søndag 15. februar 2015

Kyrkje ???


No kjære lesarar av bloggen min, veit de kva dette er ? 
Det kan sanneleg vera så mangt no i våre dagar. Når ein byggjer noko no for tida, er det oftast prisen som avgjer korleis  produktet skal sjå ut. Ikkje så nøye om det er aldri så stygt. Berre det er tenleg.
Om eg ikkje hadde visst kva dette var , så ville eg tippa på ; ei løe, ein silo, eit skur, eit lager, ein fabrikk, eller ein driftsbygning av eit eller anna slag.
  - Men nei, kjære blogglesar, dette er utruleg nok ei kyrkje. Ei av dei mange kyrkjene her i denne kommunen. Og arbeidsplassen til min kjære prestemann akkurat i dag.
  - Hadde denne kyrkja vore bygd for nokre hundre år sidan eller bortimot tusen år sidan, så hadde utsjånaden vore ein heilt annan. Det var den gongen ei kyrkje såg ut som ei kyrkje. No for tida skal Gudshuset passa til så mange anledningar. Det er så mykje forskjelleg som skjer innanfor desse veggane. Første gongen eg var der, var det ytre eit nedslåande syn. Men berre til ein kjem over dørstokken. Innandørs opnar det seg ei heilt anna verd. Der er det så lyst og fint og koseleg at ein kan ikkje anna enn å trivast. Og at dei som høyrer til der er glade i kyrkja si, det er det ingen tvil om!

onsdag 4. februar 2015

Støtte til Israel

På internett kan ein finna mykje løye. Og på youtube kan ein koma over litt av kvart.
 Der er det filmar av mange slag, om sikkert noko bort imot det meste. Og ofte må eg innom der.
  - No er det slik at datamaskina mi har passert 6 år. Det er visst veldig gammalt i dataverda. Og vert ein gammal, vert ein ofte og sær. Har ein hatt sine særtrekk før, så vert det ikkje mindre av dei når ein kjem opp i åra.
Slik er det med både folk og dyr, og også no datamaskiner. I alle fall denne.
For no vil ikkje sistnemde på internett utan ein tur innom youtube. Spør meg ikkje kvifor. Det berre er slik.
Dermed har eg kome over litt av kvart når eg har vore innom der. Som dette bildet viser: Ein hund som sit ved frukostbordet og les i ei avis. Og det er ikkje kva som helst avis han les, men sjølvaste Karmel-bladet. Eller Karmel Israel-Nytt som det heiter. Som eg sjølv abonnerer på. Og som vert laga i Israel av nordmenn (blant andre) som står midt oppi det som skjer i den vesle jødestaten.  Karmel forkynner sanninga i det som skjer i landet. I eit hav av løgn og bedrag. Det er ikkje politisk korrekt. Men det er i alle fall historisk korrekt, og det er det som betyr noko. 
Godt med alle som støttar Israel, enten det er tobeinte eller firbeinte.