søndag 25. april 2021

Barnedåp i koronatid


 Medan aprilsola gjer sitt beste for å spreia litt varme, sit eg her og minnest kva som skjedde for nøyaktig to veker sidan. Det var ein like fin vårdag som i dag. Og ein heilt spesiell dag for ein liten gut som skulle berast til dåpen: Min kjære O. sitt åttande og yngste barnebarn. Me var til stades i same kyrkja då vesleguten sine to sysken vart døypte, men denne gongen vart det litt annleis. Det vesle viruset som kom frå Kina og spreidde seg over omtrent heile verda ein gong i fjor, sette sitt preg på også denne dagen her i vårt vesle land langt mot nord.

Det vart ikkje ei vanleg gudsteneste, men berre ei dåpshandling for det vesle barnet med familie og slekt. Den vesle forsamlinga sat  spreidde utover i kyrkja med god avstand slik at eventuelle virus ikkje skulle hoppa frå den eine til den andre. Alle var godt forsynte med munnbind. Å syngja med munnnbind var litt spesielt, men slik er det i desse tider. Dåpsbarnet var 6 - 7 månader gammalt, og var heilt med på det som skjedde. Men då dåpen var unnagjort sovna han, og sov godt gjennom all fotografering etterpå. 

Når det gjaldt dåpsselskapet etterpå, måtte me tenkja nytt, for på det tidspunktet var det ikkje lov å ha besøk av fleire enn to stykk innandørs. Så ville me feira måtte det skje utandørs. Løysinga vart å samlast på eit friluftsområde i nærleiken,  nede i fjæresteinane ved eit vatn. Der vart det pølsesteiking og kakeeting. Eit uvanleg men fint samvær. Me hadde hatt ein del snøbyger siste dagane, men akkurat den dagen skein sola heile dagen utan ei einaste byge verken av regn eller snø.  Så der var me heldige. 

Dette vart den mest spesielle dåpen og dåpsselskapet eg har opplevd. Barnedåp med ny vri, men minst like kjekt. Ei oppleving eg kjem til til å hugsa.

onsdag 7. april 2021

Vinter på overtid

Stakkars forkomne påskeliljer. Dei stod så fint og blømde og hadde nok ikkje rekna med å verta innhenta av vinteren ei veke ut i april. Men veret er lunefullt. Ein veit aldri kva ein kan venta seg frå den kanten. Vinteren ville ikkje sleppa taket heilt enno. Han sette i gang med sludd, snø og hagl. Og det heile vart servert på tvers, altså med vind. Mykje og sterk vind.
 Då er det ikkje greitt å vera påskeliljer, krokusar og snøklokker. Det ser ut som om desse skjøre plantane står og sturer no. Dei lyser fortsatt opp, men etter dei vermessige herjingane siste dagane ser dei litt pjuskete ut. 

   No har me lagt påska bak oss. Og etter høgtider og reiser har vår usynlege fiende, koronaviruset, for vane å blussa opp att. Og tiltaka let ikkje venta på seg: I kveld er det engelskkurs, og i går fekk eg beskjed om at det må over på zoom, enno ein gong. Då vert det å sitja heime i stova og sjå lærar og medelevar på datamaskina. Men slik er det. Får berre gjera det beste ut av det. 

Når det gjeld påskeliljer og andre tidlege vårblomar, så skulle eg ønskja at eg kunne gå ut og leggja eit varmt teppe rundt dei, gje dei noko varmt å drikka og skru opp temperaturen. I praksis går det nok ikkje. Men ønskjet er der.
Eller så får eg ta kontakt med Meteorologisk Institutt, visa dei ein kalender, og ytra eit ønskje om eit ver som passar til årstida.
 
Uansett så må ein vel gå ut ifrå at våren og varmen ligg rett rundt hjørna.


torsdag 1. april 2021

Vår og varme

Vinteren vart lang og våt som vanleg. Mange ruskete regnversdagar har me måtta tåla, men så må eg ikkje gløyma den fine perioden med snø og kulde i februar-mars. Vatna på byfjella fraus til og snøen la seg så fint oppå.
 Ei stund var det som eit eventyrlandskap å vandra omkring i der oppe i høgden med nydelege forhold for skigåing. For min del vart det berre ein skitur. Og grunnen var at den eine dagen enda med eit stygt fall på knallhardt underlag ein stad der i lysløypa. Mitt kjære halebein som tok støyten den dagen, er for lengst lækt. Men då eg endeleg var bra att, var det slutt på godveret.

No har det gått ei tid sidan, og me har teke steget over i neste årstid: Våren. Tida då det livnar til i naturen. Snøklokkene  har blømd lenge, og krokus og påskeliljer er no på sitt finaste.
Når eg no går mine vanlege lufteturar med Tinka, er det så fint å nyta synet av desse vårblomane som så trufast dukkar opp kvart år på denne tida. 

Dei gule krokusane på biletet lyser opp i kapp med sola. Så fint at Gud har skapt blomane, tenkjer eg då. Berre synet av noko så nydeleg er som eit handtrykk ovanfrå. 

No er me så vidt kome over i andre vårmånaden. Det er midt i påskeveka. Merkar godt at det er høgtid, for det er så herleg stillt utanfor soveromsvindauga her eg sit. Trafikken har stilna, og mange er sikkert vekkreiste sjølv om dette er den andre annleis-påska i denne spesielle tida.
 
Kan me snart håpa på normale tilstander? Tida får visa oss det.