søndag 31. januar 2021

Søndagsmorgon med snø


 Dette var det synet som møtte Tinka og meg i dag då me skulle ut og gå morgontur. Nett utom hovudinngangen låg det fin ubrukt snø og venta på oss. Det var berre til å stiga ut i den kvite herlegdomen. 

Eg har vel sagt det før at eg likar snø. Det er noko med fargen og måten det kjem dalande forsiktigt ned. Så roleg og fredfullt. I rak motsetning til regnet som kjem plaskande i store mengder blanda med vind og fyller heile tilværet med væte og utrivnad.  

Det har forresten vore svært så fint og tørt siste tida. Eg nyt det, og Tinka deler mi interesse for snø. Etter å ha gått eit stykke på denne morgonturen, fann eg ein roleg stad der eg sleppte Tinka. Ho nytta høvet og sprang som ein rakett rundt omkring og kosa seg veldig. 

Men innimellom har det vore skikkeleg hålkeføre. Slik vert det når det kjem regn ein dag og kuldegrader den neste. Ein dag for nokre veker sidan var det så gale at det kom på Vestlandsrevyen. Heile byen var speilblank av is, og eit stort antal uheldige hamna på Legevakten. Eg var uheldig sjølv ein kveld eg var ute og lufta Tinka. Det var blank is og eg hadde tankane heilt andre stader.  Brått forsvant føtene under meg og eg fann meg sjølv att liggjande på ryggen medan eg såg opp i stjernene. Det var høgre skinka som tok i mot støyten. Kjenner det enno.  Eg reiste meg opp att og bestemte meg for å ha tankane med meg på eit slikt føre. Broddar hadde og vore på sin plass.  

Slik er det heldigvis ikkje i dag. No er det forresten snart tid for midt-på-dagen-turen med Tinka. Gler meg. Slike dagar må nyttast og nytast.

torsdag 7. januar 2021

Assisterande oldemor

Det nye året 2021 kom oss i møte med kulde og klårver. Eit kjærkome avbrekk i det tilsynelatande evige regnveret. No går det an å gå tørrskodd ute og rimet på bakken gjer det litt lysare. Dermed stig humøret nokre hakk. Godt det og. 
   Då det var solsnu nett før jul, forkynte O. med optimisme i stemma at "no går det mot lysare tider". Sant nok, men det går nok enno ei tid før me merkar noko til det. 
    Stemninga i blåskjer ovanfor var noko som kom i min veg for nokre dagar sidan då eg var ute og gjekk ein stad i utkanten av byen. Det hadde lagt seg eit tynt lag med is på vatnet, og får me behalda kulden ei stund kan det vel henda at det vert skeisever.
   Ein stad sentralt i byen er det ein kunstig tillaga dam der det er veldig grunt. Der er isen trygg og gjett om der er skeiseaktivitet for tida!  Born og ungdomar nyttar det skjeldne høvet og kosar seg på isen. Veit aldri kor lenge det varer...

Det skjer andre ting og. Gledelege ting. Fire dagar inn i det nye året kom ei skjønn lita jente til verda i Oslo. Min kjære O. sitt første oldebarn. Dermed kan O. pryda seg med tittelen oldefar. Han er glad og takksam for det nye livet som så vidt har teke til. Men det går nok ei tid før me får sjå henne, på grunn av den spesielle tida me lever i. Kvar eg er i dette terrenget er ikkje godt å sei. Oldemor vert eg aldri. Heller ikkje bestemor. Veslejenta har rikeleg av det slaget. Så der stiller eg meg på sidelinja.  Men O. spøkjer med å gje meg tittelen "assisterande oldemor", kva no det er for noko. Uansett så er det underleg å tenkja på at eg er gift med ein oldefar. Det er då ein kan føla seg gammal. Då må eg berre skunda meg å sei at ein er ikkje eldre enn ein føler seg. Og eg føler meg slett ikkje gammal. Sjølv om håret er grått og kroppen ikkje lenger kjennest så heilt ung, så satsar eg på å halda det gåande på denne jorda enno ei tid. Livet kan vera spennande. Ein veit aldri kva som møter ein rundt neste sving. Kanskje det kjem fleire born som eg kan vera assisterande oldemor til...?