lørdag 30. november 2019

Amalie Skram - til evig tid

Kvar einaste dag dei siste sju åra har eg gått forbi deg på mi vandring med hunden. Du står der så strak og verdig og ser utover med eit litt fjernt blikk.
Kva tenkjer du der du står, Amalie? Kva tykkjer du om alle desse folka som ser på deg når dei går framom?

Som småjente sprang du nok omkring her i nærleiken sidan barndomsheimen din ligg berre nokre steinkast unna. Korleis var det å vera deg då, Amalie? Tenkte du nokon gong at du skulle verta ein kjend og berømt forfattar?

Livsverket ditt finn me på biblioteket og sikkert i mange heimar omkring i landet.
 Eg ser deg for meg der du sit og skriv i lange stunder. Det må ha vore mange timar med blyanten, Amalie.
Men resultatet er imponerande. Og det vert enno lagt ned kransar ved sokkelen din, og eg har og sett at du har fått blomekransar kring halsen. Eg tvilar ikkje på at det er fortent.

Men no ein dag såg eg noko anna. Nokon hadde sett frå seg eit par fjellsko ved sokkelen din, som vist på biletet.

Kva tenkte du då? Kunne det tenkjast at du ville stiga ned, ta på deg skorne og vandra til fjells? Sjå på utsikten over byen din, kjenna fjell-lufta ned i lungene og vinden i håret.                                           Får du ikkje lyst, Amalie?

Men tida har gått og det er lenge sidan det rann blod i årene dine. Etter ditt jordeliv fekk du plass på denne sokkelen. Her i mitt nærmiljø. Her som livet ditt tok til.
Og her vert du ståande og sjå utover byen, med ditt fjerne blikk.  Til evig tid.




mandag 25. november 2019

Tur til Israel

No er det ein månad sidan eg kom heim frå Israel. To heile veker fekk eg der i det varme og tørre landet. Midt i blinken å reisa til eit slikt land på hausten  og hamstra sol og lys nett før ein ny mørk vinter tek til. Folk flest reiser nok til syden, men eg føretrekkjer Midtausten, og då sjølvsagt  dette vesle landet inst i Middelhavet. Ikkje noko anna land kan måla seg med det som Israel kan visa til når det gjeld historien til vår eigen religion.

Denne turen: "Bibelferie i Bibelens land" med 63 deltakarar var min 8. tur til dette spennande og heilt spesielle landet. Me slo oss til i eit koseleg hotell i den fine byen Netanya ved Middelhavet. Fredeleg og godt. Varmt og fint med ein temperatur på omkring 30 grader.
Me brukte Netanya som utgangspunkt for utflukter ca annankvar dag. Då for me av garde kl. 7.00  om morgonen med høgt tempo og mange opplevingar. Så var det tilsvarande rolegare dei dagane me ikkje hadde utflukter.

No har det altså vorte 8 turar. Kanskje den turen i 1994 var den som gjorde mest inntrykk. Sikkert fordi den var den aller første. Den som gav meirsmak og var grunnlaget for alle dei andre.  I alle fall er det veldig spesielt å gå i fotefara til Jesus. Etter 8 turar har eg sjølvsagt vore ein del gongar der Han gjekk. Og det har vorte ein del skriftlesing på desse stadene. Og ikkje berre om Jesus, men og om mange av dei andre bibelske personane heilt frå Det Gamle Testamentet si tid.

Denne gongen var me innom "Davids by" som vart bygd for tre tusen år sidan, og som no er ein del av Jerusalem. Der gjekk me gjennom smale tunellar inne i fjellet som viste kvar dei fekk vatnet sitt frå på den tida. Imponerande!
Elles var me på dei kjende stadene som alle turistar besøkjer:  Gravkyrkja, gravhagen, Vestmuren, Oljeberget og Holocaustmuseet Yad Vashem. Getsemane vart det ikkje tid til denne gongen. Å vera turist er travle greier. Mykje skal ein innom så det vert ikkje tid til å fordjupa seg i noko.

Eit høgdepunkt var å få vera med i Jerusalemmarsjen, som plar vera i samband med Lauvhyttefesten.  Godt å få visa det jødiske folket at dei ikkje er åleine. For Israel har vanskelege og farlege nabostatar på alle kantar, og er stadig mål for terror. Dessverre. Slik har det visst alltid vore.

Elles besøkte me eit vitskapsinstitutt, eit museum under ein kibbuts der dei hadde hemmeleg kuleproduksjon under ein eller annan krig, ein institusjon for mishandla og misbrukte born, eit kloster på Karmelfjellet, tur til Galilea der me var innom diverse kyrkjer og ruinar og ein båttur på Genesaretsjøen,tur til fjellfestninga Masada med si spesielle historie. Bading i Dødehavet vart det og tid til.

Dei dagane me ikkje var på utflukter hadde me bønnesamlingar, bibeltimar og songstunder i møterommet på hotellet. Etterpå tok me det roleg i på byen i Netanya. Der kunne ein rusla omkring, sitja på ein fortauskafe og prata med andre i gruppa eller ta ein tur på stranda. Sjølv tok eg meg rolege stunder på rommet med godt lesestoff. Og så var det sjølvsagt godt med litt epostkontakt med min kjære O. undervegs.

Så det var ein vellukka tur. Men godt å koma heim att var det og. Med i bagasjen hadde eg 390 bilete og ei velfyllt reisedagbok. No skal det verta kjekt å laga fotoalbum av den fine turen.

Dette var min 8. tur til Israel, og det er 8 år sidan sist. Det må ikkje verta 8 år til neste gong. I Israel er det alltid noko nytt å oppleva. Og alltid eit fint fellesskap med andre nordmenn i same ærend.