onsdag 27. januar 2010

Høgt volum på nattbordet


Tanja og eg lever eit roleg liv. Me går ein del turar,men når me er inne,trur eg ikkje det kjem så mange lydar frå denne leiligheten. Ingen har til denne dag kunna klaga oss for husbråk. Det store unnataket er det som skjer på nattbordet. Der kan det vera eit fæla spetakkel i tidlege morgontimar. Problemet var at eg kunne ha vanskeleg for å vakna når eg skulle tidleg på jobb. Då bør eg koma meg opp i 6-tida, og det er ikkje alltid kroppen med på. Difor har eg gått til innkjøp av to store vekkjarklokker. Då eg i tillegg fekk ei endå større type av arten som ei forseinka julegåve,låg planen godt til rette for å koma seg fort ut or drøymeland og over i dagens gjerning. Og planen virkar. Den sist ankomne klokka,som ber namnet "Super Bell", lever opp til namnet sitt. Ringjelyden går gjennom marg og bein, og kunne sikkert få ein sovande stein til å hoppa høgt. Kanskje ein fæl måte å vakna på, men eg kjem meg i alle fall på jobb til rett tid.
Posted by Picasa

søndag 17. januar 2010

Hyttetur i januar

No ein dag gjorde eg noko som eg vanlegvis ikkje gjer på denne tida av året: Eg reiste på hytta. På øynæ er det minst like mykje snø som på fastlandet, så då eg prøvde å gå til fots der i skogen,fann eg fort ut at det var for tungvindt. Skia måtte fram. Heldigvis hadde eg dei før omtala treplankane frå 70-talet med meg i bilen. Med dei på føtene gjekk det greitt å koma seg frå bilen og bort til hytta. Ikkje fullt så greitt for Tanja. Ho seig langt ned i og streva fælt. Dessverre er ikkje ski for hundar oppfunne enno.
- Litt rart var det å koma på hytta på denne tida av året. Så stillt i skogen. Snøen virka lyddempande og fuglekvitter fanst ikkje. Eg plar tenkja på hytta som mitt kjære sommarparadis. Noko det slett ikkje likna på no. Denne gongen vart eg møtt med ein innetemperatur på minus 8,3 !Kulden beit godt i fingrar,tær og nasetipp, og frostrøyken stod ut or munnen på både meg og Tanja. Og sistnemnde ville ikkje roa seg. Ho såg fortvila på meg, og lurte nok på om eg ikkje kunne ordna opp i dette. Å setja på gassomnen ville lite nytta. Det hadde vorte ein lang historie å få varma opp, så eg skreiv berre nokre velvalde ord i hytteboka og gjorde meg klar for heimreis. Skulle eg satsa på overnatting, måtte eg nok først investera i overlevingsdrakt.
- Etter denne turen veit eg i alle fall kvar mitt kjære vinterparadis er: Det er utan tvil heima i den gode,varme leiligheten min.

Posted by Picasa

søndag 10. januar 2010

Kvitt nyttår

Det er ikkje til å tru,men julesnøen er her fortsatt! Han har lagt her samanhengjande utan utskiftning. Den kvite jula gjekk over i kvitt nyttår, og alle gler seg som likar snø og fargen kvit. Sjølv om det er i kaldaste laget, har Tanja og eg hatt nokre flotte skiturar i fjellet. Og sjølvsagt håpar både hund og menneske at dette skal vara lenge. Helst likar me å gå på stader der Tanja kan springa laus. Altså der det er langt mellom andre skigåande og firbeinte. Som på desse bileta. Då kosar me oss!
- I mange år har eg hatt planar om å kjøpa nye ski. Men eg har enno ikkje kome lenger enn til planane. Så eg går fortsatt omkring på mine gamle treplankar som eg har hatt sidan 70-talet. Runde i kantane etter mange års bruk og noko bort imot ustyrlege. Så det er ein stor kontrast mellom meg og andre skigåande. Helst skulle eg vel sendt heile skiutstyret mitt på museum. Men enn så lenge får eg bruka det eg har. Eigentleg har eg ingen brukbar grunn til ikkje å investera i noko nytt. Går vel omkring og ventar på det rette tidspunktet....
- Men naturen er den same, uansett ski. Fotoapparatet tek vare på minnene. Og minnene skal eg kosa meg med seinare, når dei snølause vintrane er attende.
Posted by Picasa