onsdag 24. august 2022

Hotell Haraldsplass


 Vanlegvis lever me vårt rolege kvardagsliv her i heimen vår, -  O., Tinka og eg. Me sit her ofte med kvar si bok, eller for min del vert det ofte strikking eller brodering. Litt husarbeid må me gjera og. Og så må Tinka få sine tre daglege turar.  
 - Men av og til skjer det ting som ikkje er planlagt. Å vera gift med ein diabetikar kan ha sine utfordringar. Det har eg oppdaga for lenge sidan. Det har vorte ein del mindre hyggjelege opplevingar med gubben sitt varierande blodsukker. Særleg når det omtalte blodsukkeret går under det akseptable nivået. 

Men det som skjedde tysdag i sist veke, var litt annleis: Me hadde nett vore ute ein tur og kom inn att. O. sette seg ved bordet og eg gjorde litt husarbeid. Etter kvart oppdaga eg at han var på veg inn i drøymeland. Eg målte blodsukkeret hans, som var normalt.  Så prøvde eg å vekkja han, men det gjekk ikkje. Han la seg framover bordet og forsvant inn i medvitsløysa. Eg rista i han utan at det hjelpte. Då forstod eg at dette var meir enn søvn. Så eg ringde 113 og forklarte situasjonen. Ambulansefolka nølte ikkje og sende straks ein sjukebil. Ti minuttar etter var dei her. Dei la O. ned på golvet, kobla han til ei maskin, og han kom gradvis til seg sjølv. Så ville dei ha han innlagt. Det gjekk fort og greitt for oss som bur så sentralt.
  - På sjukehuset fekk han einerom i den nye delen av bygget. Fin utsikt fekk han og. Og eg fekk besøkja han kvar dag. Me hadde trudd at han skulle koma heim att fort, men han vart verande ei heil veke. Personalet var grundige og ville finna ut kva som var grunnen til at han besvimte. Så dei følgjande dagane vart han undersøkt på alle baugar og kantar inni og utanpå. Og pasienten, eller feriegjesten som han kalla seg sjølv, let seg villig dulla med. Han synest han fekk ei fantastisk behandling på dette "hotellet".  Og etter ca ei veke kom han heim att for nokre dagar sidan, god som ny, og slik håpar me at han får vera lenge enno.

tirsdag 23. august 2022

Ei kulturhistorisk vandring


 Sommaren 2022 går mot slutten. Men sjølv om det vart ein heller våt sommar, sit eg att med mange gode minne.  K. og eg fekk nokre fine turar i fjellet også denne sommaren. Denne gongen med leiligheten min som utgangspunkt. Den første turen var den lengste og mest strabasiøse. Der gjekk me på steinete underlag i timesvis, og skodda følgde oss heilt til topps. 
 
Dagen etter hadde me behov for ein lettare tur. Dermed kjørte me til det eg meiner er verdas finaste øy, altså til mine heimtrakter. Biletet viser ein nydeleg stad i gangavstand frå der eg vaks opp. Dette er ei naturperle som eg skulle unna fleire å få med seg. I dette området, nedom desse svingane,  har eg vore mange gongar gjennom heile barndomen og ungdomen, og seinare og. 
På barneskulen hadde me ein friluftsinteressert lærar som lærte oss å bruka kart og kompass, og så sprang me terrengløp som han hadde laga til. Om vintrane gjekk me på ski her. 

Biletet viser nokre av dei 17 hårnålsvingane som går oppover eit skar. Vegen opp dette bratte skaret og langs vatnet vart truleg bygd i åra 1889-93. Det vart bygd på pliktarbeid, ved at grunneigarane langs vegen vart pålagde å utføra arbeidet. Det var viktig å få bygd denne vegen fordi gardane oppom svingane sokna den gongen til kyrkja som ligg ved fjorden lengst vekke på biletet. Det er ingen bilveg, og det vert det nok aldri, heldigvis. Men i gamle dagar greidde dei seg med ein enkel kjerreveg. 
     Berre det å få bygd denne svingete vegen var dei bragd, for opp dette skaret er det skikkeleg bratt. Det måtte byggjast murar og stabbesteinar måtte på plass. Eit imponerande verk! Dei fekk det til i gamle dagar og. 
     Denne vakre staden er noko vekkgøymd. Sikkert ikkje så mange som veit om han. Likevel møtte K. og eg nokre utlendingar då me var   på veg ned att desse svingane.  Utruleg...

Denne dagen fekk me ei fin kulturhistorisk vandring gjennom eit gammalt landskap. Ingen trafikk eller anna bråk, berre fred og ro.

Til denne vakre staden knyter det seg ei segn. Her er den:
"Ein vinterdag i gamle dagar var eit brurafølgje på veg til vigsle i kyrkja. Då dei hadde kjørt ned svingane tok dei lettaste vegen, over isen på vatnet. Men det gjekk gale, heile følgjet gjekk gjennom isen og alle drukna. 
Når du i dag står oppe i svingane og ser utover vatnet ein sommardag, kan du sjå kor det blenkjer i brurekrona...." 


mandag 1. august 2022

Tinka 7 år!



 Vår kjære Tinka fyller 7 år i dag. Og no er det 6 år sidan ho kom til oss. Ho vart fort ein kjær medlem av vår vesle familie. Den gongen var ho knapt eitt år gammal, vill, barnsleg og nesten ustyrleg. No er ho roa seg ein del og forlengst  vorte ein vaksen og litt meir fornuftig hund.

Tinka har vorte grundigt gratulert i løpet av dagen. Det kom til og med ei gratulasjonshelsing på SMS frå Agria Dyreforsikring der ho er forsikra. Ikkje gløymd der heller. 
Her i huset feirer me alt som går an å feira, og Tinka sin fødselsdag er ikkje noko unnatak. Vanlegvis lagar me kake i slike høve, enten det gjeld folk eller dyr. Men i dag gjorde me det litt annleis. Eg fann meg ei vaffeloppskrift og sette i gang med å laga røra. Og Tinka sette seg i tiggeposisjon frå første stund. Ho ville nok forvissa seg om at vaflane ikkje gjekk henne forbi.

Seinare på dagen dekka me bordet med ein stor stabel med vaflar, kaffi, brunost og heimalaga bringebærsyltetøy. Og midtpunktet Tinka fekk sjølvsagt sin rikelege del. 
Sjølv håpar eg å få ha Tinka i mange år. Ho er ein viktig del av familien. Og ein viktig turkamerat på mine mange turar i fjellet.
 Eg ser fram til mange nye dagar og år saman med henne.