søndag 27. november 2022

Løpetid


 Tinka og eg går mange turar, - tre for dagen. Det er fast opplegg her i huset. Og Tinka veit akkurat kor tid det er tid for tur. Ein kan trygt sei at ho er tidsinnstillt. Viss eg ventar litt for lenge med å gå ut, så set ho seg framfor meg og stirer meg inn i augo til ho får det som ho vil. På våre turar langs vegar og fortau er det kattane som er den store interessa for den firbeinte. Ho leitar opp kvar einaste katt i nærmiljøet og ho veit så vel kvar dei bur. Og når ho har funne dei, er levenet i gang. Då skal kattane kjeftast på, skremmast og helst jagast over haug og hamrar. Eg har aldri forstått kva som er så gøy med det, men ein må vel vera hund for å forstå det. 

Men no i desse dagar er det ei anna interesse som overgår alt for Tinka. Noko som skjer med ca 8 - 9 månaders mellomrom: LØPETID. 

Då får ho ei voldsom interesse for det motsatte kjønn. Då er det berre hannhundar som står i hovudet på den firbeinte dama. Helst vil ho ut å springa etter hannhundar heile tida. Når det er på det mest intense vil ho ut til alle døgnets tider. Og hannhundane kjenner lukta av løpske tisper på lang avstand. 

Då er det travelt å vera hundeeigar. Straks ho er komen utom døra fer ho av garde i vill fart med meg på slep. Då er det ho som bestemmer alt. Og det er ikkje lenge før ho har funne den første hannhunden. Då er den store kunst at kontakten mellom hundane ikkje vert så nærgåande at det endar med kvelpar. For det er ikkje med i mine planar. 

No har det halde på slik i  2 - 3 veker, så eg reknar med at det snart går mot ein ende. Kjenner at det skal verta godt å få ein normal hund att.

søndag 6. november 2022

Fru Bukselaus ?


 I det siste har eg slite ut den eine buksa etter den andre. Det har vel noko å gjera med at eg har lenge hatt ein del gamle og godt brukte bukser.  Ei bukse held ei stund, men ho varer ikkje evig. Tida er så avgjort komen til å fornya seg i buksevegen. Det er berre så kviafullt. Eg går ikkje og kjøper meg klede før eg må, men no må eg. Behovet har meldt seg med full styrke. 

I mellomtida har eg grave djupt i bukseskuffa, og der fann eg denne buksa som eg ikkje har brukt på år og dag. Eg tok henne på meg i dag, og ho var grei nok, men litt vid i livet. Eg har aldri vore tjukk, men eg må  ha vore nokre gram meir sist eg brukte denne. Buksa stod i fare for å detta nedom me. Stor fare for bukse-sig. Kan ikkje risikera at buksa vert liggjande ned på anklane når eg er ute med hunden, eller ute i andre ærend.  Så noko måtte gjerast. Min kjære O. brukar selar for å halda buksa oppe. Men det er så sørgjeleg ukvinneleg. Det er vel helst gamle gubbar som brukar slikt. Og kanskje born.

I barndomen var eg ei tynn lita flis av ein jentunge, med ein kroppsfasong som ein spikar. Buksene hang ikkje oppe. Ingen ting å hengja dei på. Løysinga vart selar den gongen. Det var ikkje anna råd. Kanskje det hadde hjelpt å eta seg tjukk og feit, men for meg var det naturleg å vera tynn. Eg vart ikkje tjukkare om eg prøvde aldri så mykje. 

Då eg gjekk på barneskulen, eg var vel 7-8 år, fekk me ein dag besøk av helsesøstra. Då vart me undersøkte og fekk strekar i armen, og så måtte me på vekta. For min del viste vekta 19 kg. Det likte ikkje helsesøstra, og sende meg heim med ein lapp der det stod: "Litt for lett". Har aldri forstått kvifor. Ei oppfordring til foreldra mine om å gje meg meir mat?  Det hadde ikkje hjelpt likevel. Helsesøstra måtte vel forstå at me er så forskjellege. Vel, eg var minst i klassen så lenge eg gjekk på barneskulen. Men då eg kom på ungdomsskulen, vaks eg heldigvis opp til normal storleik, og godt var det.

Men attende til dagens situasjon: Den vide buksa. Noko måtte gjerast. Etter litt grubling kom eg på noko glupt: Eg fann nokre gamle skolisser og gjorde som biletet viser: Tok ei skolisse i kvar side og strama dei til i kvar side ved hjelp av beltehempene. Det heile gøymde eg under gensaren. Folk treng ikkje vita kva eg har under der. Men det viktigaste var at buksa vart brukbar og kan brukast enno ei stund. Ein kan ikkje vera rådalaus.
 Og bukselaus bør ein i alle fall ikkje vera.