fredag 13. november 2009

Tanja i badekaret

Det er ikkje ofte det skjer, men stundom må det til. Ho er flink til å halda seg rein,men det hender at det ikkje er veg utanom.
Det er min bestevenn det gjeldt og staden er heimen til Tanja og meg. Denne heimen vår inneheldt eit badekar og det er ein ting eg ikkje ville unnvera. Men Tanja er nok ikkje fullt så begeistra. For badekar betyr bading, noko ho helst vil sleppa. Men ingen kan gå gjennom livet utan å vaska seg,heller ikkje ein bestevenn som Tanja. Hundar skal visst ikkje bada så ofte,seiest det, men når det har gått så lenge sidan sist at me har gløymt kor tid det var,så er det på tide.
Eg byrja å førebu badinga med å rydda plass på badet, og håpa at hovudpersonen ikkje ville leggja merke til kva som var i gjære. Men Tanja er ikkje dum. Eg slengde eit blikk inn i stova, og såg at ho hadde lagt seg bort i ein krok, og såg svært så slukøyrd ut. Då eg nærma meg faretruande, prøvde ho å rygga. Og då eg greip tak i halsbandet hennar,var det full stopp. Ho sette seg på bakføtene og nekta blankt. Det enda med at eg måtte dra henne med meg og bera henne det siste stykket til badekaret. Men Tanja er ein snill hund. Når ho først er komen i badekaret,plar det gå forholdsvis greitt. Også denne gongen. På ein hund er det mykje hår å vaska,og det tek sin tid. Men Tanja stod fint og let seg villig såpa inn. Skyllinga gjekk og greitt. Den store kunsten er å hindra at ho ristar seg! I alle fall innandørs. Det får ho gjera på altanen. Men vegen kan vera lang frå badekaret og ut på altanen, særleg når ein er klissvåt hund og har veldig lyst å rista seg. Så det skjer med sprut og skvett. Ein må rekna med litt reingjering i stova etterpå.
På altanen fekk ho rista seg av hjartans lyst. Og du verda for ein forvandling etter ei slik behandling! Ho vart så rein som ein engel og dufta såpe så det kjennest lang veg. I alle fall nesten. Ein kunne verta freista til å foreslå bading oftare, men det trur eg ikkje ho er med på.
Etter Tanja si bading var det bildekka som måtte i badekaret. Dei trong ein grundig reingjering før eg sette dei vekk. Og sistemann i badekaret vart underteikna. Var nøydd til det. Ein vert alt anna enn rein av å bada hundar og bildekk.
Kan ikkje la vera å tenkja på korleis det var før i tida. Då dei bada ein gong i året. Fram i mot jul tok dei fram stampen, fyllte han med vatn og så var badinga i gong. Først husbonden,så kona og alle ungane og til sist tenestefolket. Alle i same vatnet.
Det var nesten som her hjå oss. Først Tanja, så bildekka og til slutt meg. Men det har skjedd ei utvikling sidan gamle dagar: No badar me langt oftare, og har dessutan råd til å skifta vatn mellom kvar som badar. Heldigvis.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar