fredag 22. februar 2013

Hostesaftens venner


Her kan alle sjå kva som driv oss no i desse dagar.  Dette er drivstoffet til O. og meg no for tida. Hostesaftflasker i forskjellege storleikar og med varierande innhald. Sterke drops av ulike slag og meir i same retning. Altså alt som skal til for å kurera ein hals eller to.For halsane våre og resten av kroppane våre er innhenta av -  kva skal ein sei?    Forkjølelse ? Influensa ? Hoste er det i alle fall. Har ikkje fått nokon til å stilla diagnosen, men alle symptoma er der:  Energinivået er lågt og lydnivået (hosten) stig heile tida til dei store høgder. Til alle døgnets tider. Og i takt med dette, finn stadig meir hostesaft og drops vegen ned i halsane våre. No er det på andre veka med denne livsstilen. Ingen betring i sikte.
Me sit i kvar sin stol med sløve blikk,  hoste og snørr i ei stove som er stinn av basseluskar.
   - Hadde det ikkje vore for at me har hund, så hadde me sikkert halde oss under dyna døgnet rundt omkransa av det omtalte drivstoffet.
  - Men Tanja må ut og det er den største utfordringen  no . Ho er van med 3 turar pr dag med guide. Og det gjev ho ikkje slepp på. I tillegg måtte den firbeinte akutt til dyrlegen i går, og fekk diagnosen "nusse"-betennelse.
  - Så no er det tre pasientar på denne adressa. Det einaste me kan gjera er å venta på betre tider...ein gong i framtida.
  - Gjester er hjarteleg velkomne, men det må nok utsetjast på ubestemt tid.

Posted by Picasa

fredag 15. februar 2013

Skitur med variasjonar


Kva er vel eit meir forlokkande syn enn skispor i snø med solskin attåt?
Og midt oppi det heile Tanja og eg på tur i fjellet. Med endelause vidder og den friskaste luft ein kan tenkja seg.   Dette biletet er henta frå ein tur for nokre dagar sidan på eit av dei fine fjella på verdens finaste øy. Eg har etter kvart mange slike minne no samla i album og på datamaskin. Og dei minna samlar eg på som om det skulle vore gull.
    - Denne turen,  som var årets første på ski, vart ein svært variert tur. Det gjekk ei stund denne vinteren før det vart snømengder nok til til å nytta skiene, men så ein dag  høyrde eg rykte om fine forhold  der oppe i høgdene.
Så då var det berre å leggja i veg. Betenkningstid treng me sjeldan, Tanja og eg. Men utstyret er viktigt.
 Og det skulle me få bruk for denne dagen.
  - Etter lang kjøring la me i veg oppover i skisporet. Sola var rikeleg til stades og skyer fanst ikkje på himmelen. Der var det berre Tanja og meg i heile verda, så den firbeinte av oss fekk gå laus frå første stund.,
  - Nydeleg flott heile vegen oppover. Har vore på denne turen  mange gongar, men dette var den første på ski. Men vinterdagane er korte i februar, så då endeleg toppen var nådd i 17-tida, sa sola takk for seg og forsvant bak horisonten.  Det vart straks meir kaldsleg i lufta, og skumringa tok til å leggja seg over landskapet. Matpakken var slukt på rekordtid, for her var det berre å gå på nedover att så lenge det var lyst. Og det var ikkje lenge.
Det undra meg kor fort mørkret overtok etter den fine vinterdagen. Sjølv om snøen lyser opp med sin kvite farge, måtte eg sakka på farten for å vera meir forsiktig. Å verta liggjande i snøen med broten fot var ikkje i mine planar. Men lys var det smått med. Berre ein smal måleskalk på himmelen.
  - Det var då dette med utstyret kom til nytte. Hovudlykta kom fort på plass, men ho ville aldeles ikkje gjera det ho skulle; lysa. Nei vel, så var det å finna den vesle lommelykta.
Men det som vart redninga var GPS-en. Der var sporet lagra, heilt frå der bilen stod, og til topps. Så då var det berre å følgja sporet attende. Det høyrest enkelt ut, men å koma seg ned att var ein tidkrevande prosess. I den kalde,mørke vinterkvelden måtte eg staka meg på tvers nesten heile vegen ned att for at det ikkje skulle gå gale. Med GPS i eine handa og lommelykt i den andre. Og Tanja, den gamle,kloke hunden, utstyrt med refleksvest,  ho gjekk nedover der ho gjekk opp, så ho var nesten som ein GPS i seg sjølv. Klokka var 22.00 då me nådde ned til bilen. Då hadde det vore mørkt i mange timar.
Posted by Picasa