fredag 15. februar 2013

Skitur med variasjonar


Kva er vel eit meir forlokkande syn enn skispor i snø med solskin attåt?
Og midt oppi det heile Tanja og eg på tur i fjellet. Med endelause vidder og den friskaste luft ein kan tenkja seg.   Dette biletet er henta frå ein tur for nokre dagar sidan på eit av dei fine fjella på verdens finaste øy. Eg har etter kvart mange slike minne no samla i album og på datamaskin. Og dei minna samlar eg på som om det skulle vore gull.
    - Denne turen,  som var årets første på ski, vart ein svært variert tur. Det gjekk ei stund denne vinteren før det vart snømengder nok til til å nytta skiene, men så ein dag  høyrde eg rykte om fine forhold  der oppe i høgdene.
Så då var det berre å leggja i veg. Betenkningstid treng me sjeldan, Tanja og eg. Men utstyret er viktigt.
 Og det skulle me få bruk for denne dagen.
  - Etter lang kjøring la me i veg oppover i skisporet. Sola var rikeleg til stades og skyer fanst ikkje på himmelen. Der var det berre Tanja og meg i heile verda, så den firbeinte av oss fekk gå laus frå første stund.,
  - Nydeleg flott heile vegen oppover. Har vore på denne turen  mange gongar, men dette var den første på ski. Men vinterdagane er korte i februar, så då endeleg toppen var nådd i 17-tida, sa sola takk for seg og forsvant bak horisonten.  Det vart straks meir kaldsleg i lufta, og skumringa tok til å leggja seg over landskapet. Matpakken var slukt på rekordtid, for her var det berre å gå på nedover att så lenge det var lyst. Og det var ikkje lenge.
Det undra meg kor fort mørkret overtok etter den fine vinterdagen. Sjølv om snøen lyser opp med sin kvite farge, måtte eg sakka på farten for å vera meir forsiktig. Å verta liggjande i snøen med broten fot var ikkje i mine planar. Men lys var det smått med. Berre ein smal måleskalk på himmelen.
  - Det var då dette med utstyret kom til nytte. Hovudlykta kom fort på plass, men ho ville aldeles ikkje gjera det ho skulle; lysa. Nei vel, så var det å finna den vesle lommelykta.
Men det som vart redninga var GPS-en. Der var sporet lagra, heilt frå der bilen stod, og til topps. Så då var det berre å følgja sporet attende. Det høyrest enkelt ut, men å koma seg ned att var ein tidkrevande prosess. I den kalde,mørke vinterkvelden måtte eg staka meg på tvers nesten heile vegen ned att for at det ikkje skulle gå gale. Med GPS i eine handa og lommelykt i den andre. Og Tanja, den gamle,kloke hunden, utstyrt med refleksvest,  ho gjekk nedover der ho gjekk opp, så ho var nesten som ein GPS i seg sjølv. Klokka var 22.00 då me nådde ned til bilen. Då hadde det vore mørkt i mange timar.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar