mandag 30. desember 2019

Brillefin

Er det berre me menneske som treng briller? Det har eg av og til lurt på. Så her ein dag plasserte eg brillene mine på den lange nasa til vår kjære Tinka. Ho tykte nok ikkje særleg om det, og forstod vel heller ikkje vitsen. Ikkje trur eg ho har bruk for det heller. Med sine fire år har ho enno syn til å sjå det nødvendigaste. Som kattar, hundar, fuglar og andre skapningar som ho ikkje likar. Kattane ser ho på lang avstand, ofte før meg, sjølv om eg har briller og ikkje ho.

Men den første hunden eg hadde i vaksen alder, fekk nok problem med synet på sine gamle dagar. Ho hadde same uvanen som Tinka med å gøy på andre firbeinte. Og ofte såg ho ikkje forskjell på folk med hundar og folk med trillekoffertar. Det var mange koffertar som fekk "kjeft" av henne. Så ho kunne trengja briller.

Men dyr brukar sjølvsagt ikkje slikt, og det kan me vera glade for. For dei brillene hadde ikkje vart lenge. Ein kostbar affære hadde det vorte.

Sjølv har eg 51 år med brilleerfaring. Mine første briller fekk eg som tiåring. Då var eg einaste brillebrukar på heile den vesle skulen. Året etter fekk ei jente i nær familie og briller, så då var me to på skulen med den lagnaden.
Litt brilleknusing har det vorte gjennom åra. Særleg då me var små. Det er ikkje til å unngå for aktive born. I oppveksten ønskte eg meg briller med vindaugsviskarar. Det hadde vore så praktisk når det regna. Men merkeleg nok har det enno ikkje i mitt brilleliv vorte oppfunne.

 Gardiner på brillene hadde og vore gode greier. Då kunne eg berre trekkja føre om kvelden når eg legg meg i staden for å ta brillene av.

Det beste hadde vore og greidd seg utan briller. Men når det no er   slik at det er noko som heiter dårleg syn,  så er det jammen godt at det finst noko som hjelper. Elles hadde det vore mykje me brillebrukarar hadde gått glipp av her i livet.

lørdag 7. desember 2019

Ny nabo

Sist veke kom ein ny og velduftande nabo inn i livet til O. og meg.
Me hadde lenge høyrt rykte om at han var i kjømda. Sjølve lokalet har vore tildekka med brunt papir i lang tid, men innanfor det brune papiret har det vore hektisk aktivitet. Det har me forstått på alle dei folka som har gått inn og ut, med eller utan alle slags saker og ting.

Mykje skal ordnast når nye naboar skal i hus, og denne naboen hadde mykje å stabla på plass før det brune papiret kunne fjernast, og heile herlegdomen kunne openberrast for naboar, forbipasserande og elles alle dei som kjem og går her i vårt nærmiljø.

Då den store dagen for opninga endeleg kom, hang det ein liten papirpose på dørhandtaket vårt i 4.etasje. Oppi der låg litt av kvart: Ein pose med nokre nybakte godsaker: Eit rundstykke, ein kakemann og ei hjarteforma kake med rosa glasur. I tillegg ein stor svart handlepose, eit rabattkort på kaffi og eit hyggjeleg brev frå vår nye nabo, som altså er Baker Brun.

Kvar morgon når eg opnar inngangsdøra vår i 4.etasje eg skal ut på dagens første hundelufting, vert eg møtt med ei herleg bakelukt som kitlar meg langt inn i naseborene. Då er det berre å følgja lukta ned alle 4 etasjane, ut hovuddøra, opp nokre trappetrinn og så  stiga inn i bakeriet i same bygningen og kjøpa med seg noko godt til frukosten,  - om ein vil.

Desse åra eg har budd her, har det vore fleire omgongar med frisørdrift i dette lokalet. Og før den tid, elektrisitetsforetning og så bokhandel. Går ein lenger attende i tid, kan ein sikkert finna andre verksemder som har prøvd seg.

Men no er det altså Baker Brun. Håpar han får drifta til å lønna seg slik at han vert verande. Då kan eg, og andre i nærmiljøet, sjå fram til eit langt og velduftande naboskap.




lørdag 30. november 2019

Amalie Skram - til evig tid

Kvar einaste dag dei siste sju åra har eg gått forbi deg på mi vandring med hunden. Du står der så strak og verdig og ser utover med eit litt fjernt blikk.
Kva tenkjer du der du står, Amalie? Kva tykkjer du om alle desse folka som ser på deg når dei går framom?

Som småjente sprang du nok omkring her i nærleiken sidan barndomsheimen din ligg berre nokre steinkast unna. Korleis var det å vera deg då, Amalie? Tenkte du nokon gong at du skulle verta ein kjend og berømt forfattar?

Livsverket ditt finn me på biblioteket og sikkert i mange heimar omkring i landet.
 Eg ser deg for meg der du sit og skriv i lange stunder. Det må ha vore mange timar med blyanten, Amalie.
Men resultatet er imponerande. Og det vert enno lagt ned kransar ved sokkelen din, og eg har og sett at du har fått blomekransar kring halsen. Eg tvilar ikkje på at det er fortent.

Men no ein dag såg eg noko anna. Nokon hadde sett frå seg eit par fjellsko ved sokkelen din, som vist på biletet.

Kva tenkte du då? Kunne det tenkjast at du ville stiga ned, ta på deg skorne og vandra til fjells? Sjå på utsikten over byen din, kjenna fjell-lufta ned i lungene og vinden i håret.                                           Får du ikkje lyst, Amalie?

Men tida har gått og det er lenge sidan det rann blod i årene dine. Etter ditt jordeliv fekk du plass på denne sokkelen. Her i mitt nærmiljø. Her som livet ditt tok til.
Og her vert du ståande og sjå utover byen, med ditt fjerne blikk.  Til evig tid.




mandag 25. november 2019

Tur til Israel

No er det ein månad sidan eg kom heim frå Israel. To heile veker fekk eg der i det varme og tørre landet. Midt i blinken å reisa til eit slikt land på hausten  og hamstra sol og lys nett før ein ny mørk vinter tek til. Folk flest reiser nok til syden, men eg føretrekkjer Midtausten, og då sjølvsagt  dette vesle landet inst i Middelhavet. Ikkje noko anna land kan måla seg med det som Israel kan visa til når det gjeld historien til vår eigen religion.

Denne turen: "Bibelferie i Bibelens land" med 63 deltakarar var min 8. tur til dette spennande og heilt spesielle landet. Me slo oss til i eit koseleg hotell i den fine byen Netanya ved Middelhavet. Fredeleg og godt. Varmt og fint med ein temperatur på omkring 30 grader.
Me brukte Netanya som utgangspunkt for utflukter ca annankvar dag. Då for me av garde kl. 7.00  om morgonen med høgt tempo og mange opplevingar. Så var det tilsvarande rolegare dei dagane me ikkje hadde utflukter.

No har det altså vorte 8 turar. Kanskje den turen i 1994 var den som gjorde mest inntrykk. Sikkert fordi den var den aller første. Den som gav meirsmak og var grunnlaget for alle dei andre.  I alle fall er det veldig spesielt å gå i fotefara til Jesus. Etter 8 turar har eg sjølvsagt vore ein del gongar der Han gjekk. Og det har vorte ein del skriftlesing på desse stadene. Og ikkje berre om Jesus, men og om mange av dei andre bibelske personane heilt frå Det Gamle Testamentet si tid.

Denne gongen var me innom "Davids by" som vart bygd for tre tusen år sidan, og som no er ein del av Jerusalem. Der gjekk me gjennom smale tunellar inne i fjellet som viste kvar dei fekk vatnet sitt frå på den tida. Imponerande!
Elles var me på dei kjende stadene som alle turistar besøkjer:  Gravkyrkja, gravhagen, Vestmuren, Oljeberget og Holocaustmuseet Yad Vashem. Getsemane vart det ikkje tid til denne gongen. Å vera turist er travle greier. Mykje skal ein innom så det vert ikkje tid til å fordjupa seg i noko.

Eit høgdepunkt var å få vera med i Jerusalemmarsjen, som plar vera i samband med Lauvhyttefesten.  Godt å få visa det jødiske folket at dei ikkje er åleine. For Israel har vanskelege og farlege nabostatar på alle kantar, og er stadig mål for terror. Dessverre. Slik har det visst alltid vore.

Elles besøkte me eit vitskapsinstitutt, eit museum under ein kibbuts der dei hadde hemmeleg kuleproduksjon under ein eller annan krig, ein institusjon for mishandla og misbrukte born, eit kloster på Karmelfjellet, tur til Galilea der me var innom diverse kyrkjer og ruinar og ein båttur på Genesaretsjøen,tur til fjellfestninga Masada med si spesielle historie. Bading i Dødehavet vart det og tid til.

Dei dagane me ikkje var på utflukter hadde me bønnesamlingar, bibeltimar og songstunder i møterommet på hotellet. Etterpå tok me det roleg i på byen i Netanya. Der kunne ein rusla omkring, sitja på ein fortauskafe og prata med andre i gruppa eller ta ein tur på stranda. Sjølv tok eg meg rolege stunder på rommet med godt lesestoff. Og så var det sjølvsagt godt med litt epostkontakt med min kjære O. undervegs.

Så det var ein vellukka tur. Men godt å koma heim att var det og. Med i bagasjen hadde eg 390 bilete og ei velfyllt reisedagbok. No skal det verta kjekt å laga fotoalbum av den fine turen.

Dette var min 8. tur til Israel, og det er 8 år sidan sist. Det må ikkje verta 8 år til neste gong. I Israel er det alltid noko nytt å oppleva. Og alltid eit fint fellesskap med andre nordmenn i same ærend.




søndag 6. oktober 2019

Berre til låns

Her er den vesle raude hytta i skogen. Ei perle av ein stad som eg har fått låna i  20 år. Ei knøttlita hytte utan naboar og med ein nydeleg utsikt ned mot sjøen. Dette har vore min tilfluktsstad når eg har vore trøytt og lei av jobb og byliv. Her har hundane mine sprunge omkring, rundt hytta og att og fram, i vill glede over å gå lause. Dei første åra var det Leidi, sidan vart det Tanja, og no siste åra, Tinka. Dei to første har og fått gravene sine her.

Den vesle hytta har eit indre mål på berre 10,4 m2, og har ein standard som ligg langt under det som er vanleg i 2019. Ho har dessutan vore veglaus heilt fram til i år. Det er ikkje innlagt vatn, og heller ikkje straum. Me har hatt eit slikt do som ein må tømma, men det har me ikkje brukt dei siste åra. Det var så bale å tømma det. Det vart mykje enklare å berre gå bakom skytja når behovet melde seg, eller grava eit hol i jorda ein stad borte i skogen. Men standarden har ikkje plaga verken meg, O. eller hundane mine. Tvert i mot. Det har vore ein del av sjarmen. Og det går så greitt når ein ikkje har naboar.

Men alt har si tid. Hytta er ikkje mi, og eg har heile tida visst at ein dag var det slutt. Det har lenge vore store planar om hytter her i skogen. Mange hytter. Idyllen kjem nok til å forsvinna. Grunneigarane skal tena pengar. Og det vesle hytta må vekk. Altså rivast. Han som i si tid bygde hytta, gjorde ein god og nøyaktig jobb. Men det er ingen i 2019 utan O. og eg som ser verdien i det den mannen gjorde. Dessverre er det slik.

Ryktene om forandring har gått lenge, men eg hadde håpa å få ha hytta til neste år. Slik gjekk det ikkje. For nokre veker sidan kom beskjeden om at no var salet av tomten der hytta står, nært foreståande Ei kontrakt skulle skrivast den veka og etter det kunne kva som helst skje. Beskjeden var tydeleg nok. Det var berre å gå i gang med det uunngåelege. Brått, fort og brutalt.

No er hytta tømt for alle våre personlege ting. Berre skalet står att.  Det vart ein tårevåt avskjed sist torsdag. Nesten ufatteleg at det ikkje vert fleire hytteturar. Dei mest nærliggjande orda er sorg og tap. Den vesle, enkle hytta hadde, og har, ein stor plass i hjarta mitt. Men her heime har eg to velfyllte hyttebøker med mykje god hyttedagboklitteratur gjennom 20 år. Dessutan har eg hundrevis av bilete frå denne vakre staden. Eg er svært takksam fordi eg fekk bruka denne hytta alle desse åra. Og sit att med uendeleg mange gode minne som eg skal ta godt vare på i komande år.


søndag 29. september 2019

Bærhaust 2019

  • Det vart sylting i år og. Då varmen endeleg slo gjennom skydekket sette det fart i modningsprosessen og då gjekk det fort. Store mengder med gode, søte, ville bringebær vart plukka i nærmiljøet her ved leiligheten min i utkanten av byen. I tillegg fekk eg litt rips frå ei viss dame i nær familie. Til saman fire glas ripssyltetøy og resten bringebærsyltetøy av det som visest på biletet her.

  • Eg trudde ikkje det var meir sylting i år, men så oppdaga me to plommetre på ei viss øy som stod fulle av plommer. Uvanleg mykje. Det resulterte i 32 glas som vist her på det andre biletet. Så no har me rikeleg syltetøy i tillegg til det me har frå tidlegare år. Mykje godt for ganen i mørke haust- og vinterdagar.

Det er vel ikkje mange som syltar lenger. Dei fleste synest vel det er greiare å gå i butikken når dei vil ha syltetøy. Og enklare er det sjølvsagt. Men det er noko eige med det som er heimalaga. Og så veit ein kva det er laga av. Garantert fritt for uønskte tilsetningar.
Så denne dama kjem til å fortsetja med sylting, så sant det er tilgang på råvarene. Det er litt forskjelleg frå år til år. Men i 2019 vart det god fangst!

søndag 22. september 2019

7 års bryllaupsdag.

Det har vorte lite skriving i den seinare tid. Det er ikkje mangel på stoff. Ting skjer heile tida. Eg har nevane fulle til ei kvar tid og tida går stadig fortare, synest eg. 

Biletet ovanfor viser ein nytingsfull augneblink som ligg nesten ein månad bak i tid. Min kjære O. og eg var ute og feirde vår 7.bryllaupsdag med eit ekstra godt måltid på ein restaurant i vårt nærmiljø. Faktisk var det så nært at det var i eit av nabohusa, nede på gateplan. Forresten var me der på same datoen i fjor og, i same ærend. Og åt same retten: Sprøsteikt and. Nydeleg ! 
Kven veit, kanskje me hamnar der neste år og ?

Uansett har me hatt sju gode år i lag. Kor mange år me har framføre oss veit ingen, men me tek den tida me får. Og takkar for kvar dag.

Komande veke har det meldt så fint ver, så då tek me oss ein tur på hytta. Der skal me kosa oss med vedhogst, utsiktsnyting og liknande fritidssysler. 
Men me må ta det i forsiktige former. Tinka passar på oss. Ho likar ikkje at me har for mykje nærkontakt. Då kjem ho og pressar seg mellom oss. Ho høyrer til i familien og seier tydeleg i frå om det.



mandag 12. august 2019

Fjellvandring 2019

Så vart det fjellvandring i år og. Denne gongen i nærleiken av der me var i fjor, men som biletet viser, i eit heilt anna ver. I fjor fekk me urimeleg mykje regn. I år betrakteleg betre, i alle fall i byrjinga av turen.

Biletet viser Hardangervidda vest i strålande sol på flotte stiar. Det kunne ikkje vore betre. Når det er slik er det fantastisk å gå i fjellet. Men dette er glansbiletet av fjellvandring. Fjellvandrarar veit at brått kan veret slå om til skikkeleg ruskaver, og det er vel kanskje det mest vanlege. Så det gjeldt alltid å nyta kvar solstråle og elles ta det som det kjem.

Dei raude T-ane viste vegen og dagane var lange og lyse. Ryggsekkane var pakka for alle slags eventualitetar angåande ver og temperatur. Og det må dei vera. Fjellet kan visa andre sider enn dette glansbiletet sjølv om det er sommarstid.
Etter nokre dagars vandring kom me til denne brua. Ho viste seg å verta ei stor hindring for å koma vidare. Altfor stor. Hengjebruer møter ein ofte i fjellet, men denne var smal og usikra, utan netting på sidene. Dessutan måtte ein opp ein stige på 5-6 trinn for å koma opp på sjølve brua. Me tobeinte hadde vel greidd det, men for mi kjære Tinka vart det umogeleg. Hundar går ikkje i stige. Det var ikkje å tenkja på, og elva var for stri til å vassa over. Dermed måtte me berre snu og klekkja ut ein plan B.
Etter å ha vandra attende til utgangspunktet, og kjørt i ein litt annan retning, hamna me på denne vakre staden, ei DNT-hytte i fjellområdet Stølsheimen. Der slo me oss til nokre dagar.

Dei siste tre kvartera før me nådde dit, sette det brått inn med intenst regn, så me fekk eit vått førsteinntrykk av staden.
Men dagen etter møtte oss med strålande sol heilt frå morgonen av. Dei to bygningane + eit utedo låg så fint til mellom to vatn, og alt var blikkstillt. Eg bestemte meg for å ta eit bad. Og eg kunne ikkje finna meg ein finare stad til det. Mine to turvenninner sat på land medan eg sumde omkring i det reine og tempererte fjellvatnet - lenge...Eit godt minne frå ei perle av ein stad.

Etterpå trekte me innandørs, og etter nokre timar var det slutt på godveret. Me høyrde buldring av torden i det fjerne, og det skulle halda på lenge; fem timar med lyn, torden og påfølgjande regn, medan me sat inne og hadde det tørt, trygt og godt.

I ettertid fekk me vita om dei svære rasa som hadde gått medan me sat der i  hytta. Det vart for mykje vatn enkelte stader, og det tok med seg store mengder av natur, verdiar og eit menneske. Det er fortsatt i nyhetssendingane.

No er me forlengst heime att. Med ferske inntrykk og gode minne. Me fekk oppleva fjellet sine lunefulle svingningar. Men let oss sjølvsagt ikkje skremma av vekslande ver. Det må ein ta med.  Det er berre slik.
Tinka-vofsen og eg sender nokre tankar til ei viss dame i nabofylket i nord og takkar for fint samver på endå ei flott vandring i fjellet.




søndag 21. juli 2019

Sommar 2019

Lange lyse dagar, fint ver, hyttetur og gode, søte, saftige jordbær. Nam-nam...  Slike stunder må ein ta vare på, halda fast på og ta fram att og minnast når dagar og tider skifter. Det gjeld å få slike minne til å vara, få stor plass i livet så ein er budd når vonde minne strøymer på og prøver å få overtaket.

Naturen er god medisin for eit godt livsmot. Å ferdast i skaparverket gjev krefter. Det er som søte jordbær for godtesjuk gane. Som lindrande pleie for djupe sår. Der hentar ein styrke for vidare livsvandring.

Årets fjellvandring er under planlegging. Me satsar på same fjellområdet som i fjor. Men den vidda er stor og vid. Der vert ein ikkje lokalkjend med det første. Stiane ligg framføre. Det same gjer sommardagane i 2019. Eg gler meg.

fredag 28. juni 2019

Rosene mine

Er det nokon som lurer på kva dette er? Det kan kanskje sjå ut som eit månelandskap. Eller eit Europa-kart. I alle fall ei samanblanding av fine fargar. Då eg spurde min kjære O. kva han meinte det var tippa han på ein matrett, kanskje eggerøre.

Men svaret er eit heilt anna. Det hadde seg slik at me var sju halvgamle damer i sin beste alder som var ute på restaurant for å ha oss eit betre måltid. Me hadde funne oss eit bord, og rigga oss til der. Stemningen var god, og me prata i veg om alt og ingenting, sommarplanar, siste nytt og elles alt mogeleg mellom himmel og jord som damer skravlar om når dei kjem saman.

For å bestilla maten måtte me gå ned ei trapp. Det burde vera enkelt nok, men ting går ikkje alltid etter planen. Kva som så skjedde, har eg ikkje heilt klårt føre meg, for det gjekk så fort. Kanskje eg steig skeivt, eller glei. I alle fall for eg på hovudet der i trappa og rulla eit godt stykke nedover.
 Bleik og fortumla fann eg meg sjølv att nedst i trappa. Ein tilsett kom springande og ville tilkalla ambulanse, men det fekk eg avverga. Har vore ute i hardt ver før, så dette måtte eg vel greia.
Dei andre damene tok seg av meg, og det mangla ikkje på omsorg.

Etter å ha teke det med ro litt, og fått att ansiktsfargen, måtte eg no kjenna etter om min 61 år gamle kropp var like heil, noko han var. Men eg hadde fått ein diger kull i panna, og eg følte meg temmeleg møyrbanka. Brillene hadde fare sin eigen veg og var dugeleg skeive. Dei tilsette synest at etter eit slikt fall ville dei spandera gratis middag på meg. Imponerande fint gjort av dei.

Om litt fekk eg støtta meg opp trappa att,sjølv om eg hadde vondt både her og der.
 Trappa var lang og hard, med metall ytst på kvart trinn. Så eg hadde fått skikkeleg bank. I ettertid oppdaga eg kular og blåmerke over store delar på kroppen i tillegg til nokre skrubbsår.
Og det er ei av  desse "rosene" mine som er avbilda her.

No er det fleire veker sidan dette skjedde og kroppsfargen nærmar seg det normale. Eit legebesøk i ettertid bekrefta mistanken om brist i eit sidebein. Men det ordnar naturen, med litt tid.

Brillene derimot har sagt takk for seg. Dei må skiftast ut ved første anledning. Det var berre så vidt dei hang i hop etter den ville ferda i trappa, og no i dag då eg stod på badet med brillene i hendene datt brått eine glaset ut og rett i do. Så det er ikkje måte på uflaks.

Men eg har hatt flaks og. Hadde eg vore beinskjør, hadde trappefallet fått heilt andre konsekvensar.

Forresten er det heile litt pinleg og. Eg som går i fjellet til stadighet, i all slags kupert terreng, og så greier eg ikkje føta meg i ei trapp...








onsdag 15. mai 2019

Tulipanar frå Amsterdam

Er ikkje dette eit nydeleg syn? Dette og mykje meir av same slag fekk min kjære O. og eg nyta synet av den 29.april i år. Ein stor park full av blomar, for det meste tulipanar. Området var så stort at me fekk eit kart i neven ved inngangen, sikkert i den vona at me ikkje skulle rota oss heilt vekk i herlegdomen.

I fire timar gjekk me der og såg på blomar og fargar i det uendelege. Eg har aldri sett så mykje fint på ein gong. Det var berre heilt fantastisk. Min kjære O. let seg ikkje riva med i same grad, men var einig  når han berre fekk tenkt seg om.

No kan ein stakkars blogglesar lura på kva slags paradis me hadde hamna  i. Og svaret er at me var på blomstringstur til Holland!

Saman med ei gruppe på om lag 30 personar sette me av garde med buss frå Norge til Danmark, gjennom Tyskland til tulipanlandet Holland. Turen var lenge og godt planlagt med mange høgdepunkt, men det heilt store var altså denne blomsterparken, Keykenhof, som ligg ein stad mellom dei hollanske byane Amsterdam og Haag.

Eg fotograferte meir enn nokon gong, med tanke på å laga fotoalbum av det når eg kom heim. Slik eg alltid gjer når eg har vore ute i den store verda.


onsdag 24. april 2019

Vår med bismak

Denne blomsterenga er å finna ein stad her i vårt nærmiljø. Gras, engkarse og løvetann i full blomst. Ja, no er det fine dagar. Solskin og opphaldsver har me hatt i fleire veker. Me går turar med Tinka utan regnfrakk og paraply. Herleg!

I naturen livnar alt til etter vinteren. Det vart ein heller mild vinter i år. Vintrane vert meir og meir slik. Det er noko som er i ulage. Men me må berre ta det som det er. Og no er det altså vår. Dei siste dagane har eg kunna gå ut i berre t-skjorta.
Godt å sjå på alt som spirer og gror. I alle fall nesten alt. No er det bjørka eg tenkjer på. Ho spirer og gror i meste laget, med raklar og pollen og alt som høyrer med. Det er dette som valdar meg møye i desse dagar. Bjørkepollenet legg seg inni nasa, nede i halsen og ikkje minst inne på augo. På sistnemnde staden ligg det og klør og svir så det er til å verta galen av. Den einaste trøysta er at det er forbigåande. Eller som reven sa då han vart flådd: Det er ein overgang.

Om nokre veker er det verste over. Då kan ein leva normalt att. Men det er hardt når det står på. Då kunne ein ønskja seg langt vekk. Til bjørkefrie område i verda, kvar no det måtte vera.

Forresten så skal me ut og reisa i morgon, O. og eg. Og det kunne ikkje passa betre. Håpar berre det er  ein stad utan bjørk me skal til. Det veit eg ikkje noko om på dette tidspunktet. Får berre venta og sjå.


lørdag 13. april 2019

Min 61-årsdag

Det treng ikkje vera "store" eller  "runde" dagar for at me kan feira dei. Her i huset feirer me det meste som går an å feira. Inkludert Tinka sin fødselsdag. Sjølvsagt.

Men i dag var det min tur. Biletet viser det som min kjære O. var ute og kjøpte til meg i dag på min sekstiførste fødselsdag: Roser og marsipankake.  Snille mannen min. 

Det vart ikkje feiring med lang fin tur som i fjor. I år gjorde me det litt enklare. Me tok ein liten spasertur til hurtigruta som ligg til kai her i vårt nærmiljø.  Dagens hurtigrute var MS Nordkapp. Der kjøpte me oss ein god middag, og fekk oss ei koseleg stund medan me kika på turistane som kom ombord og som hadde ei lang fin reise langs kysten føre seg. Eg kjende reiselysten, og skulle gjerne vore med. Men i dag fekk me nøya oss med den gode middagen og ei lita omvisning på det fine nyoppussa skipet.

No i kveldinga forsynte me oss av den gode kaka som O. hadde kjøpt. Ein velsmakande avslutning på ein vellukka dag.

Snart skal me til å feira påske. Endå ei feiring altså. Denne gongen med svært fine vermeldingar.  
Ja, våren er verkeleg komen !





søndag 7. april 2019

Ny tid

Dette biletet vart teke i ei snøbyge for ca ein månad sidan. 
Min kjære leilighet kan sjåast som nr. 2 frå venstre øvst. Han vart kjøpt for over tretti år sidan eit halvt år etter at eg kom flyttande frå Sogn og Fjordane. I mange år var han min vesle heim fram til eg gifta meg i 2012 og flytta heim til min kjære O. Men leiligheten min forsvant ikkje dermed ut av livet mitt. Heldigvis. Eg såg det som ei grei pengaplassering, ettersom eg ikkje har lån på han, å ikkje selja han, men heller leiga han ut. Det har eg gjort i nokre år, og fekk etter kvart tre leigebuarar (ein om gongen, sjølvsagt) To av dei var greie å ha med å gjera, men ein av dei,  ei dame i 40-åra, var nok ikkje heilt god, for å sei det fint. Den tida gjekk eg med høge skuldrer, bekymra for kva ho kunne finna på. Etter den røynsla, bestemte eg meg for å slutta med utleige. Då det var avgjort kunne eg senka skuldrane. No har O. og eg tenkt å bruka han sjølve, i tillegg til heimen vår i byen. Vera litt her og litt der.

 For berre eit par månader sidan såg huset heilt annleis ut. På grunn av slitasje, vart det sett i gang ei storstillt oppgradering i heile burettslaget. Alle altanane vart glasa inn. Og då vart det altså som vist på biletet. Uvandt, men fint. På ein måte kan det så ut som eit treetasjes drivhus. Men eg ser at det er meir praktisk og ein klar forbedring.

Innandørs er det og stor forandring. Eg har brukt heile siste året til oppussing. Etter tretti år utan at eg har gjort noko særleg, var behovet stort. Tømrar A. (broder`n) fekk oppdraget med tømrararbeidet. Elles har eg hatt både rørleggjar, murar, golvleggjar og elektrikar. Og resultatet har vorte så fint, så fint. Nytt bad, nytt kjøkken, og store forandringar på soverom, vaskerom og i stova. Ein grei og fornuftig måte å bruka sparepengane på. No held me på å innreia heimen med litt nye møblar og alt som skal til.

Staden ligg så roleg til, eit stykke unna trafikken. Og eg ser alltid fram til å koma dit, vekk frå byen. Det gjer så godt.
Så det skal verta veldig kjekt å ta den "nye" ekstra heimen i bruk.

søndag 24. februar 2019

Ein trufast ven

Her er ein trufast ven som har følgd meg på mange turar dei siste åra. Ein bruksgjenstand som eg nesten alltid har med meg i handveska eller ryggsekken. På lengre turar i skog og fjell har eg hatt det hengjande rundt halsen, klar til bruk. Mange turminne har eg fanga opp med dette fotoapparatet, for så å laga fotoalbum av bileta i neste omgang. Ser for meg kor viktigt det er å ta vare på gode minne, og ta dei fram og mimra når eg vert skikkeleg gammal. For som eg sikkert har nemnd mange gongar er det å samla minne på denne måten ein av mine viktigaste hobbyar.

Men alt har ein ende. Og mitt forhold til denne viktige tingen, tok ein brå slutt for halvanna veke sidan. Tinka og eg hadde hatt ein liten busstur og hadde nådd målet for turen i sentrum av byen. Mykje folk var det og stor trengsel då alle skulle gå av bussen. Midt oppi dette hadde Tinka oppdaga ein hund som ho straks kom i basketak med. Og eg var ikkje merksam på dette før det var for seint. Det vart eit fæla spetakkel,høgt volum,sinte folk og eg hadde meir enn nok med å halda styr på Tinka. I farten mista eg den vesle ryggsekken.
Det tok litt tid før situasjonen var under kontroll og folk og dyr hadde roa seg. Og eg var temmeleg skjelven då eg endeleg kunne ta  hund og ryggsekk og rusla heimover.

Ryggsekken, ja. Han hadde nok fått hardare medfart enn eg først var klar over. Vel heime oppdaga eg at det meste av innhaldet var øydelagd. Lommeboka bar tydeleg preg av hard medfart. Ei banan var heilt most og skvist inn i Bibelen min. Blyantar og pennar var knekte. Hårbørsten leid same lagnaden. Men mest gjekk det ut over fotoapparatet. Det var bulkete på eine sida og knust på den andre.
Heilt ubrukeleg. Øydelagd.

Kva som eigentleg skjedde med ryggsekken der på busstoppet midt i trengselen, har eg ingen oversikt over. Men i virvaret og den oppheta situasjonen må han ha vorte grundigt nedtrakka.

Fotoapparatet var ikkje spesielt gammalt. Men eg har hatt stor glede av det på mine mange turar og elles i kvardagen. Er alltid på jakt etter gode motiv, så dette har vore ein skikkeleg bruksgjenstand for meg.

            ---          ---        ---        ---

Trist å sei farvel til ein så, for meg, viktig ting. Men tida står ikkje stille. Ein ny trufast ven har kome inn i livet mitt: Og no ser eg fram til nye turar og nye opplevingar med det nye fotoapparatet, klar til å fanga inn nye motiv på mi ferd inn i framtida.







fredag 1. februar 2019

Over bekken etter vatn

Dette er Tinka, vår kjære firbeinte familiemedlem. Då ho kom til oss, eitt år gammal, var ho ikkje heilt fullvaksen. Vill og full av energi var ho som andre unghundar, og elska å springa omkring med hundevennene sine. No har ho rukke å verta tre og eit halvt år  og er dermed å rekna som vaksen. Har roa seg ein del. Men ho gjer framleis sitt beste for å få fart på sine eigarar. Ofte slengjer ho leikane sine rundt seg og ser forventningsfullt på oss. Då er det tid for leik.

Ho har nok knytt seg mest til meg. Det er eg som gjev henne mat og som går dei fleste turane med henne. Og når eg ein sjeldan gong går ut utan henne, ligg ho i gangen og ventar på meg. Når eg går på badet, ligg ho ofte utom badedøra og ventar.

Då ho kom til oss, merka me fort at det var ein klok og intelligent hund me hadde fått i huset. Ho lærer lett og forstår det utrulegaste,
og sjølv gjer ho seg forstått med berre eit blikk. Ho ser på oss på sine forskjellege måtar og er van med at me forstår kva ho vil.

Men ho har sine vanar og. Ein vane me undrar oss litt over er at når ho vil drikka, går ho ut på altanen og drikk or blomsterpottene, endå ho har ei skål med vatn ståande på kjøkkenet. Me har nok prøvd å få henne til å drikka på kjøkkenet, men har ikkje lukkast med det enno. Etter kvart sette me ein liten plastbalje med vatn der ute på altanen, slik at blomane  får ha vatnet sitt i fred. Og det vart godteke. Maten sin et ho på kjøkkenet, men vasskåla som står nett attmed, går ho galant forbi og ut på altanen og drikk der. Ho går rett og slett over bekken etter vatn.

Dette går vanlegvis greitt. Verre vert det når det som no vert vinter og vatnet hennar frys til is og gjerne med snø oppå. Då må ho vel kunna drikka på kjøkkenet, tenkte me. Men nei. Då grev ho fortvila gjennom snø og is slik som på biletet over. Og lukkast ikkje det så ventar ho til neste tur og forsyner seg av sølepyttar o.l. langs vegen.  Heller det enn å drikka på kjøkkenet.

Ein kan undra seg over kva som skjer i eit lite hundehovud. Men så lenge Tinka synest det er greitt, får det berre stå til. Så får me sjå om ho kjem på andre tankar i framtida.








torsdag 3. januar 2019

Travelhet

Desse snøklokkene fekk eg auge på i går då eg var ute med Tinka. I eit lunt bed ein stad i mitt nærmiljø. I dag måtte eg av garde og fotografera dei. Aldri har eg sett snøklokker så tidleg som i år. Desse yndige hardhausane har det visst travelt med å koma i gang med våren. Dei har nok hatt for lite motstand i vinter, altså for lite
vinter. Då tenkjer dei vel som så at det er like godt å koma seg opp or jorda og starta sesongen. 

Det minner om det eg har skrive om i tidlegare innlegg i nær fortid: Om dei som har det så travelt at dei må skunda seg å gå i gang med jula tidleg på hausten, og helst hoppa over adventstida.

Travelhet kan koma til uttrykk på så mange måtar. Her ein dag på ein tur med hunden møtte eg ein sko. Ein ny fin sko i herrestorleik for ein venstrefot. Her er det nokon som har sprunge vel fort, tenkte eg, sette skoen innåt husveggen med ei von om eit mogeleg attersyn mellom sko og eigar.

Ein annan gong eg var ute med Tinka (det er då ting skjer) kom eg over ei truse. Ei herretruse, - midt på turstien. Går det verkeleg an, var det første eg tenkte. Tanke nummer to var at når det gjeld travelhet er det tydelegvis mennene som har det verst.

Ein ting er å springa av seg skorne. Det kan vel enkelte distre folk gjera når dei i sin travelhet skal nå eit eller anna. Men korleis i all verda kan ein springa ut or si eiga truse utan å merka det ?
Det er meg ei gåte......