tirsdag 20. september 2022

Attåtnæring


 Dette biletet er teke på søndag, for to dagar sidan. Tinka og eg var ute og gjekk,  - som vanleg.  Denne dagen tok me turen til bryggja i byen, eller "bryggen" som dei innfødde kallar det. Der står ein av byens 5 telefonkioskar som er omgjorte til lesekioskar. Sjølvsagt måtte eg innom der og kika på bøkene. Kanskje der var noko interessant... Tinka var med inn og vart straks veldig interessert i noko som låg under nedste hylla. Ho har vel funne noko etande då, tenkte eg. Og det hadde ho. Litt etter fekk ho tak i det ho ville ha,  som viste seg å vera ein stor god bolle.  Den ville Tinka ha. Det hadde ho tydelegvis bestemt seg for. Av erfaring veit eg at det nyttar ikkje å diskutera med henne i slike situasjonar. Og bollen var visst grådig god. Ho glefste han i seg på rekordtid. Ikkje ein einaste smule gjekk til spille. 

At det ligg mat på gater og fortau der me går, er ikkje noko nytt. Folk slengjer frå seg det utrulegaste. Og Tinka finn det, og forsyner seg. Det ho ikkje ser det snusar ho seg fram til. 

Fleire gongar har ho vist stor interesse for diverse hekkar som me går forbi. Då vert ho ståande og snusa og ser bedande på meg. Då treng ho hjelp til å finna godsakene. Og ho går ikkje derifrå før eg har funne det som luktar så godt. 

Tinka får alt ho treng av mat heime, men ho tek gjerne i mot meir. Særleg når det luktar godt. Favorittane hennar er pizza og pølser. Det vert det ein del av etter folk som har grilla. 

Eg får sjå det slik at det er godt at den overflødige maten som folk kastar, kjem til nytte. Og Tinka kjem heilt sikkert til å fortsetja å nytta seg av mat som ho finn på sine mange turar rundt omkring der me går. Ho seier ikkje nei takk til litt attåtnæring.

torsdag 15. september 2022

Vår tiande bryllaupsdag


 I dag er det torsdag, og det er akkurat tre veker sidan O. og eg kunne feira vår 10. bryllaupsdag. Tenk at me har fått ha kvarandre  så lenge. Når eg tenkjer attende har det eigentleg gått fort. Hugsar godt den dagen me gifta oss. Det regna noko voldsomt. No er ikkje regn noko uvanleg her på vestlandet, men akkurat den dagen fossa regnet ned i svære mengder.  Men gifte vart me, på den uvanleg blaute store dagen vår. 

Den dagen me gifta oss hadde eg ein bukett med raude roser. Sidan har me hatt som tradisjon å kjøpa raude roser både til bryllaupsdagane våre og elles. Ein annan tradisjon er å gå ut og få oss ein ekstra god middag.  Dei siste fem åra har det vorte på ein koseleg liten vietnamesisk restaurant her i vårt nærmiljø. 

Men i år gjorde eg noko ekstra: Eg gjekk ut og kjøpte denne boka om Nordnes,  her som me har budd desse åra. Det er ei kjempestor bok som kom ut i vår. Ho inneheld mykje interessant historie om denne delen av byens sentrum der me bur. Midt i blinken for min kjære O. som er så interessert i historie. 

Boka er ein diger koloss som ikkje eignar seg til lesing på senga. Må helst ha eit heilt bord til å breia seg på når me skal lesa i den.  Eg gler meg til å få litt meir historiekunnskap om dette området som eg går og luftar hunden i tre gongar pr dag, og som eg kjenner så godt.  Det skal verta interessant.