onsdag 29. februar 2012

Ein sjeldan februardag

 
"Kvar dag er ei sjeldan gåve" heiter det i eit dikt. Og det er så sant. Så sjeldan at det finst ingen som er like. Alle våre livsdagar er like forskjellege som menneska på jorda. Og heldigvis for oss så kjem det alltid nye dagar, opp att og opp att, år etter år.
Men enkelte dagar og datoar er sjeldnare enn andre: Det er ikkje ofte ein opplever 29.februar. Så når den ein sjeldan gong skjer må ein nesten stoppa opp og tenkja etter korleis det er. Det kan verta ei stund til neste gong...
Stakkars den som har fødselsdag på den dagen, hugsa eg at eg tenkte som liten. For meg var det gale nok at fødseldagen min kom på fredag den trettande. Noko han har gjort mange gongar. Men utan den heilt store dramatikken. Sanninga er at av alle våre dagar på jorda så overlever me dei fleste av dei.
Dermed må eg tenkja på ein av pasientane på sjukeheimen, ei dame på nesten hundre år som hadde levd og "overlevd" fleire dagar og år enn dei fleste av oss:  Ein dag såg ho bekymra på oss og utbraut: "Eg trur ikkje eg overlever dette opphaldet!"
  - Ja, før eller sidan vert det ein overgang til noko anna for oss alle. Men i mellomtida skal me nyta livet dag for dag. Enten det er sjeldne februardagar eller andre dagar. Dagar med lyspunkt er det rikeleg av.

"
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar