fredag 15. april 2022

Skjærtorsdagsdramatikk


 Skjærtorsdag 2022 begynte så fint. Sola skein frå skyfri himmel og alt låg til rette for ein tur på fjellet. Medan eg pakka sekken slengde eg eit blikk mot soveromsglaset. Der såg det ut til å koma røyk sigande. Eg sprang til glaset, opna det og keik ut. Synet som møtte meg var ei gate full av brannbilar, politibilar og ambulansar. Og ein voldsom røyk. Eg varsla O. og sette fjellturen på vent. For å få litt oversikt over situasjonen, sprang eg ut og såg etter kor det røyken kunne koma frå. Den viste seg å koma frå berre 3-4 hus bortom oss. Og vinden bles i retning oss. Røyken velta tjukk og ekkel opp frå taket der. Eg tenkte at då er det vel fare for at me må evakuera. Eg sprang inn att for å unngå å få røykskader.  O. og eg vart einige om å avventa situasjonen. Det er mange tankar som fer gjennom hovudet når slikt skjer.  Kven veit om heile husrekkja kom til å brenna ned. Vel bur me i eit murhus, men likevel... Det vart nervepirrande minuttar. Eg såg av og til ut glaset og såg at utrykningspersonalet gjorde det dei kunne. Nokre brannmenn utstyrte seg med noko på ryggen for å gå inn i bygningen. Røykdykkarar, tenkte eg. Det er vel folk i huset...

Etter ei stund merka eg at røyken avtok, og etter kvart forsvant han heilt. Då las eg på bt.no at brannen var under kontroll. Dermed kunne me senka skuldrene. I ettertid fekk me vita at den voldsomme røyken hadde lagt seg over store delar av byens sentrum. 
Vel, me slapp å evakuera, og godt var det. Hjelpemannskapa tok til å trekkja seg attende og alt såg ut til å normalisera seg. 
Dermed dukka fjellturplanane opp att. Som tenkt, så gjort. Eg pakka sekken, tok med meg Tinka og for av garde. Godt å få tankane over på noko anna enn brann og redsle for hus og heim. 

Det vart ein heftig fjelltur i bratt og snødekt terreng. Kom heim att seint på kveld. Då stod der fortsatt ein brannbil i gata, og det lukta enno brent i området. Når det gjaldt huset som brann så kan ein ikkje sjå brannskader på utsida sidan det var eit murhus. Men der er sikkert store skader inne. Likevel, det viktigaste er at ingen vart alvorleg skadd, berre ein person fekk litt røykskader.  

Kva som var brannårsaka veit eg ikkje, men det kjem vel fram etter kvart.

onsdag 13. april 2022

64 år


 Det er kveld på min 64. fødselsdag. Min kjære O. og eg har hatt ein god dag med ei fin lita feiring. Eg har altså vorte ei godt vaksen dame på 64 år. Er det så mykje å feira at ein vert eldre? Sei det...

I alle fall vart eg fødd for 64 år sidan, og har fått leva så mange år. Ikkje alle får det. Det er ikkje alle som får lov å verta fødde ein gong. Abort tek livet av så mange. Men eg har fått leva. Det vart eit kronglete liv, særleg i unge år. Men det har lysna etter kvart. No har eg eit godt liv saman med min kjære mann. Det gjeld å ta vare på kvar dag me får saman. Så får det så vera at åra set sine spor med stadig gråare hår og fleire rukker i ansiktet. Det er og ein del av livet.

Me tek det roleg med feiringar her i huset, men eg bakte denne kaka i går slik at fødselsdagen min vert litt annleis enn andre dagar. Kaka var god den, og ei av O. sine døtre kom innom og fekk smaka. Ho hadde med seg gule tulipanar som no står på bordet her og lyser opp. Passar godt no til påske. 

Og så er det så kjekt med alle meldingar og telefonsamtalar eg har fått i løpet av dagen. Veldig kjekt å verta hugsa. Gode venner er gull verdt. 

Eg gler meg over at eg har god fysisk helse, slik at eg får gå turar i skog og fjell. Det betyr mykje. Det er alltid nye naturopplevingar å få med seg. Og så har eg alltid så god turkamerat i Tinka.

I morgon tek eg til på resten av livet mitt. Er innstillt på å få mest mogeleg ut av det. Spennande....