begynte på grensa. Grensepassering til Russland kan vera utfordrande greier. Der bør ein oppføra seg perfekt, gjera det ein skal og ikkje spørja kvifor. Mykje kjem an på grensevaktene sitt humør. Har høyrt mange historiar om kva som kan skje. Og grensevaktene er ikkje lystige folk. Dei fleste har eit ansikt av stein, og handsamar kvar og ein som forbrytarar, til det motsatte er bevist. Dei burde nok vore sendt på smilekurs, heile gjengen. Det hadde letta på stemningen.
  - Vel, etter ein og ein halv time der på grensa, slapp me inn i landet. Då hadde bussane våre  vorte grundigt gjennomsøkte.
  - Vårt mål for dagen var berre tre kvarter innanfor grensa. Og dagen etter besøkte me denne institusjonen som vist på bildet. Der fekk me møta mange sjuke, men lukkelege born. Tuberkulose er eit utbreidd problem, og fattigdom gjer det ikkje betre. Men på denne staden hadde dei fått mykje materiell hjelp, og det hjelper på trivselen. Sjølv om borna budde på sovesalar (eg talde til 21 senger på eit rom) var det tydeleg at dei hadde det godt. Så godt at mange ikkje ville reisa heim att etter avslutta behandling.
  - Dette var det første av mange besøk på turen. Og på alle stadane lessa me av medbrakt materiell hjelp som klede og utstyr. Dei har behov for det meste og takksemda var stor.
  - I forhold til Norge var det som ei anna verd. Me har det utruleg godt samanlikna med dei fleste andre stader i verda. Treng ikkje gå lenger enn til nabolandet Russland for å sjå det.

søndag 15. april 2018

Halvvegs til 120

For to dagar sidan skjedde det noko her på heimebane: Underteikna gjekk over i 60-åra. Med tida som framkomstmiddel måtte det verta slik.  Sjølv sit eg att med ei merkeleg kjense av kor udramatisk og smertefritt det var/er. Og det undrar meg at alt er som før. Kroppen kjennest fortsatt ung og sinnet endå yngre. Men sanninga er at denne personen har levd i 60 år. Det er lenge, det. Likevel, når eg skal tenkja framover, er det berre halvvegs til 120. Ikkje det at det er eit mål å verta så gammal.

Overgangen til dei neste 60 åra måtte sjølvsagt feirast. Medan andre feirer slike milepælar med mykje folk og svære etegilde, ville eg det annleis.  Eg tenkjer her på eit visdomsord den danske forfattaren H.C.Andersen etterlet seg:  "Å reisa er å leva". Eg vil snu litt på det og seia: Å leva er å reisa. Og på 60-årsdagen ville eg leva fullt ut. Difor vart det ei feiring med ei reise.

Tidleg om morgonen la me av garde med toget, jubilanten føre med gubben på slep. Ville han vera saman med meg den dagen så måtte han berre følgja med. Vår firbeinte familiemedlem vart att heime. Er det nokon av mine blogglesarar som kjenner til turen som kallast: "Norge i eit nøtteskal" så veit de gjerne kva me gjekk i gang med.
 På Voss hoppa me av og gjekk over på buss til Gudvangen der bildet over er teke.
I den stupbratte bygda vart me skyssa ombord på denne fine turistbåten og fekk ein nydeleg tur først på Nærøyfjorden og så Aurlandsfjorden. Me hadde med oss det finaste ver som tenkjast kunne. Og reisefølgjet vårt bestod av folk frå mange kantar av verda. Eg trur O. og eg var dei einaste nordmennene. Tydelegvis ein populær tur for utlendingar.
  - Etter den flotte båtturen hamna me i Flåm. Først innom Flåmsbanemuseet, så ein liten spasertur i sentrum. Medan me gjekk der, kom det ein sms frå niese M. som fortalde at no hadde ho hatt ein lang,fin tur med den firbeinte der heime, som avtalt. Godt å veta at Tinka vart teken hand om.
Neste post på programmet var ein tur med Flåmsbana. Det var den brattaste og finaste togturen eg har opplevd. Litt ekstra dramatikk då toget måtte stoppa pga ei isblokk som som hadde rasa ned og lagt seg midt i jernbana. Det vart ein pause på 10-15 minutt før me kunne reisa vidare. Til lenger opp me kom vart det meir og meir snø og is og dei fleste fossane var frosne. Og då Myrdal var nådd var det full vinter. Lenge til vår der.
 Så bar det heimover med Bergensbana.

I 18.00-tida kom me heim trøtte og fulle av inntrykk.
60-årsdagen min vart akkurat så flott som eg hadde sett føre meg. Ein slik dag ville eg ikkje hatt annleis.
Dagen etterlet seg 54 foto og mange gode minne.



søndag 14. januar 2018

Tjuande dag jul

 I går var det tjuande dag jul som markerer slutten på jula for denne gongen. Dermed vart alt som minner om jul pakka ned og lagt vekk. Alt frå dei raude juladukane til det vesle julatreet i plast som eg har hatt i mange år. Sistnemnde har forresten teke til å dryssa. Eg visste ikkje at kunstige julatre dreiv med slikt. Men vert dei gamle nok så gjer dei vel det likevel.

  - Det vart ein del minne frå jula denne gongen og. Bildet viser eit av dei. Det er frå den tradisjonelle torskemiddagen her hjå oss 1.juledag. Det er alltid eit vellukka treff som samlar min kjære O.  sine næraste til eit fiskemåltid av beste slag. Og Tinka fekk nyta restane. Ho fekk servert godsakene i skåla si på kjøkkenet som vanleg, og jafsa i seg av all kraft, vill i augo etter å få maten i seg fortast mogeleg. Ikkje snakk om å nyta måltidet. Det skulle gjerast fort,  - på hundevis. Skåla for dansande bort etter kjøkkengolvet, innunder ein stol og heilt bort til veggen. Tinka etter. Det vart etter kvart eit liggjande måltid.

  - No er me på god veg inn i eit nytt år. 2018 er alt to veker gammalt. Og eg undrar meg på kva det nye året kjem til å innehalda. Det manglar ikkje på planar. Så får me sjå kva som kjem ut av planane.

Til dei som kjem til å lesa dette, ønskjer eg GODT NYTT ÅR !