søndag 17. mai 2015

Mind the gap

Min kjære O og eg har vore ute i verda. Han skulle ha "halvstor" dag, og ville vera vekkreist på dagen. London-tur hadde me tenkt på lenge, sjølv om den type tur var heilt fjernt for meg. Eg hamnar oftast utanfor allfarveg når eg reiser nokon stad. Men denne gongen vart det altså England og London. Ein kjempeby med 7-8 milllionar innbyggjarar. Det merka me på larmen og folkemengdene i gatene og overalt. Det var milavis med "by" i alle retningar. Altså skal det ein del til av kollektiv forflytningsmiddel når alle desse folka skal frå den eine staden til den andre. Og den utfordringa har dei løyst på ein imponerande måte. Livet på gata er  fullt opp av gater, trafikk og folk, så i London har dei teke det underjordiske rom i bruk. Under gateplan er det eit imponerande nettverk av jernbanespor og undergrunnsbaner. Tog kjem og går heile tida til og frå alle desse undergrunnsstasjonane(bildet viser ein slik stasjon). Ramling og skramling, liv og røre. Roping i høgtalarar  om ruter og tog,  - og for all del "mind the gap".  Dette siste om den vesle glipa mellom toget og platforma når ein skal inn i og ut av toga. Det er lett å stiga feil, og det har sikkert skjedd ulukker, så det vart mykje "mind the gap" opp att og opp att heile tida . Hakk i plata...
  - Det gjekk eit par dagar før me forstod korleis dette underjordiske livet fungerte. Men då det først gjekk opp for oss, gjekk det veldig greitt å reisa omkring i London til dei forskjellege stadane me ville sjå.
Me kjøpte oss slike kort som me kunne reisa ubegrensa i dei 6 dagane  me var der. Og dei kunne me bruka på bussane og: Dei fine raude toetasjes bussane som det er så rikeleg av i London. Dei måtte me sjølvsagt prøva og: Særleg 30-bussen som gjekk til Marble Arch. Flott og oversiktleg og sitja fremst i andre etasje av bussane og sjå på bylivet og alt som for framom.
  - Ja, me hadde det kjekt i London. Mykje interessant å sjå. Men når det gjeldt lydnivået så var det godt å koma heim att. Så stillt ! Då kunne me kvila øyrene våre og resten av kroppane våre. For det er travelt å vera turist. Endå ein gong fekk eg erfara at det  beste med å reisa på tur er å koma heim att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar