søndag 7. juni 2015

På ville vegar i framandt land


No er det litt over ein månad sidan me var i London, og eg sit og ser på bilda frå turen. Dette bildet er teke same dagen som me reiste heim att. Me hadde oss ein roleg rusletur i ein av dei mange parkane i byen, og der var det store grøntanlegg og blomar av alle slag og fargar. 
  - Nokre timar seinare henta me bagasjen vår og tok til på den lange heimreisa. God tid hadde me, og det skulle koma vel med. Me hadde bestemt oss for å ta undergrunnsbana til Victoriastasjonen i staden for drosje, og tog vidare til flyplassen. Og det gjekk greitt heilt til me kom på flytoget. Der var det mykje folk, og toget var temmeleg fullt. Me måtte leita i fleire togvogner før me fekk plassert koffertane, og sjølv hamna eg i ei anna vogn. Der vart eg sitjande ved glaset attmed ein svær mann i hundrekilosklassen og vel så det. O. var ute or syne, men eg rekna med at var ein eller annan stad på toget.
 -  Eg såg for meg at toget til flytoget var som flybussen heime. Altså at flyplassen var endestoppet. Så då me kom dit tok eg meg god tid. Dessutan måtte eg venta til den digre mannen reiste seg der eg sat innestengt. Men det gjorde han ikkje for han skulle ikkje av der. Då det gjekk opp for meg at toget skulle vidare, sette det seg i rørsle og det var for seint. 
- Då fekk eg den store skjelven, og sa til mannen kva som hadde skjedd. Han tok det heilt roleg og svara at det var berre å gå av på neste stasjon og ta toget attende til flyplassen. Greitt nok, eg ringde O. og gjorde han merksam på min store misforståelse. Men då det nærma seg neste stasjon, kunne eg ikkje finna kofferten min. Eg sprang fortvila frå vogn til vogn og leitte. Då eg endeleg fann han, var det for seint enno ein gong og toget tøffa vidare i feil retning, langt ut på den engelske landsbygda. På dette tidspunktet følte eg meg heilt på felgen, og ringde til O. på nytt som fekk sett mot i meg.  

 -På neste stasjon kom eg meg endeleg av med all bagasje og pusta delvis ut. Så var det "berre" å koma seg opp ei bratt trapp med den store kofferten og over på andre sida av sporet. Då kom ein av dei mange høflege engelskmennene og hjelpte meg med kofferten.
Sidan gjekk det bra og eg kom meg attende til flyplassen utan noko meir tull.
  - Dette var ein dramatikk som eg kunne greidd meg utan. Ei litt trasig avslutning på ein elles fin tur. Men heldigvis med lukkeleg utgang. Og no i ettertid kan ein le av det.
 Men kanskje ein kan læra litt av det og ..? Lærdomen måtte i tilfelle vera: Ver ute i god tid. Ein veit aldri kva som kan skje. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar