mandag 25. mai 2009

Verdens beste turkamerat.

Det er ingen tvil. Har ein hund kjem ein seg ut. Og saman med denne skapningen har eg hatt mange turopplevingar i skog og fjell. No har eg hatt Tanja i fire år, og kan ikkje tenkja meg å vera forutan henne. Ho var ein perfekt arvtakat etter sin forgjengar som vart nesten 16 år. Tanja fyller snart 10 år,og då skal me feira. I morgon har eg fri,og gjett kven som skal på hytta då ! Der i skogen får Tanja gjera det ho likar best, springa laus. Det siste nye er at ho er utstyrt med hundebjølle når eg slepp henne. Greitt å høyra kvar ho er til ei kvar tid. Me er ikkje kome heilt i gong med med hyttesesongen enno, men me skal ta det att, og det snart. Tanja og eg gler oss til ein spennande hyttesesong !
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar