lørdag 7. desember 2019

Ny nabo

Sist veke kom ein ny og velduftande nabo inn i livet til O. og meg.
Me hadde lenge høyrt rykte om at han var i kjømda. Sjølve lokalet har vore tildekka med brunt papir i lang tid, men innanfor det brune papiret har det vore hektisk aktivitet. Det har me forstått på alle dei folka som har gått inn og ut, med eller utan alle slags saker og ting.

Mykje skal ordnast når nye naboar skal i hus, og denne naboen hadde mykje å stabla på plass før det brune papiret kunne fjernast, og heile herlegdomen kunne openberrast for naboar, forbipasserande og elles alle dei som kjem og går her i vårt nærmiljø.

Då den store dagen for opninga endeleg kom, hang det ein liten papirpose på dørhandtaket vårt i 4.etasje. Oppi der låg litt av kvart: Ein pose med nokre nybakte godsaker: Eit rundstykke, ein kakemann og ei hjarteforma kake med rosa glasur. I tillegg ein stor svart handlepose, eit rabattkort på kaffi og eit hyggjeleg brev frå vår nye nabo, som altså er Baker Brun.

Kvar morgon når eg opnar inngangsdøra vår i 4.etasje eg skal ut på dagens første hundelufting, vert eg møtt med ei herleg bakelukt som kitlar meg langt inn i naseborene. Då er det berre å følgja lukta ned alle 4 etasjane, ut hovuddøra, opp nokre trappetrinn og så  stiga inn i bakeriet i same bygningen og kjøpa med seg noko godt til frukosten,  - om ein vil.

Desse åra eg har budd her, har det vore fleire omgongar med frisørdrift i dette lokalet. Og før den tid, elektrisitetsforetning og så bokhandel. Går ein lenger attende i tid, kan ein sikkert finna andre verksemder som har prøvd seg.

Men no er det altså Baker Brun. Håpar han får drifta til å lønna seg slik at han vert verande. Då kan eg, og andre i nærmiljøet, sjå fram til eit langt og velduftande naboskap.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar