torsdag 31. desember 2020

Jul i annleisåret


 2020 har sanneleg vore annleisåret. Eit år som ikkje kan samanliknast med noko anna år i mitt 62-årige liv. Smitte av det usynlege koronaviruset ligg og lurer bak kvart hjørne og rundt kvar sving. Å beskytta seg mot ein fiende er sanneleg ikkje lett når fienden er usynleg. Og berre redselen for smitte kan gjera kvardagen vanskeleg og kan ta gleda frå nokon kvar. 

Det har vorte lite reising dette året. For meg har det begrensa seg til småturar til nabobydelen i nord, til min kjære leilighet der. Vekk frå byen, til reinare luft og ei ro som ein ikkje finn i sentrum av ein stor by. Berre nokre få gongar har eg teke turen inn på øya mi, eller "øynæ" som me seier på dialekt. Nett før jul hadde eg meg ein slik tur. Måtte finna meg eit julatre i skogen til broder`n. Resultatet kan sjåast ovanfor.

2020 vart ikkje berre annleisåret. Jula vart og annleis: Me reiste på julatur. Ikkje så langt. Berre ca ein halv time med buss til leiligheten min der julatreet frå skogen står. Der vart me verande nesten ei veke. Det gjer seg med stovebyte. No er me forlengst kome til byen att, og akkurat no ventar me berre på å gå inn i eit nytt år. Ein kan undra seg over kva slags år det kjem til å verta. Om det vert eit nytt annleisår... Om berre nokre timar stig me over grensa til det nye året. Altså vert dette siste blogginnlegget mitt i 2020. 

Ute er fyrverkeriet i full gang. Det har det vore i 4-5 timar alt. Til stor fortvilelse for Tinka. Dette er verste kvelden i året for henne, så skotredd som ho er. Eg prøvde å ta henne med på ein tidleg kveldstur i kveld, men det gjekk dårleg. Etter berre ca 100 meter, small det så kraftigt at hunden vart heilt vitskremd. Eg måtte ringja til O. for å få hjelp til å få henne inn att. No ligg ho borte i ein krok under eit bord og skjelv. Ja, fyrverkeri er sanneleg ein uting. Det produserer berre eit stort antal decibel som mange av oss kunne greidd oss utan. Så godt det hadde vore om me kunne få gå inn i eit nytt år med ro og stille forventning...

mandag 21. desember 2020

Julabadet


 Det er ikkje ofte Tinka går i dusjen. Men det må til innimellom. No har ho nett hatt løpetid og så står jula for døra, så då hadde det passa med eit bad til jul, tenkte eg. Kva Tinka tenkte er noko heilt anna. Ho likar ikkje å vaska seg. Ser helst at ho slepp. 
Det minner meg forresten om den tida då eg arbeidde i heimesjukepleien. Der var det enkelte pasientar, særleg eldre menn,  som såg helst at dei slapp å vaska seg.Då skulle det ein del overtaling til. Stundom lukkast det, andre gongar ikkje.

Når det gjaldt Tinka så hadde ho ikkje noko val. Eg tok til å førebu hendinga, fann fram badehandduk og hundesjampo og ropte på henne. "Kom Tinka, no skal du i dusjen", sa eg. Eg trong vel eigentleg ikkje sei det, for ho er ein klok hund som får med seg det meste. Trur nok ho visste kva som var på gang før eg hadde sagt noko. 

Ho reiste seg frå senga si, sakte, sakte, liksom for å dra tida ut. Kanskje ho håpa på eit mirakel for å få sleppa. Då ho endeleg hadde kreke seg ut or senga såg ho på meg med eit dystert blikk. Øyrene låg bakover og hovudet lågt, medan rova hang ned. Ho slepte seg bortover golvet. Såg fortvila på meg i håp om å unngå det fæle som skulle skje på badet. Ho måtte ha drahjelp for å koma inn i dusjen. Ho såg ut som ein dødsdømt på veg mot galgen.

Omsider, då ho var på plass i dusjen, sette ho seg sakte ned og sukka tungt. Hadde nok forstått at det ikkje var veg utanom.
Eg hadde utstyrt meg med støvlar og regnbukse. Har bada hundar mange gongar før og veit at det kan gå livleg for seg.  

Dette biletet er frå nokre år sidan, men scena er den same. Når me har kome så langt plar det gå greitt. Ho let seg villeg dusja, såpa seg inn og spylast etterpå. Det er mykje pels, så det tek si tid. Og heile tida strekkjer ho seg mot døra og fridomen, så eg må alltid bruka ein del krefter på å halda henne på plass. 
Når ho endeleg har fått dusja såpa ut or pelsen, og eg strekkjer meg etter handduken, anar ho at lidinga går mot slutten. Full av væte i pelsen har ho veldig lyst å rista seg. Det nyttar lite å halda att, så det vert ein del spruting og skvetting over heile badet, og på veg gjennom stova og ut på altanen sameleis. Det ser ikkje ut etter oss.
Jaja, så plar ho få rista seg godt på altanen før me slepp henne inn att i heimen. 
Det er eit heilt arbeid å ordna opp etterpå. Men når eg ser på den reine fine hunden med den såpeduftande pelsen, er det verdt strevet. Og Tinka kan trøysta seg med at det skal verta lenge til neste gong. 
No er det berre "gubben og gamla" som skal i stampen før me kan feira jul.
 

mandag 14. desember 2020

Blomstring i november


For ca ein månads tid sidan oppdaga eg denne vesle blomen utanfor huset her. Som ein kan sjå har han vakse opp i ei verd av asfalt og betong. Nøysom som berre det, men med ein  livsvilje og ein utsjånad som om han skulle hatt god tilgang på næring. Ikkje visste han at han hadde teke feil av årstida. Det var då så mildt! Han trudde vel at det var på tide å byrja sesongen.

Ikkje rart at ein liten blome kunne ta feil. Vintrane er ikkje som før. Då eg var lita var det meir snø og kulde på denne årstida, altså meir VINTER. Men det har forandra seg mykje. Klima og årstider har vorte så annleis. 

Det minner meg om då eg gjekk på barneskulen. Den gongen hadde me eit eige fag som heitte song. Ein heil skuletime om gongen sat me med songbøkene og song av hjartans lyst medan læraren trødde på orgelet. Ein av songane var den om den vesle spiren som sikkert lurte på om det var på tide å koma opp or jorda:

Sov du vesle spire ung,
enno er det vinter.
Enno søv dei, bjørk og lyng,
roser, hyasinter.
Enno er det langt til vår, 
langt til rogn i blomstring står.
Sov du vesle spire.
enno er det vinter.

Biletet er, som sagt, frå sist månad. No i desember står fortsatt den vesle blomen der, men no ser han meir pjuskete og forkomen ut. Han har nok innsett at han var for tidleg ute. Han ber preg av å ha stått ute i regn og vind dag og natt i lang tid.  Men det er ikkje noko å gjera med. Han kan ikkje krypa ned i jorda att, eller rettare sagt asfalten. 

Eg skulle verkeleg unna denne vesle planten eit anna liv. Eit liv der han fekk stå i god og næringsrik jord og kjenna sol og varme i livet sitt. Det hadde han fortent der han står og nikkar blidt til alle som går forbi.
 Kva skulle me gjort utan blomane?