mandag 20. februar 2023

Betre seint enn aldri


 Då det nærma seg jul i fjor gjekk eg og kjøpte ein Amaryllis slik som eg alltid gjer føre jul. Det er ein så nydeleg juleblome som alltid lyser så fint opp i stova når me feirar jul. Vanlegvis kjøper eg ein slik i god tid slik at han veks opp og sprett ut til jul. Det gjorde eg denne siste jula og. Tidleg i adventstida stod ein masse slike knollar utanfor inngangen til nærbutikken. Eg valde meg ut ein, gjekk inn i butikken, betalte for han og tok han med meg heim i håp om at han skulle spretta ut til jul.

Men det gjorde han ikkje. Det vesle som hadde kome opp or jorda, ville ikkje veksa meir. I staden visna han ned. Kanskje han hadde vorte frostskadd av å ha stått utanfor butikken, tenkte eg.  Eg sette han inn på roterommet (der me samlar rotet vårt) og tenkte at der fekk han døy i fred.  Og så gjekk tida. Jula kom og jula gjekk. Det same gjorde nyttårshelga. 

Eit godt stykke inn i det nye året gjekk eg inn på roterommet og oppdaga noko gledeleg. Då hadde det begynt å koma opp ein annan stilk frå knollen. Det såg sanneleg ut som om han hadde tenkt å stiga opp frå dei døde. Eg sette han bort i glaset slik at han fekk rikeleg lys, og heldt auga med han etter som tida gjekk. Stilken vaks opp til normal storleik, og no i desse dagar står han i full blomst, så fin at det er ikkje til å tru. Dette kan ein vel kalla jul på etterskot! 

 No kan me sitja her i stova vår og nyta synet av denne fine juleblomen. Det vart eit par månader etter planen. Men kva gjer vel det. 

Betre seint enn aldri!

onsdag 15. februar 2023

Hekta på tur


 Her er eit koseleg minne frå ein av fjellturane som K. og eg hadde i fjor sommar. Dette vesle raude hjarta fann me på ein varde på den siste turen me hadde før K. reiste heim att til Nordfjord. Det var på ein topp med ein nydeleg utsikt i alle retningar. Dette var på fastlandet der me såg rett bort på det eg meiner er verdas finaste øy. Og teksten passa godt på desse tre damene som var ute på tur: K., Tinka og eg.

Me likar å koma oss ut i naturen, alle tre. Når eg tek til å førebu ein fjelltur, og byrjar å laga niste og pakka sekken, har Tinka alt teke hintet. Faktisk er det slik at når ho høyrer raslinga av matpapir, spissar ho øyrene og ventar berre på det magiske ordet "tur".  Og når ho får det bekjefta at det er fjelltur i vente, hoppar ho omkring i vill glede. Me er verkeleg "hekta på tur" både Tinka og eg. Fjellturar høyrer med til primærbehova for oss.

Dessverre har det vorte lite fjellturar i haust og vinter. Det får veret ta skulda for. Men i går var det endeleg opphaldsver. No tek me ein fjelltur, sa eg til Tinka. Og ho viste straks alle teikn på glede. Eg pakka sekken, kledde meg godt og tok Tinka med meg opp på ein av byens toppar. Det tok si tid for kondisen er ikkje heilt på topp. Men til slutt kunne me nyta utsikten langt utover. 

Men det var kaldt, og ein utriveleg kald vind. Ikkje den heilt store kosen. Eg sette meg ned halvvegs under ei lita gran og fekk i meg mat og varm drikke. Det gjorde godt. Tinka fekk medbrakt hundemat. Då den var oppeten ville ho ha litt av maten min og. Ikkje uventa... 

Både Tinka og eg fraus i den kalde vinden, så det freista ikkje til langtidsopphald. Så snart maten var innabords, fann me det klokast å ta på heimveg. 

Håpar det snart vert ver til fleire slike turar, så eg får opp kondisen til sommaren. Då håpar eg det vert ei tradisjonell fjellvandring frå hytte til hytte slik me har for vane. Ser verkeleg fram til det.