søndag 13. mars 2022

Krig i vår tid

For nokre dagar sidan, då eg var ute og gjekk, såg eg dette flagget på toppen av ein stor bygning her i byen. Godt synleg.  I desse dagar veit alle at det er det ukrainske flagget. Nokon hadde tydelegvis plassert det der i solidaritet med det ukrainske folket som vart angripen av Putins Russland for nokre veker sidan. Det er berre heilt forferdeleg det som foregår der no. Nyhetssendingane på alle kanalar handlar om dette. Landet lir og folket blør. Mange har døydd og endå fleire flyktar mot andre land. Til og med Norge har teke imot ukrainske flyktningar, og fleire kjem. 

Kven skulle trudd dette for berre kort tid sidan?  Europa har vore forholdsvis fredeleg i lang tid. Men det skulle ikkje vara. Mykje vil ha meir, heiter det. Og den langfingra gribben borti Russland, Putin, har ikkje nok med det store landet sitt. Han ville ha meir og gjekk laus på Ukraina, eit av dei fattigaste landa i Europa. Kva tenkjer han på? Han skulle vore tilsnakka, var det ein som sa. I staden for å bruka pengar på krigføring, kunne han hjelpt sitt eige fattige folk til betre livsforhold, som  mat og skikkelege husvære for det folket han er sett til å styra. 
Men med sin oppførsel kan han virka som ein ny Hitler. Skremmande...  Sjølv har eg vore til Russland fire gongar med hjelpesending, så eg har sett ein del av fattigdomen der. Og det er synd i det russiske folket og. Vanlege folk i Russland er sterkt i mot det som no skjer i Ukraina. 

Likevel, - no er det det ukrainske folket som har det verst. Ukraina er eit stort land med over 44 millionar menneske. Og der er lange avstandar. Det fekk eg sjå sjølv då eg fekk vera med på faddertur dit i 2017 med Misjon Uten Grenser. Då fekk eg besøkja fadderfamilien min som eg støtta økonomisk i mange år. Ein skjønn og harmonisk familie som levde i enkle kår. Faren var på arbeid då eg kom, men eg fekk møta mora og dei sju flotte borna hennar. Det var ei oppleving som eg alltid kjem til å ha med meg. Kort tid etter gjekk dei ut av systemet fordi dei då greidde seg sjølve, så eg har ikkje lenger kontakt med dei. Men no i desse dagar går tankane mine dit. Skal tru om dei er hardt ramma av krigen? Korleis har dei det no?   Kan henda dei har måtta flykta...  Ja, det vert litt annleis når ein tenkjer på folk som ein har møtt.

Eg har ikkje noko forhåpning om at diktatoren Putin tek til vit. Men me får ha det ukrainske folket i tankane og be om ein snarleg slutt på denne meiningslause krigen. Som alltid i krig er det dei uskuldige sivile som lir mest. 



søndag 6. mars 2022

Vår 2022


 Så fekk me ein ny vår i år og. "Nytt liv av daude gror" heiter det i ein song. Og det er så sant. No livnar det til omkring oss. Gjennom den harde vinterjorda sprengjer nytt liv seg opp. Berre sjå på denne nydelege krokusen!  Tenk at noko så fint kan koma opp or ei jord som for kort tid sidan var enten steinhard av frost eller tilsølt med jord og lauv frå i fjor. I tillegg har me alle dei mange og hyppige regnbygene her på vestlandet, som gjer at vegar og stiar i periodar ser meir ut som bekker og elver. Likevel - nytt liv pressar seg på når kalenderen viser at det er vår.

Det var no ein dag eg var ute og gjekk her i mitt nærmiljø. Hadde med fotoapparat, og godt var det for det var så mykje fint å ta bilete av. Denne vesle krokusen stod litt for seg sjølv og strålte mot sola, jublande glad for sol og varme, såg det ut til. 
Her er og store mengder med snøklokker. Dei er oftast tidlegare oppe or jorda enn krokusen. 

I utkanten av byen der eg har leiligheten min, er ikkje våren komen så langt som her. Men han kjem der og, når han berre får litt meir tid. 

I dag skin sola, og det er ikkje ofte. Det er helst regnet som dominerer. Det har regna og regna i heile vinter. Litt snø har me hatt, men han regnar fort vekk. Til tross for regnklede og paraply har eg i periodar følt me gjennomvåt heilt inn til sjela, så kvar enkelt solstråle er inderleg velkomen.

På grunn av det våte veret har det vorte lite av fjellturar i den seinare tid. Men med litt meir sol, lys og varme , håpar eg på meir av det slaget no framover.