torsdag 29. februar 2024

Til minne om bestemor


 Dette nydelege fatet hang i mange år på kjøkkenveggen hjå mi kjære bestemor. Kvar gong eg var innom måtte eg sjå litt ekstra på det. Mine fem første leveår var eg så heldig å ha bestemor til nabo. Då kunne eg springa bort til henne så ofte eg ville. Der var det alltid godt å vera. 

Men den sommaren eg var fem år flytta me til ein stad i utkanten av bygda. Far hadde bygd hus der. Det vart ein stor forandring å flytta frå ein liten loftleilighet til eit heilt hus. Ulempa var at det var ikkje lenger så enkelt å besøkja bestemor. Brått var det fleire kilometer å gå for å koma til henne. Likevel held eg sjølvsagt kontakten med henne. Mange gongar gjennom åra gjekk eg bort til henne, særleg når det var trøblete i heimen. Og det var ofte. Hjå bestemor var det alltid godt å koma. Der vart eg alltid møtt med gode ord, kakao og bollar. Har mange gode minne etter bestemor. Ho var den einaste av mine besteforeldre som levde til eg var vaksen. Ofte då eg besøkte henne hadde eg med meg Turid-vofsen, min barndoms hund og beste venn. Då fekk ho og smaka godsakene til bestemor. Då søstra mi og eg var små, leika me med papirdokkene til bestemor. Dei hadde ho liggjande under voksduken på kommoden på soverommet sitt. 

Seinare, då eg vart skulejente, hende  det at eg sprang bort til bestemor etter skuletid, for å unngå mobbing på skulevegen, noko som det var mykje av. 

Åra gjekk, og eg var mykje innom til bestemor. Ho betydde mykje for meg. Alltid fint å sjå det fine fatet som hang på kjøkkenveggen der. 

Då eg flytta heimafrå som 17-åring, kom eg ikkje så ofte til bestemor, men når eg reiste heim på besøk, var noko av det første eg gjorde å gå bort til bestemor. Siste gongen eg såg mi kjære bestemor var dagen før eg reiste til Tromsø for å gå på bibelskulen der i 1981. Då var eg 23 år. Ut på hausten fekk eg beskjed om at bestemor hadde vorte sjuk og var komen på sjukeheimen. Eg sende henne eit brev med ønskje om god betring og eit håp om å sjå henne att i julaferien.  Slik gjekk det ikkje.  Tre veker seinare fekk eg beskjeden om at bestemor var død. Eg fekk ikkje ta skikkeleg farvel med henne, men eg rakk heim til gravferda.

Det fine fatet på kjøkkenveggen hamna då hjå tante S. min fadder og yndlingstante. Og på slutten av denne tanta sitt liv, var det eg som fekk det fine fatet, medan tante S. enno var oppegåande. No heng det på veggen i stova mi i leiligheten min i utkanten av byen.  Eit stort og godt minne etter bestemor. Eg er veldig glad for å ha dette etter mi kjære bestemor. Ei slik bestemor vert aldri gløymd.




mandag 12. februar 2024

Vinter og snø 2024


 No er det på tide å skriva litt her på bloggen. Dette vert det første innlegget i 2024. Denne vinteren har me faktisk hatt litt skikkeleg vinter. Me har vore velsigna med snø fleire gongar no i det siste. Dette biletet er frå Nordnesparken. Gode greier.  Humøret stig nokre grader når snøen legg seg. Det vert så lyst og fint. Men snøen ligg ikkje så lenge her på vestlandet. Regnet har ein lei tendens til å vaska snøen vekk fortare enn eg likar. Nokre dagar med regn og så er han vekke. Men så kjem det gjerne ein ny periode med kulde og snø, og det kjennest godt.  For nokre veker sidan såg eg faktisk nokre skigåarar på Torgallmenningen her i sentrum av byen. Det har eg ikkje sett før.

Eg nyt å sjå når snøen legg seg. Regn har me meir enn nok av her på vestlandet. Snøen er som balsam for sjela. Men innimellom snø og regn er det sjølvsagt periodar med hålke, og det er noko herk. For ca ein månad sidan då eg var ute med  Tinka ein kveld, var det mørkt og eg såg ikkje isen på fortauet. Brått forsvant føtene under meg og eg landa på ryggen, samstundes som at eg slo bakhovudet kraftigt ned i fortauet. Hovudet og ryggen kom vel frå det, men det var baken som tok støyten. Dei komande vekene var det ei kvia å setja seg ned. Det var med eit VRÆL kvar gong!  Det gjekk nokre veker før bakparten var seg sjølv att. 

No går det faktisk mot vår. Snøklokkene har kome opp or jorda enkelte stader. Og i dag kom det eit turistskip og la til kai her i vår stoveglasutsikt. Det er no helst tidleg, men det er vel nokon som likar å farta omkring om vinteren og. 

Skiføre er det verre med. Då må me høgt til fjells. Men det er noko meir snø der ved leiligheten min i utkanten av byen. Der eg "flyktar" til når det vert i meste laget av byliv. Men sant og sei er det nokre år sidan eg hadde ski på føtene. Skiene står i bua. Men det må vel ordna seg med ein skitur etter kvart...