lørdag 23. april 2016

Vekk meg på fredag

Tenk å sovna i ein hagestol i varmen av sola. Eller gå berrføtt i graset ved hytta. For ikkje å sei ein fjelltur i berre t-skjorta. Desse tinga ser ut til å vera berre draumar enno.  For varmen let venta på seg.
  -  For berre nokre dagar sidan, vakna me til snøver utanfor vindaugene våre. Det var ikkje til å tru, midt inni byen.  Snøen la seg ikkje,men det hadde han gjort på fjella og langt nedetter liene, nesten ned til byen. Vanlegvis plar eg jubla over eit slikt syn. Men ikkje når det nærmar seg mai. Slikt høyrer vinteren til. No for tida ser det ut til å vera ein slags kamp mellom vinter og vår. Den eine vil ikkje sleppa taket, og den andre slepp ikkje til. 
På ein fjelltur sist veke, møtte eg ein hoggorm då eg var på veg oppover. Han låg og breia seg i sola midt på stien, og trudde visst det var vår. Men då eg kom opp på toppen, høyrde eg folk snakka om nattefrost og skraping av bilar. 
På dagens fjelltur var det litt av det same. På vegen oppover passerte eg både snø og is, men på toppen var det vårsola som herska.
  - Det kan vera freistande å gjera som den vesle hunden på bildet: Ta seg ein blund og drøyma om  varmare tider. 
Så får nokon vekkja meg på fredag, og håpa at vårvarmen er komen til dess.


søndag 17. april 2016

Fin øy

Det har vorte ein del fjellturar i det siste. Også i dag. Lengre dagar og meir lys gjev inspirasjon til å koma seg opp i høgdene og få litt oversikt. Og så har det vore ein og annan fin dag innimellom regnet, og då har eg fare til fjells utan betenkningstid. 
               - Dette bildet tok eg frå dagens topp, og viser ei heilt spesiell øy, den finaste i verda. Er ein derifrå, så synest ein sjølvsagt det. Denne øya har alt: Fjord og strand, skog og fjell, hyggjelege folk og ei frisk dialekt.  Og ein stad, godt gøymd, ligg ei lita og enkel hytte som er mitt sommarparadis. Dit skal eg snart byrja og reisa, om berre varmegradande vert litt fleire. 
  - Me hadde oss ein dagstur dit her ein dag, O. og eg. Måtte testa forholda. Påskeliljene der var berre på knoppstadiet, så dei ligg litt etter i år. Kvitveisknoppar var og å sjå. Men det var ei heller kjøleg oppleving. Temperaturen låg på 8 både ute og inne. Varmegrader, men kaldt likevel. 
Mai plar vera månaden når hyttesesongen startar opp. I alle fall med overnattingar. Men området ved hytta ligg enno i dvale. Berre ein solid dose varmegrader kan få den nydelege staden ut or dvalen.