fredag 26. februar 2010

Vinter på altanen



- Ca ei veke før jul kom snøen. Dei fleste ønskjer seg vel julesnø, men då han kom, var det vel få som trudde at han vart liggjande til jul. Men det gjorde han altså, og ikkje berre det - han ligg her enno. Og med jamne mellomrom har me fått påfyll. Så no har me hatt snø så lenge at rekorden for samanhengande snødagar forlengst er nådd her på desse kantar. Var det i 1917 dei hadde ein vinter som kunne samanliknast med dette? Det var visst noko slikt eg høyrde på nyhetene her ein dag...
Og fordelane er mange: Me har sloppe det tradisjonelle siperegnet som me plar ha i månadsvis, sommar som vinter. Deprimerande ver!
I staden har me hatt mykje sol- og skidagar i massevis. Eg kosar meg når det er slik! Studerer vermeldinga kvar dag på jakt etter nye skiturar i fjellet. Og eg veit at ho som ligg i hundesofaen er heilt einig.
Akkurat no ser eg ut på min snødekte altan: Så stor forskjell kan det vera på sommar og vinter! Så fin kan ein vinter vera.
I altankassen min som plar vera full av blomar sommarstid, er det no heilt uleveleg for alt levande. Men det som no fyller altankassen, den fine KVITE snøen, har sanneleg gjeve meg mykje liv og livskvalitet den siste tida. Denne vinteren har vore og er skikkeleg vinter. Av det slaget ein hugsar frå barndomen, - snø heile tida.
Mange ønskjer seg vår no. Men eg er ikkje klar for å gje slepp på snøen. Har enno mykje ugjort i vinterfjellet. Så når eg er ferdig med å skriva dette, skal eg finna meg ei vermelding og planleggja nye vinteropplevingar. Her gjeldt det å leva medan ein lever !
Posted by Picasa

søndag 21. februar 2010

Vinterland


Så heldige me er som får ha denne flotte vinteren. Rikeleg snø og skiføre i fleire månader i strekk! Alle som likar snø ,gler seg, og eg høyrer så absolutt til dei. Og ny snø lavar ned i stadig nye mengder. Berre på den stunda eg hadde middagslur i dag (skal ikkje røpa kor lang den var) kom det ein heil del. Rikeleg nok til at det vart ein brå slutt på søndagsfreden for dei som har ansvar for snømåking og brøyting. Kaldt og er det og, så den snøen som kjem ned er tørr og fin. Godt eigna til skigåing. Så Tanja og eg gler oss fortsatt til nye turar i det kvite element. Planane er alt klare for neste skitur!
- - Så flott det var å reisa over øynæ her ein dag. Sola skein, og alle små og store vatn langs vegen låg frosne og snødekte og freista veldig til skigåing, - som på dette biletet. Det viser og at nokon har prøvd seg med bilkjøring på dette vatnet. Og det har tydelegvis gått bra. Midt ute på vatnet kan ein skimta ein skigåar med hund som er ute og nyt tilværet. Det er ikkje Tanja og meg ,men kunne godt ha vore det.

Ettermiddagssol i vinterland...... Nydeleg !

Posted by Picasa

søndag 7. februar 2010

Kledd for vinterfjellet


Som sikkert alle veit som har lese denne bloggen så går Tanja og eg mykje tur. Me har våre tre faste turar pr dag. Det har ho fått frå første dag, og det skal ho få så lenge det er opp til meg. Det har vore turar av så mange slag: Fjellturar, skogsturar, hytteturar på øynæ og skiturar. Og Tanja tek i mot alle turar ho kan få med takk. Uansett kva slags turar eg tek henne med på så er ho like oppglødd og ivrig. Det einaste ho til dags dato har hatt å klaga over i tursamanheng, er temperaturen på toppane i vinterfjellet. Då kan det blesa friskt, noko som Tanja ikkje har vore heilt kledd for. I motsetning til sin forgjengar, har Tanja ein heller kort pels. Så ho har nok dessverre frose litt på toppane. Noko ho har gjeve meg beskjed om i det siste. Då har ho sett på meg med dei store hundeaugene sine, pistra og på sin måte tigga meg om å gjera noko med det. Og no har me vore og gjort akkurat det. For nokre dagar sidan var me innom ein dyrebutikk og såg kva dei hadde av hundejakkar. Tanja fekk prøva både den eine og den andre, og det vart til at me bestemde oss for ein svart vindtett jakke med mjukt saueskinn på innsida. At akkurat den jakken var nedsett til halv pris passa og bra. I tillegg investerte me i ein ny refleksvest (ho har slete ut to stk frå før)
Eigentleg synest eg det er litt tullete å kle på dyr, men i dette tilfellet er det ein nødvendighet. Så no håpar eg at min beste venn slepp å frysa i fjellet. Det skal me testa på neste fjelltur !
Posted by Picasa

fredag 5. februar 2010

Lampen og juletreet

Det er på nattbordet det skjer. Denne gongen er det lampen det gjeldt. Den vesle søte lampen som eg kjøpte i Russland trekte sitt siste sukk etter ei levetid på berre litt over eit år. Då vart det mørkt på soverommet! Å finna ein arvtakar i ein norsk lampebutikk gav ikkje det forventa resultatet. Gode råd vart dyre, men hjelpa var heldigvis nær. Det er ikkje lenge sidan jul, og det går vel an å forlenga jula litt, tenkte eg og plasserte juletreet på nattbordet. Mitt vesle juletre, som er av det slaget som garantert ikkje drøsar, får spela rolla som nattbordlampe ei tid, til eg har funne ei meir varig løysing.
Så her hjå Tanja og meg feirer me fortsatt jul, på ein måte. Det skulle ikkje undra meg mykje om me greier å strekkja jula heilt til påske, ja kanskje lenger. Me får sjå.....
Posted by Picasa