fredag 17. februar 2012

Forgjengaren og Etterfølgjaren

Tida går framover. Til og med her hjå meg , i den vesle leiligheten min. Og etter som tida går må ting skiftast ut. Ingen ting varer evigt, i alle fall ikkje det ein har samla seg av jordisk gods. Og så ein dag var tida komen til min gamle komfyr, som så trufast har kokt maten min i alle dei år. Skranta hadde han gjort lenge. Den største plata sa takk for seg for 3-4 år sidan. I tida etterpå har eg greidd meg med dei to minste platene. Og det har gått så fint. Eg er då berre eit menneske. Oftast har det gått på einmannsporsjonar her hjå meg. Men dei siste åra har det vorte fleire og oftare tomannsporsjonar. Altså meir arbeid for komfyren. Etter kvart begynte den mellomste plata å visa teikn til alderdom. Ho virka berre av og til, etter som det passa ho. Då fall det meste av matlaginga på den minste plata. Og ei god stund gjekk det sånn nokolunde. Men så kom det til eit punkt då det vart for mykje for den og. Ho sa tydeleg ifrå på den måten at ho stadig oftare sprengte sikringane midt i matlaginga. Dermed måtte komfyreigaren til å tenkja i andre baner. Kanskje tida var inne til å tenkja nytt? Eg er ikkje særleg rask med slikt. Det plar ta si tid og vel så det. Det er berre å henvisa til ski-investeringa som endeleg vart gjort i fjor, etter grundig planleggjing i 20-30 år. Eg hugsa eg tenkte at det bør helst gå litt fortare med komfyrskifte, viss eg ikkje ville svelta i hel i mellomtida. Eg har nok litt vanskeleg for å gje slepp på gamle ting, og denne komfyren har vore så god, og gjeve meg lite problem før dei siste åra. Steikjeomnen har vore kjempegod! Han har steikt meg mange gode brød opp gjennom åra. - Komfyren fekk eg gratis brukt i 1984, så eg veit eigentleg ikkje akkurat kor gammal han er. Men eg tippar på omkring 30 år. Han var med meg frå flyttelasset frå Sogn og Fjordane i 1988, og har sidan stått her.
- Ja, dette var Forgjengaren sin historie, i grove trekk. Og i tida som følgde lurte eg på kva slags Etterfølgjar eg skulle få i huset. Og planleggjinga tok ikkje 20-30 år denne gongen. Etter berre nokre turar innom diverse elektriske butikkar, og litt sjekking på internett, bestemte eg meg endeleg for ein flott komfyr av den aller nyaste sorten som er å få: Induksjonskomfyr der platene ikkje lenger heiter plater, men "kokesoner"! Underteikna har kjøpt seg sitt livs første komfyr! Og er så fornøgd at det er ikkje måte på!
- No har Etterfølgjaren stått på mitt vesle kjøkken i ein og ein halv månad. Tevatnet mitt kokar opp så fort at eg får ikkje snudd meg rundt før det er gjort. Så her er det ei rivande utvikling! Og får eg ha Etterfølgjaren like lenge som Forgjengaren så har eg eit godt kjøkkenliv i vente!

Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar