lørdag 30. oktober 2021

Sommarminne

Her kjem endå eit bilete frå ein av dei fine dagsturane eg fekk saman med K. i sommar. Me hadde gått opp ein bratt sti mot ein gammal nedlagt gard frå gamle dagar. Der var det mykje fint å sjå både ute og inne. Ein del folk var det og, - ute i same ærend som oss. 
Etter den bratte turen opp vart me belønna med ein nydeleg utsikt, - nedover mot dalbotnen og dei mange fjella omkring. Der tok me oss ein matbit, var innom det dørlause utedoet, og sjølv tok eg ein god del bilete, slik som eg plar gjera. 
Me gjekk ikkje ned att same vegen, men fortsatte oppover og innover denne fine dalen som biletet viser.

 Når me er ute og går slik me tre, så er det alltid Tinka som går først. Ho har fått den vanen. Slik skal det liksom vera, så følgjer eg, medan K. dannar baktroppen. 

Me følgde ein fin sti innover denne dalen eit stykke. Så flott å gå der i det frodige landskapet, omringa av høge toppar. Eit draumelandskap.
Etter å ha gått eit stykke innover dalen, kryssa me ei bru og gjekk attende på andre sida av elva, forbi ei seter og nedover mot låglandet. Litt mindre bratt den vegen. 

 Dette vart endå ein vellukka dagstur før me kjørte attende til K. sitt hus for mat og kvile. 


 

onsdag 20. oktober 2021

Til seters

Det var ein uvanleg fin sommar me fekk i år. Mykje sol og fint ver. Det perfekte ver for turar i fjellet. I førre innlegg her fortalde eg om den første av dei 6 fine turane K. og eg fekk saman denne sommaren. Biletet over er frå den andre turen. Me starta frå kyrkja nede i dalbotnen og gav oss i kast med ein av dei mange bratte stiane i indre Nordfjord. For to 63 år gamle damer som ikkje går så fort vart det mang ein hard kamp mot tyngdekrafta. Den som var lettast på foten var sjølvsagt ho Tinka. Ho er ung og spretten og hadde lagt mila bak seg mykje fortare enn oss om ho ikkje hadde gått i band.

Omsider kom me opp til denne vakre staden som biletet viser, - som såg ut til å vera ei god gammal seter frå gammal tid. Noko seterdrift som i gamle dagar er der sjølvsagt ikkje no. Men eg reknar med at folk går opp der og overnattar av og til når dei kan. Desse små husa fungerer vel som hytter no i vore dagar. Då me var der såg me ingen av det tobeinte slaget. Men me møtte ein sauaflokk som såg ut til å kosa seg med å gå omkring og forsyna seg av det gode fjellgraset. 

Etter ein liten matpause rusla me litt vidare, kom oss over ei elv og bort til ei anna liknande seter. Mykje flott utsikt der oppi høgda. Då tenkjer eg at jammen er det eit fantastisk land me høyrer heime i. Derifrå kunne me sjå langt av garde. Og sjølvsagt tok eg mange bilete på min vandring slik eg plar gjera.
💚
No er det ikkje lenger sommar og fint ver. Eg sit her i heimen til O. og meg og ser ut på det tradisjonelle regnveret som me har så rikeleg av her på vestlandet. Regnet siler ned i strie straumar, medan eg sit her og mimrar om ein sommar som var. Me er komne langt ut i oktober og dagane har vorte kortare. Når Tinka og eg no går våre kveldsturar, så er det i mørkret. Så heilt mørkt er det likevel ikkje. Når ein bur så sentralt i ein stor by er det mykje som lyser opp. Men no når hausten gjer seg stadig meir gjeldande, går tankane oppover til fjelltoppar og lange vidder. Og får ein leva og ha helsa er det alltid håp om nye somrar med nye opplevingar i den flotte naturen me er så heldige å ha.



mandag 4. oktober 2021

"Over de høye fjelle..."


 "Undrer meg på hva jeg får å se over de høye fjelle..."

Dette er dei to første linjene i eit kjent dikt av Bjørnstjerne Bjørnson. Der skildrar han lengten etter å koma opp på fjella og sjå utover, nyta ein utsikt som kan ta pusten frå ein, berre vera der og oppleva dette berusande synet. Eg kjenner meg så att i dette. Ingen ting er som å koma seg opp i terrenget og få denne boblande kjensla i bringa som det er å nyta synet av dette fantastiske landet vårt.  

I fjor vart det inga fjellvandring frå hytte til hytte som K. og eg har for vane. Men i år fekk me i alle fall noko som likna. Med huset til K. som utgangspunkt fekk me ein del dagsturar i den nordfjordske fjellheimen. Fjella der er nok både høgare og brattare enn dei eg er van med, så det vart ein del pusting og pesing i bratte brekker. Men du verda så flott det er å koma opp på ein topp! Då får ein verkeleg løn for strevet.

Veret desse dagane var heilt på vår side.  Dermed vart det mange fine minne å ta med seg heim etter halvanna veke i Nordfjord. Biletet over er frå Loen, - teken frå fjelltoppen Hoven. Det var dit me gjekk første dagen. Langt å gå, men flott å koma opp. Og me var langt frå dei einaste. Det vrimla av folk. Dei fleste kom nok opp med gondolbana og for same vegen ned att. Me høyrde nok til mindretalet som gjekk begge vegar. Men målet er ikkje berre toppen. Turen opp og ned er alltid vel så mykje mål. Og så får ein mosjonen på kjøpet. Har ikkje vondt av det. Vel, det er ikkje heilt sant. Ein kan sjølvsagt kjenna det både her og der etter ein lang tur, men det går over. 

Dette var den første av 6 flotte turar som K. og eg fekk oppleva saman i sommar. Eg kjem nok attende til bloggen med fleire sommarminne etter kvart. Inntil det skjer, så får eg sei som Bjørnstjerne Bjørnson seier i same diktet:

"Ut vil jeg! UT! - Så langt, langt langt over de høye fjelle..."