mandag 26. august 2024

Vår 12. bryllaupsdag


 I går var det vår 12. bryllaupsdag. Altså var det 12 år sidan O. og eg gjekk opp kyrkjegolvet og vart mann og kone. Me gifta oss på ein regnversdag, og gårsdagen var og temmeleg regnfull og våt. 

Som tradisjonen er var me ute på ein koseleg liten vietnamesisk restaurant her i vårt nærmiljø for å nyta eit godt måltid. På menyen stod kokt and med ris og grønsaker - som mine blogglesarar kan sjå på biletet. Den retten er og tradisjon. 

Tenk at me har vore gifte i 12 år !!   Det har vore gode år - for det meste, og eg håpar me får endå fleire gode dagar og år i lag. Desse åra med O. har vore den beste tida i livet mitt. Godt å vera to. Forresten, me er eigentleg tre viss eg skal rekna med vår firbeinte familiemedlem, Tinka. Ho er ein viktig del av familien. 

Min kjære O. har etter kvart vorte ein godt vaksen mann. Helsa er ikkje som før, og  det merkast. Men me tek ein dag om gongen og gjer det beste ut av det. Og eg håpar me får ha kvarandre enno ei stund. Me ser med forventning framover....

søndag 18. august 2024

Ikkje heilt "up to date"


 Kva i all verda er dette? Ja, no kan mine blogglesarar lura. Ein ting er i alle fall sikkert: Det må vera eit kjøretøy frå ei heilt anna tid. Langt frå "up to date" som det heiter på engelsk. 

Forklaringa er som følgjer: Då Tinka og eg var ute på dagens andre tur, kom me over dette forelda kjøretøyet. Det stod borte på Engen.  Museumstrikken stod det på ein plakat attmed der. Og det var tydeleg at dette forelda kjøretøyet går i rute enkelte dagar. Kanskje for folk som vil oppleva gamle dagar...?

Kanskje det kan vera forgjengaren til bybana?  Medan Tinka og eg stod der tok det brått til å gå, med knirking og alle slags gammaldagse lydar. Ikkje godt å sei kvar det hadde tenkt seg, men eg har møtt dette gammaldagse kjøretøyet før,  borte på Møhlenpris. Eg trur det er stasjonert der borte ein stad. Så tek det sine turar av og til, ser det ut til. Museumstrikken heiter det visst. Eit kjøretøy frå ei heilt anna tid. 

Jaja, det får så vera.  Eg trur eg føretrekkjer bybana eller bussen...

torsdag 1. august 2024

Tinka sin 9-årsdag!


 I dag fyller vår kjære Tinka 9 år og me har hatt henne i 8 år. Her er ho fotografert på dagens tur i Bergen sentrum. Det har vore ein varm dag og Tinka var veldig glad då ho oppdaga denne skåla med vatn utanfor ein butikk. Ho sette i å drikka og synest dette var gode greier. 

Men ho fyller altså 9 år i dag og me har feira med kake. Den kaka fall i smak både for tobeinte og den firbeinte. For her i huset feirar me alt som går an å feira. Som ein kan sjå på biletet går jubilanten omkring med ein sokk på sin høgre bakfot på grunn av det før omtalte skaden som ho fekk i Stryn. Men me håpar på snarleg betring. Ho har no fått i seg alle tablettane som ho fekk etter dyrlegebesøket, men ho har ein salve som eg fortsatt smørjer på hennar høgre bakfot morgon og kveld. Og så får me ta tida til hjelp...

mandag 29. juli 2024

Fjellvandringa som det ikkje vart noko av....


 Eg hadde gledd meg så lenge til å ta opp att tradisjonen med fjellvandring frå hytte til hytte. Hadde planlagt alt så nøye. Planen var å kjøra til Sylane og gå ein runde der til to norske og to svenske hytter. Ei vandring eg har gjort før, i 2010 saman med Tanja. Det er eit så fint fjellområde at eg hadde lyst å oppleva det på nytt. Meininga var å gjera det i fjor, men då var det så mykje uver austafor med mykje regn, flaumar og stengde vegar, så då måtte me berre utsetja det. 

Gjorde eit nytt forsøk i sist veke. Kjørte til Stryn for å overnatta der hjå K. for så å kjøra vidare dagen etter. Men det gjekk ikkje etter planen. Var så vidt komen fram til K. Der, utanfor inngangsdøra låg ei metallmatte som skulle øydeleggja heile greia. Då Tinka gjekk over den matta, sette ho seg fast i den og reiv laus noko av ei klo på sin høgre bakfot. Ho skreik noko grusomt og blødde fælt. Med blødande bakfot gjekk ho omkring i huset og etterlet seg ein god del blod. Det var tydeleg at ho hadde det veldig vondt.

Kva no?? Mi kjære Tinka trong hjelp av dyrlege, ingen tvil om det. K. ringde etter dyrlegen som var langt vekke, men ho skulle koma innom på vegen attende. Me måtte berre venta nokre timar. 

Då dei to timane endeleg var gått, kom endeleg dyrlegen og Tinka sin fot vart salva og bandasjert. Så då var det berre å ta det med ro nokre dagar, så kanskje ho vart betre. Men ho vart ikkje noko betre i foten så eg måtte etter kvart innsjå at det var ikkje forsvarleg å ta med seg Tinka på noko fjellvandring.

Dermed måtte eg berre kjøra heim att til Bergen og la Tinka få all den pleie og omsorg som ho trong i denne situasjonen. Dagen etter heimkomst var me til dyrlegen. Der fekk Tinka medisin:  Antibiotika, smertestillande og betennelseshemmande og dessutan ein salve. Så måtte ho ha ein sokk på sin høgre bakfot når ho går ut og ha på seg ein stor skjerm inne slik at ho ikkje sleikjer seg på foten. Foten må tørka først, og så skulle kloa veksa ut att. Det kjem vel til å ta si tid, men det får me berre ta med.

Dermed vart det ikkje fjellvandring i år heller. Ein stor skuffelse.  Men slik det er no må Tinka prioriterast. Fjellvandring vart ikkje i fjor, heller ikkje i år, men kanskje neste år....?

Vel, det er noko som heiter : Alle gode ting er tre, så me lever i håpet...

fredag 17. mai 2024

17.mai 2024




 Ja, i dag er det altså 17.mai 2024. Og det vart ein strålande dag når ein tenkjer på veret. Sol frå klår himmel. Kunne ikkje vore betre. Alt var klart for ein heidundrande fest og det vart det. Oftast plar me gå i kyrkja på denne datoen, men i år var den så tidleg som kl. 9.00. Så det droppa me denne gongen. Det vart til at me i staden tok oss ein tur på byen etter frukost for å sjå på livet. Og der var det jammen mykje liv. Det var 17.mai-tog i lange baner, med mykje ståk og bråk. Etter kvart vart det i meste laget for gubben, så han rusla heim att, medan eg tok meg ein ekstra tur. Og det var veldig mykje folk på byen i dag. Grenselaust mykje. Eg fekk lyst på ein is, og stod i kø i lange tider før det var i boks. Så åt eg den på veg heim. Ein slik dag var det mange bunader ute og gjekk. 
    Bunad ja, eg var veldig spent på om eg fekk bunaden på meg i år, sidan eg har lagt litt på meg i det siste. Men det uventa greitt. Eg slapp å halda pusten, for å sei det slik.  Men eg må nok leggja meg i hardtrening viss eg skal koma meg på fjellvandring i år, noko eg håpar på til sommaren.

Men det er fleire enn eg som har lagt på seg. Vår firbeinte familiemedlem var til dyredoktoren i går for å få den årlege vaksina si. Samstundes fekk ho seg ein helsesjekk, og så måtte ho på vekta. Ho hadde lagt på seg, ja. Eg prøvde å løfta henne her ein dag, og det var som å løfta stein.  Så her må det trimmast både for to- og firbeinte. 

Det vart ei fin 17.mai feiring, men det var varmt og eg sveitta fælt i den tjukke, varme bunaden. Så etter ei stund gjekk eg heim og tok han av meg. Det var godt! 
Så vart det rjommagraut til middag med tilbehør. Tinka fekk sjølvsagt smaka.
Men før middagen måtte eg sjølvsagt ut med den firbeinte. Me gjekk ikkje så langt, berre nordover til den parken der me går til stadighet. Då kom dagens hurtigrute og la til kai, som vanleg.

No i kveldinga har temperaturen gått litt ned, heldigvis, så dagens kveldstur med Tinka vert ikkje så heit som tidlegare i dag. Men dette har vore ei veldig fin feiring av nasjonaldagen. 
Eit godt minne.
  

torsdag 29. februar 2024

Til minne om bestemor


 Dette nydelege fatet hang i mange år på kjøkkenveggen hjå mi kjære bestemor. Kvar gong eg var innom måtte eg sjå litt ekstra på det. Mine fem første leveår var eg så heldig å ha bestemor til nabo. Då kunne eg springa bort til henne så ofte eg ville. Der var det alltid godt å vera. 

Men den sommaren eg var fem år flytta me til ein stad i utkanten av bygda. Far hadde bygd hus der. Det vart ein stor forandring å flytta frå ein liten loftleilighet til eit heilt hus. Ulempa var at det var ikkje lenger så enkelt å besøkja bestemor. Brått var det fleire kilometer å gå for å koma til henne. Likevel held eg sjølvsagt kontakten med henne. Mange gongar gjennom åra gjekk eg bort til henne, særleg når det var trøblete i heimen. Og det var ofte. Hjå bestemor var det alltid godt å koma. Der vart eg alltid møtt med gode ord, kakao og bollar. Har mange gode minne etter bestemor. Ho var den einaste av mine besteforeldre som levde til eg var vaksen. Ofte då eg besøkte henne hadde eg med meg Turid-vofsen, min barndoms hund og beste venn. Då fekk ho og smaka godsakene til bestemor. Då søstra mi og eg var små, leika me med papirdokkene til bestemor. Dei hadde ho liggjande under voksduken på kommoden på soverommet sitt. 

Seinare, då eg vart skulejente, hende  det at eg sprang bort til bestemor etter skuletid, for å unngå mobbing på skulevegen, noko som det var mykje av. 

Åra gjekk, og eg var mykje innom til bestemor. Ho betydde mykje for meg. Alltid fint å sjå det fine fatet som hang på kjøkkenveggen der. 

Då eg flytta heimafrå som 17-åring, kom eg ikkje så ofte til bestemor, men når eg reiste heim på besøk, var noko av det første eg gjorde å gå bort til bestemor. Siste gongen eg såg mi kjære bestemor var dagen før eg reiste til Tromsø for å gå på bibelskulen der i 1981. Då var eg 23 år. Ut på hausten fekk eg beskjed om at bestemor hadde vorte sjuk og var komen på sjukeheimen. Eg sende henne eit brev med ønskje om god betring og eit håp om å sjå henne att i julaferien.  Slik gjekk det ikkje.  Tre veker seinare fekk eg beskjeden om at bestemor var død. Eg fekk ikkje ta skikkeleg farvel med henne, men eg rakk heim til gravferda.

Det fine fatet på kjøkkenveggen hamna då hjå tante S. min fadder og yndlingstante. Og på slutten av denne tanta sitt liv, var det eg som fekk det fine fatet, medan tante S. enno var oppegåande. No heng det på veggen i stova mi i leiligheten min i utkanten av byen.  Eit stort og godt minne etter bestemor. Eg er veldig glad for å ha dette etter mi kjære bestemor. Ei slik bestemor vert aldri gløymd.




mandag 12. februar 2024

Vinter og snø 2024


 No er det på tide å skriva litt her på bloggen. Dette vert det første innlegget i 2024. Denne vinteren har me faktisk hatt litt skikkeleg vinter. Me har vore velsigna med snø fleire gongar no i det siste. Dette biletet er frå Nordnesparken. Gode greier.  Humøret stig nokre grader når snøen legg seg. Det vert så lyst og fint. Men snøen ligg ikkje så lenge her på vestlandet. Regnet har ein lei tendens til å vaska snøen vekk fortare enn eg likar. Nokre dagar med regn og så er han vekke. Men så kjem det gjerne ein ny periode med kulde og snø, og det kjennest godt.  For nokre veker sidan såg eg faktisk nokre skigåarar på Torgallmenningen her i sentrum av byen. Det har eg ikkje sett før.

Eg nyt å sjå når snøen legg seg. Regn har me meir enn nok av her på vestlandet. Snøen er som balsam for sjela. Men innimellom snø og regn er det sjølvsagt periodar med hålke, og det er noko herk. For ca ein månad sidan då eg var ute med  Tinka ein kveld, var det mørkt og eg såg ikkje isen på fortauet. Brått forsvant føtene under meg og eg landa på ryggen, samstundes som at eg slo bakhovudet kraftigt ned i fortauet. Hovudet og ryggen kom vel frå det, men det var baken som tok støyten. Dei komande vekene var det ei kvia å setja seg ned. Det var med eit VRÆL kvar gong!  Det gjekk nokre veker før bakparten var seg sjølv att. 

No går det faktisk mot vår. Snøklokkene har kome opp or jorda enkelte stader. Og i dag kom det eit turistskip og la til kai her i vår stoveglasutsikt. Det er no helst tidleg, men det er vel nokon som likar å farta omkring om vinteren og. 

Skiføre er det verre med. Då må me høgt til fjells. Men det er noko meir snø der ved leiligheten min i utkanten av byen. Der eg "flyktar" til når det vert i meste laget av byliv. Men sant og sei er det nokre år sidan eg hadde ski på føtene. Skiene står i bua. Men det må vel ordna seg med ein skitur etter kvart...