Overgangen til dei neste 60 åra måtte sjølvsagt feirast. Medan andre feirer slike milepælar med mykje folk og svære etegilde, ville eg det annleis. Eg tenkjer her på eit visdomsord den danske forfattaren H.C.Andersen etterlet seg: "Å reisa er å leva". Eg vil snu litt på det og seia: Å leva er å reisa. Og på 60-årsdagen ville eg leva fullt ut. Difor vart det ei feiring med ei reise.
Tidleg om morgonen la me av garde med toget, jubilanten føre med gubben på slep. Ville han vera saman med meg den dagen så måtte han berre følgja med. Vår firbeinte familiemedlem vart att heime. Er det nokon av mine blogglesarar som kjenner til turen som kallast: "Norge i eit nøtteskal" så veit de gjerne kva me gjekk i gang med.
På Voss hoppa me av og gjekk over på buss til Gudvangen der bildet over er teke.
- Etter den flotte båtturen hamna me i Flåm. Først innom Flåmsbanemuseet, så ein liten spasertur i sentrum. Medan me gjekk der, kom det ein sms frå niese M. som fortalde at no hadde ho hatt ein lang,fin tur med den firbeinte der heime, som avtalt. Godt å veta at Tinka vart teken hand om.
Neste post på programmet var ein tur med Flåmsbana. Det var den brattaste og finaste togturen eg har opplevd. Litt ekstra dramatikk då toget måtte stoppa pga ei isblokk som som hadde rasa ned og lagt seg midt i jernbana. Det vart ein pause på 10-15 minutt før me kunne reisa vidare. Til lenger opp me kom vart det meir og meir snø og is og dei fleste fossane var frosne. Og då Myrdal var nådd var det full vinter. Lenge til vår der.
Så bar det heimover med Bergensbana.
I 18.00-tida kom me heim trøtte og fulle av inntrykk.
60-årsdagen min vart akkurat så flott som eg hadde sett føre meg. Ein slik dag ville eg ikkje hatt annleis.
Dagen etterlet seg 54 foto og mange gode minne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar