tirsdag 27. april 2010

Rasfare på heimebane

Her hjå meg går det sin skeive gang: Borte i eit hjørne i stova mi står denne bokhylla. Og her har ho stått dei siste 21 og eit halvt år. Den vesle hylla struttar av tunge bøker og permar. Fyllt til randa. Der er ikkje plass til ei flis meir. Når ein ser nærare etter ser ein at ho er aldeles ikkje laga for ein slik tyngde. Dessutan hallar ho svært til venstre, i retning fjernsynet. Kva som skjer den dagen ho gjev etter for den tunge børa tør eg ikkje tenkja på. Eg har fleire andre bokhyller og, men dei er høgare,sterkare og meir eigna til tunge bører.
- Synet av dette vesle møblementet fyller meg med djup medkjensle. Nokon får sanneleg meir å streva med enn andre. Det er som med folk, me får så ulik lagnad her i livet. Mange greier seg godt. Andre får eit fæla bal med å takla det dei møter. Livet vert for mange ein balansegang: Mellom helse og sjukdom, rikdom og fattigdom, livsmot og motløysa,
eller andre former for med- og motgang. Mange ting rår me ikkje med. Men heldigvis er det mykje ein kan forandra på for å få ein betre situasjon.
- Reint praktisk, her i stova mi, kan eg byrja med å letta denne stakkars overfyllte bokhylla. Plukka ned dei tyngste bøkene og erstatta dei med noko lettare. Så kanskje eg slepp å oppleva eit bokras i framtida, med det som kan følgja med av bekymringar og praktiske problem.
Posted by Picasa

mandag 19. april 2010

Julegåve i april

No er det endeleg gjort, det som har lagt over oss så lenge, og som av forskjellege grunnar har vorte utsett og utsett. For to dagar sidan samla me oss, familie og søskenborn og gjorde det som måtte til; avslutta eit liv,om ein kan sei det slik. Ein leilighet måtte tømmast og vaskast. Ting skulle fordelast, og alt skulle helst foregå i rolege og skikkelege former. Noko det og gjorde.
- Onkel M. døydde sist haust. Heile sitt liv levde han i skuggelandet. Hadde meir å streva med enn dei fleste av oss. Han var nok ikkje så lett å koma inn på. Men heilt frå eg var lita har han høyrt til i familien, på den måten at me besøkte han med jamne mellomrom. Og når det gjaldt å hugsa på "onkel-borna" sine med julegåver så var han den mest trufaste av alle. Kvar jul låg det alltid julegåver under juletreet frå onkel M. Også etter at me vart vaksne hugsa han på oss. Då var det oftast konfektøskjer gåvene inneheldt.

- Onkel M. døydde altså sist haust, i byrjinga av november. Men årets julegåver hadde han alt klare. Konfektøskjene var innkjøpte, pakka inn i julepapir og merkt til kvar enkelt. I god tid.

Desse fann me den dagen me rydda ut etter han. Dermed vart det julegåver i april.

Men dette vart siste konfektøskjene me skulle få frå onkel M.

Neste jul må me kjøpa konfekten vår sjølve.

-

Posted by Picasa

torsdag 8. april 2010

Påska 2010


Årets påske er over. Høgtida gjekk like fort som tida alltid gjer. Skulle eigentleg ha fri heile påskeveka, men så vart det ein del ekstravakter i staden. Det plar lønna seg godt med ekstravakter i høgtidene. For om ikkje lenge skal eg ut å reisa att. Må ut å lufta vengjene med jamne mellomrom. Biletet er frå påskepyntinga i eiga stove.
- Den kvite vinteren har langsomt gått over i grøn,spirande vår. Yndlingsfargen min gjer seg stadig meir gjeldande i tida framover no. I hagane til folk, på altanane til dei som ikkje har hagar, og sjølvsagt i naturen. Alt har si tid, som det står i Skrifta. Og no er det tid for å livna til.
Posted by Picasa