fredag 21. desember 2018

Advent 2018

I kveld har eg teke bilete av adventsløparen som ligg på salongbordet vårt her i den vesle stova vår. Det ser gjerne litt mørkt ut, men det vesle adventkubbalyset, som nesten er nedbrent, gjer sitt beste for å lysa opp.
 Ikkje rart at det er mørkt. Det er årets mørkaste dag. Dagen med minst dagslys. No kan det ikkje verta mørkare. Dagane kan ikkje verta kortare. No kan det berre gå ein veg. Oppover. Mot meir lys og lengre dagar.
Einkvar som har vore på botnen, veit at ein kan ikkje koma lenger ned. Går ein ned i nedste kjellaren i eit hus, så kjem ein ikkje lenger ned om ein prøver aldri så mykje.

Så no går det mot lysare tider. Det går nok ei stund til me merkar noko til det. Men berre det å veta at det ligg ein vår der framme ein stad, gjev krefter til nye dagar.

Dessutan er det snart jul. Denne herlege lysfesten midt på svarte vinteren. Og den har me budd oss på lenge. Forventninga har lege der heilt sidan første søndag i advent.

Advent. Tid til å bu seg på det som kjem. Om å minnast at Gud  kom til jorda som eit lite barn......

Ventetid.

Men eg registrerer at det er ikkje alle som greier å venta. Som nemnd i førre innlegg, så startar "julehysteriet" tidleg på hausten.
Og for meg ser det ut som om mange, fleire og fleire, hoppar bukk over adventstida og går rett på jula.
  - Eg hugsar spesielt kveldsturen med hunden på 1.søndag i advent i år. Det er lett å sjå inn i stovene til folk, og brått såg eg eit fullt pynta juletre i ei like pynta julestove.  Sidan har eg sett det same i mange stover kvar dag heile førejulstida . Skremmande.
Greier ikkje folk å venta? Må dei verkeleg gjera som handelsstanden og dra fram juletrea lenge før tida?

For meg vert det heilt feil. Det vert som å eta desserten før hovudretten.

Her i huset held me oss til kalenderen, og det har me tenkt å fortsetja med. Me feirar advent heile advent. Så får jula koma når ho kjem.

Kl. 17.00 på julafta ringjer jula inn. Då er det jul. Ikkje før.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar