søndag 29. november 2020

Sparkesykkelanarki


 Tidlegare i år var det ein ny type kjøretøy som inntok sentrum av byen. Sparkesyklane dukka opp i store mengder, over natta. Brått var desse grøne kjøretøya å sjå over alt. Til stor glede for nokon, men til tilsvarande fortviling for andre. 

Ein enkel og lettvint måte å koma seg fram på, synest mange. Forståeleg når ein har det travelt. Det er helst ungdomar som nyttar dette tilbodet. Men eg har og sett vaksnare folk og til og med born. Når det gjeld den eldre delen av befolkninga, så har eg enno til gode og ha sett dei fara av garde på denne måten. Det er forhåpentlegvis sistnemnde som sit inne med mest livserfaring og dermed mest vit og forstand. For det er så visst ikkje ufarleg. Dei kjører både i gatene og på fortaua, på kryss og tvers, og det ser ut som om det er smått med lover og reglar for dei som vel å koma seg fram på denne måten.  I andre byar, som og er invadert av desse kjøretøya, har det skjedd ulukker, til og med dødsfall etter ville turar på sparkesykkel, gjerne med alkohol innabords. Det har vorte noko i retning lovlause tilstandar i byens gater.

Ein kan ikkje lenger vera trygg når ein er ute og går på fortauet heller. Brått kan ein verta innhenta av desse uvesna, så ein må jammen ha augo med seg. 

Ein ting er det å ha desse greiene rundt seg når ein er ute og går. Minst like gale er det korleis sparkesykkelbrukarane set kjøretøya ifrå seg. Ofte er dei parkerte slik som på biletet. Slengt ifrå seg i ein haug midt på fortauet til hinder for vanleg ferdsel. Då er det ikkje greitt å vera funksjonshemma, i alle fall ikkje blind. 

Sjølv har eg ikkje prøvd meg på sparkesykkel. Og eg har ingen planar om å gjera det heller. Eg i full fart på sparkesykkel med Tinka i band?  Nei, det synet skal folk ha til gode å sjå. Det er nok tryggast å ha føtene på jorda når ein er ute og ferdast.

lørdag 7. november 2020

Ny smittebølgje


 2020 har vore eit underleg år. Kven skulle trudd, for eit år sidan, at det skulle verta slik? Opp og ned har det gått sidan mars. Veksla mellom håp og motløysa, godt nytt og vonbrot. Heile tida får ein høyra om stadig nye koronasmitta i slike mengder at ein kan verta redd, særleg i dei største byane, inkludert byen mellom dei sju fjell. Eg har lurt litt på kven dei er alle desse nye smitta. Kanskje O. og eg har passert dei på våre daglege turar med hunden. Umogeleg å vita sidan fienden er usynleg. Sjølve har me sluppe unna så langt. 

No har kommunen endå ein gong strama inn. Me prøver å halda oss heime bortsett frå hundelufteturane og nødvendige turar på matbutikken. Men av og til må eg ta bussen til leiligheten min for å sjå at alt er i orden. Det skjer no med munnbind både for meg og dei fleste andre. 
Å ta i mot besøk er ikkje å tenkja på. Det må utsetjast på ubestemt tid. Til og med engelskkurset har måtta gå i hi. Det skal over på virtuelt klasserom gjennom "zoom" frå komande veke, slik det har vore fleire gongar før. Fekk beskjed i går.

Det meste av samfunnet er ramma. Ikkje minst turismen. Det vanlege innslaget i kvardagen med hurtigruta som kjem til sine faste tider er sett på vent. Eigentleg skulle hurtigrutene vore i full gang frå september. Slik gjekk det ikkje.  No er det berre to av dei som går mellom Bodø og Kirkenes. Resten ligg "parkerte" langs kysten. Fire av dei ligg her i byen. To ved hurtigruteterminalen og to inne på vågen, på kvar si side av Håkonshallen, som vist på biletet. Og der vert dei liggjande på ubestemt tid, seiest det.

Ja, det er sanneleg underleg det heile. Spørsmålet alle stiller seg er: Kor lenge skal det vara? Kor tid kan me leva normalt att?
Midt opp i dette er eg så inderleg glad fordi eg fekk den turen til Israel i fjor haust, før koronaviruset gjorde sitt inntog. Det var ein flott tur som eg kjem til å leva lenge på.
 Eit stort lyspunkt å ta med seg inn i ei usikker framtid.